SVEIN BERTIL SÆTHER
Kjerkebrannen i 1920 - og tida etterpå Kjerka på Dolm har brunne fleire gonger. Siste gongen var natta til 3.februar 1920. Det er eitt hundre år sia i år, og hendinga vart markert med eit arrangement på Dolm søndag 2.februar 2020. Der fekk eg lov til å halde eit innlegg om det som skjedde, og det som vart skrive om denne brannen rett etterpå.
Det har seg slik at ingen den gongen skreiv ned det som skjedde «minutt for minutt» da Dolmkjerka brann ned denne februarnatta i 1920, korleis brannen starta, korleis sløkkingsarbeidet kom i gang og vart organisert, om det vart gjort forsøk på å berge noko ut frå kjerka, om det samla seg mykje folk på Dolm den natta, korleis reaksjonane var, korleis det såg ut på Dolm etter brannen, stemninga, dramatikken, tankane. Ingen ting om dette vart festa på papiret da det skjedde. Vi har berre nokre få fragment av historia, og det er dei eg prøvde å sette saman til ei slags forteljing den 2.februar i år – og som eg her har redigert i hop til ein liten artikkel i Skarvsetta. Den 2.februar er det kyndelsmesse etter den gamle primstavkalenderen. Dette var ein viktig religiøs høgtidsdag i katolsk tid, til minne om Marias renselse etter at ho fødde Jesusbarnet 1.juledag. Da gjekk prest og menigheit i prosesjon gjennom kjerka, og alle hadde brennande vokslys i hendene. På latin heiter vokslys candela, derav kyndel og kyndelsmesse. 6
Da vi var på Dolm på sjølvaste kyndelsmessedagen i år, fann vi på at vi skulle prøve å reise 100 år tilbake i tid. Vi ville sjå innom prestegarden på Dolm og møte soknepresten Anton Thorolf Thurn Basberg (1877-1948), som var sokneprest i Hitra prestegjeld og budde på Dolm frå 1912 til 1922. Ja-ja, så reiste vi, da: Det er utpå kvelden mandag den 2.februar 1920. I bestestua på Dolm prestegård sitt presten Anton Thorolf Basberg i sofaen ved den høge, runde vedovnen og les eit brev under lyset av den store parafinlampa som heng over bordet. Sokneprest Basberg har bodd på Dolm i snart åtte år no. Han er 43 år og fødd i Kristiania. Enno er han ugift, men han har forlova seg med ein student frå Finland, Ingrid Johanne Segerstråle. Det er frå ho han har fått brev. Dei har bestemt seg for å gifte seg til sommaren. Presten ser fram til å hente heim ei kone hit til Dolm. Presten reiser seg, legg ei ny vedskie inn i omnen og går bort til eitt av dei høge vindua i stua. Det er heilt mørkt der ute. Verken måne eller stjerner viser seg på himmelen. Overskya, tenkjer han. Det blir vel vêromslag igjen. Det har vore klarvêr og fint nokre dagar, men i kveldinga begynte det å trekke frå vest og skye over. Kyndelsmesse, tenkjer han. Den gamle høgtidsdagen da dei bar lys. Basberg må flire litt. Ja, det kan behøves lys, mumlar han for Skarvsetta - 2020