Studiestart ved Det samfunnsvitskaplege fakultet 2015

Page 1

STUDIESTART VED DET SAMFUNNS足 VITSKAPLEGE FAKULTET UNIVERSITETET I BERGEN

HAUSTEN

2015


Alt du treng å vite som ny student finn du på

uib.no/nystudent

Velkomen Velkomen til Universitetet i Bergen. Vi er glade for at du har valt å studere hos oss! Dette informasjonsheftet fortel deg om ein del av dei praktiske gjeremåla du må gjennom den første tida som student. Vi håpar vi kan gi deg ein god start på studia ved UiB på ein praktisk, sosial og fagleg måte. Lykke til!


INNHALD 1. Dette bør du gjere før studiestart

4

2. Dette må du gjere ved studiestart

6

3. Program for studiestartveka

8

4. Ditt første semester

12

5. Informasjons- og rettleiingstenester

14

Informasjonssenteret ved fakultetet. . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Mi side . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Studentsider. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 Uib.no. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 Student-e-post . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 Har du behov for tilrettelegging?. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15

6. IKT-tenester

16

Lagringsområde . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Trådlaust Internett. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Utskrift, kopiering og skanning. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Læringsstøtte. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Pc-stover . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Få hjelp. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18

7. Campus

20

8. Faglitteratur

22

Universitetsbiblioteket. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Fagbokhandel. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22

9. Studentvelferd

24

Studentsamskipnaden i Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24 Utdanning i Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25 Studentparlamentet. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25

10. Fadderordninga

26


1. DETTE BØR DU GJERE FØR STUDIESTART Før du begynner å studere hos oss er det ein del gjeremål du må gjennom. Her finn du ei liste med dei viktigaste. 1

Takk ja til studieplassen

Hent ut studentnummeret ditt frå Studentweb og noter deg den tilsende pin-koden. Hugs pin-koden din! 5

Hugs å svare Samordna opptak på tilbodet om studieplass. Frist: 26. juli 2

Alle som skal studere ved UiB må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB).

Søk om bustad

Betalingsinformasjonen finn du på Studentweb. Vel ’Betaling’ for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp, og betal avgifta.

SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Dei har ein bustad for deg enten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad via sib.no/bolig. 3

4

Vi rår deg til å betale så tidleg som mogleg, og helst før studiestart for å unngå forseinking. Avgifta skal vere betalt innan 1. september.

Meld deg på til undervisning Alle bachelorstudenter fekk tilsend ein e-post saman med tilbodsbrevet. I den er det ei lenke til ei undersøking om undervisningspåmelding. Hugs å svare på undervisingspåmeldingen innan 1. august.

Logg deg på Studentweb Gå til studentweb.uib.no. Her loggar du deg på med fødselsnummer og pin-koden som du fekk i brevet saman med denne brosjyra. Om du ikkje har dette brevet, kan du legge inn fødselsnummeret ditt i Studentweb og be om å få tilsendt koden på e-post. 4

Betal semesteravgifta

6

Søk om lån og stipend Dersom du ønsker studiestøtte, må du søke om dette. Du må ha betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen for å få utbetalt støtta, men det kan likevel vere lurt å søke i god tid. Du finn meir informasjon på lanekassen.no



2. DETTE MÅ DU GJERE VED STUDIESTART Når du kjem til oss i veke 33, må du òg gjennom ein del gjeremål. Desse får du hjelp til å gjennomføre av faddergruppa di eller tilsette ved UiB. 1

Brukarkontoen gir deg • tilgang til studentportalen Mi side • eiga e-postadresse • tilgang til pc-stover • utskrift, skanning og kopiering • tilgang til UiB sitt nett frå eigen datamaskin, smarttelefon o.l. • personleg lagringsområde på nett, med tryggleikskopiering

Stadfest utdanningsplanen din Logg inn på studentweb.uib.no. Her skal du • melde deg til undervisning og vurdering (eksamen) • stadfeste at utdanningsplanen din er riktig for dette semesteret • registrere adressa di • velje kva semesterkvittering du ønsker (sjå punkt 4) Frist: 1. september 2015.

2

Opprett brukarkonto Når du har stadfesta utdanningsplanen din på Studentweb må du opprette ein brukarkonto som gir tilgang til UiB sine IT-tenester. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følge instruksjonane der. For å opprette brukarkonto treng du • fødselsnummer • studentnummer (frå Studentweb) • pin-koden (frå Studentweb)

6

Merk deg at det kan ta inntil éin time frå du har stadfesta utdanningsplanen din til du kan opprette brukarkonto. 3

Skaff deg studentkort Alle studentar må ha eit studentkort. Studentkortet fungerer som • identitetskort • nøkkelkort • lånekort ved Universitetsbiblioteket • inngangskort til SiB sine treningssenter (mot avgift) • betalingskort ved utskrift og kopiering Du må ha stadfesta utdanningsplanen og oppretta brukarkonto seinast dagen før du kan hente kortet. Du kan ta bilde og hente kortet på Kortsenteret på Studentsenteret. Merk at du må vise gyldig legitimasjon ved fotografering. Kortsenteret har utvida opningstider i veke 33–35, frå kl. 09.00–15.00.


4

Gjer studentkortet gyldig

Med denne kvitteringa følger ein oblat som du kan lime på studentkortet.

For at studentkortet ditt skal være gyldig, må du kunne bevise at du har betalt semesteravgifta for inneverande semester.

På studentsidene (uib.no/student) finn du informasjon om kva du skal gjere om du ikkje har fått semesterkvitteringa innan ti dagar etter at du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen.

Eg har smarttelefon Last ned applikasjonen ’Studentbevis’ frå Google play eller App store. Du må ha fullført semesterregistreringa på Studentweb og ha betalt semesteravgifta for det inneverande semesteret for å kunne ta appen i bruk. Merk at det kan ta tre til fem dagar frå du har betalt semesteravgifta, til det blir registrert på Studentweb. I applikasjonen finn du studentnummeret ditt som du vil få bruk for i mange samanhengar. Eg har ikkje smarttelefon Hvis du ikkje har ein Android- eller iOS-telefon, kan du få tilsendt ei semesterkvittering i posten. Dette vel du når du stadfester utdanningsplanen i Studentweb (sjå punkt 1). Det er viktig at du registrerer adressa di i Studentweb og sørger for at du har namn på postkassa di.

5

Har du tidlegare utdanning?

Dersom du har teke ex.phil./ex.fac.eller andre emne ved ein annan lærestad tidlegare, og er usikker på korleis du skal få dei godkjende som ein del av graden din ved UiB, kan du kontakte Informasjonssenteret i SV-bygget, Fosswinckels gate 6, eller per e-post: studierettleiar@svfa.uib.no På orienteringsmøtet for studieprogrammet ditt vil du òg få hjelp til å velje alternative emne dersom du allereie har ex.phil. og/ eller ex.fac.

7


3. PROGRAM FOR STUDIESTARTVEKA Orienteringsmøte for nye studentar Orienteringsmøta er det viktigaste utgangspunktet for ein god studiestart. Her får du all den faglege og praktiske informasjonen du treng for å komme raskt og knirkefritt i gang med studia.

Måndag 10. august Det blir orienteringsmøte for alle nye studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet i Grieghallen (Griegsalen) kl. 10.00. Etter dette orienteringsmøtet vil du bli plassert i ei faddergruppe saman med andre studentar som skal studere det same som du. Orienteringsmøter for årsstudia, sjå oversikt side 11.

Tysdag 11. august Eigne orienteringsmøte for studentar som skal ta MET102 og SV100, sjå omtale side 11. 09.00–13.30 Studenttorg i Studentsenteret Her kan du møte rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, idrettslag og studentmedia. Du har ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!

8

14.00–15.00 Velkomstseremoni i Nygårdsparken Velkommen til Universitetet i Bergen si offisielle opning! Saman med alle dei andre nye studentane kan du møte rektor Dag Rune Olsen og leiaren av Studentparlamentet, i tillegg til mange andre inviterte gjestar. Det blir tale ved Statsminster Erna Solberg og konsert med stjerneskuddet AURORA. For meir informasjon og oppdaterte detaljar, sjå uib.no/utdanning når det nærmar seg.

Onsdag 12. og torsdag 13. august Programspesifikke orienteringsmøte, sjå oversikt side 10. Emnepresentasjon for enkelte institutt, sjå omtale på side 11.

Fredag 14. august Ex.phil.-forelesingar kl. 08.15–10.00 og 10.15– 12.00. Informasjon om når du skal møte finn du på miside.uib.no. Fagdag ved fakultetet – møt fagmiljøet ditt! Sjå program på nettsidene våre for meir informasjon.



Oversikt over orienteringsmøte for studentar på bachelor- og profesjonsstudium: BACHELOR/PROFESJON

DATO

TID

STAD

Administrasjon og organisasjonsvitskap

Ons 12.08

12.15–14.00

Lite auditorium i SV-bygget

Europastudium

Ons 12.08

14.15–15.00

Lite auditorium i SV-bygget

Film- og TV-produksjon

Ons 12.08

09.15–11.00

Auditoriet i Ulrike Pihls hus

Geografi

Tors 13.08

12.15–14.00

Lite auditorium i SV-bygget

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)

Ons 12.08

13.15–14.00

Seminarrom 548 i SV-bygget

Informasjonsvitskap

Ons 12.08

15.15–16.00

Auditoriet i Ulrike Pihls hus

Journalistikk

Ons 12.08

09.15–11.00

Auditoriet i Ulrike Pihls hus

Kognitiv vitskap

Ons 12.08

10.15–11.00

Lite auditorium i SV-bygget

Medievitskap

Ons 12.08

13.15–14.00

Auditoriet i Ulrike Pihls hus

Nye medier

Ons 12.08

09.15–11.00

Auditoriet i Ulrike Pihls hus

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi Samanliknande politikk

Tors 13.08

10.15–11.00

Seminarrom 327, Hermann Foss gate 6

Ons 12.08

11.15–12.00

Stort auditorium i SV-bygget

Samfunnsøkonomi

Tors 13.08

12.15–14.00

Stort auditorium i SV-bygget

Sosialantropologi

Ons 12.08

12.15–13.00

Stort auditorium i SV-bygget

Sosiologi

Tors 13.08

14.15–16.00

Stort auditorium i SV-bygget

10


Oversikt over orienteringsmøte for studenter på årsstudium: ÅRSSTUDIUM

DATO

TID

STAD

Administrasjon og organisasjonsvitskap

Mån 10.08

11.15–12.15

Rom 215 (20) i Ulrike Pihls hus

Geografi

Mån 10.08

11.15–12.15

Rom 315 (15) i Ulrike Pihls hus

Medievitskap

Mån 10.08

12.30–13.30

Rom 315 (15) i Ulrike Pihls hus

Samanliknande politikk

Mån 10.08

12.30–13.30

Rom 305 (20) i Ulrike Pihls hus

Samfunnsøkonomi

Mån 10.08

11.15–12.15

Rom 305 (20) i Ulrike Pihls hus

Sosialantropologi

Mån 10.08

11.15–12.15

Rom 205 (20) i Ulrike Pihls hus

Sosiologi

Mån 10.08

12.30–13.30

Rom 215 (20) i Ulrike Pihls hus

Oversikt over emnepresentasjon for enkelte institutt: INSTITUTT

DATO

TID

STAD

Sosiologi

Tors 13.08

14.15–16.00

Stort auditorium i SV-bygget

Sosialantropologi

Ons 12.08

13.15–15.00

Stort auditorium i SV-bygget

Orienteringsmøte for MET102 – Samfunnsvitskapleg metode: EMNE

DATO

TID

STAD

MET102

Tys 11.08

11.15–12.00

Stort auditorium i SV-bygget

Orienteringsmøte for SV100 – Samfunnsvitskaplege tenkemåtar: EMNE

DATO

TID

STAD

SV100

Tys 11.08

09.15–10.00

Auditorium 1 på Dragefjellet

11


4. DITT FØRSTE SEMESTER Det første semesteret inneheld som regel Examen philosophicum (ex.phil.) og minst eitt innføringsemne. Vi rår deg til å ta to innføringsemne i tillegg til ex.phil. Samla gir emna ei brei innføring som førebur deg til universitetsstudia både fagleg, praktisk og sosialt; fagleg fordi du blir kjend med fagtradisjonar, metodar og kunnskapsfelt innan dei samfunnsvitskaplege faga, praktisk fordi du får trene på skrive-, argumentasjons- og arbeidsmåtar, og sosialt fordi du møter andre studentar i mindre grupper. Deltaking i seminargrupper gir godt høve til å bli kjend med andre studentar. Detaljert informasjon om emna i det første semesteret blir gitt på orienteringsmøta for bachelorprogramma.

Examen philosophicum (ex.phil.) Examen philosophicum skal gi deg ei innføring i sentrale spørsmål knytte til allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking. Ex.phil. ved SV ser på ein del spørsmål og problemstillingar som er grunnleggande frå ein samfunnsfilosofisk synsvinkel. Her drøftar vi korleis sentrale samfunnsfilosofiske tenkarar formulerer

12

og løyser desse problema. Kurset gir òg ei framstilling av grunnleggjande tema som gjeld språkbruk og argumentasjonsmåtar i samfunnsvitskapane. Du kan velje seminarmodellen med seminaroppgåve eller eksamensmodellen med avsluttande skoleeksamen.

Seminarmodellen På seminarmodellen får du tett oppfølging gjennom heile kurset, og opplegget er skreddarsydd for ferske studentar. Du blir meld på ei gruppe som du følger heile semesteret. Kvar gruppe har sin eigen seminarleiar med ansvar for undervisning og rettleiing. Det er obligatorisk oppmøte i seminargruppene og krav om aktiv innsats gjennom heile semesteret. Du skriv ei seminaroppgåve og denne oppgåva blir til slutt vurdert som eksamensarbeidet ditt. Undervegs i semesteret blir informasjon gitt på seminaret og på Mi side. NB: Det er obligatorisk oppmøte på det første seminaret! Dersom du ikkje møter opp, risikerer du å miste plassen din på seminarmodellen.


Undervisninga startar: fredag 14. august, sjå timeplan på uib.no/emne/EXPHIL-SVSEM Første seminar: veke 34 Kode: EXPHIL-SVSEM Fakultetet plasserer studentar på førehand til seminargrupper før semesterstart på bakgrunn av di undervisningspåmelding med frist 1. august. Nye studentar på bachelorprogram blir prioriterte.

Undervisninga startar: fredag 14. august, sjå timeplan på uib.no/emne/EXPHIL-SVEKS Kode: EXPHIL-SVEKS Siste frist for oppmelding til eksamen: 1. september

Studentweb er open for søknad om restplassar frå 10. august til 12. august

Skoleeksamen Dei som ikkje har høve til å følge seminarmodellen, kan likevel gå opp til ein skriftleg skoleeksamen. Her er det ikkje obligatorisk undervisning, men du har høve til å følge dei opne forelesingane. For å kunne gå opp til skoleeksamen må du skrive ei øvingsoppgåve som dekker ulike delar av pensum. Du får skriftleg tilbakemelding på øvingsoppgåva. Sjå emneomtalen for meir informasjon. Undervegs i semesteret blir informasjon gitt på forelesingar og på Mi side.

13


5. INFORMASJONS- OG RETTLEIINGSTENESTER Informasjonssenteret ved fakultetet Informasjonssenteret held ope måndag– fredag kl. 09.00–15.00 i veke 33 og 34. Du finn oss i SV-bygget, 3. etasje (Lauritz Meltzers hus, Fosswinckels gt. 6). Vi kan òg kontaktast på e-post: studierettleiar@svfa. uib.no, eller telefon 55 58 98 50 Studierettleiaren for dei ulike bachelorprogramma er tilgjengeleg til fastsette tider i veke 33–35. Ta kontakt med Informasjonssenteret for å få meir informasjon. Du kan bestille time hos studierettleiarane våre frå og med veke 36.

På Informasjonssenteret kan du: • bestille time hos studierettleiar • få generell informasjon om emne og studieprogram ved fakultetet • få informasjon om opptak • få diverse skjema • få informasjon om søknadsfristar

14

Hos studierettleiaren får du: • rettleiing i val av fag/emne • informasjon om utveksling • informasjon om godkjenning av utdanning ved andre lærestader • hjelp til endring av utdanningsplanen På informasjonssenteret er vi elles tilgjengelege for alle typar spørsmål som du treng hjelp med i kvardagen som student!

Mi side Miside.uib.no er ei personleg nettside med samla tilgang til kalender med timeplaninformasjon, pensum, emneinformasjon, meldingsteneste, personleg fillager og diskusjonsgrupper. Mykje av den faglege og administrative informasjonen blir formidla via Mi Side, og UiB forventar at du tek denne tenesta i bruk.


Studentsider På studentsidene (uib.no/student) finn du informasjon og skjema som du har bruk for som student. Har du for eksempel spørsmål om betaling av semesteravgift, semesterkort, studentkort, karakterutskrift eller tilrettelegging til eksamen, så er studentsidene ein lur stad å leite.

Uib.no På nettsida uib.no/utdanning finn du blant anna oversikt over fagtilbod, studieplanar, delstudium i utlandet og rettleiings- og velferdstenester. Fakulteta har òg eigne nettsider med informasjon.

Student-e-post Når du har oppretta ein brukarkonto, får du automatisk e-postadresse, vanlegvis namn. etternamn@student.uib.no. Det er denne e-postadressa UiB bruker for å sende ut e-post til deg personleg. På webmail (webmail.uib.no) kan du lese og sende e-post.

Webmail har god lagringskapasitet i tillegg til spam- og viruskontroll. Ein del av e-posten du får frå UiB, inneheld store vedlegg med forelesingsnotat, tekstar og artiklar osv. Hugs å lese e-posten din dagleg!

Har du behov for tilrettelegging? Vi legg studia til rette for deg med nedsatt funksjonsevne og tilbyr • rådgiving og behovsutgreiing • tilrettelegging av eksamen og i studiesituasjonen • informasjon og rettleiing om andre aktuelle tenester (hjelpemiddel, bustad osv.) Det er du som veit best kva slags tilrettelegging du har behov for. Ta difor kontakt med oss så tidleg som råd i semesteret, slik at vi har størst sjanse til å finne gode løysingar saman med deg. Sjå uib.no/utdanning for meir informasjon.

15


6. IKT-TENESTER Når du har oppretta brukarkonto, får du tilgang til tenester som ditt eige lagringsområde, trådlaust Internett og utskrift.

Lagringsområde Frå UiB sine pc-ar har du automatisk tilgang til lagringsområdet ditt. Du bør bruke dette området til å lagre dokument og filer. Du kan òg bruke dette området frå din eigen pc. Korleis du gjer dette, finn du på studentsidene (uib.no/student).

Trådlaust Internett På universitetet har vi eit trådlaust nettverk kalla Eduroam. Eduroam finn du i alle studentareal ved UiB, ved andre lærestader i inn- og utland, og på norske flyplassar. Bruk UiB-kontoen din til å logge på Eduroam. Les meir på studentsidene. Om du bur i ein av studentbustadene til Studentsamskipnaden i Bergen, har du gratis oppkopling til Internett. Sjå sib.no/no/ bolig/beboer/internet for meir informasjon.

16

Utskrift, kopiering og skanning Over heile campus er det utplassert skrivarar du som student kan bruke. Pullprint er ei betalingsbasert teneste der du betaler for kvar kopi eller utskrift. Det er gratis å skanne sider og få dei sende som ei fil til student-e-postadressa di. For å få tilgang til Pullprint må du ha gyldig studentkort. For å skrive ut eller kopiere må du først fylle pengar på utskriftskontoen via ei webteneste (payprint.uib.no) der du kan betale med kredittkort (Visa/Mastercard). Du kan òg skrive ut frå eiga datamaskin. Ver merksam på at det kan ta opptil ei veke før du kan ta tenesta i bruk, avhengig av kor raskt du klarer å opprette brukarkonto og skaffe deg studentkort. Les meir på studentsidene.

Læringsstøtte Dersom du bruker UiB-maskiner, eller koplar deg opp mot UiB med di eiga maskin, så får du tilgang til mange tenester som berre er tilgjengelege for deg som UiB-student.



Eit døme er retriever.no der ein kan søke i artiklar i norske aviser eller digitale bibliotek. Sjå uib.no/ub for meir informasjon.

meinte for søk på nettsidene, registrering, e-post og anna informasjonshenting på nettet. Her kan du ikkje skrive ut dokument.

Pc-stover

Få hjelp

Pc-stover er arbeidsplassar for studentar. Her finn du maskiner drifta av UiB. Ved pålogging med brukarkonto får du tilgang til ditt eige lagringsområde. For å komme inn på pc-stover og lesesalar med pc-ar må du bruke studentkortet og pin-koden din.

På studentsidene (uib.no/student) finn du oversikt over pc-stover, brukarrettleiing for oppkopling av eigen pc, oversikt over anbefalt utstyr og annan nyttig brukarinformasjon.

Alle fakulteta har eigne pc-stover og plassar for oppkopling av eigen pc. I tillegg kan du nytte tenestene ved læringssentera til Universitetsbiblioteket. Fakultetet har omlag 200 pc-plassar på pc-stovene i Ulrike Pihls hus i 3. og 4. etasje (Professor Keysers gt. 1). Her finn du òg lesesalane du kan nytte som student ved SV-fakultetet. Opningstider for pc-stovene Måndag–fredag kl. 08.00–20.00 Laurdag kl. 10.00–18.00 Søndag kl. 12.00–19.00 Du kan også kople deg opp til UiB frå eigen berbar pc i 3. etasje på Ulrike Pihls hus Utanfor Informasjonssenteret i SV-bygget er det plassert tre pc-ar utan pålogging. Dei er

18

IT-avdelinga er òg på Facebook. Her kan du få driftsmeldingar og annan informasjon (facebook.com/itavduib). Dessutan har vi IT-assistentar som kan hjelpe deg med å kople til trådlaust nett, skrivar og andre tenester frå UiB, rettleie ved installasjon av virusvern o.l. IT-assistentane gir ikkje generell brukarstøtte på private maskiner. Du finn IT-assistentane på rettleiarkontoret (rom 412) i U. Pihls hus. Måndag til fredag kl. 08–20, laurdag 10-18 og søndag 12-19, samt på Bibliotek for samfunnsvitskap, Fosswinckels gate 14



7. CAMPUS Det samfunnsvitskapelege fakultet har sin campus sentralt plassert på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Her er ei oversikt over dei viktigaste bygga på campus for deg som er ny student:

Lauritz Meltzers hus (SV-bygget), Fosswinckelsgate 6 Alle studentgrupper har undervisning i SV-bygget. I SV-bygget finn du blant anna auditorium, grupperom, seminarrom, kantine og informasjonssenter.

Ulrike Pihls hus (UP), Professor Keysers gate 1 Studentane ved SV har lesesal- og pc-plassar i Ulrike Pihls hus. Lesesalane er felles for alle studentar som tek lågare grad ved fakultetet. Opningstider for lesesalane: alle dagar kl. 08.00–20.00

20



8. FAGLITTERATUR Universitetsbiblioteket

Bibliotek for samfunnsvitskap

Universitetsbiblioteket (UB) er eit moderne læringssenter og ein del av det faglege og pedagogiske tilbodet ved UiB. UB har bibliotekavdelingar ved alle fakulteta.

Adresse: Fosswinckels gate 14 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.30–19.00 ubbsv@ub.uib.no, 55 58 32 61

Biblioteket tilbyr • arbeidsplassar med Internett • tilgang til store boksamlingar • tilgang til elektroniske tidsskrift, oppslagsverk og annan faglitteratur på nettet • kurs og rettleiing i informasjonssøking og støtte til oppgåveskriving • Chat med en bibliotekar på uib.no/ub. Chatten er open frå kl. 10.00–15.00 måndag til fredag i semestera.

Fagbokhandel

Du kan søke fram det meste av både trykt og elektronisk materiale ved biblioteket, via UB sin elektroniske katalog. Studentkortet ditt fungerer òg som lånekort ved UB. Bruk det aktivt! Du er velkomen som brukar ved biblioteket. Du finn meir informasjon på nettsida vår, uib.no/ub.

22

Akademika er ein fagbokhandel der du finn pensumbøker og alt du treng til studia. Akademika sitt hovudutsal er på Studentsenteret.



9. STUDENTVELFERD Studentsamskipnaden i Bergen Studentlivet er meir enn studia, difor finst Studentsamskipnaden. Når du har betalt semesteravgifta til SiB, kan du nytte alle SiB sine tilbod. SiB vil at du skal ha det godt som student i Bergen! På Studentsenteret har vi samla dei fleste av SiB sine tilbod under eitt tak:

SiB Rådgiving Her får du individuelle råd og rettleiingstimar, og tilbod om ei rekkje spennande og nyttige kurs i blant anna eksamensmeistring, å ta ordet eller stressmeistring, heilt gratis. Ta kontakt på radgivning@sib.no.

SiB Psykiske Helseteneste (SPH) Gratis psykologtilbod til studentar. Kort ventetid. Besøk oss på Studentsenteret, eller bestill time på telefon 55 54 51 45.

Refusjon av legeutgifter SiB refunderer helseutgiftene dine når dei overstig 550 kr i løpet av eit år. Dersom du har utgifter til lege, fysioterapeut, transport eller tannskadar, kan du gå til sib.no/helse der du finn søknadsskjema og informasjon om kvar du får pengane tilbake.

24

Legene på Høyden og 7 Fjell Legesenter Studentane i Bergen har to eigne legetilbod. Tenestene er fastlegetilbod, men tilbyr også akuttimar for studentar som ikkje har fastlegen sin i Bergen. Sjå sib.no/no/helse/ lege for meir informasjon.

SiB Tannlege Studentane har ei eiga tannhelseteneste på Årstad og på Danmarks plass. Her får du tannundersøkingar og tannbehandling til rimelege prisar. Telefon: 55 20 64 58/59.

Helsestasjon SiB og Engen Helsestasjon samarbeider om å gi eit gratis helsetilbod med fokus på studentar si seksuelle helse. På Engen Helsestasjon får du gratis reseptar og kondom, test av kjønnssjukdomar og råd om sex og samliv. Ope måndag, tysdag og onsdag 15.30–18.00. Inga timebestilling, trekk kølapp når du kjem.

Karrieresenteret Lurer du på kva du skal bruke utdanninga di til? Kom gjerne på Karrieresenteret tidleg i studia, og drøft det med ein karriererettleiar. Senteret hjelper deg òg med CV, jobbsøknader, intervjutrening og tips om arbeidsmarknaden. Karrieresenteret driv traineeprogrammet Trainee vest, som kvar vår lyser ut traineestillingar.


SiB Trening SiB driv seks flotte treningssenter rundt om på campus. To av dei ligg i Bergen sentrum, og det største er på Studentsenteret. Hos SiB Trening kan du trene alt frå aerobic, pilates, vekttrening, symjing, klatring og squash med meir til ein rimeleg pris.

SiB Bustad SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Vi har ein bustad for deg anten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad hos oss via sib.no/bolig. Les meir om tilboda på sib.no.

Studentprestane Treng du ein å dele tankane dine med, har studentprestane tid. Du bestemmer kva vi skal snakke om. Vårt tilbod er for alle studentar uavhengig av livssyn. Studentprestane er tilsette av Den norske kyrkja. Adresse: Studentsenteret, Parkveien 1 Kontakt: Kan treffast etter avtale Telefon: 55 58 47 14, Inge Høyland og 55 58 94 45, Marie Grindheim E-post: inge.hoyland@prest.uib.no og marie. grindheim@prest.uib.no Nettside: studentprest.no

Utdanning i Bergen Utdanning i Bergen arrangerer spennande turar som skitur, båttur, fjelltur og mange andre aktivitetar. Alle turane er subsidierte for studentar ved UiB. Sjekk ut utdanningibergen.no for meir informasjon om dette. Utdanning i Bergen driftar også studentbergen.no. På desse sidene får du den mest komplette oversikta over studentorganisasjonane og studentaktivitetane i Bergen.

Studentparlamentet Studentparlamentet (SP) er det øvste studentpolitiske organet ved UiB. SP består av 25 valgte studentar som arbeidar for å framme UiB-studentane sine interessar. SP er studentane si viktigste stemme opp mot universitetsleiinga, kommunen, staten og andre aktuelle aktørar.

25


10. FADDERORDNINGA Sjølv om fadderveka ikkje tek til før i august, har ei stor gruppe studentar brukt heile våren på å planlegge eit program spekka med arrangement og opplevingar som skal gi deg ein introduksjon til det å vere student i Bergen. Målet med fadderveka er at du skal bli kjend med dine nye medstudentar, Bergen som studieby, universitetet og alt det

26

spennande du kan engasjere deg i på fritida. Fadderveka er lagd opp slik at ho skal gi deg ein smakebit på det store spekteret av tilbod som finst for studentar. Fadderprogramma for dei ulike fakulteta finn du på nettsidene våre, uib.no/nystudent. Vi ønsker deg ein god start på studietida!


UTGJEVAR: GRAFISK DESIGN: FOTO: TRYKK: OPPLAG: PAPIR:

Studieadministrativ avdeling, Universitetet i Bergen Kommunikasjonsavdelingen, Universitetet i Bergen Eivind Senneset (forside, s. 9, 17, 21, 26) • iStockphoto (s. 5) • Paul Sigve Amundsen (s. 19) • Emil Breistein (s. 23) Bodoni AS, Bergen 2200 G-Print (115 g/250 g)


uib.no

Følg oss på Facebook og Instagram og sjå korleis vi har det på Universitetet i Bergen


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.