Studiestart masterprogram

Page 1

STUDIESTART

MASTERPROGRAM UNIVERSITETET I BERGEN

HAUSTEN

2014


Velkomen Velkomen til Universitetet i Bergen. Vi er glade for at du har valt å studere hos oss! Dette informasjonsheftet fortel deg om ein del av dei praktiske gjeremåla du må gjennom den første tida som student. Vi håpar vi kan gi deg ein god start på studia ved UiB på ein praktisk, sosial og fagleg måte.

Lykke til!


INNHALD Sjekkliste 4 1. Offisiell opning av det akademiske året

6

2. Praktisk informasjon

8

1. Betale semesteravgift. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8 2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb. . . . . . . 8 3. Opprette brukarkonto. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9 4. Ta i bruk nettsida Mi side. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9 5. Skaffe deg studentkort . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9

3. Informasjons- og rettleiingstenester

10

Informasjonssentra på fakulteta. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 10 ’UiB og meg’. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 uib.no/utdanning. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 Studentsamskipnaden i Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 Studentprestane. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12

4. IKT-tenester

14

Brukarstøtte. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Eiga e-postadresse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Lesesalar og pc-stover . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15

5. Faglitteratur

16

Universitetsbiblioteket. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Fagbokhandel. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Fakultetsbiblioteka . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 17


SJEKKLISTE Før studiestart: takke «ja» til studieplass på soknadsweb.uib.no hente ut betalingsinformasjonen frå StudentWeb og betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Hugs å fylle inn KID-nummer søke om studielån bli kjend med nettstaden uib.no

Ved studiestart: delta på orienteringsmøte stadfeste utdanningsplanen din på StudentWeb opprette brukarkonto på sebra.uib.no skaffe studentkort på Kortsenteret i Studentsenteret logge deg inn på Mi side registrere ekstern utdanning ta med deg denne brosjyren og pin-koden når du møter til studiestart!

4



1. OFFISIELL OPNING AV DET AKADEMISKE ÅRET Tysdag 12. august Tysdag 12. august blir ein hendingsrik dag for alle nye og gamle studentar, for då blir den offisielle opninga av det akademiske året ved Universitetet i Bergen arrangert. Det blir ein dag med liv og røre, med taler, underhaldning og med sal av god mat. Programmet denne dagen speglar det mangfaldige studentlivet og gir deg innsyn i kva aktivitetar som finst.

09.00–13.30 Studenttorg i Studentsenteret Her finn du rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, korps, idrettslag og studentmedia. Her har du ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!

6

14.00–15.00 Velkomstseremoni i Nygårdsparken Rektor Dag Rune Olsen vil ønske velkommen. Leiar av Studentparlamentet vil sei nokre ord, og vi vil overraske med gjestetalar. Det vil også vere ei velkomsthelsing frå Bergen, og musikkinnslag. Velkomstseremonien blir arrangert i Nygårdsparken, ved Studentsenteret. For meir og oppdaterte detaljar, sjå uib.no/ utdanning når det nærmar seg.



2. PRAKTISK INFORMASJON Det er eit tett program den første veka på universitetet, og det er mykje å hugse på. Derfor har vi laga ei oversikt over kva du må gjere og i kva rekkefølge:

1. Betale semesteravgift

2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb Kvart semester må du stadfeste utdanningsplanen din på studentweb.uib.no. Dette kan gjerast frå måndag 11. august.

Alle som skal studere ved UiB må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Vi anbefaler deg å betale så tidleg som mogleg, og helst før studiestart, for å unngå forseinking. Du må sjølv hente ut nødvendig betalingsinformasjon frå StudentWeb og betale avgifta innan 1. september.

Når du loggar deg inn på StudentWeb, skal du: • melde deg til undervisning og vurdering • stadfeste at utdanningsplanen din er riktig for dette semesteret • finne betalingsopplysingar slik at du kan betale semesteravgifta, dersom du ikkje alt har gjort dette • registrere adressa di

For å logge deg på studentweb.uib.no treng du fødsels- og personnummeret ditt og din personlege pin-kode. Hvis du ikkje allereie har mottatt pin-kode frå UiB, kan denne hentast på studentweb.uib.no.

Fristen er 1. september 2014.

Vel ’Betaling’ på StudentWeb for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp, og betal avgifta via nettbank. På StudentWeb finn du også studentnummeret ditt, som du treng for å opprette ein brukarkonto.

8

Til deg som har søkt lån og stipend i Lånekassen: utbetaling blir ikkje gjort før du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.

Semesterkvittering og oblat Når du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen på StudentWeb, vil du få tilsendt ei semesterkvittering i posten. På denne kvitteringa finn du oblatet ditt som skal limast på studentkortet for at det skal vere gyldig. Det er viktig at du registrerer adressa di i StudentWeb og


sørger for at du har namn på postkassa di. På semesterkvitteringa finn du også studentnummeret ditt som du vil få bruk for i mange samanhengar som student. På sida ’UiB og meg’ (uib.no/studentinfo) finn du informasjon om kva du skal gjere om du ikkje har fått semesterkortet innan ti dagar etter at du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.

3. Opprette brukarkonto Når du har teke imot tilbodet om studieplass og stadfesta utdanningsplanen din på StudentWeb, må du opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følge instruksjonane der. For å opprette brukarkonto treng du: • fødselsnummer • studentnummer (frå StudentWeb) • Pin-koden Brukarkontoen gir deg: • tilgang til personlege sider (Mi side) • eiga e-postadresse • tilgang til pc-stover og utskriftsog kopieringstenester • tilgang til UiB sitt nett frå eigen pc • personleg lagringsområde på nett, med backup etter UiB sine backup-rutinar Merk deg at det kan ta inntil ein time frå du har stadfesta utdanningsplanen din til du kan opprette brukarkonto.

Tips! Lær brukarnamnet og passordet ditt utanåt.

4. Ta i bruk nettsida Mi side Miside.uib.no er ei personleg nettside med samla tilgang til kalender med timeplaninformasjon, litteraturliste, emneinformasjon, meldingsteneste, personleg fillager og diskusjonsgrupper. Mykje av den faglege og administrative informasjonen blir formidla via Mi Side, og UiB forventar at du tek denne tenesta i bruk.

5. Skaffe deg studentkort Alle studentar må ha eit studentkort. Studentkortet fungerer som: • identitetskort • nøkkelkort • lånekort ved Universitetsbiblioteket • inngangskort til SiB sine treningssenter • betalingskort ved utskrift og kopiering Fotografering og henting gjerast på Kortsenteret på Studentsenteret. Merk at du må vise gyldig legitimasjon ved fotografering. Du må ha stadfesta utdanningsplanen og oppretta brukarkonto seinast dagen før du kan hente kortet. Kortsenteret har utvida opningstider i veke 33–35, kl. 09.00–15.00.

9


3. INFORMASJONS- OG RETTLEIINGSTENESTER Informasjonssentra på fakulteta

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Informasjonssentra leverer • generell informasjon og studierettleiing • reservasjon av samtaletid med studierettleiar • hjelp til bruk av Mi Side og Studentweb • rettleiing ved utfylling av søknadsskjema

Det medisinsk-odontologiske fakultet

Det humanistiske fakultet Adresse: Sydnesplassen 9 (1. et.) Opningstider: 09.00–15.00 E-post: studierettleiar@hf.uib.no Telefon: 55 58 93 70

Det juridiske fakultet Adresse: Jus-bygget (6. et.) Magnus Lagabøtes plass 1 Opningstid: måndag–torsdag 09.00–14.00 E-post: studierettleiar@jurfa.uib.no Telefon: 55 58 95 00 (i opningstida)

Adresse: Realfagbygget, Allégaten 41 (i under­etasjen) Opningstid: 09.00–15.00 E-post: studierettleiar@mnfa.uib.no Rettleiingstelefon: 55 58 30 30 Adresse: Armauer Hansens hus, Haukelandsveien 28 (1. et) Opningstid: 10.00–15.00 E-post: info@mofa.uib.no Telefon: 55 58 64 00 (i opningstida)

Det psykologiske fakultet Adresse: Christies gate 13 Opningstid: 09.30–14.30 E-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Telefon: 55 58 27 10 (i opningstida)

Det samfunnsvitskaplege fakultet Adresse: SV-bygget (3. et.), Lauritz Meltzers hus, Fosswinckels gate 6 Opningstid: 10.00–15.00 E-post: studierettleiar@svfa.uib.no Telefon: 55 58 98 50

10


’UiB og meg’

SiB Rådgivning

Vi anbefaler deg å gjere deg kjend med innhaldet på sida ’UiB og meg’ som du finn på uib.no/studentinfo. Her har vi samla lenkjer til ei mengde med informasjon og skjema som du har bruk for som student. Har du til dømes spørsmål om betaling av semesteravgift, semesterkort, studentkort, karakterutskrift eller tilrettelegging til eksamen, så er ’UiB og meg’ ein lur stad å leite.

Her får du individuelle råd og rettleiingstimar, og tilbod om ei rekkje spennande og nyttige kurs i blant anna eksamensmeistring, å ta ordet eller stressmeistring, heilt gratis. Ta kontakt på radgivning@sib.no

uib.no/utdanning

Refusjon av legeutgifter

På nettsida uib.no/utdanning finn du blant anna oversikter over fagtilbod, studieplanar, timeplanar, delstudium i utlandet og rettleiings- og velferdstenester.

SiB refunderer dine helseutgifter når dei overstig 550 kr i løpet av eit år. Dersom du har utgifter til lege, fysioterapeut, transport eller tannskader kan du gå til sib.no/helse, der du finn søknadsskjema og informasjon om kvar du får pengane tilbake.

Studentsamskipnaden i Bergen Studentlivet er meir enn studia, difor finst Studentsamskipnaden. Når du har betalt semesteravgifta til SiB, kan du nytte alle SiB sine tilbod. SiB gir deg positive kvardagsopplevingar! På Studentsenteret har vi samla dei fleste av SiB sine tilbod under eitt tak:

SiB Psykiske Helseteneste (SPH) Gratis psykologtilbod til studentar. Kort ventetid. Besøk oss på Studentsenteret eller bestill time på telefon 55 54 51 45.

Legene på Høyden På Vektertorget i Christies gate 13, finn du eit eige legetilbod for studentar. Tenesten er eit fastlegetilbod, men tilbyr også akutt-timar for studentar som ikkje har fastlegen sin i Bergen. Sjå sib.no/no/helse/lege for meir informasjon.

11


SiB Tannhelseteneste

SiB Bustad

Studentane har ei eiga tannhelseteneste på Årstad. Her får du tannundersøkingar og tannbehandling til prisar på linje med offentlege satsar. Telefon: 55 20 64 58/59.

SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Vi har ein bustad for deg enten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad hos oss via sib.no/bolig.

Helsestasjon SiB og Engen Helsestasjon samarbeider om å gi eit gratis helsetilbod med fokus på studentar si seksuelle helse. På Engen Helsestasjon får du gratis reseptar og kondom, test av kjønnssjukdommar og råd om sex og samliv. Ope måndag, tysdag, onsdag 15.30–18.00. Inga timebestilling, trekk kølapp når du kjem.

Les meir om tilboda på sib.no.

Karrieresenteret

Studentprestane er tilsette i Den norske kyrkja.

Lurer du på kva du skal bruke utdanninga di til? Kom gjerne på Karrieresenteret tidleg i studia og drøft det med ein karriererettleiar. Senteret hjelper deg òg med CV, jobbsøknader, intervjutrening og tips om arbeidsmarknaden. Karrieresenteret driv traineeprogrammet Trainee vest, som kvar vår lyser ut traineestillingar.

SiB Trening SiB driv seks flotte treningssenter rundt om på campus. Tre av dei ligg i Bergen sentrum, og det største er på Studentsenteret. Hos SiB Trening kan du trene alt frå aerobic, pilates, vekttrening, svømming, klatring og squash med meir til ein rimeleg pris. 12

Studentprestane Når livet blir for stort eller for lite Treng du ein å dele tankane dine med, har studentprestane tid. Du bestemmer kva vi skal snakke om. Vårt tilbod er for alle studentar uavhengig av livssyn.

Adresse: Studentsenteret, Parkveien 1 Kontakt: Kan treffast etter avtale Telefon: 55 58 47 14, Inge Høyland 55 58 94 45, Marie Grindheim E-post: inge.hoyland@prest.uib.no marie.grindheim@prest.uib.no Nettside: studentprest.no



4. IKT-TENESTER Brukarstøtte På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo) finn du oversikt over pc-stover, brukarrettleiing for oppkopling av eigen pc, oversikt over tilrådd utstyr og annan nyttig brukarinformasjon. IT-avdelinga har eigen Facebook side. Her kan du mellom anna få melding om IKTdriftsavvik og lignande. (facebook.com/itavduib)

Eiga e-postadresse Når du har oppretta ein brukarkonto, får du automatisk ei eiga, personleg tilpassa e-postadresse, vanlegvis namn.etternamn@ student.uib.no. Det er denne e-postadressa UiB bruker for å sende ut e-post til deg personleg.

På Webmail (webmail.uib.no) kan du lese og sende e-post frå ein vanleg nettlesar. Webmail har god lagringskapasitet i tillegg til spam- og viruskontroll. Ein del av e-posten du får frå UiB inneheld store vedlegg med forelesingsnotat, tekstar og artiklar osv. Hugs å lese e-posten din dagleg!

Oppkopling til UiB frå eigen pc Alle som har ein brukarkonto kan kople seg opp mot UiB heimefrå. I tillegg kan du bruke din eigen berbare pc på universitetsområdet og kople deg til UiB sitt nett, anten i trådlause soner eller på faste punkt som er plasserte rundt om på universitetsområdet. På UiB sine serverar har du òg ditt eige heimeområde. Vi anbefaler deg å ta dette i bruk for lagring av dokument og filer. Dersom du ønsker å ta i bruk desse tenestene, kan du finne meir informasjon om dette på nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo). Studentbustadene til Studentsamskipnaden i Bergen har gratis oppkopling til UiB. Sjå sib.no/no/bolig/beboer/internet for meir informasjon.

14


Skal du bruke eigen pc, må du sjå til at han er fri for virus. Maskiner som er virusinfiserte, blir utestengde frå UiB sitt nettverk. På internett kan ein laste ned virusvern gratis frå kjende leverandørar. IT-assistentane kan rettleie ved installasjon av virusvern og oppkopling mot UiB sine tenester, men gir ikkje generell brukarstøtte på private maskiner. Du finn IT-assistentar på it.uib.no/assistent.

Lesesalar og pc-stover Pc-stover er arbeidsplassar for studentar. Her finn du stasjonær maskin drifta av UiB. Ved pålogging med brukarkonto får du tilgang til eige heimeområde for lagring på UiB-serverar. Institutta har eigne lesesalsplassar for masterstudentane sine, og på nokre av desse kan du også kople opp din eigen pc. Alle fakulteta har i tillegg eigne pc-stover og plassar for oppkopling av berbar pc. Du kan også nytte deg av tenestene ved læringssentra til Universitetsbiblioteket.

Utskrift, kopiering og skanning UiB har ei betalingsbasert teneste der du betaler for kvar kopi eller utskrift. Det er gratis å skanne sider og få dette sendt som ei fil til eiga e-postadresse. For å få tilgang til tenesta må du ha ein brukarkonto og gyldig studentkort, som fungerer som betalingskort. I tillegg må du fylle pengar på utskriftskontoen via ei webteneste der du kan betale med kredittkort (Visa/ Mastercard). Ver merksam på at det kan ta opptil ei veke før du kan ta tenesta i bruk, etter du har oppretta brukarkonto og skaffa deg studentkort. Les meir på ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo).

15


5. FAGLITTERATUR Universitetsbiblioteket

Fagbokhandel

Universitetsbiblioteket (UB) er eit moderne læringssenter, og er ein del av det faglege og pedagogiske tilbodet ved UiB. UB har bibliotekavdelingar ved alle fakulteta.

Studia er ei fagbokhandel der du finn pensumbøker og alt du treng til studia. Studia sitt hovudutsal er på Studentsenteret.

Biblioteket tilbyr • arbeidsplassar med Internett • tilgang til store boksamlingar • tilgang til elektroniske tidsskrift, oppslagsverk og annan faglitteratur på nettet • kurs og rettleiing i informasjonssøking og støtte til oppgåveskriving Det meste av det som finst av både trykt og elektronisk materiale ved UB, kan du søkje fram via UB sin elektroniske katalog. Studentkortet fungerer òg som lånekort ved UB. Bruk det aktivt! Du er velkommen som lånar ved UB. Bli betre kjend med UB gjennom våre informasjonsfilmar «UB – din kilde til informasjon» og «Et plagieringseventyr», sjå uib.no/ub.

16


Fakultetsbiblioteka Bibliotek for humaniora Adresse: Haakon Sheteligs plass 7 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.30–19.00

Bibliotek for juridiske fag Adresse: Magnus Lagabøtes plass 1 Opningstid i semesteret: Måndag–onsdag + fredag: 08.30–19.00 Torsdag: 09.00–19.00

Bibliotek for realfag Adresse: Johannes Bruns gate 12 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.00–19.00 Tysdag: 09.00–19.00

Bibliotek for medisinske og odontologiske fag Adresse: Jonas Lies vei 91 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.30–19.00

Bibliotek for psykologi, utdanning og helse Adresse: Christies gate 12 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.30–19.00

Bibliotek for samfunnsvitskap Adresse: Fosswinckels gate 14 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.30–19.00

17


Notatar


UTGJEVAR: Studieadministrativ avdeling, Universitetet i Bergen GRAFISK DESIGN: Kommunikasjonsavdelingen, Universitetet i Bergen FOTO: Emil Weatherhead Breistein (forside) • Tourist Photo/Willy Haraldsen (s. 7) • iStockphoto (s. 5, 13) • Paul S. Amundsen (s. 13) • Sandra Ječmenica (s. 13) • Thor Brødreskift (s. 13) • colourbox.no (s. 13) • Paul-Erik Rosenbaum (s. 13) • Endre Hilleren (s. 13) • Marius E. Hauge (s. 13) TRYKK: Bodoni AS, Bergen OPPLAG: 700 PAPIR: G-Print (115 g/250 g)


Hubrougla er symbolet som er brukt i UiB-logoen. Ugla har fr책 gammal tid betydd klokskap og kunnskap. Bergen museum har brukt hubroen som symbol heilt sidan 1830-책ra. D책 UiB blei skipa i 1946, blei ugla adoptert og har sidan vore ein del av universitetets logo.

uib.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.