1 minute read
DIGITALISERING & YRKESVAL
DIGITALISERING & YRKESVAL
/ Av Conrad Hansen /
For ein ungdom av i dag er slikt som papiraviser, mobiltelefonar med knappetastar, papirkart, tidsavgrensa TV-program og papirbaserte buss- og fly-bilettar noko pussige, gammaldagse greier på linje med parafinomnar og utedoar.
Sjølv om dei teknologiske nyvinningane alt er på plass, tek det svært lang tid før desse nyvinningane fører til store omveltningar i samfunnet vårt. Skal dette skje må vi få leiarar som har sterk vilje til «Digital mestring».
Vi kan definera dette som: Digital mestring = forretnings- og teknologiforståelse x vilje og evne til forandring. Om nokre år vert det interessant å sjå korleis de som er unge i dag vurderar dei organisasjons-formene, beslutningsstrukturane og arbeidsprosessane vi brukar i dag. Eg trur nok mange vil le av dei tungvinte rutinane og arbeidsmetodane som er vanlege i dag.
Eit godt råd til alle ungdommar i dag vil vera å følgja med på samfunnsutviklinga. Den utdanninga du gjennomfører i dag, og det arbeidet du førebur deg på, vil endrast vesentleg dei neste 50 åra. Dette gjeld alle typar arbeid. Å vera samfunnsengasjert og førebudd på endringar i arbeidslivet vil derfor vera eit vesentleg pluss for all utdanning uansett yrke.