Sirdalsposten september 2014

Page 1

SIRDALSPOSTEN JUBILEUMSUTGÅVE 2014

Sirdalsposten er Sinneshyttå si helsing til alle som elsker hyttelivet i Sirdal.


MED HELSING FRÅ SIRDAL!

HYTTELYKKE S. 4 • VÅR HISTORIE S. 6 • HØNEDALEN S. 14 • KREMTOMTER S. 20


utarbeida diverse reguleringsplaner og våre ein pådrivar for å tilrettelegge for gode hytter og hytteområder. Det er ikkje til å leggje skjul på at me har hatt både opp og nedturer i eit marked som styres av mange faktorer, men eg vil påstå at me har blitt ein leverandør av kvalitetshytter i Sirdal som blir lagt merke til.

Dette er det 10. nummeret me lager av Sirdalsposten, som til og begynne med var Sinnesposten. Det var i utgangspunktet ei julehelsing med litt status-oppdateringer for det me holdt på med her i Sirdal. Dei siste åra så har me gjordt litt meir utav det, og nå i anledning 10 års utgåva tenkte me at me ville løfte det nokre hakk opp, og lage eit blad som står meir i stil med dei flotte hyttene me bygg for dei som er glad i livet i fjellet.

Å bygge hytter på min eigen heimstad forpliktar. Eg bur jo her sjøl og treff mange av hytteeigarane kvar einaste helg. Me i Sinneshyttå vil bygge best mogleg hytter, stå på for Sirdal som hytteplass og bidra til ei god utvikling for alle som bur i bygda. Opp gjennom åra har me hatt våre basketak med kommunen, blant anna gjennom Sirdalsposten, og eg kommer ikkje til å slutte å seie frå når eg meiner ting blir for byråkratiske og galne. Det gjer eg fordi eg meiner at folk som velger å investere penger og framtida si i ei hytte i Sirdal bidrar til god utvikling av bygda vår. Og det vil me i Sinneshyttå og gjere!

Det har våre 10 år med mykkje som har skjedd. Det første hyttefelt me fekk hånd om, var Degodden. Dette fekk me i stand i samarbeid med Ånen Fidjeland og skulle bli eit område med 15 hytter. I dag har me ei mykkje større utbygging på gong, nemleg Hønedalen. Her samarbeider me med Torfinn Nesset og Solhytten. Dette blir eit av dei største felta i heile Sirdal, om ikkje det største. Her er det planar for 250-300 hytter. Du kan lese meir om Hønedalen og dei andre hyttefelta me arbeider med litt lenger ut i dette bladet. Særs mykkje spennande på gong!

Eg håper dette bladet blir liggande framme på stovebordet, enten på hytta eller heime, og at det inspirerer til at endå fleire tilbring meir tid i Sirdal. Velkommen skal dykk vere!

Dei siste åra har me dessuten gjordt mykkje meir enn å bygge hytter. Me har og bygget bruer og vatn/avløp,

“Å BYGGE HYTTER PÅ MIN EIGEN HEIMSTAD FORPLIKTAR. EG BUR JO HER SJØL OGTREFFER MANGE AV HYTTEEIGARANE KVAR EINASTE HELG.” 3


STOR HYTTELYKKE PÅ ØYNE

Hytta til familien Berge er den minste Sinneshyttå har bygd på ein del år, men er likevel meir enn stor nok for ein familie på fire som ofte har gjester på besøk. Hyttemodellen heiter Djupedalen. – Me hadde jo litt me ville gjere med planløysningen, men det fekk Tor Sigve og me fort på plass. Og nå, når me har hatt hytta i litt over eitt år, så kan me trygt seie at me elskar hytta vår. Det er gjort fantastisk flott tømmerarbeid, og me har fått utrolig mykkje skrøyt av alle dei me har hatt på besøk, seier Torhild.

Torhild Berge med familie er hyttefolk av beste merke. Det er ikkje mange som bruker hytta så mykkje, og det går aldri lenge mellom kvar gang me sjår dei i si nye hytte på Øyne. – Me synes jo me har vunne i Lotto! Me føler oss utrolig heldige med både hytta og plasseringen. Me tar turen til fjells så ofte me kan, forteller Torhild. Deira hytteeventyr starta egentlig før dei vandra inn kontordøra til Sinneshyttå: – Me hadde brukt masse tid på å finne ut kor me ville ha hytte. Etter kvart fant me ut at det var Sinneshyttå som kunne tilby dei beste tomtene i dalen. Samtidig visste me jo at Sinneshyttå sine hytter er i det øvre prissjiktet. Men tilfeldighetane gjorde det slik at Tor Sigve var i gang med grovtegninger på ei litt mindre hytte enn det han vanligvis bygger, og då fekk me ei knallflott hytte som me er storfornøgde med.

Tilverelsen på Øyne svarer altså til forventningene til familien Berge, og kanskje meir til. Utsikten over elva og beliggenheten nær stier og skiløypar passer perfekt for dei. – Me går mykkje på ski om vinteren og er glad i å sykle når snøen har smeltet. Hytta er i bruk heile året – den er rett og slett perfekt for oss, smiler Torhild.

4


NY BUTIKK FOR HYTTEINTERIØR I forbindelse med Sirdalsdagene åpner me ny butikk: Sirdal Hytteinteriør. Her, like ved Sinneshyttåkontoret, skal du på sikt finne alt du trenger av interiør til hytta. Irene Sørensen blir daglig leier, som kan lokke med 30 til 70 % på mange varer dei første åpningsdagene. – Mange husker Villmarksbutikken, som solgte heilt fantastiske og spesielle varer. Når me nå gjenåpner med nytt navn, satser me på eit breiere utvalg. Me kommer likevel til å fortsette med dei flotte gevira og lysekronene som Villmarksbutikken solgte mange av både her i Sirdal og i resten av landet, sier Irene. – Under Sirdalsdagene kommer me til å holde åpent hver dag. Ellers blir det fredag ettermiddag og lørdager dei fleste helgene og i feriene.

Irene håper og tror Sirdal Hytteinteriør blir et populært stoppested for alle hytteeiere i dalen. – Me starter med salg på mange av varene me har på lager fra Villmarksbutikken. Me trenger nemlig god plass til alt det nye me skal fylle butikken med. Her blir det mykkje fint, inkludert ting som gardiner, tepper og puter. Uansett håper me å være eit sted der kundene finner ting dei ikkje finner andre steder. Og me skal også få i gang ein nettbutikk, sier Irene, som også driver Sinnes Fjellstue. – Eg vil og lage til ein utstilling på fjellstua med mange av varene fra Sirdal Hytteinteriør. Eg er sikker på mange vil finne noe som faller i smak, avslutter Irene.


SINNESHYTTÅ SI HISTORIE

hyttene før me fekk bru og V/A på plass, det hadde jo sine utfordringer mht framdrift, finansiering og så videre. Me fekk også kanovelt med kunde i haustkald og flomstor elv. Det er jo blitt gode historier av det.

Sinneshyttå blei startet i det enkle i 1997, som Sinnes Trebygg. Det var først i begynnelsen av 2000 at me begynte og utvikle egne hytter og skaffet oss ein egen stil basert på lokal tilhørighet og byggeskikk-tradisjoner. Målet var då som nå å tilby Sirdals beste hytter på Sirdals beste tomter – at totalproduktet skal vere av gjennomgående høg kvalitet.

Samtidig kom me i gang med Kvednhusbakken, populært kalt Beverly-feltet. Også her måtte det full infrastruktur til. I tillegg måtte me kjempe ein hard kamp med kommunens administrasjon, mht og få heilårsveg opp og kjøyreveg til døra. Dette blei jo det første feltet i Sirdal med omfang som fekk bilveg til døra og hytter opp til 140 m2. Dette var milepæler i hyttebygginga i Sirdal som var uønsket av administrasjonen, og som det var på hengende håret at me fekk til.

Det gjekk framover dei første åra, men med små steg. Me fekk mye ros for å ha ein egen byggestil, og det at me allerede då strakk oss langt for å høre på kundene og bygge akkurat den hyttå som de hadde drømt om. Det tok likevel ikkje av sånn med det same, kan me vel seie. Men i 2002 så fekk me på plass avtale med Ånen Fidjeland om og bygge ut Degodden hyttefelt. Dette var eit stort løft for oss, der det måtte bygges ei bru over Sira, veg og vatn og avløpsledning. Her var det slik at me solgte dei første

I ettertid blei Kvednhusbakken vurdert som eit meget flott og veltilpasset felt av arkitektfirmaet Grønn strek, i ein evaluering av hyttebygginga i Sirdal. 6


I kampen om veg så opplevde me også på Degodden at me blei nektet og forlenge vegen inn til endes av feltet. Men her slo kommunes tveegga sverd tilbake, og me kunne takke Ånen Fidjeland si standhaftige sauedrift for at Kalvekrona, nokre få mål ulendt slåtteland, låg inne som berettiget areal for Landbruksstøtte. Det utløyste at det kunne bygges landbruksveg, tilfeldigvis langs den traseen me ønsket for hyttefeltet. Men som sakshandsamar sa; det er viktig at denne vegen ikkje blir benyttet til fritidsformål.

Bru til Degodden

I 2004 var det på tide å flytte kontoret ut av kjøkkenet i huset. Me gikk i gang med byggingen av eget kontor, og etter et par sperreskåler, gikk sjampiskorken i taket da me endelig kunne ha kundebesøk på et ekte kontor. I 2005 startet arbeida med adkomst og bru over Sira til Hønedalen-området. Her blei nokk eit bruprosjekt, slik at det nå er 2 bruer med vegar på begge sider og eit betydelig V/A-anlegg opp ifrå Haugen. Brubygginga startet i 2006. Første hinder var elementstøypinga, i eit opphetet marked, det løyste seg med ein kasse cognac til dei i produksjonshallen, så var det flom, og vinteren 2007 kunne denne brukes …, såvidt! Som bilda viser var det ein mild haust med mykkje vatn. Men det gjekk det óg. 7


“LOKAL TILHØRIGHET OG BYGGESKIKKTRADISJONAR ER VIKTIG”

god val me tok i 2000 då me fant fram til røttene og satsa på lokale byggeskikktradisjoner som kan spores langt tilbake. Men det er klart at folk i dag krever hytte med moderne fasiliteter, og derfor er vi alltid klar for nye og spennende oppdrag som krever mye av oss. Eg trur det, og fleksibiliteten er nøkkelen til ei god framtid.

Videre så hadde me god tilgang på kunder i Raunelie, første delfelt i Hønedalen, som då potensielt kunne få ein del fleire enheter enn dei 25 som me hadde godkjent då. Egentlig så var infrastrukturen alt for dyr til kun og bygge 25 hytter. Men me gamblet litt på Solhytten som hadde ein del usolgte i Fiskelie blant annet, og med Njål Østerhus på banen, som ny eiger av Solhytten, så kjøpte dei seg inn i brua. I 2009 så hadde me fått prinsippgodkjent ytterligere utvidelser i Hønedalen, blant annet Haugefjedl Vest. På dette tidspunktet kom Solhytten med på eigersida i Sinnes og Sol tomteutvikling med 50%, og då begynte snøballen for alvor og rulle i Hønedalen. Resultatet er at Haugefjedl Vest er nå bygget ut og me er i full sving på Haugefjedl Aust. Eit eventyr!

LITT FAKTA! Sinneshyttå sin aktivitet i tall, det er litt artig og kikke litt på kva som er bygget desse åra me har holdt på, og kva ringverkning det har hatt for våre samarbeidspartnere og kunder. • Litt etter korleis ein rekner, så har me bygget ca 110 Sinneshytter , det er bygget 3 store bruer som krysser Sira. • Det er bygget 2 mindre bruer over andre åer , det er bygget 5 skibruer. • Me har fått bygget over 15 kilometer vegar og over 15 kilometer vatn og avløp. • Det er bygget/oppgradert nokre kilometer skiløype/turstier. • Me har nok også bidratt til ein betydelig mengde grå hår i saksbehandlere sitt hode. • I tillegg har me brukt ein del midler i Ålsheie, og me har over fleire år våre stor bidragsyter til golfbanen. • I tillegg så har me jo sponset lokale helter og idrettslag over mange år. • Dei aller fleste håndtverkerane me bruker har jobbet for Sinneshyttå i over 10 år, så det ligger erfaring og kjennskap til kva våre kunder har fått levert. • Me bruker lokale snekkere samt nokre polske håndtverkere. Me har to ansatte snekkere som er ifrå Polen og har våre sjå oss i over ti år. • Til og holde styr på alle folka og prosjekta så har me Linda Sæland.

Rubetødnane hyttefelt høyrer også heime i historien vår. Her har me bygd nokre veldig flotte hytter og no er me i gang med utvidelser, etter ein årelang rettsprosess mht vegrett. Rubetødnane har jo behandlingsmessig utviklet seg til å bli ein parodi på saksbehandling og politisk behandling i ei lita bygd. Ein ellevill historie som kom fullstendig skjeivt ut i starten, takket være administrasjonen i kommunen. Denne elleville saksgangen tok 8 år frå me meldte oppstart, den har våre igjennom 6 rettsaker, der me har vunne alle sakene. Men no ser alt mykje betre ut, og me forventer snarlig oppstart. Så har me i Slettekvæv bygget Sirdals største hytte og vel ganske høgt oppe på landsbasis i størrelse angår. Det er jo eit lite landemerke i seg sjølv. Med alt som skjer, særleg i Hønedalen, har me stor tru på framtida. Det verkar som byggestilen vår faller i smak. Alt i alt vil eg seie at det var eit 8


“MED ALT SOM SKJER, SÆRLEG I HØNEDALEN HAR ME STOR TRU PÅ FRAMTIDA” TOR SIGVE VIK

9


“ME VIL BYGGE SIRDALS FLOTTESTE HYTTER!”



GENERASJONSHYTTA I RUBETØDNANE

var klar til bruk. At den var ferdig før jul, passa perfekt for Jane og dei andre. – Vi pleier å feire både jul og nyttår i Sirdal. For oss er hytta favorittstaden heile året, og det er plassen me virkelig får kobla av og samla krefter. Derfor var det veldig greit at det gjekk så fort og bra. Me opplevde heile prosessen som problemfri. Dialogen med Tor Sigve, Linda og underleverandørane var god frå dag ein.

Då familien Kleveland skulle bygge ny hytte i Rubetødnane, var Sinneshyttå eit naturligt valg. Resultatet er ei hytte skreddersydd for tre generasjoner. – Meg og mannen har vokst opp med hytte i dette området, og for ti år siden bygde me den første som me eide sjøl. Men etter hvert som ungene våre blei store og stifta egen familie, så fant me ut at me ville ha ny. Ei som var meir praktisk nå når familien vokser med barnebarn. Og då gjekk me til Tor Sigve, forteller mor sjøl, Jane Kleveland. – For oss var det viktig å bruke lokale folk, og me har kjent Sinneshyttå ei god stund. Me visste at dei er profesjonelle og flinke. Så me satte oss ned med Tor Sigve, og saman tegna me hytta frå bunnen av. Det endte opp med fem soverom og en planløysning som passar våre behov heilt og fullt, smiler Jane.

Hytta har eit solid preg av å vere ei Sinneshytte, og har i tillegg uvanleg mykkje flott steinarbeid levert av Tegl og Betong. – Eg er glad for at Tor Sigve kobla inn Tegl og Betong. Deira steinarbeid, som det er mykkje av på hytta vår, overgjekk våre forventninger. Eg er rett og slett superimponert av det dei gjorde. Alt i alt: Me kunne ikkje fått ei bedre hytte, sier Jane.

Den nye hytta sto ferdig før jul 2013. Sinneshyttå brukte ikkje meir enn eitt halvt år frå grunnmuren var støypt til hytta

“FOR OSS ER HYTTA FAVORITTSTEDET HELE ÅRET,OG DET ER PLASSEN MED VIRKELEG FÅR SAMLA KREFTER OG KOBLA AV.” 12


BJERKS – TOPP KLASSE PÅ KJØKKEN

Erfaringsmessig så er kjøkkenet noe av det våre kunder har spesielt høg prioritet på. I Sinneshyttå jobbar me tett sammen med Bjerks Trevarefabrikk, som er handverkere av topp klasse. – Me kan i grunnen lage det meste av innredninger til kjøkken, garderobe, soverom og bad. Me fikser også bokhyller, stereobenker og så videre. Egentlig det meste kundene vil ha, forteller Morten Bjerk, daglig leiar i familiebedrifta som høyrer heime i Sandnes. Bjerks Trevarefabrikk AS blei starta av to brødre i 1957, hvorav tre sønner til den eine broren, Arne Magne, overtok tidlig på 90-tallet. I 2012 kjøpte yngste bror Morten ut dei to eldre brødrene sine og driver i dag firmaet videre samme med sønnen Øyvind. – Den typiske leveransen til hytta starter ofte med kjøkkeninnredning og tilhørende kvitevarer, så kommer senger, garderobe og dei andre innredningene etter kvart. Ofte føler kunde at det er veldig greit å «bare» ha ein leverandør å forholde seg til, sier Morten. Sinneshyttå har samarbeida med Bjerks i 10 år og vel så det. Og me er godt fornøgde sidan dei og legg sjela si ned i det gode handverket. – Me har ingen produkter på lager, så kunde kan sjølv bestemme form og farge/behandlingsteknikk, så kvar leveranse er egentlig unik og etter kundens ønsker. Alle kunder synes at det er kjekt å få tilpasset sine innredninger på mål og farge. Me er heldige som har fått anledning å være med på utviklingen i Sirdal og håper selvsagt at det vil fortsette slik. Vårt motto er «Fornøyde kunder er vår reklame», og me ser fram til å være med på endå fleire Sinneshytter, slår Morten fast. 13


VÅR STØRSTE SATSNING NOKONSINNE:

HØNEDALEN


ein perfekt plass for familiehytta. Hønedalen er eit av Sirdals frodigste og grønneste dalfører sommarstid og eit av dei områdene kor snøen legger seg først og tjukkest om vinteren. Dei første hyttene kom på plass her for mange år siden, noe som jo er lett forstå siden området har alle dei rette kvalitetane.

I Hønedalen har me nå i samarbeid med Solhytten bygget over 100 hytter, og fleire vil komme i åra som kjem. I tillegg har me saman lagt ned mange penger og arbeidstimer i utvikling av skiløyper, ei lafta varmestue, akebakke, veger, bruer og meir. Målet er at Hønedalen skal vere staden kor ”alle” vil ha hytte!

Når me starta å tenke på kva me ville gjere med Hønedalen, så var noe av det første å skape eit slags fellesskap som kunne styrke samhaldet og det sosiale livet blant hyttefolket.

Hønedalen har etablert seg som det mest attraktive feltet i Sirdal. Med sin kanongode beliggenhet med tanke på sol, utsikt og turmuligheter sommer og vinter så framstår feltet som

15


Mykkje av dette har me allerede fått på plass. Me har blant anna delt ut noen flotte kjelker til alle hytteeigarar og hatt akekonkurransar, bålbrenning og grilling i akebakken, som har fått lys.

Dermed kom me opp med namnet Hønedalen Hyttegrend. Måten me nå har realisert fellesskapstanken på er at dei ulike delfelta er samla under det same namnet, og at me har bygd og lagd ei rekke ting som gjer at hyttefolket lettare kan møtast, ta turar samen – ja, ganske enkelt ha det kjekt i saman. Meir konkret innebar det planar om skiløyper og sykkelløyper, ei varmestue på toppen av utsiktspunktet Slottet, aktivitetsdager i akebakken, og små ting som like skilt på hytteveggane, vegskilt og meir.

Varmestua på Slottet er ei flott lafta liten hytte som står open heile året, og her kan folk ta ein rast og grille pølser. Her oppe har me og satt opp ein skikkeleg kikkert som kan snus 360 grader slik at folk kan sjå langt utover heile Sirdal. Vinterstid

“HØNEDALEN - ET LANGRENNSELDORADO”

16


Og sjølvsagt har me masse planar om nye, flotte hytter i Hønedalen. Pr. nå er me i gang med byggearbeidet på fleire hytter i Haugefjedl Aust, eit område kor me har solgt fleire flotte hytter dei siste par åra. Her har me nå prosjekterte tomter med svært bra utsikt for sal, og me stiller meir enn gjerne opp på visning hvis noen ønsker det.

kjøyrer me opp dobbelspor som går rundt om i Hønedalen og som går bortom varmestua på Slottet. Sommarstid blir løypa flott å sykle etterkvart. I tillegg lager me stadig nye stier og bruer, noe som gjer det enkelt å gå turer innover heia. Blant annet er me ferdige med opparbeidelsen av skiløype og sykkelstien inn i Sesilåmitraseen til Skytebanen. Den nye brua over Høna sto og ferdig i sommar.

17



“SJÅ SINNESHYTTÅ FÅR KUNDEN HYTTÅ DEI DRØMMER OM” TOR SIGVE VIK


KREMTOMTER I SIRDAL!

bademuligheter i området. Det er god adkomst opp til feltet fra felles P-plass oppe i lie.

Me har fleire gode tomteområder i Sirdal. Dermed kan me tilby hytter ved Andestjødn, Djupedalen og på Øyne. Går alt som me vil, kan me og friste med hytte på Rubetødnane frå og med hausten 2015.

Djupedalen Også Djupedalen ligg fint til på Sinnes. Her blei me ferdig med ny veg i fjor og 2 tomter er klare for salg, dei er ikkje opparbeidet endå, og har fleire muligheter til løysninger.

Andestjødn Andestjødn hyttefelt, midt på Sinnes, ligg i ei sørøstvendt li, der utsikten er mot dalen, og for noen av tomtene mot Andestjønn. Dei siste par åra har me bygd og solgt verkeleg flotte laftehytter her. Pr. nå har me ei laftehytte under bygging her, og denne er for sal. To nye tomter er også byggeklare på Jofrid sin eiendom, og dette er tomter med plenty sol og utsikt.

Øyne På Øyne ligg tomtene høgt i terrenget og har flotte utsiktog solforhold. Hyttå på tomt nr 10 blei ferdig i 2012, og i fjor kom me i gang med, og fullførte tomt nr. 7 etter utallige kommunale og fylkeskommunale krumspring. Denne hyttå blir verkeleg lekker, så derfor har me nesten gløymt dei 500.000 som blei søla vekk frå kommunen si side, på unødig saksforvirring. Me er trygge på at det ikkje gjentar seg når me skal byggje på dei tre andre tomtene her.

Andestjødn-hyttene ligg svært sentralt i forhold til vinterløypenettet, der Forsbergløypa er rett ved feltet. Det er kort veg over til Ålsheia skisenter. Sommerstid så er dette også et flott turterreng med gode stier og fiske- og 20


Slettekvæv I Slettekvæv, som er veldig nærme Ålsheie, har me bygd 9 hytter og har ikkje fleire tomter i dette området. Men me har to hytter som er ferdige og til salgs, store og gode. Dette er også eit av dei meir attraktive felt, som ligg særdeles sentralt i Sirdal, og nesten ski inn/ut i Ålsheie.

Rubetødnane Rubetødnane er eit annet felt som kommer, men som har hatt ein trøbblete veg, mht ein vegrett og ein mildest sagt frustrerande kommunal behandling. Me regner likevel med oppstart her hausten 2015. Optimist må ein vere! Her kommer det over 20 attraktive tomter.

Svartevassåsen Me jobber og med Svartevassåsen som me snart har klar reguleringsplanen for. Dette er et stort og flott område borte ved GP-krysset. Men me må bygge ein del infrastruktur først. Så kan eg jo legge til at inne i nokre av desse felta, så har me nokre tomter som skiller seg ut i beste forstand, her holder me litt åpent for den som kan tenke seg ei veldig spesiell hytte på ei supertomt! Ta kontakt om du er intressert i eit slikt prosjekt.

21


FÅR IKKE NOK AV HYTTELIVET PÅ HAUGEFJEDL! valg. Den korte avstanden fra Sandnes gjør det enkelt å komme seg til hyttå sjøl når kvardagen er på det travleste, sier Oddbjørn. – Me brukte dessuten ett år på å bestemme oss for kor me skulle bygge i Sirdal. Me sjekket ut alt fra fra Solheimsdalen til Suleskar, men vendte alltid tilbake til Haugefjedl. Det er høyt nok til at me føler at vi er på fjedlet og det er et skikkeligt løypenett her. Det er viktig at det ikkje er noko stress med å komme seg ut på tur, då tror eg ungene og forbinder skiturer med mer glede enn hvis me måtte dra langt, sier Oddbjørn, som er mer enn fornøyd med hva Hønedalen byr på. – Slottet, turstier, ny bru, akebakke – alt er bra! Nå gleder me oss til det kommer opp lys langs skiløypa. Det skal bli godt å ta en skitur når me kommer opp en fredags kveld etter det har blitt mørkt. Yess, hytte på Haugefjedl er bra greier, slår Oddbjørn fast.

Etter 3 år med hytte på Haugefjedl Vest i Hønedalen, er familien Lobekks største utfordring at de ikkje får brukt hyttå nokk! – Me har intensjoner om å bruke hyttå meir, sjøl om me nokk bruker den meir enn gjennomsnittet. Me har 50-60 hyttedøgn og er der hver helg fra desember til april, og både vinter- og påskeferie. Det er blitt alt for lite om sommeren og høsten, men det skal me gjøre noe med, forteller Oddbjørn Lobekk. Familien Lobekk er blant dei yngre familiene me i Sinneshyttå har bygd for. Begge dei voksne er under 40, og dei har tre ungar som er 2, 4 og 6 år gamle. Men hyttå blei ikkje bygd bare for familien, sier Oddbjørn. – Me hadde ikkje bygd 140 m2 hvis me bare skulle vært for oss sjøl. Nå kan me ha gjester uten at det oppleves som om me bor oppå hverandre. Denne hyttå skal dessuten være vårt sted i mange år framover, heilt til ungane blir store og kanskje får egne unger, smiler Oddbjørn. Hytte i Sirdal var i utgangspunktet ikkje eit selvsagt valg for familien Lobekk. – Kånå mi, Hilde, er fra Suldal, og ville helst ha hytte der. Eg, som er fra Jæren, ville til Sørlandet. Sirdal var altså en slags kompromissløsning, men det har vist seg å ver et kjempegodt

22


ESPELAND – FUNDAMENTALT GODE FAGFOLK

Dei siste 12 årene har me gjort mykkje betongarbeid og muring sammen med Espeland Forskaling og Murteknikk. Det er alltid kjekt å jobbe med fagfolk som dei. Dei første jobbane me samarbeida om, var nokre hytter på Sinnes. I 2006 startet Sinnehyttå med hytter i Hønedalen, og igjen viste Espeland seg som trygge fagfolk, både på hytter og bruer. No er dei også involvert i muring av piper, skifer og flisearbeid. – Det å drive med betongarbeid i Sirdal byr på noen utfordringer, som langtransport av betong, utstyr, materialer og ikkje minst arbeidsfolk. Me har derfor i de mest hektiske periodene leid hytter som arbeidsfolka har budd i. Me må også planlegge noe mer i forhold til vinter med frost og snø, men det går stort sett greit, forteller Øyvind Espeland. – Ein av dei største utfordringane var då me skulle bygge bruene til Hønedalen. Vannstanden kunne nemlig variere med flere meter i døgnet. Likevel, sammen med Sinneshyttå fekk me bruene på plass etter planen og disse ble åpna seinhaust 2006, husker Øyvind. Då kan det være litt mindre krevende med skifer og flisarbeid, sjøl om det og har sine utfordringer. – Dette foregår for det meste innendørs med varme på bygga. Skifer og flisarbeid kan være krevende nok. Visuelle ting må tilpasses fra kunde til kunde. Men me har i samarbeid med Sinneshyttå fått til eit system med sjekklister og rutiner som fanger opp og ivaretar kundens ønsker både ved utførelse og kvalitet på produktene som blir levert. Skifer er naturstein og me kan ikkje forandre struktur og farge som noen av kundene ønsker, sier Øyvind. – Me håper at me kan være med videre på hyttebygging i Sirdal dei neste årene både med betongarbeid og skifer og flisarbeid. Dette er et spennende marked og me har fagfolk som trives med å jobbe i Sirdal, hilser Øyvind.

23


SINUS ELEKTRO – MEIR ENN LYS OG VARME! Trebygg. Anders forteller også at dei no kan tilby mykkje meir på designfronten enn for kun få år siden: – Nå kan man velge brytere og stikkontakter som har annerledes design og utførelse enn dei standard kvite. Mange kunder benytter seg og av våre prosjektledere for å finne akkurat sin interiørstil på belysningen. Begrensningene er få, det meste kan tilpasses kundens ønsker. Med smarttelefonen kom det et heilt nytt marked innen styring av bolig og hytter, sier Anders, som også forteller dei og kan integrere alt fra musikkanlegg i rom til kameraovervåkning av uteområde.

Det har vært ei utroleg utvikling innen elektrofaget dei siste årene, og hytteeiere ønsker ofte nymotens og avanserte funksjoner. Sinus Elektro ordnar det meste for oss i så måte. – Den tekniske utførelsen av anlegget, som meir avanserte styringer av lys og varme, har utviklet seg mykkje. Det blir meir vanlig at kunden ønsker et anlegg som er fremtidsrettet og fleksibelt. Da anbefaler me noe som kalles Smarthus, ein løysning som er brukervennlig for kunden, samtidig som systemet ivaretar alle avanserte funksjoner. Systemet lar også kunden styre og overvåke fra mobil, nettbrett eller datamaskinen. Me har levert slike smarthusløsninger til flere hytter i Sirdal, og me har gode erfaringer fra disse anleggene, forteller Anders Ulvøy i Sinus Elektro.

Sinus Elektro er og flinke på oppfølging og leveranser i eit byggeprosjekt for byggherren. – Me arbeider tett med kundene for å finne de beste løysningene tilpassa ønsker og behov. Gjennom mange år i bransjen har me opparbeidet oss god kunnskap, og me arbeider aktivt for at kundene skal sitte igjen med et sluttprodukt de er fornøyd med, sier Anders.

Sinus Elektro AS blei etablert i 1989, og er i dag meir enn 50 ansatte. Dei har vokst til å bli ein av de største elektrobedriftene i Rogaland. Samarbeidet med Sinneshyttå strekk seg heilt tilbake til 1997, då me hadde navnet Sinnes 24


Foto: Anne Lise Norheim

“ME VIL SIRDAL SKAL VÆRE PLASSEN DER HEILE FAMILEN TRIVEST!”

25


Er du på jakt etter storfangsten kan du få kilofisk (ørret) i Njardarheim, me anbefaler Grøna plassen, HåhellervatnRågeloni, Rosskreppfjorden, Flatstølåni, Storevatn og Svartevatn. Det er nærmere enn du trur!

Fisking kan engasjere heile familien, og i Sirdal har me rikelig med fisk i både elver og vatn. Størrelsen varierer en del og mange er rundt 150 gram, og det er fin størrelse både for bålet og steikepanna. Nystekt aure på bål med rømme og flatbrød er jo ein enkel og knallgod slager!

SLIK LAGER DU FISK PÅ BÅL: I Hønedalen er det Høna innover langs vegen som med sine vatn og tjødner som kan anbefales, også for dei minste i familien. For dei som ønsker ein litt lengre tur, så er sykkel til Hegrefoss, der vegen slutter og 1 times gange inn til Omlidbastog ein fin måte å tilbringe dagen. Ein fantastisk tur, lett og gå og fiskbart heile vegen innover.

Først av alt må du tenne opp eit lite bål på ein trygg plass. Deretter renskes fisken og finnene kuttes av. Ta frem ett passende stykke aluminiumsfolie, og legg en liten neve med einerbar i bunnen. Legg deretter fisken oppå, og fyll buken på fisken med ekte setersmør, salt, pepper og einebær. Legg ett lag med einerbar over fisken og pakk folien rundt.

26


PRØV FISKELYKKA!

Einerbaret gjør at fisken ikkje svir seg så lett i tilfelle det skulle komme eit hol i folien. Bålet skal brenne såpass at man får godt med glør og aske. Grav så foliepakken med fisken ned i glørne, slik at hele pakken er dekket. Fyr opp bålet med ved over, og la det brenne ned. Etter 20-30 minutter er fisken ferdig og så mør og fin at den smelter på tunga!

TO MAGISKE TOPPTURER! Toppturer er kjekt heile året! Hilleknuten er det jo mange som går til, og den er heilt spesiell og gå til, ein særdeles flott utsikt venter deg på toppen. Det spesielle med Hilleknuten for øvrig, er det markerte tårnet, som gjør at denne toppen er synlig nær sagt kor du er i Sirdalsheiane. Er toppturer mest aktuelt vinterstid, så er Grubbå, 1184 moh, eit fint

FISKETIPS

mål når rasfaren er liten. Turen opp kan gjennomføres også

– Små sluker i kobber og rødt er alltid gode i fjellvatn. – Blankt og rødt på solfylte dager. – Meitemark sviktar aldri! – Svarte fluer med rødt er alltid sjef.

på truger, men ski med feller opp, så er det jo eit veldig renne ned igjen. Fjedlet er lett tilgjengelig og ligger ikkje langt i frå Sirdal Høyfjellshotell og Hønedalen.Turen opp tar 2-3 timer i et rolig tempo.

27


Opp igjennom åra har me hatt ein del saksbehandling som me oppfatter som stor forskjellsbehandling. Det blir særlig synlig når det er veldig like saker og sammenfallende i tid. Vår vegsak opp til Rubetødnane er ei slik sak, der det dagen før sakene skulle behandles blei foretatt ein bakkestart med saksbehandlers bil, og konkludert med at sikkerheten ikkje var ivaretatt, med hensyn


til stigning på vegen. Rett etterpå var administrasjonen så ivrige på og godkjenne ein annen veg, med same problemstilling, at dei like godt drog Lensmannen til fjells som vegkonsulent, og kunne då slå fast at det var strøing som måtte til. Imidlertid var ikkje mulig og få samme konsulentbehandling for oss. Illustratør: Camila Barrera Daza


Leverandør av kundetilpassede kvalitetstrapper

Telefon: 51 70 35 52 • E-post: post@forsand-trevare.no

30



Sinneshyttå bygger eksklusive hytter basert på lokal byggeskikk og Sirdals tradisjonsrike handverksteknikker. Alle våre hyttemodeller tilpasses personlige ønsker og krav, og oppføres på Sirdals kanskje beste tomter. Kontakt oss for ei innføring i Sinneshyttås mange gode prosjekter

AD. MOMENT Foto: Tor Sigve Vik og Joakim Bjerk


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.