STUDIESTART VED DET SAMFUNNS足 VITSKAPLEGE FAKULTET UNIVERSITETET I BERGEN
HAUSTEN
2014
Velkomen Velkomen til Universitetet i Bergen. Vi er glade for at du har valt å studere hos oss! Dette informasjonsheftet fortel deg om ein del av dei praktiske gjeremåla du må gjennom den første tida som student. Vi håpar vi kan gi deg ein god start på studia ved UiB på ein praktisk, sosial og fagleg måte.
Lykke til!
INNHALD Sjekkliste 4 1. Program for studiestartveka
6
2. Ditt første semester
12
3. Praktisk informasjon
14
1. Betale semesteravgift. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb. . . . . . 14 3. Opprette brukarkonto. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 4. Ta i bruk nettsida Mi side. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 5. Skaffe deg studentkort . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15
4. Informasjons- og rettleiingstenester
16
Informasjonssenteret ved fakultetet. . . . . . . . . . . . . . . . . 16 ’UiB og meg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 uib.no/utdanning. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Studentsamskipnaden i Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Studentprestane. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 19
5. IKT-tenester
20
Brukarstøtte. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 20 Eiga e-postadresse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 20 Pc-stover . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Utskrift, kopiering og skanning . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 23
6. Faglitteratur
24
Universitetsbiblioteket. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24 Fagbokhandel. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24
7. Fadderordninga
26
SJEKKLISTE Før studiestart: takke ja til studieplassen, svare Samordna opptak innan 26. juli svare på undervisingspåmelding innan 1. august notere deg den tilsende pin-koden og hente ut studentnummeret frå StudentWeb hente ut betalingsinformasjonen frå StudentWeb og betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) søke om studielån bli kjend med uib.no og fakultetet si eiga side for semesterstart
Ved studiestart: delta på orienteringsmøte for fakultetet i Salem Konferansesenter måndag 11. august stadfeste utdanningsplanen din på StudentWeb opprette brukarkonto delta på velkomstseremonien i Nygårdsparken og bli kjend med studentorganisasjonane på Studentsenteret tysdag 12. august hente studentkortet ditt på Kortsenteret logge deg inn på Mi side ta med deg denne brosjyren når du møter til studiestart!
4
1. PROGRAM FOR STUDIESTARTVEKA Orienteringsmøte for nye studentar Orienteringsmøta er det viktigaste utgangspunktet for ein god studiestart. Her får du all den faglege og praktiske informasjonen du treng for å komme raskt og knirkefritt i gang med studia.
Måndag 11. august Det blir orienteringsmøte for alle nye studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet i Salem Konferansesenter kl. 09.30 og 10.45. Informasjon om kvar tid ditt studieprogram skal møte, finn du i brevet med tilbod om studieplass og på fakultetets nettsider. Etter dette orienteringsmøtet vil du bli plassert i ei faddergruppe saman med andre studentar som skal studere det same som du.
Tysdag 11. august Eigne orienteringsmøter for studentar som skal ta MET102 og SV100, sjå omtale side 10. 09.00–13.30 Studenttorg i Studentsenteret Her finn du rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, korps, idrettslag og studentmedia. Her har du ein eineståande 6
sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt! 14.00–15.00 Velkomstseremoni i Nygårdsparken Rektor Dag Rune Olsen vil ønske velkommen. Leiar av Studentparlamentet vil sei nokre ord, og vi vil overraske med gjestetaler. Det vil også vere ei velkomsthelsing frå Bergen, og musikkinnslag. Velkomstseremonien blir arrangert i Nygårdsparken, ved Studentsenteret. For meir og oppdaterte detaljar, sjå uib.no/utdanning når det nærmar seg.
Onsdag 13. og torsdag 14. august Programspesifikke orienteringsmøte, sjå oversikt side 8–9. Emnepresentasjon for enkelte institutt, sjå omtale på side 10.
Fredag 15. august Ex.phil.-forelesninger kl. 08.15–10.00 og 10.15–12.00. Informasjon om når du skal møte finner du på miside.uib.no. Fagdag ved fakultetet – møt fagmiljøet ditt! Sjå program på nettsidene våre for meir informasjon.
Oversikt over orienteringsmøte for studenter på bachelor- og profesjonsstudier: BACHELOR/PROFESJON
DATO
TID
STAD
Administrasjon og organisasjonsvitskap
Ons 13.08
10.15–12.00
Lite auditorium i SV-bygget
Europastudium
Ons 13.08
10.15–11.00
Studentsenteret. Seminarrom A
Film- og TV-produksjon
Ons 13.08
09.15–12.00
Auditoriet i Ulrike Pihls hus
Geografi
Tors 14.08
12.15–13.00
Lite auditorium i SV-bygget
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
Ons 13.08
13.15–14.00
Lite auditorium i SV-bygget
Informasjonsvitskap
Ons 13.08
15.15–16.00
Auditoriet i Ulrike Pihls hus
Journalistikk
Ons 13.08
09.15–12.00
Auditoriet i Ulrike Pihls hus
Kognitiv vitskap
Ons 13.08
10.15–11.00
Seminarrom 548 i SV-bygget
Medievitskap
Ons 13.08
13.15–14.00
Auditoriet i Ulrike Pihls hus
Nye medier
Ons 13.08
09.15–12.00
Auditoriet i Ulrike Pihls hus
Politisk økonomi
Tors 14.08
09.15–10.00
Studentsenteret. Seminarrom A
Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi Samanliknande politikk Samfunnsøkonomi
Tors 14.08
10.15–11.00
Lite auditorium i SV-bygget
Ons 13.08 Tors 14.08
11.15–12.00 12.15–14.00
Stort auditorium i SV-bygget Stort auditorium i SV-bygget
Sosialantropologi
Ons 13.08
12.15–13.00
Stort auditorium i SV-bygget
Sosiologi
Tors 14.08
14.15–16.00
Studentsenteret. Auditorium «Egget»
Utviklingsstudiar
Tors 14.08
12.15–13.00
Auditoriet i Ulrike Pihls hus
8
Oversikt over orienteringsmøte for studenter på årsstudium: ÅRSSTUDIUM
DATO
TID
STAD
Administrasjon og organisasjonsvitskap
Man 11.08
11.00–12.00
Rom 215 i Ulrike Pihls hus
Geografi
Man 11.08
11.00–12.00
Rom 305 i Ulrike Pihls hus
Medievitskap
Man 11.08
12.30–13.30
Rom 305 i Ulrike Pihls hus
Samanliknande politikk
Man 11.08
12.30–13.30
Rom 315 i Ulrike Pihls hus
Samfunnsøkonomi
Man 11.08
11.00–12.00
Rom 315 i Ulrike Pihls hus
Sosialantropologi
Man 11.08
11.00–12.00
Rom 205 i Ulrike Pihls hus
Sosiologi
Man 11.08
12.30–13.30
Rom 215 i Ulrike Pihls hus
Utviklingsstudiar
Man 11.08
12.30–13.30
Rom 205 i Ulrike Pihls hus
Velkomstmøtet finn stad i Salem konferansesenter, som ligg i gatekrysset Sigurds gate 6 og Neumanns gate 21 midt i Bergen sentrum. Sjå midtsidene for kart.
9
Oversikt over emnepresentasjon for enkelte institutt: INSTITUTT
DATO
TID
STAD
Sosiologi
Torsdag 14.08
14.15–16.00
Studentsenteret, Auditorium «Egget»
Sosialantropologi
Onsdag 13.08
13.15–15.00
Stort auditorium i SV-bygget
Økonomi
Torsdag 14.08
13.15–14.00
Stort auditorium i SV-bygget
Geografi
Torsdag 14.08
13.15–15.00
Lite auditorium i SV-bygget
Orienteringsmøte for MET102 – Samfunnsvitskapleg metode: EMNE
DATO
TID
STAD
MET102
Tysdag 12.08
11.15–12.00
Studentsenteret, Auditorium «Egget»
Orienteringsmøte for SV100 – Samfunnsvitskaplege tenkemåtar: EMNE
DATO
TID
STAD
SV100
Tysdag 12.08
09.15–10.00
Auditorium 1 på Dragefjellet
10
2. DITT FØRSTE SEMESTER Det første semesteret inneheld i regelen ex.phil. og minst eitt innføringsemne. Vi rår deg til å ta to innføringsemne i tillegg til ex.phil. Samla gir emna ei brei innføring som førebur deg til universitetsstudia både fagleg, praktisk og sosialt; fagleg fordi du blir kjend med fagtradisjonar, metodar og kunnskapsfelt innan dei samfunnsvitskaplege faga, praktisk fordi du får trene på skrive-, argumentasjons- og arbeidsmåtar, og sosialt fordi du møter andre studentar i mindre grupper. Deltaking i seminargrupper gir godt høve til å bli kjend med andre studentar. Detaljert informasjon om emna i det første semesteret blir gitt på orienteringsmøta for bachelorprogramma.
Examen philosophicum (ex.phil.) Examen philosophicum skal gi deg ei innføring i sentrale spørsmål knytte til allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking. Ex.phil. ved SV legg vekt på å gi deg ei innføring i ein del sentrale filosofiske tema som kan vere med på å kaste lys over samfunnsvitskaplege grunnspørsmål. Emnet ser på ein del spørsmål og problemstillingar som er grunnleggande frå ein samfunnsfilosofisk
12
synsvinkel. Her drøftar vi korleis sentrale samfunnsfilosofiske tenkarar formulerer og løyser desse problema. Kurset gir også ei framstilling av grunnleggjande tema som gjeld språkbruk og argumentasjonsmåtar i samfunnsvitskapane. Du kan velje seminarmodellen med seminaroppgåve eller eksamensmodellen med avsluttande skoleeksamen.
Seminarmodellen På seminarmodellen får du tett oppfølging gjennom heile kurset, og opplegget er skreddarsydd for ferske studentar. Du blir meld på ei gruppe som du følger heile semesteret. Kvar gruppe har sin eigen seminarleiar med ansvar for undervisning og rettleiing. Det er obligatorisk oppmøte i seminargruppene, og det er krav om aktiv innsats gjennom heile semesteret. Du skriv ei seminaroppgåve og denne oppgåva blir til slutt vurdert som eksamensarbeidet ditt. Undervegs i semesteret blir informasjon gitt på seminaret og på Mi side. NB: Det er obligatorisk oppmøte på det første seminaret! Dersom du ikkje møter opp, risikerer du å miste plassen din på seminarmodellen.
Undervisninga startar: fredag 15. august, sjå timeplan på uib.no/emne/EXPHIL-SVSEM Første seminar: veke 34 Kode: EXPHIL-SVSEM Fakultetet førehandspåmelder til seminargrupper før semesterstart på bakgrunn av di undervisningspåmelding med frist 1. august. Nye studentar på bachelorprogram blir prioriterte. StudentWeb er open for søknad om restplassar frå 11. august til 13. august
Skoleeksamen Dei som ikkje har høve til å følge seminarmodellen, kan likevel gå opp til ein skriftleg skoleeksamen. Her er det ikkje obligatorisk undervisning, men du har høve til å følge dei opne forelesingane. For å kunne gå opp til skoleeksamen må du skrive ei øvingsoppgåve som dekker alle delar av pensum. Du får skriftleg tilbakemelding på øvingsoppgåva. Sjå emneomtalen for meir informasjon. Undervegs i semesteret blir informasjon gitt på forelesingar og på Mi side.
Undervisninga startar: fredag 15. august, sjå timeplan på uib.no/emne/EXPHIL-SVEKS Kode: EXPHIL-SVEKS Siste frist for oppmelding til eksamen: 1. september
Har du studert tidlegare og er usikker på kva emne du skal velje? Dersom du har teke ex.phil./ex.fac.eller andre emne ved ein annan lærestad tidlegare og er usikker på korleis du skal få dei godkjende som ein del av graden din ved UiB, kan du kontakte Informasjonssenteret i SVbygget, Fosswinckels gt. 6, eller per e-post: studierettleiar@svfa.uib.no På orienteringsmøtet for studieprogrammet ditt vil du òg få hjelp til å velje alternative emne dersom du allereie har ex.phil. og/eller ex.fac.
13
3. PRAKTISK INFORMASJON Det er eit tett program den første veka på universitetet, og det er mykje å hugse på. Derfor har vi laga ei oversikt over kva du må gjere og i kva rekkefølge:
1. Betale semesteravgift
2. Stadfeste utdanningsplanen på StudentWeb Kvart semester må du stadfeste utdanningsplanen din på studentweb.uib.no. Dette kan gjerast frå måndag 11. august.
Alle som skal studere ved UiB må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Vi anbefaler deg å betale så tidleg som mogleg, og helst før studiestart, for å unngå forseinking. Du må sjølv hente ut nødvendig betalingsinformasjon frå StudentWeb og betale avgifta innan 1. september.
Når du loggar deg inn på StudentWeb, skal du: • melde deg til undervisning og vurdering • stadfeste at utdanningsplanen din er riktig for dette semesteret • finne betalingsopplysingar slik at du kan betale semesteravgifta, dersom du ikkje alt har gjort dette • registrere adressa di
For å logge deg på studentweb.uib.no treng du fødselsnummeret ditt og din personlege pin-kode. Pin-koda finn du i brevet frå UiB med tilbod om studieplass. Dersom du ikkje har motteke pin-kode, kan du enten kontakte informasjonssenteret på fakultetet ditt eller gå på studentweb og gje ditt fødselsnummer og be om å få koden på e-post.
Fristen er 1. september 2014.
Vel ’Betaling’ på StudentWeb for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp, og betal avgifta via nettbank. På StudentWeb finn du også studentnummeret ditt, som du treng for å opprette ein brukarkonto. 14
Til deg som har søkt lån og stipend i Lånekassen: utbetaling blir ikkje gjort før du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.
Semesterkvittering og oblat Når du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen på StudentWeb, vil du få tilsendt ei semesterkvittering i posten. På denne kvitteringa finn du oblatet ditt som skal limast på studentkortet for at det skal vere gyldig. Det er viktig at du registrerer adressa di i StudentWeb og sørger for at du har namn på postkassa di. På semesterkvitteringa finn
du også studentnummeret ditt, som du vil få bruk for i mange samanhengar som student. På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/studentinfo) finn du informasjon om kva du skal gjere om du ikkje har fått semesterkortet innan ti dagar etter at du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.
3. Opprette brukarkonto Når du har teke imot tilbodet om studieplass og stadfesta utdanningsplanen din på StudentWeb, må du opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følge instruksjonane der. For å opprette brukarkonto treng du: • fødselsnummer • studentnummer (frå StudentWeb) • Pin-koden Brukarkontoen gir deg: • tilgang til personlege sider (Mi side) • eiga e-postadresse • tilgang til pc-stover og utskriftsog kopieringstenester • tilgang til UiB sitt nett frå eigen pc • personleg lagringsområde på nett, med backup etter UiB sine backup-rutinar Merk deg at det kan ta inntil ein time frå du har stadfesta utdanningsplanen din til du kan opprette brukarkonto.
4. Ta i bruk nettsida Mi side Miside.uib.no er ei personleg nettside med samla tilgang til kalender med timeplaninformasjon, litteraturlister, emneinformasjon, meldingsteneste, personleg fillager og diskusjonsgrupper. Mykje av den faglege og administrative informasjonen blir formidla via Mi Side, og UiB forventar at du tek denne tenesta i bruk.
5. Skaffe deg studentkort Alle studentar må ha eit studentkort. Studentkortet fungerer som: • identitetskort • nøkkelkort • lånekort ved Universitetsbiblioteket • inngangskort til SiB sine treningssenter • betalingskort ved utskrift og kopiering Fotografering og henting gjerast på Kortsenteret på Studentsenteret. Merk at du må vise gyldig legitimasjon ved fotografering. Du må ha stadfesta utdanningsplanen og oppretta brukarkonto seinast dagen før du kan hente kortet. Kortsenteret har utvida opningstider i veke 33–35, kl. 09.00–15.00.
Tips! Lær brukarnamnet og passordet ditt utanåt.
15
4. INFORMASJONS- OG RETTLEIINGSTENESTER Informasjonssenteret ved fakultetet Informasjonssenteret held ope måndag– fredag kl. 09.00–15.00 i veke 33 og 34. Du finn oss i SV-bygget, 3. etasje (Lauritz Meltzers hus, Fosswinckelsgt. 6). Vi kan også kontaktast på e-post: studierettleiar@svfa. uib.no, eller telefon 55 58 98 50 Studierettleiaren for dei ulike bachelorprogramma er tilgjengeleg til fastsette tider. Ta kontakt med Informasjonssenteret for å få meir informasjon. Du kan bestille time hos studierettleiarane våre frå og med veke 36.
På Informasjonssenteret kan du: • bestille time hos studierettleiar • få generell informasjon om emne og studieprogram ved fakultetet • få informasjon om opptak • få diverse skjema • få informasjon om søknadsfristar
16
Hos studierettleiaren får du: • rettleiing i val av fag/emne • informasjon om utveksling • informasjon om godkjenning av utdanning ved andre lærestader • hjelp til endring av utdanningsplanen På informasjonssenteret er vi elles tilgjengelege for alle typar spørsmål som du treng hjelp med i kvardagen som student!
’UiB og meg’ Vi anbefaler deg å gjøre deg kjent med innhaldet på sida ’UiB og meg’ som du finn på uib.no/studentinfo. Her har vi samla lenkjer til ei mengde med informasjon og skjema som du har bruk for som student. Har du til dømes spørsmål om betaling av semesteravgift, semesterkort, studentkort, karakterutskrift eller tilrettelegging til eksamen, så er ’UiB og meg’ ein lur stad å leite.
uib.no/utdanning På nettsida uib.no/utdanning finn du blant anna oversikter over fagtilbod, studieplanar, delstudium i utlandet og rettleiings- og velferdstenester.
Studentsamskipnaden i Bergen Studentlivet er meir enn studia, difor finst Studentsamskipnaden. Når du har betalt semesteravgifta til SiB, kan du nytte alle SiB sine tilbod. SiB gir deg positive kvardagsopplevingar! På Studentsenteret har vi samla dei fleste av SiB sine tilbod under eitt tak:
SiB Rådgivning Her får du individuelle råd og rettleiingstimar, og tilbod om ei rekkje spennande og nyttige kurs i blant anna eksamensmeistring, å ta ordet eller stressmeistring, heilt gratis. Ta kontakt på radgivning@sib.no
SiB Psykiske Helseteneste (SPH) Gratis psykologtilbod til studentar. Kort ventetid. Besøk oss på Studentsenteret eller bestill time på telefon 55 54 51 45.
Refusjon av legeutgifter SiB refunderer dine helseutgifter når dei overstig 550 kr i løpet av eit år. Dersom du har utgifter til lege, fysoiterapeut, transport eller tannskader kan du gå til sib.no/helse, der du finn søknadsskjema og informasjon om kvar du får pengane tilbake.
18
Legene på Høyden På Vektertorget i Christies gate 13, finn du eit eige legetilbod for studentar. Tenesten er eit fastlegetilbod, men tilbyr også akutt-timar for studentar som ikkje har fastlegen sin i Bergen. Sjå sib.no/no/helse/lege for meir informasjon.
SiB Tannhelseteneste Studentane har ei eiga tannhelseteneste på Årstad. Her får du tannundersøkingar og tannbehandling til prisar på linje med offentlege satsar. Telefon: 55 20 64 58/59.
Helsestasjon SiB og Engen Helsestasjon samarbeider om å gi eit gratis helsetilbod med fokus på studentar si seksuelle helse. På Engen Helsestasjon får du gratis reseptar og kondom, test av kjønnssjukdommar og råd om sex og samliv. Ope måndag, tysdag og onsdag 15.30–18.00. Inga timebestilling, trekk kølapp når du kjem.
Karrieresenteret Lurer du på kva du skal bruke utdanninga di til? Kom gjerne på Karrieresenteret tidleg i studia og drøft det med ein karriererettleiar. Senteret hjelper deg òg med CV, jobbsøknader, intervjutrening og tips om arbeidsmarknaden. Karrieresenteret driv traineeprogrammet Trainee vest, som kvar vår lyser ut traineestillingar.
SiB Trening SiB driv seks flotte treningssenter rundt om på campus. Tre av dei ligg i Bergen sentrum, og det største er på Studentsenteret. Hos SiB Trening kan du trene alt frå aerobic, pilates, vekttrening, svømming, klatring og squash med meir til ein rimeleg pris.
SiB Bustad SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Vi har ein bustad for deg enten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad hos oss via sib.no/bolig. Les meir om tilboda på sib.no.
Studentprestane Når livet blir for stort eller for lite Treng du ein å dele tankane dine med, har studentprestane tid. Du bestemmer kva vi skal snakke om. Vårt tilbod er for alle studentar uavhengig av livssyn. Studentprestane er tilsette av Den norske kyrkja. Adresse: Studentsenteret, Parkveien 1 Kontakt: Kan treffast etter avtale Telefon: 55 58 47 14, Inge Høyland 55 58 94 45, Marie Grindheim E-post: inge.hoyland@prest.uib.no marie.grindheim@prest.uib.no Nettside: studentprest.no 19
5. IKT-TENESTER Brukarstøtte
Eiga e-postadresse
På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo) finn du oversikt over pc-stover, brukarrettleiing for oppkopling av eigen pc, oversikt over tilrådd utstyr og annan nyttig brukarinformasjon.
Når du har oppretta ein brukarkonto, får du automatisk ei eiga, personleg tilpassa e-postadresse; vanlegvis namn.etternamn@ student.uib.no. Det er denne e-postadressa UiB bruker for å sende ut e-post til deg personleg.
IT-avdelinga har eige Facebook side. Her kan du mellom anna få melding om IKTdriftsavvik og lignande. (facebook.com/ itavduib)
IT-assistentar UiB har IT-assistentar er som gir generell hjelp og brukarstøtte til studentar, hovudsakleg på UiB sine tenester. IT-assistentane er å finne på eit eige rettleiarkontor i Christies gate 12, rom 005, måndag-fredag kl. 08.00–18.00.
20
På Webmail (webmail.uib.no) kan du lese og sende e-post frå ein vanleg nettlesar. Webmail har god lagringskapasitet i tillegg til spam- og viruskontroll. Ein del av e-posten du får frå UiB, inneheld store vedlegg med forelesingsnotat, tekstar og artiklar osv. Hugs å lese e-posten din dagleg!
Oppkopling til UiB frå eigen pc Alle som har ein brukarkonto, kan kople seg opp mot UiB heimefrå. I tillegg kan du bruke din eigen berbare pc på universitetsområdet og kople deg til UiB sitt nett, anten i trådlause soner eller på faste punkt plasserte rundt om på universitetsområdet. På UiB sine serverar har du òg ditt eige heimeområde. Vi anbefaler deg å ta dette i bruk for lagring av dokument og filer.
Dersom du ønskjer å ta i bruk desse tenestene, kan du finne meir informasjon om dette på nettsida ’UiB og meg’. Studentbustadene til Studentsamskipnaden i Bergen har gratis oppkopling til UiB. Sjå sib.no/no/bolig/beboer/internet for meir informasjon.
Skal du bruke eigen pc, må du sjå til at han er fri for virus. Maskiner som er virusinfiserte, blir utestengde frå UiB sitt nettverk. På internett kan ein laste ned virusvern gratis frå kjende leverandørar. IT-assistentane kan rettleie ved installasjon av virusvern og oppkopling mot UiB sine tenester, men gir ikkje generell brukarstøtte på private maskiner. Du finn IT-assistentane på nettsida ’UiB og meg’.
Pc-stover Pc-stover er arbeidsplassar for studentar. Her finn du stasjonære maskiner drifta av UiB. Ved pålogging med brukarkonto får du tilgang til eige heimeområde for lagring på UiB-serverar. Alle fakulteta har eigne pcstover og plassar for oppkopling av eigen pc. I tillegg kan du nytte deg av tenestene ved læringssentra til Universitetsbiblioteket. Det samfunnsvitskaplege fakultetet har omlag 200 pc-plassar på pc-stovene i Ulrike Pihls hus i 3. og 4. etasje (Professor Keysers gt. 1). Her finn du også lesesalane du kan nytte som student ved SV-fakultetet.
22
Opningstider for lesesalane Alle dagar kl. 08.00–20.00
Opningstider for pc-stovene Måndag–fredag kl. 08.00–20.00 Laurdag kl. 10.00–18.00 Søndag kl. 12.00–19.00 Du kan også kople deg opp til UiB frå eigen berbar pc i 3. etasje på Ulrike Pihls hus. Utanfor Informasjonssenteret i SV-bygget er det plassert tre pc-ar. Maskinane krev ikkje pålogging og er meinte for søk på nettsidene, registrering, e-post og anna informasjonshenting på nettet. Her kan du ikkje skrive ut dokument. I «vrimlearealet» utanfor informasjonssenteret er det også mogleg å kople seg opp på Internett via eit trådlaust nettverk.
Utskrift, kopiering og skanning Pullprint er ei betalingsbasert teneste der du betaler for kvar kopi eller utskrift. Det er gratis å skanne sider og få dette sendt som ei fil til eiga e-postadresse. For å få tilgang til tenesta må du ha ein brukarkonto og gyldig studentkort, som fungerer som betalingskort. I tillegg må du fylle pengar på utskriftskontoen via ei webteneste der du kan betale med kredittkort (Visa/ Mastercard). Ver merksam på at det kan ta opptil ei veke før du kan ta tenesta i bruk, etter du har oppretta brukarkonto og skaffa deg studentkort. Les meir på nettsida ‘UiB og meg’.
23
6. FAGLITTERATUR Universitetsbiblioteket
Bibliotek for samfunnsvitskap
Universitetsbiblioteket (UB) er eit moderne læringssenter, og er ein del av det faglege og pedagogiske tilbodet ved UiB. UB har bibliotekavdelingar ved alle fakulteta.
Adresse: Fosswinckels gt. 14 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.30–19.00
Biblioteket tilbyr • arbeidsplassar med Internett • tilgang til store boksamlingar • tilgang til elektroniske tidsskrift, oppslagsverk og annan faglitteratur på nettet • kurs og rettleiing i informasjonssøking og støtte til oppgåveskriving
Studia er ei fagbokhandel der du finn pensumbøker og alt du treng til studia. Studia sitt hovudutsal er på Studentsenteret.
Det meste av det som finst av både trykt og elektronisk materiale ved UB, kan du søkje fram via UB sin elektroniske katalog. Studentkortet fungerer òg som lånekort ved UB. Bruk det aktivt! Du er velkommen som lånar ved UB. Bli betre kjend med UB gjennom våre informasjonsfilmar «UB – din kilde til informasjon» og «Et plagieringseventyr», sjå uib.no/ub.
24
Fagbokhandel
7. FADDERORDNINGA Sjølv om fadderveka ikkje tek til før i august, har ei stor gruppe studentar brukt heile våren på å planlegge eit program spekka med arrangement og opplevingar som skal gi deg ein introduksjon til det å vere student i Bergen. Målet med fadderveka er at du skal bli kjend med dine nye medstudentar, med Bergen som studieby, universitetet og alt det
spennande du kan engasjere deg i på fritida. Fadderveka er lagd opp slik at ho skal gi deg ein smakebit på det store spekteret av tilbod som finst for studentar. Fadderprogramma for dei ulike fakulteta finn du på våre nettsider uib.no/utdanning Vi ønsker deg ein god start på studietida!
Fadderleiarane ved UiB og dei andre utdanningsinstitusjonane i Bergen har i lang tid planlagt fadderveka Bak: Sandra Louise Mæland (Haraldsplass), Mai-Linn Blålid (NLA), André Skoog (Det psykologiske fakultet), Knut André Flate Vikås (HiB), Preben Sangolt (Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet), Helga Grønlund Hodne (Det juridiske fakultet), Jacob Lade Stenvaag (NHH). Foran: Trude Emilie Særvoll (Haraldsplass), Marie Topaas Storm (Det samfunnsvitskaplege fakultet), Lillian Paulsen (NLA), Ingrid Sørbø Wahlstrøm (Det medisinsk-odontologiske fakultet)
26
UTGJEVAR: Studieadministrativ avdeling, Universitetet i Bergen GRAFISK DESIGN: Kommunikasjonsavdelingen, Universitetet i Bergen FOTO: Eivind Senneset (forside, s. 19) • iStockphoto (s. 5, 11) • Tourist Photo/Willy Haraldsen (s. 7) • Salem (s. 9) • Paul Sigve Amundsen (s. 11, 17) • Sandra Ječmenica (s. 11) • colourbox.no (s. 11) • Paul-Erik Rosenbaum (s. 11) • Endre Hilleren (s. 11) • Marius E. Hauge (s. 11) • Emil Breistein (s. 21, 22, 25) • Mona Maria Løberg (s. 26) TRYKK: Bodoni AS, Bergen OPPLAG: 2200 PAPIR: G-Print (115 g/250 g)
Hubrougla er symbolet som er brukt i UiB-logoen. Ugla har fr책 gammal tid betydd klokskap og kunnskap. Bergen museum har brukt hubroen som symbol heilt sidan 1830-책ra. D책 UiB blei skipa i 1946, blei ugla adoptert og har sidan vore ein del av universitetets logo.
uib.no