2 minute read

Øygarden næringsutvikling

Next Article
Gründerparken

Gründerparken

Vi skal bidra til at fleire arbeidsplassar vert skapt

– og de er framtidas kandidatar

Øygarden har allereie satt tydelege spor på kartet både nasjonalt og internasjonalt som mottakshamn for Langskip - regjeringa si fullskala karbonsatsing – CCUS**.

No blir det jobba med synergiar av karbonlagringsanlegget, Northern Lights, for å skapa eit økosystem innan industri, teknologi og kunnskap næringar som til dømes karbonfangst og hydrogenframstilling i Energiparken på Kollsnes.

I tillegg til karbonlagring og hydrogensatsingar, er vi stolte over at vi er store på marine næringar i kommunen. Vi har eit rikt fiskeri, både innan oppdrett og av tradisjonelt (men moderne) fiske. Vi har stort fokus på nye berekraftige artar som til dømes alge- og skjelloppdrett, og dyrking og produksjon av tang og tare. Alt dette har eit stort eksportpotensiale som vil vere ein viktig del av matproduksjonen i framtida. Vi har ein by under utvikling, og mange spennande og nytenkjande byggeprosjekt skal byggjast i kommunen i dei neste åra.

Gjennom det siste året har Øygarden næringsutvikling utarbeida ei skisse til næringsstrategi for kommunen. Vi har hatt dialogmøte med store delar av næringslivet, og fått innspel på kva vi skal leva av i framtida. Her har leiinga på Sotra Vidaregåande og fylkeskommunen og vore kopla på for å tilpassa utdanningsretningar i samsvar med det næringslivet treng. Framtida og det grøne skiftet skjer fort no, så her må dialogen mellom partane vere tett også framover.

Dagleg leiar Anita Mannes og Hanne Misje Lokøy er med å drive Øygarden næringsutvikling KF

Øygarden næringsutvikling KF* vart oppretta i januar 2021 etter vedtak i kommunestyret, og har sit opphav frå intensjonsavtalen mellom dei tre kommunane før samanslåinga: «Den nye kommunen skal vera ein framtidsretta, nyskapande og heilskapleg næringskommune med høg kompetanse».

Øygarden næringsutvikling består i dag av to tilsette, dagleg leiar Anita Mannes og rådgjevar Hanne Misje Lokøy. Vi jobbar tett med næringslivet, kommuneadministrasjonen og politikarar for å legga til rette for og fremma næringslivet i kommunen. Primæroppgåva vår er, på vegne av kommunestyret, å vere ansvarleg for næringsutvikling i kommunen. Det betyr i kortversjon at vi skal bidra til at fleire arbeidsplassar vert skapt. Vi har difor stort fokus på kva vi trur er famtidas næringsliv og industri, og kompetansebehov for framtidas arbeidsplassar. For tida er det globalt fokus på klimakrisa og det grøne skiftet, og

Vi har mykje å sjå fram til i kommunen, og grunnlaget for mange spennande yrkesmoglegheiter for framtida vert lagt no.

Vi ønskjer deg lukke til med ditt yrkesval!

This article is from: