Vegen mot ein betre skule Kva sti skal me følgje? A. ”Å læra frå seg”. Gjenta etter meg- og lær! (eller hugs) B. Hjernen som datamaskin – læring gjennom informasjonsbehandling i hodet C. Eleven som ein forskar – dette finn eg ut av sjølv – heilt åleine D. Læring som kollektiv kunnskapsbyggingdette finn me ut av - saman E. Legg merke til kva fagpersonen gjer! Slik vil eg også gjerne gjere det
F. Andre stiar? HSH Bjørn Meling 2011
1
”Å læra frå seg”
(høyr etter og gjenta etter meg!) Sti A. • •
•
• •
• •
”me må komma gjennom pensum”, ”dette må de kunna!”, ”dette er eksamensrelevant”, ”kan de ikkje dette, stryk de!” - etc. Slike lærarar som oss er opptekne av ros, belønning, karakterar, poengsystem, stjerner og smilefjes, kosetimar, ja- alt me har erfaring for bidrar til innsats og gode resultat Vidare er me opptekne av faktakunnskapar og rette svar. Me vil tilrå pugging og memoreringsteknikkar, oppdeling av ”pensum” i passande ”porsjonar” og, ikkje minst, å dele hovudmåla opp i overkommelege delmål. Me stolar på IRE-formelen (Initiative-Response-Evaluation) Sidan kunnskap er noko fast og definert, søkjer me rette svar (fasittsvar) Me har stor tru på testing og måling av framgang (framgang gjerne definert som ferre feil enn sist). Spesielt populære prøveformer for oss vil vere ”multiple-choice” (lette å rette) og testar som er sjølvinstruerande og sjølvkorrigerande (då gir læreprogrammet både instruksjon og dei rette svara) HSH Bjørn Meling 2011
2
Hjernen som datamaskin – informasjonsbehandling i hodet
Sti B • For lærarar som oss er læring refleksjon, eller å klatre opp Blooms kunnskapsstige (Første trinn: Fakta (hugse), så forståing, så å anvende, så analyse, så samanfatning, så å vurdere) • Me som vel å gå langs denne stien, vektlegg gjerne slike fenomen som fokus, merksemd, konsentrasjon, disponering av stoffet, analysere, koding og lagring, korleis ”lære å lære”. • Korleis kan me hjelpe elevane til å motta , organisere og hente fram informasjon? Kva skal dei sjå etter og kva skal dei vektlegge (”basic ideas”)? • I dette arbeidet grip me gjerne til studieteknikkar og læringsstrategiar som tankekart, disposisjon, notatteknikkar, lesestrategiar, samandrag, nøkkelord, etc • I den dagsaktuelle diskusjonen i Norge om lekser, vil nok me understreke verdien av etterarbeid og repetisjon. I det heile vil me vere opptekne av korleis elevane kan ordne, strukturere og lagre lærestoffet slik at det ”sit” og gir forståing og varig meining. HSH Bjørn Meling 2011
3
Eleven som forskar
-
dette finn eg ut av sjølv, heilt åleine Sti C • Me som trur på denne stien støttar oss til læreplanen, generell del: «Men læring og undervisning er ikkje det same. Læring er noko som skjer med og i eleven. (----) God undervisning set læring i gang - men læringa blir fullbyrda ved eigeninnsats frå eleven. • Elevane byggjer i stor monn sjølve opp sin kunnskap, opparbeider dugleik og utviklar haldningar.--» (s. 28) • ”Dei skal få lære ved å gjere, utforske og prøve ut i aktivt arbeid fram mot kunnskap og erkjenning”(L-97, s.75) • AFEL-prinsippet (Ansvar for eiga læring) er viktig for oss. • Me meiner fokuset må flyttast frå undervisning til læring. • Elevane lærer av eigen erfaring, ved å prøve og feile - det me kallar aktivitetspedagogikk • For mykje lærarintervensjon og ”lærarsnakk” kan etter vårt syn lett forstyrre elevane i læringa. HSH Bjørn Meling 2011
4
Læring som kollektiv kunnskapsbyggingdette finn me ut av - saman Sti D • Me i denne tradisjonen har tru på samarbeidslæring og meiner den fagleg ”meir kompetente” kan gi god drahjelp til den lærande • Me støttar Thurmann-Moe som seier at i denne teorien er god undervisning ” i særklasse blant alle former for sosiale aktiviteter” (i Bråten(red.) 02:155) • Det er vår oppgåve som lærarar ”å strekkje elevane” ved å forklare, eksemplifisere, gi nyttig informasjon og omgjere vanskeleg lærestoff til ”elevspråk”. • Me har også tru på aktivitetspedagogikk, men hos oss er aktiviteten språkleg, det me gjerne kallar læringsdialog eller ”Sokratisk dialog”. • I dag blir dette ofte omtala som ”interaktiv undervisning” der både lærar og elev er aktive, nærast som ”sparring-partners” i bokseringen • Det nye omgrepet ”Vurdering for læring” eller ”Responsive teaching” (Dylan Wiliam) passar godt inn i vårt paradigme. HSH Bjørn Meling 2011
5
Legg merke til kva fagpersonen gjer! Slik vil eg også gjerne gjere det
Sti E • • • • • • • • •
Me som held oss til desse teoriane, meiner me lærer av å observere andre og så gjere det sjølv. Sjå på grepa og handlaget til fagpersonen! Slik sett er me opptekne av at lærarane skal fungere som modellar for elevane sine. Den ”tause kunnskapen” som me finn i praksisfellesskapet, er minst like viktig som den verbaliserte kunnskapen i bøkene og i akademia Lærarane bør difor vise modellåtferd både i og utanfor klassen. Er ikkje eg som lærar motivert og viser entusiasme for faget, kan ein kanskje ikkje vente at elevane gjer det heller? Om læraren synest faget er gøy, kan det smitte over på elevane. Og omvendt. Om læraren nyttar humor, skapar trivsel, les bøker, kommuniserer klart og formidlar levande, kan det kanskje hende at elevane tar etter? Forsking viser i alle fall at ferske lærarar i større grad kopierer praksisen til eigne gode lærarar enn det dei har fått med seg frå ”lærarskulen” Så kanskje bør øvingslærarane i lærarutdanningane gå tilbake til den gamle praksisen med å gi demonstrasjonstimar? HSH Bjørn Meling 2011
6