MAGASINET FOR JOBB & UTDANNING 2020

Page 18

DIGITALISERING & YRKESVAL Vi høyrer stadig vekk om digitalisering av samfunnet - kva er no det? Etter kvart som datamaskinene har blitt

kraftigare og elektronisk kommunikasjon (telefoni, mobilnett, internett etc.) har blitt raskare, vil desse elementa medføra at vi endrar samfunnet og måten vi organiserar oppgåver og tenester. Conrad Hansen, grunnlegger av Acos AS

/ Av Conrad Hansen / Mens vi tidlegare samla data, arkiverte dei og rekna ut tilstandsrapportar, vil det no vera naturleg å sjekka fakta «on the fly». Eit eksempel: Du lurer på avstanden mellom jorda og månen. Wikipedia seier 384.400 km. Dersom du brukar ein anna søkemotor (Wolfram Alpha) vil du få eit svar mellom 356.400 og 406.700 km. Årsaka er at Wolfram Alpha reknar ut eksakt avstand frå akkurat der du står og akkurat i det du spør – altså eit mykje meir nøyaktig svar. Den nye teknologien opnar og for nye måtar å organisera tenester på. Mobile applications, eller berre kalla «App» kan opna for å organisera verksemder på nye måtar. Dei mest kjende internasjonale publikum-systema som brukar dei nye mogelegheitene er Uber og Airbnb. Desse selskapa har medført at transportbransjen og utleige/hotell-bransjen er blitt vesentleg endra i heile verda. Vi vil få mange slike eksempel framover. Innanfor transport-

bransjen kan vi venta oss store endringar i åra som kjem. Her vil vi få store laste-skip som fraktar varer nærast utan mannskap. Vi vil få lastebilar, varebilar og personbilar som kan køyra utan sjåførar. Vi reknar med at dette vil redusera talet på dødsulukker i trafikken med 90% og talet på bilar kan reduserast med 70-80%. For ein ungdom av i dag er slikt som papiraviser, mobiltelefonar med knappetastar, papirkart, tidsavgrensa TV-program og papirbaserte buss- og fly-bilettar noko pussige, gammaldagse greier på linje med parafinomnar og utedoar. Sjølv om dei teknologiske nyvinningane alt er på plass, tek det svært lang tid før desse nyvinningane fører til store omveltningar i samfunnet vårt. Skal dette skje må vi få leiarar som har sterk vilje til «Digital mestring».

Vi kan definera dette som: Digital mestring = forretnings- og teknologiforståelse x vilje og evne til forandring. Om nokre år vert det interessant å sjå korleis de som er unge i dag vurderar dei organisasjons-formene, beslutningsstrukturane og arbeidsprosessane vi brukar i dag. Eg trur nok mange vil le av dei tungvinte rutinane og arbeidsmetodane som er vanlege i dag. Eit godt råd til alle ungdommar i dag vil vera å følgja med på samfunnsutviklinga. Den utdanninga du gjennomfører i dag, og det arbeidet du førebur deg på, vil endrast vesentleg dei neste 50 åra. Dette gjeld alle typar arbeid. Å vera samfunnsengasjert og førebudd på endringar i arbeidslivet vil derfor vera eit vesentleg pluss for all utdanning uansett yrke.

Har du lærevansker eller psykiske/ fysiske utfordringer?

Vi hjelper deg å lykkes!

Trenger du ekstra oppfølging for å fullføre en videregående opplæring? Vi gir elever fra hele Norge en unik mulighet i et trygt miljø.

Søknadsfrist 30. mars. 18 MAGASIN FOR JOBB & UTDANNING | 2020

• • • • •

Elektrofag Salg, service og reiseliv IKT-servicefag Påbygg til generell studiekompetanse Informasjonsteknologi og medieprodusjon www.krokeide.vgs.no facebook.com/krokeidevgs firmapost@krokeide.vgs.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.