Nynorsk
Eldbjørg B. Solvoll Illustrert av Janniche Engelsen
leseserie
11
Renate skal til Florida med familien. Ho gler seg til strandferie og Disney World. Så får ho vite at Florida har flest haiåtak i heile verda …
ZEPPELIN LESESERIE Zeppelin leseserie er nivådifferensierte småbøker som rettar seg mot elevar på alle trinn i barneskolen. Leseserien representerer i alt 16 nivå. Lesenivåa er viste med uglesymbol på baksida av småbøkene. Alle bøkene er laga spesielt for leseserien, og dei kjem ut på begge målformer. Bøkene er rike på illustrasjonar. Både sakprosa og skjønnlitteratur er representerte. Fleire av bøkene for småskoletrinnet har oppgåvesider til teksten. Zeppelin leseserie er ikkje knytt til bestemte årstrinn i grunnskolen, men erfaring viser at 1–11 ugler vil passe for dei fleste elevane på 1.–4. trinn og 12–16 ugler på 5.–7. trinn: 1.– 2. årstrinn: 1–5 ugler 3.– 4. årstrinn: 6–11 ugler 5.–7. årstrinn: 12–16 ugler
ISBN 978-82-03-34091-8
pelin p e
Z
leseserie
Haisommar
2
32394 Haisommar NN.indd 2
25.03.11 09.26
INNHALD Haisommar 4 Badeferie blant svoltne haiar 6 Tryggast på stranda 10 Haiåtaket 14 Nei til snorkletur 18 Renate og Jenny dreg til lagunen 22 Ein hammarhai dukkar opp 26 Berre ein søt, liten hai? 28 Spørsmål og oppgåver 30
3
32394 Haisommar NN.indd 3
25.03.11 09.26
HAISOMMAR Ei kvinne sumde aleine i mørkret, lenger og lenger ut frå stranda. Nede i djupet venta ei kjempe av ein kvithai. Sylskarpe tenner lyste i skinet frå månen. Livlause, svarte auge følgde kvinna som sumde over han. Ho var i livsfare, men visste det ikkje sjølv. Renate på ti år sat med fingrane i munnen. Ho beit så hardt at det vart merke. Auga var vidopne. Storesystera Ida hadde sett på Haisommer, utan å spørje pappa. Kvinna i filmen smilte og vinka til vennen på stranda. Han skulle til å lyfte handa til svar da han sette i å skrike. Kvinna vart lyft høgt opp i vêret. Beina og magen var slukte av haikjeften. Så vart ho dregen under vatn og forsvann.
4
32394 Haisommar NN.indd 4
25.03.11 09.26
5
32394 Haisommar NN.indd 5
25.03.11 09.26
BADEFERIE BLANT SVOLTNE HAIAR – Er det noko i vegen? Jenny såg bekymra på Renate. Jenny var kjærasten til pappa. Renate likte henne ikkje noko særleg. Ho hadde alt ein mamma og trong ikkje Jenny i tillegg. – Du har jo ikkje ete noko av maten din. Nettopp, der var Mase-Jenny i gang. – Er ikkje svolten, svarte Renate, ho var morgongretten. Enda ei natt full av mareritt gjorde at ho nesten ikkje hadde sove. Heilt sidan ho såg Haisommer for to veker sidan, drøymde ho stadig at ho vart jaga av svoltne haiar. Ikkje torde ho fortelje noko til pappa eller mamma heller. Dei ville heilt sikkert bli sinte fordi ho hadde sett ein film med 16-årsgrense.
32394 Haisommar NN.indd 6
25.03.11 09.26
– Pappa og eg har ei nyheit, sa Jenny og smilte lurt. – Som de veit, har eg studert i Florida i USA. No har nokre norske venner som framleis bur der, invitert oss dit i påsken. Vi skal til Disney World, og vi skal bade og kose oss på stranda. – Jippi, jubla Renate og Ida i kor og dansa rundt på kjøkkenet. Renate var vaken på ein blunk. Jenny var ikkje så verst likevel. – Turid og Ottar har tre gutar omtrent på alderen dykkar. Tvillingane Paul og Victor er fjorten, og Tim er ti år. De får det nok gøy saman. Også denne kvelden låg Renate og vreid seg og fekk ikkje sove. Ho prøvde å tenkje på Disney World og kvite sandstrender. Til slutt lista ho seg ut på badet for å hente eit glas vatn. I stova sat pappa og Jenny og såg på tv. Da sa pappa det forferdelege: – Du verda, Jenny. Eg ante ikkje at Florida hadde flest haiåtak i heile verda. Vi får passe på småjentene så dei ikkje blir haimat. Jenny lo og svarte noko Renate ikkje høyrde. Massevis av haiåtak i Florida, hadde pappa sagt. Flest i heile verda. Korleis kunne Jenny ta dei med seg til den farlegaste staden i verda? Der skumle, farlege haiar sumde rundt med svoltne magar. Aldri i verda om Renate skulle bade der. 7
32394 Haisommar NN.indd 7
25.03.11 09.26
Dei tre neste vekene vart dei kortaste i Renates liv. Ho hadde slett ikkje lyst til å reise til hailandet, men ville ikkje gå glipp av Disney World heller. Kvar gong Jenny snakka om ferien, vart ho sint. – Skal du ikkje byrje å pakke snart? spurde Jenny. – Det har du ikkje noko med, svarte Renate. – Kva slags frekt svar var det? spurde pappa frå arbeidsrommet. – Ho er ikkje mor mi, skreik Renate og sprang opp på rommet sitt. 8
32394 Haisommar NN.indd 8
25.03.11 09.26
Stadig hadde dei slike kranglar. – Oj, sann. Du sølte visst litt av mjølka, kunne Jenny seie. – Kva så? Du får tørke opp etter meg, da, dersom det er så viktig for deg, svarte Renate. Når pappa og Jenny kom for å gi godnattklem, dytta Renate Jenny unna. Ho såg at Jenny vart lei seg, men tok heller imot kjeft frå pappa enn å seie unnskyld til Jenny. Alt var Jennys feil. Utan Jenny hadde dei levd i fred. 9
32394 Haisommar NN.indd 9
25.03.11 09.26