Fjordane Friluftsråd

Page 1

SOLUND · ASKVOLL · KINN · BREMANGER · STAD · STRYN

FRILUFTSLIV – ein naturleg del av kvardagen for alle

• Friluftsliv • Friluftsskular • Skjergardsteneste • Strandrydding

STRANDRYDDESEGLAS

SKJERGARDSTENESTA

FRILUFTSSKULE

Saman med folkehøgskuleelevar har vi rydda 10 tonn marint avfall!

Tar på seg oppdrag for både offentlege og private.

Friluftsråd Gode Fjordane opplevingar i naturen.

1


Frå prat til handling Greta Thunberg (18) kritiserer verdsleiarane for å snakke «bla, bla, bla», og dronning Elizabeth (95) gjer noko av det same i ei privat samtale om klimatoppmøtet i Glasgow; «It is really irritating when they talk, but they don’t do». Som leiar i Fjordane Friluftsråd kan eg seie meg einig med begge to – å handle er det viktigaste vi gjer i Friluftsrådet. Vår grunntanke er at vi skal ta vare på miljøet og naturen – og at alle kan gjere litt. Om alle gjer ein innsats i eige nærmiljø, så vil vi sjå at det monnar.

BEREKRAFTIGE OPPLEVINGAR I Fjordane Friluftsråd legg vi vekt på at folk skal bruke og nyte naturen, på ein berekraftig måte. Ved hjelp av skjergardstenesta vil vi vere med å legge til rette for berekraftige opplevingar for både turistar og fastbuande. Det kan vere så enkelt og så viktig som å ordne med enkle toalettfasilitetar, for å skåne naturen og sikre folk ei betre oppleving. Naturbasert reiseliv er ein aukande trend, og då kan vi saman med tilbydarane legge til rette for at det blir ekte opplevingar, med autentisk og rein natur.

ENDELAUST ARBEID Noko vi arbeidar mykje med, og som er den mest synlege delen av jobben vår, er å plukke marint søppel. Dette er ei «never ending story» på lik linje med klesvasken i ein småbarnsfamilie. Sjølv om det stadig kjem nye skitne kle eller plast inn på strendene – så kan vi ikkje slutte å plukke. Vi har mange ungdommar som er svært engasjerte i dette arbeidet. Vår oppgåve er å legge til rette for at dei kan få bruke sitt engasjement. Det kan vere så enkelt som å ha depot med plukkeutstyr, eller at vi avtalar at vi køyrer ut med båt og hentar bosset som dei plukkar saman.

VÅRT ANSVAR FOR FRAMTIDA Som samfunn har vi alle eit forvaltingsansvar. Vi skal ta vare på naturen, og gje den i frå oss i betre stand enn slik vi overtok den.

Arlene Vågene Styreleiar, Fjordane Friluftsråd

Det er vårt mål å skape meir synleg breidde i arbeidet vårt. Fjordane Friluftsråd er meir enn berre marin forsøpling – og det må vi bli flinkare til å vise fram. Planen er å arrangere friluftskular i alle medlemskommunane til neste år – for å bevisstgjere og lære opp unge i bruk og glede av naturen. Det er eit viktig førebyggande arbeid. Eit anna viktig satsingsområde, som heng tett saman med friluftskulane, er friluftsliv for alle. Vi vil samarbeide med offentlege og private aktørar og legge til rette for lågterskel friluftsliv. Her kan vi til dømes bidra med å planleggje og søkje midlar til opparbeiding av parkeringsplass, informasjonsskilt til turmål, tiltak og utstyr som gir personar med nedsett funksjonsevne lettare tilgang til friluftsområde. Vi kan ved hjelp av Skjergardstenesta vedlikehalde og renovere friluftsområde som berre kan nåast sjøvegen, og avhjelpe kommunar med å søkje statleg sikring og utarbeide skjøtselplanar for friluftsområde. Bekjemping av marin forsøpling er hovudfokuset vårt der vi bidreg til eit reinare miljø i hav og fjører, men også gjer ferdig rydda område til verdige turmål for både båt- og fotfolk. Det er ellers viktig å sjå samanhengen med korleis vi handterer plastavfall både på sjø og land. Plast på avvegar oppe i fjell og dalføre hamnar i elveleier og endar gjerne ute i havet til slutt. Difor er dette arbeidet viktig i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Vi ønskjer å fungere som rådgjevar for bedriftar kring deira moglegheiter for å gjenvinne og følge plasten – og ikkje minst å redusere bruk av plast i produksjon og emballering. Vi deler målsetjinga til Vestland Fylkeskommune om at alle kommunar skal ha høve til å vere medlem av eit Friluftsråd. Vår kompetanse skal utviklast til å møte behova dei ulike kommunane har for ivaretaking og utvikling av friBjarte Engevik luftslivet på kyst, fjord og fjellstrøk.

Dagleg leiar, Fjordane Friluftsråd

2

Fjordane Friluftsråd


Styret i Fjordane Friluftsråd Styret er samansett av representantar frå medlemskommunane: •

Styreleiar Arlene Vågene, Kinn

Nestleiar Elisabeth Birkeland Hatlenes, Bremanger

Styremedlem Nils Christian Bjørgo, Solund

Styremedlem Linda Johanne Næss Rotihaug, Askvoll

Styremedlem Therese Gjerde, Kinn

Styremedlem Siri Sandvik, Stad

Styremedlem Jon Olav Kvamme, Stryn

Medlemskommunane våre SOLUND · ASKVOLL · KINN · BREMANGER · STAD · STRYN

Fjordane Friluftsråd har seks medlemskommunar som strekker seg frå fjæresteinane i vest til breheimen i Stryn. Målet vårt er å få fleire medlemskommunar med på det viktige arbeidet – dess fleire dess betre! Fjordane Friluftsråd er veldig glad for å ha med kommunane Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad og Stryn på laget. Vi tek oss av all planlegging på strandrydding, logistikk og transport av marint avfall som vert samla inn i kommunane, anten ved hjelp av frivillige eller gjennom eigne mannskap.

VI BIDRAR MED Båtane våre, med Skjergardstenesten i spissen, avhjelper med henting av depot og eigarlause båtar. I tillegg kan vi bidra med drift og tiltak i marine friluftsområde. Vi arrangerar også friluftsskular i medlemskommunane og kjem med høyringsuttaler og råd i høve kommuneplanar og friluftsliv.

DET ER SMART Å VERE MEDLEM Vi set fokus på FNs bærekraftsmål og hjelper kommunane med å oppfylle Vestland Fylkeskommune sin plaststrategi. For medlemskapet sitt hos oss får medlemskommunane våre igjen 4 gonger kontingenten.

Utgjevar: Fjordane Friluftsråd i samarbeid med A til Å Grafisk Design og Media Desember 2021 · A til Å · Strandgata 17, 6900 Florø · Tlf. 57 75 29 00 · www.atilaa.no Tekst: Anita Øygard · Prosjektleiar: Malvin Horne · Grafisk utforming: Charlotte Lindén-Nybø

Fjordane Friluftsråd

3


FRILUFTSLIV

LÅN GRATIS UTSTYR Ut på tur aldri sur!

Finn gratis utlånssentral på: www.bua.io Turistinformasjonen i Florø

Friluftsliv – ein naturleg del av kvardagen for alle Friluftsliv blir definert som fysisk aktivitet i eiga fritid – ute i naturen. I motsetnad til sport er det ikkje konkurranse eller eigne reglar for korleis friluftsliv skal utførast. Fjordane Friluftsråd vil legge til rette for aktivitetar i naturen, og at folk skal bli glad i naturen rundt seg. Det er kjekt å sjå at dess meir folk brukar fritida si i naturen, dess meir blir dei opptekne av å ta vare på naturen. Det viktigaste for oss er at barn og vaksne finn glede i å vere i naturen, og at vi lærer oss å bruke og bevare naturen på ein god måte, presiserer Bjarte Engevik og Anna Kobbeltvedt i Fjordane Friluftsråd.

FRILUFTSLIV FOR ALLE Fjordane Friluftsrådet jobbar frå bre til hav, i medlemskommunane som strekker seg frå Stryn til Solund. Målet vårt er å legge til rette for lågterskel friluftsaktivitetar, tilpassa lokale forhold – og nært der folk bur. Vi har mellom anna god erfaring med å arrangere fjæredagar, der barn og vaksne får oppleve og lære meir om livet i fjæra. Det er viktig å klare å engasjere heile familien.

LEGGE TIL RETTE FOR AKTIVITET Vi vil i samarbeid med andre lag / organisasjonar, enkeltpersonar og grunneigarar legge til rette for friluftsliv, og gjerne realisere friluftsanlegg og aktivitetar. Eit typisk tiltak på kysten kan vere å merke leier for kajakkpadling eller merke turstiar på land og opparbeide badeplassar med meir. For oss er det ikkje viktig å springe på dei høgste toppane, men at folk kjem seg ut og set pris på naturen rundt seg.

4

Fjordane Friluftsråd

GODE FASILITETAR – GODE OPPLEVINGAR Enkelte plassar er det nødvendig å gjere større tiltak, som å etablere og drifte sanitæranlegg. Her kan Skjergardstenesten vere ein viktig faktor – spesielt på stader det er vanskeleg å komme til med andre transportmiddel. Dette vil både skåne naturen og gje folk ei betre naturoppleving. Vi ser ein klar samanheng mellom at folk har glede av å vere i naturen – og viljen til å ta vare på naturen.


FRILUFTSSKULE

Dei som var ansvarlege for Friluftsskulane 2021 var Anna Kobbeltvedt, Emma Moe Tennebø, Fredrik Ringen og Trude Søilen.

Barn og unge skal bli glade i friluftsliv Friluftsskulane er eit ferietilbod for born og unge som skal gje positive opplevingar i og med naturen, fortel Anna Kobbeltvedt i Fjordane Friluftsråd. Det skal vere ein positiv introduksjon til friluftsliv, der ein har fokus på kjekke aktivitetar i kombinasjon med haldningsskapande arbeid. Vi legg og inn ein ekspedisjon i området der Friluftsskulen blir arrangert. Hovudfokuset vårt er at det skal vere kjekt og at det skal vekke interessa for friluftsliv. Friluftsskulane er eit samarbeid mellom DNT og Friluftsrådenes Landsforbund, og skal vere eit tilbod for alle. Det er rett og slett berre fantasien som set grenser for kva aktivitetar vi har på Friluftsskulane. Anna ramsar opp ting som kajakk- og kanopadling, bading, naturquiz, leik og fiske. Her skal ein ikkje komme heim igjen med ein premie, men med gode opplevingar og lyst til å bruke naturen.

ARRANGERT I MEDLEMSKOMMUNANE Tidlegare har Fjordane Friluftsråd arrangert Friluftsskular i Hardbakke i Solund, ved Kvanhovden fyr i Kinn og i dalføret Blålida i Bremanger. Sist år var det planlagt fleire friluftsskular i regi av Fjordane Friluftsråd i medlemskommunane, der 3 av skulane vart gjennomført.

SOLUND OG BREMANGER I 2021

FLEIRE FRILUFTSSKULAR NESTE ÅR

To av skulane fann stad i Hardbakke i Solund i samarbeid med Trude Søilen frå Norsk Kystkulturakademi. Turen gjekk til Stokkevåg og Stokkevågsnova, samt padling og roing i gamle bruksbåtar ved Litle Færøy. Den tredje skulen vart gjennomført på Draumeplassen ved Dalevatnet i Bremanger. Der vart det kanopadling, overnatting i gapahuk og kjekke leikaktivitetar. Dette er tredje gongen det blei arrangert Friluftsskule i Bremanger.

Vi skulle sjølvsagt ønskje at vi hadde gjennomført alle dei planlagde Friluftsskulane, men påmeldinga var rett og slett for lita. Vi trur at Covid og konkurransen med andre aktivitetar er noko av grunnen her – men satsar på å komme sterkare tilbake neste år. Både vi og ungane er svært nøgd med dei Friluftsskulane som vi gjennomførte. Det er lystprega aktivitetar som passar for «alle» – der ein lærer å sette pris på naturen rundt oss. Fjordane Friluftsråd

5


MARIN FORSØPLING

KONTAKT Thea Båtevik ryddfjordane@friluftsrad.no 48 22 22 38 Registrer forsøpla område på ryddenorge.no

Strandrydding Dugnadskampen mot marin forsøpling

Fjordane Friluftsråd og naturen vår er heilt avhengige av dei frivillige, som gjer ein formidabel innsats for å plukke eigarlaust søppel både på land og på strand. Prosjektkoordinator og fagleg leiar for marin forsøpling, Thea Båtevik fortel at det er eit stort engasjement i fylket. Vår oppgåve er å komme med råd og elles motivere til meir rydding. Vi har eigne motivasjonsmidlar. Samstundes legg vi til rette for legg vi til rette for at bosset kan hentast der det blir samla.

RYDD SOGN OG FJORDANE Dersom folk ønskjer å gjere ein innsats, men ikkje veit kvar og korleis dei skal komme i gang er det berre å kontakt oss. Prosjektet «Rydd Sogn og Fjordane» har sterk fokus på dugnadsinnsats – der vi hjelper til med å organisere ryddeaksjonar.

SØK PÅ MOTIVASJONSMIDLAR Vi har mellom anna sett av motivasjonsmidlar som organisasjonar, lag, bedrifter og skuleklassar kan søke om. Midlane skal vere med på å dekke utgifter ein har til for eksempel transport, eller som eit bidrag for at ein kan kombinere rydding med andre aktivitetar.

HJELP TIL ORGANISERING Vi legg og opp til at vi kan sette ut konteinarar på øyar og i bygder, slik at folk kan samle avfallet – og så sørger vi for at det blir henta. Thea fortel og at dei kan hente store ting eller oppsamla avfall, der det er vanskeleg å komme til. Då nyttar vi ein av båtane våre.

6

Fjordane Friluftsråd

FØREBYGGANDE Målet vårt er sjølvsagt at det skal bli mindre og mindre eigarlaust avfall, smiler Thea. Dette trur vi vil komme etterkvart som folk blir bevisste på kva som skjer med havet. Eg har stor tru på at det folk er glad i, det vil dei ta godt vare på.


SKJERGARDSTENESTEN

KONTAKT Lasse Lund lasse@friluftsrad.no 90 81 11 25

Skjergardstenesten i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane har fått sin eigen «Skjergardsteneste», som inneber eigen båt. Her i fylket er det Lasse Lund som styrer skuta, som koordinator og skipper, på den raude og godt synlege båten «Arlene». Dei skal i hovudsak drive med renovasjon, vedlikehald og skjøtsel av offentlege friluftsområde langs kysten, men dei tek også på seg transportoppdrag for offentlege instansar og private. Skjergardstenesten er eit spleiselag mellom staten ved Miljødirektoratet, Vestland fylkeskommune og medlemskommunane.

Informasjon og haldningsskapande arbeid om bruken av skjergarden, fell også under Skjergardstenesten sine oppgåver. Her i fylket vil ein samarbeide med Statens Naturoppsyn (SNO) om oppsynsoppgåver i naturvernområde og fiskerioppsyn.

INNSATS FOR REISELIVET Fjordane Friluftsråd som disponerer båten «Arlene» ønskjer å vere på tilbodsida, og vil gjere ein innsats for reiselivsnæringa – med tilsyn og vedlikehald av friluftsområde på stader med vanskeleg tilkomst. Elles er dei med i eit prosjekt der dei hentar inn eigarlause båtvrak i tillegg til henting av oppsamla marin forsøpling.

SAMARBEID Vestkystparken er ein fellesorganisasjon for Skjergardstenesten i Rogaland og Vestland, frå Åna-Sira til Stad. Det handlar om drift og tilrettelegging av friluftsområde ved sjøen. Gjennom eit samarbeid mellom SNO, fylkeskommunane og friluftsråda, driftar ein ei lang rekke friluftsområde.

HAR DU EIT TRANSPORTBEHOV? Skjergardstenesten tar på seg oppdrag for både offentlege og private. Ta kontakt for uforpliktande tilbod: lasse@friluftsrad.no.

Fjordane Friluftsråd

7


Så kjekt er det å vere med på «Skuleturné for havet».

Skuleturné for havet Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane «Skuleturné for havet» er eit førebyggande pilotprosjekt, som vi driv i lag med Naturvernforbundet, fortel Roger Auset, som er prosjektkoordinator. Vi køyrer prosjektet i heile Sogn og Fjordane, og har fått svært god respons frå skulane. Bakgrunnen er at skulane har for få ressursar og manglar kompetanse på området. Skulane har vist stor interesse for å sette av tid til dette, og set pris på at vi kan bidra med både teoretisk undervisning og praktisk gjennomføring av kortare eller lengre ryddeøkter.

andre plassar er nødvendig med båt for å finne ein eigna plass for standrydding. Hovudinnsatsen er haust og vår, men på høgste vinteren med surt vêr er det fint å drive med inneundervisning, der vi formidlar tema med andre verkemiddel.

UNDERVISNINGSOPPLEGG

FØREBYGGANDE ENGASJEMENT

Ikkje minst, så set elevane stor pris på å få lære meir om marin forsøpling – og å vere med og gjere ein innsats. Vi har sendt ut invitasjon til alle skulane i det gamle fylket, og responsen har vore kjempegod. Vi tilbyr eit opplegg der vi kjem på besøk i klassane og har ei undervisningsøkt om marin forsøpling og viser konkrete problem som oppstår som følge av alt som flyt rundt i havet.

Elevane er ivrige etter å rydde opp, og innsatsen er stor i alle aldersgrupper. Skuleturné for havet rettar seg mot alle, frå 1. klasse på barnetrinnet til vidaregåande skular. Berre denne hausten kan prosjektet vise til 4,5 tonn søppel som er plukka opp frå fjæresteinane. Dei eldste er sjølvsagt meir effektive enn dei yngre elevane – men det viktigaste her er ikkje kilo og tonn, men at elevane ser samanhengen mellom eige forbruk og funn i fjæra.

FRÅ TEORI TIL PRAKSIS

STOPP STRAUMEN

Elevane har eit stort engasjement for plast i havet, og etter at vi har tatt oss av den teoretiske delen går turen vidare til eit eigna naturområde i nærleiken av skulen. Vi tilpassar opplegget etter alder på elevane og kvar dei held til. Somme gonger går turen med buss, medan det

Målet er at elevane skal vere med og stoppe straumen av plast og anna avfall som endar i naturen. I følgje Roger er denne arbeidsmetoden – den beste for å gjere elevane bevisste på samanhengen mellom kva vi gjer – og korleis framtida på jorda vil bli.

8

Fjordane Friluftsråd


Om bord på galeasen Loyal får ungdommane gjort eit gagns arbeid, gode naturopplevingar og lærer å hauste frå havet.

På tokt med Galeasen Loyal Alle folkehøgskular har aktivitet i fokus – og tilbyr eit annleisår utan skulepress. Difor passar eit tokt med Galeasen Loyal som hand i hanske i deira tankegang, smiler prosjektkoordinator Thea Båtevik. seglbåt. Her får dei oppleve ein god kombinasjon av kystkultur med fiske, hausting, segling og det å leve på havet og å rydde plast i fjæra.

EFFEKTIVE UNGDOMMAR På desse tokta tar vi som regel føre oss dei store og utilgjengelege fjærene – der det stadig kjem inn nytt avfall – år etter år. Elevane på folkehøgskular er effektive og naturleg nok meir uthaldande enn elevar i grunnskulen – og dermed passar det å ha dei med på slike tokt. Opplegget går ut på at vi plukkar marint søppel, og får gode naturopplevingar. Siste året har vi hatt 4 veker med strandryddeseglas, fortel Thea – og legg vekt på at det har gitt gode resultat. Heile 10 tonn avfall er rydda under seglasen i haust. Fjordane Friluftsråd inviterer folkehøgskulane i Sogn og Fjordane med på eit matnyttig tokt, der ungdommane får oppleve den storslåtte kystnaturen og kystkulturen. På same tid får dei vere med å gjere ein forskjell for miljøet.

KOMBINASJONSTOKT Rundt 20 elevar er med på ei vekes tokt, der fokuset er marin forsøpling og det å leve og bu om bord i ein

VAL FOR FRAMTIDA Eit tokt med ei så flott skute som Loyal gir også nyttig læring i sjømannskap – og naturopplevingane står i kø for ungdommane. På same tid er vi bevisste på at dei er ungdommar i startgropa for vidare utdanning og arbeid. Mange får kanskje auga opp for at marinbiologi er eit nyttig og kjekt arbeidsfelt, smiler marinbiolog Thea. Dei får garantert eit meir bevisst forhold til bruk av naturen. Fjordane Friluftsråd

9


Thea Båtevik.

Roger Auset.

Thea & Roger – dream team i Florø! På Fjordane Friluftsråd sitt kontor i Florø finn ein marinbiolog og prosjektleiar Thea Båtevik og prosjektkoordinator Roger Auset. Begge to har eit stort engasjement for kystnaturen og brukar arbeidsdagane sine både inne på kontoret og ute på oppdrag med å rydde naturen – og motivere andre til å ta i eit tak for kystnaturen. LIDENSKAP FOR HAVET Thea, som kjem frå Bergen, har vakse opp i fjæresteinane og har alltid hatt eit stort engasjement for havet. Ho kan vise til ein master i marinbiologi med tema «Alt om havet». Eg har tidlegare jobba for organisasjonen og festivalen «Passion for Ocean», og har vore sterkt engasjert i frivillig arbeid. I Fjordane Friluftsråd er ho fagleg leiar for marin forsøpling og prosjektleiar for Rydd Sogn og Fjordane.

LIVET ER BEST UTE Trønderen Roger er ein aktiv friluftsmann, som etterkvart har fått meir og meir sans for havet som boltreplass. Med ein bachelor i friluftsliv ispedd pedagogikk passar jobben som prosjektkoordinator i Skuleturné for havet, som hand i hanske. Eg er ein praktisk kar, som likar aller best å vere ute, og set stor pris på å få samhandle med skulane og elevane. I tillegg til Skuleturné for havet er Roger også engasjert i prosjektet Rydd Sogn og Fjordane.

FRILUFTS-FLORØ Begge to starta i jobbane sine og flytta til Florø i sommar. Dei meiner at jobbane er ein perfekt kombo av kontor og utejobbing, og dessutan er Florø og øyane rundt ein perfekt plass til å drive med fritidsaktivitetar som klatring, padling og dykking.

10 Fjordane Friluftsråd

Våre prosjekt: Skuleturné for havet Saman med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane reiser vi i løpet av skuleåret 2021-2022 på skulebesøk i kommunar som tilhøyrer «gamle» Sogn og Fjordane. Vi vil undervise om plastens miljøproblem og marin forsøpling i klasserommet, og ta elevane med ut på strandryddedagar. Prosjektet er finansiert gjennom prosjektmidlar frå Miljødirektoratet og Handelens Miljøfond. Rydda hittil i år: 4,5 tonn.

Rydd Sogn og Fjordane Fjordane Friluftsråd koordinerar strandrydding og førebyggande tiltak mot marin forsøpling. Vi dekker kysten og ytre fjordstrøk i «gamle» Sogn og Fjordane. Vi kan hjelpe med å organisere strandryddingsaksjonar, handtere marint avfall frå ryddeaksjonar, rapportere og kartlegge plastforsøpling i ditt område eller opprette førebyggande tiltak. Rydda hittil i år: 35 tonn.


Bjarte Engevik.

Lasse Lund.

Administrasjon og ryddeteam i Solund Hovudkontoret vårt finn du i Solund kommune, på bryggekanten i Hardbakke. Seks personar har sin base her – men som oftast finn du oss ute på sjøen. MED BASE I SOLUND

Rydda hittill:

Solund kommune er vertskommunen vår, og hovudkontoret til Fjordane Friluftsråd ligg i nye lokale på Solund Brygge, som vi tok i bruk seinsommaren 2021. Her har vi kai med 3 båtplassar, kontor, lager, garderobe, vaskerom, sanitæranlegg og opphaldsrom kombinert med kjøken. Til saman er vi 6 personar som har sitt daglege oppmøte her.

32,3 tonn

EFFEKTIVT STRANDRYDDETEAM Klaus Ludwig er prosjektleiar for strandryddeprosjektet Rydd Norge Vestland, finansiert av Handelens Miljøfond. Han er opprinneleg frå Tyskland, men bur og vekependlar frå Kyrkjebø. Klaus er god på plan, logistikk og gjennomføringsevne. Med seg på laget har han båtførar Tore Hunskår som held til på Værlandet og kystrenovatørane Anna Kobbeltvedt frå Sotra og Dagmara Wojtanowicz frå Polen. Desse har alle tung erfaring og kompetanse innan friluftsliv, og naturen er i trygge hender der dei set foten ned. Du vil sjå dei fare rundt med ein 24 fot Arronet med bauglem som lyder namnet Sjøtrygg. Laget skal rydde 40% av den ytre kystline i Solund, Askvoll og Stad – ut 2023. Dei gjer ein fantastisk flott jobb og du vil fort sjå kor desse har rydda.

LEIAR PÅ SJØ OG LAND Lasse Lund er nytilsett leiar og skipper for skjergardstenestebåten Arlene. Han er ein aktiv seglar som kjem frå Sandefjord og har ein brei bakgrunn og mykje kompe-

Ryddeteamet vårt ute på oppdrag.

tanse frå det private næringsliv som til dømes å skape aktivitet og tiltak for reiseliv. Planlegging av krevjande arbeidsoperasjonar med ivaretaking av HMS er ein av hans ressursar som vil komme oss og dei som bestiller tenester hos oss til gode. Vi er difor takksame for å ha fått han med på laget. Bjarte Engevik frå Solund er dagleg leiar for Fjordane Friluftsråd og utgjer administrasjonen av verksemda. Han har politifagleg bakgrunn, men også gründererfaring frå oppbygging og drift av maritim verksemd. Fjordane Friluftsråd

11


Elin Tveit Sveen, i Marø Havbruk på Svanøy, fortel at plastplukking og rydding av fjærer er noko ho har vakse opp med. Vi må alle kunne gjere noko frivillig arbeid. Samtidig er alt mykje enklare no når Fjordane Friluftsråd kjem og hentar det som dei samlar i hop.

Næringslivet tar ansvar Vi er avhengige av gode samarbeidspartar langs kysten, og eit av mine arbeidsfelt er å engasjere næringslivet i arbeidet mot marin forsøpling, fortel Roger Auset. Ikkje berre rydding av søppel, men like viktig er å endre haldningane og redusere plastbruk i næringslivet. Då er det veldig kjekt å treffe bedrifter som er levande engasjerte i dette arbeidet – og som tar i eit tak for fellesskapet og naturen. Marø Havbruk, Karstensen Fiskeoppdrett og Selstad er døme på slike bedrifter – som stiller opp og som tenkjer nytt. Dei både deltek i rydding og tar ansvar for logistikk i samband med rydding, samtidig som dei tenkjer grønt og gjer ein viktig innsats for å redusere problemet.

BEDRIFTSPAKKE – SOSIALT OG NYTTIG Marø Havbruk og E. Karstensen fiskeoppdrett driv sine anlegg som ei samdrift, og har dessutan gått saman om ein bedriftspakke hos Fjordane Friluftsråd, fortel Elin Tveit Sveen. Det inneber at vi sponsar friluftsrådet, og får tilbake ein aktivitetsdag – der vi gjer noko kjekt i lag i kombinasjon med ein plastryddeaksjon. Sist sommar arrangerte friluftsrådet ein felles sosial dag for oss med kajakkpadling, som enda opp med strandhugg ved flyplassen i Florø. Der hadde vi ein skikkeleg ryddeaksjon. Elles så er vi aktivt med når grendalaga arrangerer ryddeaksjonar. Då stiller vi med båtar og mannskap.

12 Fjordane Friluftsråd

GODE NABOAR Tauprodusenten Selstad, med avdelingar i Måløy og i Solund er også aktive medhjelparar. I Solund har Fjordane Friluftsråd ein konteinar på Selstad si kai, og det er aldri nei når tunge ting skal flyttast og løftast, fortel Roger. Gjengen i Selstad stiller med både kran og truck, når plasten skal lossast frå båt til konteinar.

SPORBART TAU I Måløy er Selstad i gang med eit spanande utviklingsarbeid, i samarbeid med Brisk Safety og Grieg Seafood Finnmark. Leiar for tau og sikkerheit, Erik Engebretsen fortel om utvikling av eit sporbart tau, laga i profilfargane til kunden – med ein tråd inni som viser kven som har produsert og kven som eig tauet. Dette vil gjere folk meir bevisste på bruk av tauet – og ein kan spore kvar eventuelt tau på avvegar kjem i frå. Selstad har og ei ordning der utslite tau blir kutta og vaska – og blir resirkulert i ein lukka sirkel.


Frank Robert Klakegg (i midten) vil samarbeide med Thea Båtevik og Roger Auset i Fjordane Friluftsråd, for å gjere Våt Moro til ein grønare festival.

Grenselaus moro i rein natur Havsportfestivalen Våt Moro og Fjordane Friluftsråd Vi vil sjølvsagt jobbe for å bli ein grønare festival, seier Våt Moro general Frank Robert Klakegg i møte med Thea Båtevik i Fjordane Friluftsråd. Det er fantastisk at Friluftsrådet har etablert seg i Florø – og vi ønskjer dei velkommen som ein samarbeidspart og motivator.

HAVSPORTFESTIVALEN

www.våtmoro.no

Dei to møttest på bryggekanten ved Horne Brygge, og vart kjapt einige om at tur med båt og plukking av plast kan bli eit flott innslag under festivalen. Haldningsskapande arbeid er viktig for begge partar, og formidling av kunnskap om havet vil passe godt inn i festivalen, som går av stabelen 7. – 10. juli i 2022. Festivalen som har slagordet «Ekstrem natur – grenselaus moro» ønskjer å bli meir berekraftig og å ta vare på den naturen som gir oss så mykje moro, smiler Frank Robert. Med Thea og gjengen med på laget vil jobben bli lettare. Det første vi skal starte med er ein idédugnad på nyåret. Desse ideane må implementerast i god tid før moroa startar i sommar. Målet for begge partar er at festivalen i kystbyen skal bli grønare – med minst mogleg fotavtrykk.

Foto: Våt Moro.

Fjordane Friluftsråd

13


Ved hjelp av driftsmidlar frå Vestland fylkeskommune jobber Fjordane Friluftsråd med å motivere medlemskommunane til å følgje opp plaststrategien i Vestland.

Første plaststrategien i landet Vestland fylkesting vedtok i juni 2020 – som det første fylket i landet – sin eigen plaststrategi:

Vestland skal ha null tilførsel av plast til naturen, ein plastfri natur og eit plastfritt hav. HOVUDMÅLET ER 1. Unngå plast på avvege. 2. Bidra til eit reint og plastfritt hav og miljø. 3. Vera leiande og inkluderande i arbeidet mot marin forsøpling. 4. Leggje til rette for at interkommunale aktørar, organisasjonar, næringsliv og forsking er med på å løyse utfordringane med plast. 5. Redusere plastbruken i eiga verksemd med minst 40% og mobilisere til redusert plastforbruk i samfunnet innan 2023. 6. Plaststrategien for Vestlandrådet er eit ledd i utvikling av ein heilskaplege klima- og miljø strategi i samtlege avdelingar og seksjonar i fylkeskommunane på Vestlandet. Eit viktig verkemiddel for å nå fylkeskommunen sine mål er å støtte friluftsråda i fylket, skjergardstenesten og andre aktørar i arbeidet mot marin forsøpling og opprydding. Gjennom Vestkystparken samarbeider Vestland og Rogaland fylkeskommunar med Statens naturoppsyn (SNO) og friluftsråda om drift og tilrettelegging av friluftsområde ved sjøen.

14 Fjordane Friluftsråd

Plaststrategien er viktig for å følgje opp FN sine berekraftsmål.

Fylkeskommunen har løyvd midlar til Fjordane Friluftsråd, som ordinært driftstilskot, til rydding og til skjergardstenesten. Eit viktig punkt i føresetnadane er å drive handlingsskapande arbeid knytt til opplæring, noko ein løyser gjennom både skuleturné for havet og friluftsskular. Eit anna viktig delmål er å styrke samarbeidet med næringslivet for å løyse plastutfordringa. Utvikling av ny teknologi og fleire arbeidsplassar knytt til rydding av plast er og ein del av plaststrategien.


Samhandling gjer resultat Elisabeth Hatlenes frå Davik er nestleiar i styret i Fjordane Friluftsråd og tilsett som koordinator og rådgjevar for Nordfjordrådet. Her vil ho få ansvar for å følgje opp planar og vedtak og å koordinere samarbeid mellom kommunar, næringsliv, utdanningsinstitusjonar og andre samfunnsaktørar - og delta i regionale utviklingsprosjekt. Ho ser klar likskap mellom samarbeidsprosjektet Fjordane Friluftsråd og den nye jobben ho tek til i frå januar 2022 – der samarbeid og viljen til å gjere noko på tvers av kommunegrensene står i fokus. Med mangeårig bakgrunn som lærar i matematikk og naturfag legg ho vekt på at arbeidet til friluftsrådet er eit godt supplement til skulane. Elisabeth har eit stort samfunnsengasjement, og er valt inn i styret av Bremanger kommunestyre. Det er mange utfordringar i kommunen, og vi treng hjelp til oppgåver som er knytt til vårt eige havområde med tanke på marin forsøpling. Då er det genialt at fleire går saman i friluftsrådet. Dei er med på å spele Bremanger kommune gode.

FRILUFTSLIV FOR ALLE Eg har lyst å trekke fram friluftslivet som ein vesentleg del av arbeidet til Fjordane Friluftsråd. Dei legg ned eit viktig arbeid for å få flest mogleg til å bruke fritida si ute i naturen. Dei rettar seg mot alle generasjonar og gjer ein avgjerande innsats der dei kan bidra med planlegging og infrastruktur. For Bremanger sin del gjeld dette spesielt naturperla Vetvika, der dei har tatt på seg oppdrag med toalettfasilitetane og ei brygge. Friluftsrådet sin innsats gjer opplevinga av Vetvika meir behagelig.

BREMANGER HAR ALT Kven andre enn Bremanger har isbre, sandstrender, havustikt og fjordarmar? Spør Elisabeth med eit stort smil. Då er det fantastisk å ha ein organisasjon som tek seg av infrastrukturen, slik at alle kan få gode opplevingar – frå fjæresteinane til breen. På Sunnmøre står det lokale friluftsrådet bak eit turtrimopplegg som heiter Stikk UT, som har bidratt til at folk i alle aldrar er blitt kjende med – og stolte av – sitt eige fylke. Dette er eit viktig folkehelsetiltak som eg håpar vi kan få til i vår region.

Forsvarleg fritidsfiske Spøkelsefiske har eit mykje større omfang enn folk anar, fortel Eivind Gulestøl i Flora Jeger og Fiskerforening. Dei har, med støtte frå friluftsrådet, Kinn kommune og nokre private aktørar investert i ei undervassdrone (ROV) – slik at dei kan vere med å rydde opp utstyr som ligg igjen i sjøen. Frå 1. januar 2022 er alle pliktige til å melde frå om dei misser fiskereiskap, og alt skal vere merka både på reiska-

Samarbeid på tvers av kommunar er ofte avgjerande for å få ting gjort, seier Elisabeth Hatlenes, som er nestleiar i styret til Fjordane Friluftsråd og rådgjevande koordinator i Nordfjordrådet.

SEND UNGANE PÅ FRILUFTSSKULE Eg er imponert over alt Fjordane friluftsråd får til, spesielt med tanke på friluftsskular og skuleturné for havet. Her klarer dei å engasjere barn og unge ved å sjonglere mellom friluftsaktivitetar og plukking av søppel. Dette gir dei unge ei fantastisk naturoppleving på same tid som dei lærer å ta ansvar for naturen. Alle bør sende ungane sine på friluftskule.

pen nede i sjøen, og blåsa oppe. Er dei rett merka og meldt inn, blir det prioritert i oppryddinga, og du får reiskapen tilbake ved funn. Det viktigaste folk må gjere er å laste ned appen FRITIDSFISKE. Her kan ein melde inn tapt og funnen reiskap – og i tillegg får ein mange nyttige tips om fiske og fangst. Fjordane Friluftsråd

15


SOLUND · ASKVOLL · KINN · BREMANGER · STAD · STRYN

FRILUFTSLIV

STRANDRYDDING

• Ein naturleg del av kvardagen for alle

• Kartlegging av marin forsøpling

• Legge til rette for lågterskel friluftsliv

• Eige strandryddeteam

• Prosjekt på tvers av kommunegrenser

• Frivilleg rydding

• Rådgjeving friluftsliv

• Motivasjonsmidlar • Strandryddeprosjekta våre: - Rydd Sogn og Fjordane - Rydd Norge Vestland-ryddeteam Solund, Askvoll, Stad - Skuleturné for havet

SKJERGARDSTENESTE

Friluftsskulen er eit ferietilbod i nærmiljøet for born og ungdom i alderen 9 – 13 år.

• Sentral i kampen mot marin forsøpling. • Renovasjon, vedlikehald og skjøtsel av offentleg eigde friluftsområde langs kysten.

Målet med friluftsskulen er å gje deltakarane ein kjekk innføring i friluftslivet.

• Arbeide for at sjønære område vert tilgjengelege for brukarar av skjergarden.

Friluftsskulen vert arrangert på dagtid over 3 til 5 dagar.

• Samarbeidspart for Statens Naturoppsyn sine oppgåver i skjergarden.

Avd. Solund

Avd. Florø

Bjarte Engevik, Dagleg leiar 994 87 500 • bjarte@friluftsrad.no

Thea Båtevik, Fagleg Leiar Marin Forsøpling 482 22 238 • thea@friluftsrad.no

Solund Brygge, 6924 Hardbakke

Horne Brygge, Strandgata 15, 6900 Florø

A til Å • www.atilaa.no

FRILUFTSSKULAR


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.