2 minute read

Ein dedikasjon

Next Article
Referansar

Referansar

INNLEIING SAMtALE, SAMSKRIVE, SAMHANDLE 17

som skriving som grunnleggande ferdigheit, formativ vurdering og ønske om meir utforskande tilnærmingar til læring. I drøftinga blir forholdet mellom det individretta og det kollektive, og mellom kompetansar og danning, løfta fram. Ved å trekke liner til læreplanane i dei to faga synleggjer forfattarane korleis kompetansane lar seg uttrykke og måle, mens danningsmåla er meir uklåre. Balansen mellom individet og dei sosiale og kulturelle samanhengane elevane inngår i, blir her varetatt gjennom kontekstane som blir studerte. Det skjer gjennom økologiske perspektiv på læring, forankra i faglege fellesskapar og i etablerte kulturar for samtale, samarbeid og kunnskapsutvikling.

I den avsluttande artikkelen i boka gjer Kjell Lars Berge greie for den utdanningspolitiske bakgrunnen for Kunnskapsløftets grunnleggande ferdigheiter. Det er dei munnlege ferdigheitene som er i framgrunnen, og han argumenterer for at implementeringa av desse kan sjåast som mislukka, ikkje minst jamført med satsingane på lesing og skriving. Dette grunngir han med svak fagleg og forskingsmessing forankring og manglande utdanningspolitisk rotfeste, særleg i vurderingsordninga. Med støtte i fersk forsking på feltet synleggjer han moglegheiter og utfordringar knytte til ei meir systematisk satsing på munnlege ferdigheiter. Artikkelen munnar ut i ei utfordring − til lærarar, forskarar og utdanningspolitikarar − om å diskutere korleis systematisk arbeid med munnlegheit kan bli ein ressurs i læringsarbeidet i skulen, og ein veg til danning. I lys av dei mange artiklane i denne boka som nettopp synleggjer synergiar mellom samtale, skriving og læring, kan vi slå fast at det her ligg eit stort potensial. Vonleg kan også boka vere eit bidrag til dette arbeidet.

Med denne boka vil vi heidre samtale-, tekst- og skriveforskaren Synnøve Matre i det ho fyller 70 år og går av frå stillinga si som professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Bidraga i boka kan seiast å sameine fleire av forskingsfelta hennar, og vidareutvikle perspektiv som ho sjølv har løfta fram både i undervising og forsking − som verdien av samtale (jf. t.d. Matre, 2000, 2003; Matre & Fottland, 2011) og skriving som veg til kunnskapsutvikling og danning (jf. t.d. Matre, 2001; Matre, Solheim & Otnes, 2021). Underliggande i mykje av dette arbeidet er potensialet som ligg i å knyte desse felta tettare saman ved å samtale om språk, skriving og tekstar (jf. t.d. Matre & Solheim, 2016). Boka er laga av kollegaer som Synnøve Matre har samarbeidd med gjennom ein lang og aktiv karriere som norsklærar, lærarutdannar og forskar. Forfattarar og redaktørar representerer ulike forskingsmiljø lokalt, nasjonalt

This article is from: