
3 minute read
Kapittel 1 Klar, villig og kapabel: kapasitetsbygging i barnehage og skule
Kapittel 1
Klar, villig og kapabel: kapasitetsbygging i barnehage og skule
Sigrun K. Ertesvåg
Ei problemstilling som er ofte framme både i medie- og fagdebatten, er at førekomsten av mobbing i skulen ikkje går ned så mykje som vi ynskjer. Det er ikkje få spaltemeter som har vore nytta for å skildre historier om mobbing. Kvar einskild historie har alvorlege fylgjer for den som er utsett for mobbing eller andre krenkingar. I media skildrar ein då gjerne også ein skule eller barnehage som ikkje lykkast i å førebygge, avdekke og/eller stoppe mobbinga. I fagdebatten har det vore argumentert at tiltaka ikkje verkar, eller at definisjonen av mobbing er for smal. Omfattande evaluering av forskingsbaserte tiltak mot mobbing dokumenterer at denne argumentasjonen ikkje har støtte i forsking. Ein faktor som i mindre grad vert halden fram i både fag- og mediedebatten, er kva føresetnadar barnehagar, skular og kommunar som organisasjon har for å lykkast i arbeidet mot mobbing. Det handlar om organisasjonen sin kapasitet for arbeidet.
Kapasiteten den einskilde barnehage eller skule som organisasjon har for å implementere arbeidet mot mobbing, og mange andre fagområder, er heilt avgjerande for å kunne løyse oppgåva eller utfordringa innan dette området. Drøftinga kring kapasiteten organisasjonen har for endring, er til dels uavhengig av kva oppgåver ein arbeider med. I dette kapittelet er arbeidet mot mobbing nytta som illustrasjon for å kunne drøfte og konkretisere problemstillingar. Målet er å knyte saman fagområdet kapasitetsbygging og ei sentral oppgåve for verksemda. Slik kan vi illustrere,
synleggjere og drøfte kva type vurderingar og utfordringar ein barnehage eller skule kan stå overfor i arbeidet for å lykkast med organisasjonen si verksemd.
Mobbing som fagfelt er veleigna å knyte til kapasitetsbygging ettersom det å førebygge, avdekke og stoppe mobbing krev samstemt innsats frå mange profesjonar, ofte frå ulike etatar eller institusjonar. Ein felles forståing av utfordringane og på kva område det er viktig å sette inn innsatsen, kan vere heilt avgjerande for å lykkast i arbeidet. Når ein ikkje lykkast godt nok med arbeidet mot mobbing, er det fordi ikkje alle barnehagar og skular har den naudsynte kapasiteten for å implementere dei tiltaka som har vist dokumentert effekt, på ein måte som gjer at dei kan gi resultat. Dette er den store utfordringa i arbeidet mot mobbing, og det er uheldig og kanskje fatalt om diskusjonen handlar mest om andre område av arbeidet.
Det er rimeleg å stille spørsmål ved korleis det kan ha seg at ein i Noreg ikkje lykkast godt nok i arbeidet – vi som sidan tidleg på1980-talet har hatt tre nasjonale satsingar på mobbing, og trass desse omfattande satsingane ikkje har fått det til. No er vi godt inne i den fjerde nasjonale satsinga. Kan vi håpe at vi lykkast denne gongen? Svaret er ja. Samstundes er det fleire heilt sentrale føresetnadar for at ein kan lykkast. Noko av det viktigaste er at ein rettar innsatsen mot dei områda som gjer at ein i dag ikkje lykkast godt nok. Årsakene til at vi ikkje lykkast så godt som vi ynskjer, har derimot ingenting med at vi ikkje har tiltak som «verkar», eller at det er noko i vegen med definisjonen av mobbing. Vi har omfattande dokumentasjon av tiltak mot mobbing som er effektive i å førebygge, avdekke og stoppe mobbing. Ein føresetnad for at desse tiltaka skal gi resultat, er at dei vert implementerte på ein måte som gjer at dei kan gi dei resultata dei har potensial for. Det er avhengig av kapasiteten organisasjonen har til å arbeide effektivt mot mobbing.
Først i kapittelet vert kapasitet for endring drøfta som fenomen, deretter vert det drøfta korleis barnehagar og skular kan bygge (ytterlegare) kapasitet. Gjennom å sjå nærare på arbeidet mot mobbing i skulen vert styrkar og utfordringar knytte til kapasitet og kapasitetsbygging illustrert. Prinsippa for arbeidet er uavhengig av om tiltaka er i barnehage eller skule. Ulike typar og område av kapasitet vert drøfta og knytte til initiering og implementering av førebyggande og kompensatorisk arbeid generelt, men illustrert gjennom korleis ein førebygger, avdekker og stoppar mobbing der det er tenleg. Sjølv om illustrasjonane er knytte til skule, er dei òg relevante for arbeidet barnehagen som organisasjon gjer mot mobbing.