2 minute read

Seksåringar i skapande tekstleg samspel

KAPI ttEL 1

Randi Solheim, Vivi Nilssen og Arne Johannes Aasen

Skriving er ein fin måte å vere saman på, sa Rutt Trøite Lorentzen (2005), som var ein pioner i forskinga på tidleg skriving i Noreg. Samskriving rommar også samtale, som kan stimulere til vidare aktivitet, leik og utforsking (jf. t.d. Matre, 2000). I denne artikkelen skal vi gå tett på leikprega samspel gjennom skriving, teikning, samtale og forteljing. Teksten nedanfor (eksempel 1.1), som er laga av seks år gamle Nils, er resultatet av kompleks samhandling i ei skrivegruppe på første trinn. Både denne teksten og liknande tekstar − som ein kan finne i klasserom og på kjøkenbord rundt om − kan vere vanskelege å lese i ettertid. Men dersom ein har høve til å studere prosessane som ligg bak tekstane, kan ein få verdifull innsikt både i potensialet som ligg i dei ulike skrivesituasjonane – og i skriving som ein kollektiv, kompleks og meiningsskapande aktivitet. Dette gjeld ikkje minst i arbeid med dei yngste elevane, som gjerne tar i bruk eit mangfald av erfaringar, ressursar, uttrykksformer og samhandlingsformer. Når ein har med unge skrivarar å gjere, må ein såleis sjå skriving i vid tyding, som situert, multimodal meiningsskaping (jf. t.d. Kress, 1997).

Utgangspunktet for teksten nedanfor er ei open oppgåve, der intensjonen var at elevane skulle få skrive om eit tema dei var engasjerte i, og som dei hadde felles opplevingar med. I samråd med elevane valde læraren å lage ei oppgåve med utgangspunkt i erfaringar med kroppsøvingsfaget. Overfor elevane ga han uttrykk for at tekstane deira kunne gi innspel til undervisninga. Han var såleis ein relevant mottakar. Elevane blei plasserte i grupper, og det blei lagt til rette for at dei kunne samtale undervegs. Gjennom skriveøkta observerte vi ulike tilnærmingar til skriveoppdraget og ulike prosessar, prega av leik, samtale, teikning og skriving i det vi oppfatta som meiningsfylte og meiningsskapande situasjonar – og der elevane lærte av kvarandre. Tekstane som blei produserte, derimot, gir i seg sjølv eit avgrensa innblikk i tekstarbeidet og læringa som ligg bak. Teksten til Nils (eksempel 1.1) viser figurar i aktivitet og rørsle i

24

RANDI SOLHEIM, VIVI NILSSEN OG ARNE JOHANNES AASEN

Eksempel 1.1: Nils sin tekst «Hvorfor jeg liker gym»

det vi, gjennom utstyr som ringar, turnkassar og ein ikonisk blå «tjukkas», kjenner att som ein tradisjonell «gymsal». Vi kan også konstatere at skrivaren – i verbalteksten på linene – har svart på lærarens utgangsspørsmål; han likar gymringane.

Vi skal i det følgjande analysere skrivehendinga (jf. Barton, 2007) der denne teksten tok form, med utgangspunkt i doble videoopptak frå eit grupperom med fire elevar, supplert med samtale- og observasjonsdata. Studien har eit omfang, eit materiale og eit design som ikkje gjer det mogleg å dokumentere læringseffekt, eller å verifisere at dei didaktiske inngangane verkar. Målet er derimot å vise korleis ein kan komme tett på dei yngste elevane sine skriveprosessar, og drøfte korleis dette kan synleggjere både den samansette kompetansen deira, ressursane dei rår over, og potensialet i skapande tekstleg samspel. Dette kan i neste omgang gi innspel til utvikling av gode skriveopplæringspraksisar. Spørsmåla vi stiller oss, er desse: Korleis bidrar samhandling til meiningsfylt tekstproduksjon på elevane sine premissar? Og kva ressursar og uttrykksmåtar

This article is from: