Ulike profesjoner, felles mål

Page 21

Kapittel 1

Klar, villig og kapabel: kapasitetsbygging i barnehage og skule Sigrun K. Ertesvåg

Ei problemstilling som er ofte framme både i medie- og fagdebatten, er at førekomsten av mobbing i skulen ikkje går ned så mykje som vi ynskjer. Det er ikkje få spaltemeter som har vore nytta for å skildre historier om mobbing. Kvar einskild historie har alvorlege fylgjer for den som er utsett for mobbing eller andre krenkingar. I media skildrar ein då gjerne også ein skule eller barnehage som ikkje lykkast i å førebygge, avdekke og/eller stoppe mobbinga. I fagdebatten har det vore argumentert at tiltaka ikkje verkar, eller at definisjonen av mobbing er for smal. Omfattande evaluering av forskingsbaserte tiltak mot mobbing dokumenterer at denne argumentasjonen ikkje har støtte i forsking. Ein faktor som i mindre grad vert halden fram i både fag- og mediedebatten, er kva føresetnadar barnehagar, skular og kommunar som organisasjon har for å lykkast i arbeidet mot mobbing. Det handlar om organisasjonen sin kapasitet for arbeidet. Kapasiteten den einskilde barnehage eller skule som organisasjon har for å implementere arbeidet mot mobbing, og mange andre fagområder, er heilt avgjerande for å kunne løyse oppgåva eller utfordringa innan dette området. Drøftinga kring kapasiteten organisasjonen har for endring, er til dels uavhengig av kva oppgåver ein arbeider med. I dette kapittelet er arbeidet mot mobbing nytta som illustrasjon for å kunne drøfte og konkretisere problemstillingar. Målet er å knyte saman fagområdet kapasitetsbygging og ei sentral oppgåve for verksemda. Slik kan vi illustrere,


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.