![](https://stories.isu.pub/60822592/images/20_original_file_I0.jpg?width=720&quality=85%2C50)
1 minute read
FRÅ OLJE TIL TANG OG TARE
Tre spreke ungdommar, Runar Trellevik, Robert Trellevik og Jan Petter Monsen, alle i slutten av trettiåra, mista for 3 år sidan jobbane sine i oljebransjen. I staden for å gå arbeidsledige, snudde dei seg rundt og fann ut at dei ville starta opp eiga verksemd. Ettersom dei var oppvaksen i fjæra, var dei godt kjent med tang og tare, og dei hadde satt seg inn i verdiane som låg der.
/ Ved Bjørn Arvid Straume /
I desember 2016 starta dei opp Tekslo Seafood AS, som skal arbeida i ei fornybar og berekraftig næring, basert på tang og tare. Runar og Robert fortel at det er enorme mengder med tang og tare og den dei nytta veks i heilt reint sjøvatn i nærheita av Tekslo, ikkje så langt ifrå Marsteinen fyr.
![](https://stories.isu.pub/60822592/images/21_original_file_I0.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Robert fortel at produksjonen i dag foregår i det nedlagte skulebygget i Trellevik, men at dei snarast må få produksjonen inn i større og meir produksjonstjenlige lokalar. På spørsmål om det vil verta behov for arbeidskraft framover, svarer Runar at det vil det verta behov for mange personar, om nokre få år, og at dei ser for seg personar med utdanning innan havbruk som veldig interessante.