MAGASINET FOR JOBB & UTDANNING 2020

Page 5

NYE ØYGARDEN KOMMUNE

EIT HAV AV MOGLEGHEITER Kva ambisjoner har Nye Øygarden kommune sin fyrste ordførar, Tom Georg Indrevik, for regionen vår? / Intervju: Reidun Brekke /

Ordfører i den nye storkommunen: Tom Georg Indrevik (H)

Du er første ordføraren i den nest største kommunen i Vestland fylke. Kva ambisjonar har du for kommunen vår? Vi bur i en flott kommune med tilgang til havet, naturen, kystkulturen og til mange dyktige innbyggjarar og bedrifter. Saman kan vi som bur i Øygarden sjå moglegheitene som finst i nærområdet vårt innan næring og samfunnsutvikling. Vår nye kommune har unike fordelar og moglegheiter innan energi, teknologi, offentleg tenesteyting, havnæringane og fiskeri. I åra som kjem er det viktig å leggja til rette for å utvikla fleire arbeidsplasser innan disse områda. Saman med tilsette og innbyggjarar ønskjer eg å byggja Noregs mest attraktive kommune. Korleis trur du arbeidsmarknaden vil utvikla seg i regionen? Hav - berekraftig utvikling, olje, Co2-fangst, digitalisering, offentleg sektor osb. Eg trur vi har store moglegheiter for vekst og utvikling. Eg trur vi vil sjå ein stor auke i tal på arbeidsplassar. Det 17. målet for berekrafta i FN vert lagt til grunn for ikkje berre offentleg planlegging, men også utvikling i næringslivet. Gjennom å utnytta våre naturgitte fordelar vil kommunen kunna leggja til rette for etablering av fleire arbeidsplassar i ulike sektorar. Det er fleire prosjekt som vil skapa nye spennande arbeidsplassar, og industri knytt til Co2-lagringsprosjektet vil kunna skapa eit heilt nytt industrieventyr.

Nye Øygarden kommune vert den nest største kommunen i Vestland fylke etter Bergen. Det betyr at vi også innan offentleg sektor vil ha behov for fleire unge menneske som ønskjer å arbeida med å hjelpa dei av innbyggjarane våre som har behov for hjelp, spesielt i pleie og omsorg. Øygarden og Bergen kommunar er ein tett arbeidsmarknad. Kva råd vil du gje ungdomen når det gjeld val av utdanning for framtida? Vel noko du likar å jobba med og noko som det vil vera behov for i framtida. Tenk ut av boksen og vel gjerne noe utradisjonelt. Fremtidige behov for arbeidskraft vil vera stort, men endringane vil også føra til at vi må utdanna oss gjennom heile livet. Det vil ikkje lenger vera slik at du vil kunne jobba med det same i 40 år. Framtida vil spørja etter meir fleksibilitet og endringsvilje hjå den tilsette. Vi håpar at vi kan bidra til å skapa eit variert arbeidsliv som gjer det attraktivt for deg å både arbeida og bu i Øygarden kommune. Kva meiner du ungdom bør engasjera seg i for å vera med å påverka utviklinga i vår unge kommune til å verta den mest attraktive kommunen å arbeida og bu i. Det er viktig at flest mogleg engasjerer seg i lokalsamfunnet. Alle kan gjera ein forskjell for andre gjennom å bidra i frivillige lag og organisasjonar. Ikkje minst er dette viktig for deg sjølv. Det kan også vera viktig med tanke på fremtidige jobbsøknader.

Ny godshamn på Ågotnes vil også kunna tilføra oss nye arbeidsplasser.

5 MAGASIN FOR JOBB & UTDANNING | 2020


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.