Zeppelin Leseserie. Gaupa på liv og død NN

Page 1


32396 Gaupa NN.indd 2

24.03.11 07.37


INNHALD På sporet 5 Den store villkatten 11 Lynx lynx 16 Fakta om gaupa 19 Smyger’n på trugepotar 24 Ein kamp på liv og død 27 Gaupeungar 31 Fleire fakta om gaupa 36 Er du ein gaupeekspert? 38 Stikkord 39

32396 Gaupa NN.indd 3

24.03.11 07.37


4

32396 Gaupa NN.indd 4

24.03.11 07.37


PÅ SPORET Fotografen bråstoppa og rynka på nasen. Han stirde på noko i lyngen framfor seg. Rett bak kom forskaren, og no plystra ho lågt. – Sjå der, du. Endeleg! Tove tørka sveittedropar av panna og gjekk litt nærmare. – Dette er eit sikkert spor. – Korleis veit du det? Elmer lyfte kameraet og trykte på utløysaren. Han var ikkje nøgd berre med eitt bilete. Rett framfor dei låg eit halvete rådyr i lyngen, og det lukta ikkje godt. Ein liten sverm av fluger surra rundt kjøttsåra, elles var det ikkje plagsamt mykje insekt i området. Det kunne tyde på at slaktet var ferskt. Toppen éin eller to dagar gammalt. – Rådyret er drepe med eit bit over strupen, sa Tove. Ho bøygde seg og studerte såret. – Dersom byttedyra* er store, blir dei avliva med eit strupebit. Er det mindre dyr, som hare eller mus, blir dei bitne over nakken. – Trur du gaupa er i nærleiken? Elmer senka kameraet og såg seg rundt. Han og Tove stod inne i ein tett skog langt frå bilvegen. Dei hadde gått i tre timar utan å sjå noko meir spennande enn mus og gråtrost. Akkurat der rådyret låg, var det ein liten lysning i skogen, og Elmer merka seg at det låg fleire haugar med rådyrmøkk i området. byttedyr: dyr som blir drepe av eit rovdyr

5

32396 Gaupa NN.indd 5

24.03.11 07.37


– Han er sikkert ikkje langt unna, svarte Tove. – Dersom vi ventar her i nærleiken, kjem han kanskje attende for å ete. – No? Elmer såg seg om etter ein høveleg stad å setje opp kamuflasjeteltet. – Når det blir mørkt. Han ligg i ro om dagen. På ein stad med god utsikt. Tove peikte mot eit bratt berg som reiste seg bak den opne plassen. – Det skulle ikkje forundre meg om han held auge med oss. – Der oppe får han i alle fall liggje aleine, svarte Elmer og himla med auga. – Ingen kan vel klatre i den ura!* Tove berre smilte til svar. Fotografen stilte alltid så mange spørsmål når dei var på tur saman. Somme tider ønskte ho at han skulle late att munnen og heller konsentrere seg om å fotografere. Men inst inne var ho glad for å kunne fortelje om alt ho visste. I sju år hadde ho studert det dyret dei leita etter, og det var morosamt at Elmer var så interessert. Han hadde fotografert mange ulike dyr, men aldri gauper. Derfor var denne turen ekstra spennande. – La oss setje opp kamuflasjeteltet mellom dei store grantrea her, føreslo Elmer. – Det gir oss fin utsikt til det døde rådyret. Tenk om vi er så heldige at vi får sjå jegeren i kveld! Fotografen var van med å vente i timevis før han fekk teke eit godt bilete av akkurat det dyret han var ute etter. Av og til måtte han til og med vente i fleire dagar. Da var det godt å ha ein teltduk å gøyme seg bak. Sjølv om dyra lukta at han var der, kunne han i alle fall klø myggestikka sine utan at han skremde dei. ura: skråning av store og små steinar

6

32396 Gaupa NN.indd 6

24.03.11 07.37


Tove og Elmer sette seg godt til rette i teltet. Elmer stilte kameraet pü eit stativ og stakk det ut av eit hol i teltduken. Alt var klart. No var det berre ü vente ‌

7

32396 Gaupa NN.indd 7

24.03.11 07.37


Dei første timane hende det ikkje stort ved rådyrkadaveret, berre ei kråke og eit par ramnar forsynte seg av kjøttet. Da sola forsvann bak det bratte berget, vart lysningen i skogen liggjande i skugge. Tre og buskar stod som grå spøkjelse omkring det døde rådyret, og Tove og Elmer skjerpa sansane. Skogen hadde vorte mørk og løyndomsfull, og ute i skumringa ein stad luska jegeren. Dyret dei venta på, kunne bevege seg lydlaust, så det galdt å følgje med. Elmer tok ikkje blikket frå det døde rådyret, og han merka at han vart meir og meir spent etter som minutta gjekk. Tove hadde sagt at gaupa brukte å ete opp det meste av byttedyra, og her var det mykje kjøtt att. Elmer venta. Inne i kamuflasjeteltet var det mørkt, og han såg berre omrissa av Tove. Dersom eg ikkje hadde vore fotograf, ville eg ha vore forskar, tenkte Elmer. Han syntest Tove hadde ein spennande jobb. Ei forsiktig rørsle i lyngen utanfor fekk Elmer og Tove til å halde pusten. Var det nokon som luska rundt teltet? Dei lytta, men etter ei stund kunne dei puste ut. Nei, dette var ingen stor jeger, berre ei mus som søkte seg fram til ein ny gøymestad. Tove flytte varsamt på seg, for ho vart stiv av å sitje i den same stillinga heile tida. Skulle dei ikkje ha hellet med seg i kveld? undra ho. Kanskje måtte dei vente enda ei natt før jegeren dukka opp? Dersom han i det heile kom. Brått knakk det i ein kvist rett bak teltet, ein skarp smell i tørr ved. Tove skvatt, men ho tvinga seg til å sitje stille. Dette må vere eit stort dyr, tenkte ho.

8

32396 Gaupa NN.indd 8

24.03.11 07.37


Og snart høyrde dei tunge slag mot bakken mens det rasla i lauv og tørt kratt. Da lyden vart veikare fordi dyret drog seg vekk frå teltet, heldt Elmer opp ein peikefinger på kvar side av hovudet. Tove smilte og nikka at ho forstod. Gevir. Det var nok ein elg som var ute i skrumlemørket. Men noko hadde skremt han! Tove lente seg nærmare teltduken og kikka ut gjennom ei lita luke. Hjartet slo litt raskare. Kva var det? Ho stirde spent mot rådyrkadaveret og våga ikkje røre ein finger. Nistirde.

9

32396 Gaupa NN.indd 9

24.03.11 07.37


Ho syntest så tydeleg det var ei rørsle bak bylten på bakken. Ein grå skugge. Eller var det berre noko ho innbilte seg? Nei, der var det att! Og no hadde Elmer sett det òg, for han lyfte ei hand som teikn på at dei måtte vere stille. Akkurat som om det var nødvendig. Dei hadde jo sete musestille i fleire timar alt. Kvelden hadde vorte mørkare, og dei to i kamuflasjeteltet måtte streve for å sjå noko. Men auga vande seg litt etter litt til det dårlege lyset, og brått stivna Elmer. Han gløymde å puste. Det gjekk kaldt nedover ryggen hans, og han sperra opp auga. For der, rett bak rådyret, stirde han rett inn i eit par vidopne katteauge. Roleg og på vakt sat ho der og passa på dei. Gaupa!

10

32396 Gaupa NN.indd 10

24.03.11 07.37


DEN STORE VILLKATTEN Elmer var neimen ikkje sikker på kven som hadde oppdaga kven, men han hadde ein sterk mistanke om at det var gaupa som var den smartaste. Dyret visste at dei var der, men likevel sneik det seg innpå byttedyret sitt. Det kunne berre vere fordi ho var sikker på å sleppe unna dersom dei laga bråk. Tove og Elmer sat urørlege. Det var best å halde seg i skinnet ei stund til. Sjølv om Elmer ivra etter å ta bilete, skjønte han at det var lurt å ta det med ro. Dei måtte ikkje skremme vekk den store katten før han tok til å ete. Og det var ein katt, ingen tvil. Ein forvaksen katt med duskar på øyra og raudbrun sommarpels med svarte flekker. Det einaste viltlevande kattedyret i Noreg, ja, i heile Skandinavia. Elmer visste at det var svært vanskeleg å komme nær gauper som levde i fridom, og han kjende at han vart glad. Dette var første gong han såg ei vill gaupe, og det var ei heilt anna oppleving enn å studere dyra i ein dyrepark. Tove, som hadde sett mange gauper, smilte. Ho vart aldri lei av desse dyra, og da gaupa ved rådyrkadaveret reiste seg, følgde ho nøye med. Det måtte vere ei hanngaupe, tenkte ho, for dyret var kraftig.

11

32396 Gaupa NN.indd 11

24.03.11 07.37


Denne gaupa hadde nok funne godt med mat i løpet av sommaren. Ei lita stund vart gaupa ståande urørleg, men så gjekk ho mjukt og lydlaust mot det døde rådyret. Da ho lyfte hovudet og såg seg vaktsamt rundt, kunne Tove tydeleg sjå kinnskjegget på kvar side av andletet. Elmer sat musestille da gaupa bøygde seg ned og tok den første jafsen av matfatet. For ei oppleving! Den digre katten la seg ikkje ned for å ete, men vart ståande. På grunn av dei lange bakbeina skrådde kroppen og hovudet litt framover. Det såg nesten ut som gaupa smaug seg innpå byttet sjølv om ho stod i ro. Tove og Elmer høyrde svake lydar av kjevar som skar i rått kjøtt, men det var berre fordi dei høyrde ekstra godt etter. Iblant lyfte gaupa hovudet og såg mot kamuflasjeteltet og kameraet. Elmer kunne ikkje vente lenger. Han måtte byrje å fotografere. No! Så stilt han kunne, bøygde han seg ned for å kikke i søkjaren. Hjartet slo litt raskare da han såg kor nær gaupa var. Telelinsa på kameraet verka som ein kikkert, og dette kom til å bli superbilete. Tove følgde spent med. Ville gaupa bli redd når Elmer trykte på utløysaren? Framande lydar kunne skremme henne vekk, det visste ho frå før. Men Elmer var proff, og han hadde eit lydlaust kamera. Her var det ingen klikkelydar som skremde bort fotomodellen. Gaupa heldt fram med måltidet utan så mykje som å blunke. Gjennom kameraet såg Elmer at gaupa hadde kvite flekker på øyra. Rundt flekkene var det mørke felt som gjekk opp mot øyrespissane. Her samla dei mørke håra seg til lange øyreduskar som stod rett opp.

12

32396 Gaupa NN.indd 12

24.03.11 07.37


Ulvegaupa har flekker på ryggen, men få flekker elles på kroppen. Legg merke til den store poten.

13

32396 Gaupa NN.indd 13

24.03.11 07.37


Hei sveis, tenkte Elmer og fotograferte i veg. Dette var stort! Tenk å få ei gaupe midt i kameralinsa. Hanngaupa sleikte seg om munnen, som ein katt, før han rusla rundt matfatet. No kom han enda nærmare kamuflasjeteltet. Tove og Elmer kunne tydeleg sjå den korte, pussige gaupehalen. Halen såg ut som om han

Gaupe som geispar. Her ser du dei kvite og svarte felta på øyra.

14

32396 Gaupa NN.indd 14

24.03.11 07.37


var kutta av høgt oppe og deretter dyppa i svartmåling. Den ytste delen var heilt svart og ikkje til å ta feil av. Halen var eit av dei sikraste kjenneteikna på ei gaupe. Med sterke rykk sleit gaupa laus kjøttstykke og togg dei snøgt i seg. Rundt lysningen var det tett skog, og grantoppane stod som spydspissar mot nattehimmelen. Langt borte bjeffa ein rev. Ein kort augneblink høyrde dei lyden av vengeslag. Så vart alt stilt. Stemninga var trolsk – og litt skummel. – No er gaupa snart mett. Tove kviskra så lågt at det var så vidt Elmer høyrde kva ho sa. – Da forsvinn ho. Elmer nikka og kopla inn blitsen på kameraet. Han ville ta nokre siste bilete med godt lys. I det same retta gaupa seg opp og stirde mot teltet. Ho hadde nok høyrt dei, og no stod ho på sprang. Elmer skunde seg å trykkje på utløysaren, og med ein gong flerra blitslyset gjennom natta. Eit par lysande auge, lik runde eldkuler, kom til syne ved rådyrskrotten, og både Elmer og Tove grøste. Synet av gaupeauga i mørket var uhyggeleg. Men før Elmer rakk å ta fleire bilete, gjorde gaupa eit mjukt byks over rådyret og forsvann lydlaust, same vegen som ho hadde komme. Tilbake låg berre restane av eit måltid og ein skog i djup stille.

15

32396 Gaupa NN.indd 15

24.03.11 07.37


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.