2 minute read

Øygarden - Læreplass i sju fag

Læreplass i sju fag

Vi har trygge og gode arbeidsstader, variert og god opplæring, dyktige instruktørar, nettverksmøter, fagdagar og godt arbeidsmiljø. Vi søkjer etter lærlingar i januar/februar.

Det vert annonsert på nettsida til kommunen, Finn.no og Vestnytt.

Søknadsfrist 1. mars 2022. Velkomen som søkjar!

Øygarden kommune søkjer etter deg som er motivert og engasjert i faget ditt.

INSTITUSJONSKOKK / Læretid 2 år på kjøken.

Institusjonskokken arbeidar på store institusjonar som sjukehus, forsvaret, sjukeheimar, fengsel o.l. Du skal laga mat som gjev positive opplevingar til friske og sjuke. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å lage ernæringsriktig og velsmakande mat til mange menneske samtidig.

HELSEFAGARBEIDAR / Læretid 2 år.

Helsefagarbeidaren utførar omsorg, grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og velferdstenesta. Du skal møte pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte, og bidra til å fremme trivsel, fysisk og psykisk helse og ivareta brukarmedverking og pasientrettigheiter. Opplæringa i lærefaget skal utvikle evna til å møte menneske med ulik kulturell bakgrunn i ulike livssituasjonar og med ulik evne for kommunikasjon. Praksis kan t. dømes vera på institusjon for eldre eller psykisk utviklingshemma, i heimetenesta eller på sjukehus.

BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR / Læretid 2 år.

Barne- og ungdomsarbeidaren skal bidra med tilrettelegging og gjennomføring av pedagogisk tilbod for barn og unge i alderen 0-18 år. Du skal kunne tilpasse arbeidet til det enkelte barn/ unge sitt funksjonsnivå og livssituasjon. Å vera med å fremme fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring er ein viktig oppgåve. Aktuelle arbeidsstader er barnehage, SFO, barneskule og ungdomsskule.

BYGGDRIFTARFAGET / Læretid 3 år.

Byggdriftaren skal vere med på å trygge og vedlikehalde næringsbygg, skular, barnehagar og omsorgsbustader til dømes. Opplæringa handlar om drift, kontroll og ettersyn av bygningar, VVS-installasjonar, elkraftinstallasjonar, tele- og automatiserings-installasjonar m.m.

IKT-FAGET / Læretid 2 år på IKT-avdeling.

Som IKT-lærling i Øygarden får du utfordringar frå første dag. Dine arbeidsoppgåver vert helpdeskfunksjonar, klientdrift, server- og nettverkdrift. I læretida får du brei kunnskap om IKT-drift og blir god på service!

KONTOR- OG ADMINISTRASJONSMEDARBEIDAR / Læretid 2 år.

Oppgåvene er varierte, du er innom fleire avdelingar som; personal-, økonomi og plan- og utbygging. Lærlingen arbeidar med postføring/journalføring, telefonsentral, kundekontakt, sortering av post m.m. Du får innblikk i personaloppgåver, økonomi og politisk service og forvaltning.

BRANNFØREBYGGJAR (TIDLEGARE FEIARFAGET) / Læretid 3 år på brannstasjon.

Brannførebyggjaren arbeidar med å hindre brann. Det kan vere; tilsyn og kontroll av fyringsanlegg, informasjonsarbeid om fyringsteknikk og brannførebyggjande tiltak, feiing av skorsteinar, røykkanalar og eldstader og med å avgrense skader etter brann.

This article is from: