Samtale, samskrive, samhandle

Page 27

KA PITTEL 1

Seksåringar i skapande ­tekstleg samspel Randi Solheim, Vivi Nilssen og Arne Johannes Aasen

Skriving er ein fin måte å vere saman på, sa Rutt Trøite Lorentzen (2005), som var ein pioner i forskinga på tidleg skriving i Noreg. Samskriving rommar også samtale, som kan stimulere til vidare aktivitet, leik og utforsking (jf. t.d. Matre, 2000). I denne artikkelen skal vi gå tett på leikprega samspel gjennom skriving, teikning, samtale og forteljing. Teksten nedanfor (eksempel 1.1), som er laga av seks år gamle Nils, er resultatet av kompleks samhandling i ei skrivegruppe på første trinn. Både denne teksten og liknande tekstar − som ein kan finne i klasserom og på kjøkenbord rundt om − kan vere vanskelege å lese i ettertid. Men dersom ein har høve til å studere prosessane som ligg bak tekstane, kan ein få verdifull innsikt både i potensialet som ligg i dei ulike skrivesituasjonane – og i skriving som ein kollektiv, kompleks og meiningsskapande aktivitet. Dette gjeld ikkje minst i arbeid med dei yngste elevane, som gjerne tar i bruk eit mangfald av erfaringar, ressursar, uttrykksformer og samhandlingsformer. Når ein har med unge skrivarar å gjere, må ein såleis sjå skriving i vid tyding, som situert, multimodal meiningsskaping (jf. t.d. Kress, 1997). Utgangspunktet for teksten nedanfor er ei open oppgåve, der intensjonen var at elevane skulle få skrive om eit tema dei var engasjerte i, og som dei hadde felles opplevingar med. I samråd med elevane valde læraren å lage ei oppgåve med utgangspunkt i erfaringar med kroppsøvingsfaget. Overfor elevane ga han uttrykk for at tekstane deira kunne gi innspel til undervisninga. Han var såleis ein relevant mottakar. Elevane blei plasserte i grupper, og det blei lagt til rette for at dei kunne samtale undervegs. Gjennom skriveøkta observerte vi ulike tilnærmingar til skriveoppdraget og ulike prosessar, prega av leik, samtale, teikning og skriving i det vi oppfatta som meiningsfylte og meiningsskapande situasjonar – og der elevane lærte av kvarandre. Tekstane som blei produserte, derimot, gir i seg sjølv eit avgrensa innblikk i tekstarbeidet og læringa som ligg bak. Teksten til Nils (eksempel 1.1) viser figurar i aktivitet og rørsle i

9788215057248_Otnes mfl_Samtale, samskrive, samhandle.indd 23

25.01.2022 06:18


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.