TAF-MODELLEN
Teori & praksis hand i hand! / Av Mette Holmefjord Olsen /
TAF-modellen fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Tekniske og allmenne fag (TAF) er eit samarbeid mellom Fusa vidaregåande skule og lærebedrifter innan ulike fagområde. Du er formelt elev ved skulen dei to første åra og deretter lærling i bedrift dei to siste, men du har heile dagar i skule/bedrift alle fire åra. Utdanninga er først og fremst retta mot deg som ønsker å studera på høgskule- eller universitetsnivå.
TAF-mekanisk i praksis = variasjon og presisjon.
KVIFOR VELJA TAF (TEKNISKE ALLMENNE FAG)?
OM DEI ULIKE TAF-TILBODA
• • • • • •
Dei ulike TAF-tilboda er like i oppbygging, men det er ulike programfag og kombinasjonar innan realfaga matematikk, fysikk og kjemi. Sjå nedanfor for fag- og timefordeling, samt anna informasjon om dei ulike TAF-retningane.
Du får eit godt grunnlag for høgare utdanning Du får både fagbrev og studiekompetanse, med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og/eller kjemi Du lærer å arbeida sjølvstendig etter eigne planar Du lærer å samarbeida Du følgjer bedrifta sitt arbeidsår Du får løn etter gjeldande reglar
FUSA VIDAREGÅANDE SKULE TILBYR FYLGJANDE UTDANNINGAR INNAN TAF: • • • •
TAF Helse - Helsefag TAF Marin - Akvakultur TAF Mekanisk CNC / sveis / industri-montør/-mekanikar TAF RM - Kokk / servitør - med atterhald om endeleg vedtak
I tillegg finn du TAF-tilbod i elektro og byggfag, samt mekanisk og helse ved Knarvik vgs.
TAF HELSE (TEKNISK ALLMENNE FAG) Er målet ditt ei høgare utdanning innan helsefag, kan TAF Helse vera utdanningsvegen å gå. Etter fire år oppnår du dobbel kvalifikasjon: både fagbrev som helsefagarbeidar og studiekompetanse med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og kjemi. På desse åra får du praktisk og teoretisk opplæring til fagprøven i helsearbeidarfaget, og fagkrava for inntak til høgare medisinsk utdanning. Fusa vidaregåande skule har for tida godt samarbeid med kommunane Kvinnherad, Tysnes, Os, Samnanger, Kvam, og Fusa om den praktiske delen av opplæringa. Med fullført TAF Helse-utdanning vil du ha eit svært godt grunnlag for vidare arbeid i helsevesene
VIDAREGÅANDE TILBOD MIDT I HORDALAND Yrkesfagleg Helse – og oppvekstfag Naturbruk og akvakultur Restaurant og matfag Teknikk og industriell produksjon
Studieførebuande Kunst, design og arkitektur TAF (fagbrev+studiekomp.) TAF-HELSE TAF-MARIN TAF-RM (planlagt 2019) TAF-TIP
www.hordaland.no/fusavgs fuv@post.hfk.no 56580900 Lei ro 113, 5649 Ei kelandsosen www.facebook.com/Fusa.vgs/
32 MAGASIN FOR JOBB & UTDANNING | 2019