1 minute read

EIT HAV AV MOGLEGHEITER

Next Article
STUDENT-UTVEKSLING

STUDENT-UTVEKSLING

Ordfører i den nye storkommunen: Tom Georg Indrevik (H)

EIT HAV AV MOGLEGHEITER I NYE ØYGARDEN KOMMUNE

/ Intervju: Reidun Brekke /

Du er første ordføraren i den nest største kommunen i Vestland fylke. Kva ambisjonar har du for kommunen vår? - Vi bur i en flott kommune med tilgang til havet, naturen, kystkulturen og til mange dyktige innbyggjarar og bedrifter. Saman kan vi som bur i Øygarden sjå moglegheitene som finst i nærområdet vårt innan næring og samfunnsutvikling. Vår nye kommune har unike fordelar og moglegheiter innan energi, teknologi, offentleg tenesteyting, havnæringane og fiskeri. I åra som kjem er det viktig å leggja til rette for å utvikla fleire arbeidsplasser innan disse områda. Saman med tilsette og innbyggjarar ønskjer eg å byggja Noregs mest attraktive kommune.

Korleis trur du arbeidsmarknaden vil utvikla seg i regionen? - Hav - berekraftig utvikling, olje, Co2-fangst, digitalisering, offentleg sektor osb. Eg trur vi har store moglegheiter for vekst og utvikling. Eg trur vi vil sjå ein stor auke i tal på arbeidsplassar. Det 17. målet for berekrafta i FN vert lagt til grunn for ikkje berre offentleg planlegging, men også utvikling i næringslivet. Gjennom å utnytta våre naturgitte fordelar vil kommunen kunna leggja til rette for etablering av fleire arbeidsplassar i ulike sektorar.

This article is from: