![](https://stories.isu.pub/60822592/images/32_original_file_I0.jpg?width=720&quality=85%2C50)
1 minute read
TAF (Tekniske Almenne Fag)
TAF-MODELLEN Teori & praksis hand i hand!
/ Av Mette Holmefjord Olsen /
TAF-modellen fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Tekniske og allmenne fag (TAF) er eit samarbeid mellom Fusa vidaregåande skule og lærebedrifter innan ulike fagområde. Du er formelt elev ved skulen dei to første åra og deretter lærling i bedrift dei to siste, men du har heile dagar i skule/bedrift alle fire åra. Utdanninga er først og fremst retta mot deg som ønsker å studera på høgskule- eller universitetsnivå.
KVIFOR VELJA TAF (TEKNISKE ALLMENNE FAG)?
• Du får eit godt grunnlag for høgare utdanning
• Du får både fagbrev og studiekompetanse, med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og/eller kjemi
• Du lærer å arbeida sjølvstendig etter eigne planar
• Du lærer å samarbeida
• Du følgjer bedrifta sitt arbeidsår
• Du får løn etter gjeldande reglar
FUSA VIDAREGÅANDE SKULE TILBYR FYLGJANDE UTDANNINGAR INNAN TAF:
• TAF Helse - Helsefag
• TAF Marin - Akvakultur
• TAF Mekanisk CNC / sveis / industri-montør/-mekanikar
• TAF RM - Kokk / servitør - med atterhald om endeleg vedtak