Førde er den største tettstaden i Sunnfjord, med rundt 10 000 innbyggarar, og er kjent som eit handelssenter i regionen. Elva Jølstra går gjennom sentrum i Førde og renn ut i Førdefjorden. Langs elva er det laga fleire fine sitjegrupper der ein kan sitte og nyte lyden frå elva. Førde har eit mangfaldig tilbod av butikkar, restaurantar og kaféar for ein kvar smak. I Førdehuset finn du teater, bibliotek, kinosal og symjehall. Sjå fordehuset.no for åpningstider.
Foto:
Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Førde si moderne storstove for kunst ligg midt i sentrum, med kunstverk frå dei siste 150 åra. Opplev tre etasjar med kunstutstillingar, samt eit variert arrangementsprogram. Her finn du og museumsbutikken med eit rikt utval av kunstbøker, postkort, plakatar samt andre gåveartiklar. Kafé Sobra og takterrassen freistar med variert meny, der kan du og nyte panoramautsikta. misf.no/kunstmuseet
Sunnfjord Museum
Når du stig inn i ei av dei små, lafta stovene, stig du inn i livet til Sunnfjordingen på 1800-talet. Friluftsmuseet syner fram kulturarv og daglegliv frå dei indre Sunnfjordbygdene. Med over 30 antikvariske bygg, får du oppleve eit tradisjonelt tun, ein husmannsplass og ein støl. I tunet kan du helse på museumsgeitene. Omvisning i fleire av husa er inkludert i billettprisen. misf.no/sunnfjord-museum
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Viavegen Tyrivegen
Sunnfjordparken
Midt i Førde ligg Sunnfjordparken – ein aktivitetspark med 5000 m2 med moro! Her finn du aktivitetar for store og små, på ein plass! Slepp ungane laus i Spretten Trampolinepark, utfordre seg i Hurlumhei Leikeland eller ha ein draumedag i heile parken! sunnfjordparken.no
Førde klatresenter
Førde Klatresenter tilbyr innandørs buldring (klatring på låge veggar over tjukkas) og tauklatring på alle nivå. Her fokuserer vi på bevegelsesglede, og at alle skal finne passande utfordringar og oppleve meistring. Om du er på jakt etter ei treningsform som er så motiverande at ein gjer det fordi det er gøy, har du kome til rett stad! fordeklatresenter.no
Begge
foto: Photoevent.
Luftkampmuseet
Luftkampmuseet er til minne og informasjon om ein dramatisk dag mot slutten av krigen i Norge. Ein stor alliert flystyrke gjekk til åtak på ein tysk flåtestyrke i Førdefjorden, men vart sjølv angripen av tyske jagarfly. Dei allierte miste ti fly, tyskarane miste fem fly og i alt 24 menneske miste livet. Dette var ein dag som sette spor i Sunnfjord og hos dei involverte. Minnesmerker er sett opp både i Skottland og i Førde. Skvadronane og overlevande markerer fortsatt minna over dei fallne og ønskjer å fortelje historia for å bidra til at historia ikkje skal gjenta seg. Angrepet gjekk galt og unødig mange unge liv gjekk tapt. I museet er det samla gjenstandar frå flyvraka, modellar og ei stor fotosamling frå hendinga. Ved eit besøk i museet får du eit nært møte med hendinga og dei involverte partane.
haajen.no/luftkampmuseum
Astruptunet
Astruptunet ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880 – 1928), som er ein av Norges mest kjende kunstnarar. Han skapte nokre ikoniske portrett av bygda si, Nikolai Astrup. Besøker du Astruptunet kan du stå der han sto ved staffeliet, og kjenne på korleis du sjølv vert påverka av omgjevnadene. Nikolai Astrup er ein av Noreg sine mest kjende kunstnarar og har i løpet av dei siste fem åra hatt lanseringar i England, Tyskland, USA og Sverige. misf.no/astruptunet
Eikaasgalleriet
I det moderne galleriet ved Jølstravatnet/E39, finn du kunst av den nyskapande Ludvig Eikaas og andre kunstnarar. På Eikaasgalleriet kan du sjå store deler av kunsten Ludvig Eikaas (1920-2010) skapte – som elles er å finne i København, New York, Paris, Firenze og kunstmuseum i Noreg. Jølstringen Eikaas vert rekna som ein av etterkrigstida sine mest markante biletkunstnarar. Han var ein pionér innanfor modernismen i Noreg frå slutten av 1940-talet. misf.no/eikaasgalleriet
Foto: Thomas Bickhardt.
Jølstramuseet
På Jølstramuseet tilbyr vertskapet Heidi og Frode den perfekte kombinasjonen av kunst, bygdemuseum, god atmosfære og kortreist mat. Grunnleggaren av Jølstramuseet, Eivind Fossheim som er Heidi sin bestefar, hadde ei sterk interesse for historie, bruksgjenstadar og byggeskikk frå Jølster. Han ynskte å skape eit bygdemuseum, der gjenstandar og hus frå Jølster skulle samlast og visast fram for etterkommarane. Tunet har tilsaman 13 hus omkransa av ein frodig naturhage. I galleriet på låven er det ei mangfaldig salsutstilling. I løpet av sesongen blir det arrangert utstillingar med ulike kunstnarar, både lokale og nasjonale. Opningstider: 1.juli – 31. august, kvar dag frå kl. 15.00 – 20.00. September: fredag, laurdag og søndag fra kl. 15.00 – 20.00. Museet tek imot grupper utanom opningstidene på bestilling. jolstramuseet.no
Foto:
Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Storehesten
Storehesten, også kalla Kvamshesten, ligg 1209 moh og er det mest majestetiske fjellet i Sunnfjord. Denne turen vil du ikkje angre, utsikta er slåande vakker! Storehesten ligg mellom Førdefjorden og Dalsfjorden, og saman med Lisjehesten lenger aust og Blegja i vest dannar dette fjellmassivet ein 360 millionar år gammal devonavsetning eller konglomerat- og sandstein. Frå toppen av Storehesten kan ein sjå vest i havet, nord til Ålfotbreeen, austover til Jostedalsbreen og sørover til fjella kring Bergen. For Bygstad eller bygda som ligg under Storehesten i sør, har fjellet alltid prega det daglege livet, alt frå vardebrenning i vikingtid til beite, jakt og turgåing og fjellklatring i nyare tid.
Dagsturhytter
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. I Sunnfjord finn du Gytta i Førde, Skaraly i Gaular, Fjellro i Jølster og Steinkorshytta i Naustdal.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Hestad Kapell
På den smale landtunga som skil Viksdalsvatnet frå Hestadfjorden, reiser Hestad Kapell seg majestetisk. Dette kapellet, bygt i 1805, ber på historia og sjela til regionen. Under reisa langs den naturskjønne Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, er eit stopp ved dette ikoniske landemerket eit absolutt must. La deg fascinere av kapellets enkle, men vakre arkitektur, som smelter saman med den omkringliggjande naturen. Ta del i ei omvisning og opplev historia som kjem til live medan du vandrar gjennom dei heilage romma.
Men Hestad Kapell tilbyr meir enn berre historie – det er òg ein stad for ro og ettertanke. Med den idylliske Hestadfjorden som danner bakgrunn, inviterer kapellet til stille refleksjon og moglegheita til å la tankane vandre fritt. Og kvifor ikkje ta ein pause frå reisa og unne deg eit forfriskande bad i dei krystallklåre vatna i Hestadfjorden? Hestad Kapell er ikkje berre ein bygning, det er ein viktig del av regionens historie og landskap. Eit besøk her vil etterlate eit sterkt inntrykk og ei kjensle av å ha opplevd noko unikt. Ta turen og la deg inspirere av denne unike perla langs vegen. fortidsminneforeningen.no/museum/hestad-kapell
Foto: Line Hårklau.
Vikingskipet i Bygstad
Bli med på ei fantastisk reise med Bygstadskipet, eit imponerande 12 meter langt vikingskip med 10 årer, mast og segl. Dette unike skipet er ei etterlikning, omtrent halvparten så stort som det berømte Gokstadskipet som no står utstilt på Vikingskipmuseet på Bygdøy. Skapt av den dyktige handverkaren Jakob Helseth frå Bjørkedalen på Sunnmøre, er Bygstadskipet ei ekte perle i Dalsfjorden, Bygstad, gjennom sommarhalvåret.
Med sitt autentiske design og handverksmessige detaljar, inviterer Bygstadskipet deg til å oppleve vikingtida på nært hald. Gå ombord og utforsk Dalsfjorden mens du ror, seglar eller nyt ein avslappande tur med den integrerte hjelpemotoren. Skapt av furu og forsegla med ekte norsk tjære, speglar skipet vikingane sine handverkstradisjonar på ein unik måte.
For ei oppleving utanom det vanlige, ta kontakt med Pål Anders Kårstad på telefonnummer: 992 33 855.
Foto: Pål Anders Kårstad.
Jølster Boat Tours
Jølster Boat Tours tilbyr båtturer i vakker vestlandsnatur. Jølstravatnet har alt du kan drøyme om, der det er omkransa av vakre vestlandslier, høge bratte fjell og Jostedalsbreen i enden av Kjøsnesfjorden mot aust. Vi kan ta deg med og fortelle lokal historie, fisketur eller blåtur med vener, ta kontakt og vi lager eit opplegg slik du ynskjer! jolsterboattours.no
Foto: Atle Lunde.
Foto: Atle Lunde.
Ferskvassfiske
Fiske etter laks og aure har lange tradisjonar i Sunnfjord både som rekreasjonsaktivitet og som næring. Jølstravatnet er kjent som eit av dei beste aurevatna i Europa og den vidgjetne Jølsterauren kan du fiske her. Kombinasjonen av tilsig i kaldt vatn frå Jostedalsbreen, eit rikt næringsgrunnlag og eit 30 km langt vatn med største djupne på 200 m gjev tilhøve for Jølsterauren. Fisket i vatnet er godt regulert og kvaliteten på fisken er svært god. Årleg blir det fiska 15 tonn med Jølsteraure. I starten av juni kvart år vert fiskekonkurransen og folkefesten Jølsteraurefest arrangert med heile Jølstravatnet som arena. På Jølvassbu camping og Lunde Turiststasjon kan du kjøpe fiskekort, fiskeutstyr og leige båt. Dei er sjølv ivrige fiskarar og delar gjerne av gode erfaringar. Jølvassbu camping: jolvassbu.no – Lunde Turiststasjon: lunde@turiststasjon.no
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Lakseelva Nausta har sitt utspring i Naustdal-Gjengedal Landskapsvernområde og renn gjennom eit frodig landskap på sin veg til utløpet i Førdefjorden. I Nausta kan ein fiske både laks og sjøaure. Den laks-og sjøaureførande strekninga er på 12,4 km. På denne strekninga er det to fossar, Naustdalsfossen som ligg 1,5 km ovenfor grensa mellom elv og sjø, og Hovefossen, som er 2,9 km lenger oppe i elva. Inst i Naustedalen ligg Vonavatnet. Kultiveringsarbeid med målretta fiske dei siste åra har heva kvaliteten og størrelsen på fisken. Området og vatnet er lett tilgjengelig og eit godt utgangspunkt også for vandring og fjellturar.
Om du vil leige båt og ut på den nydelege Dalsfjorden og fiske kan du ta kontakt med Dalsfjord Fiskecamp som ligg i båthavna i Bygstad. Her kan du leige båt og få tips til gode fiskeplassar. Ta kontakt på dalsfjord@gmx.info.
Opplev Osfossen ved Gaula-vassdraget i Sunnfjord, ein stad der historia og naturen møtast. Her finn du Norges første laksetrapp, bygd av ein irsk fiskar i 1869. Å stå ved vasskanten og sjå fiskane kjempe seg opp dei brusande stryka er ei oppleving i seg sjølv, uavhengig av om du har ei fiskestang i handa eller ikkje. Kom og la deg begeistre av denne unike naturopplevinga, der laksen si reise er hovudattraksjonen. Gaularvassdraget er blant dei største vassdraga på Vestlandet, med ei lengd på nærmare 70 km. Det har sitt utspring i dei sørlegaste delane av Jostedalsbreen og Grovebreen, 1600 meter over havet. Lenger oppe i vassdraget finn du blant anna Haukedalsvatnet, Hestadfjorden og Viksdalsvatnet som gode utgangspunkt for fiske etter aure. Fiskekort kan kjøpast hos dei fleste overnattingsstadane og butikkane i Gaular.
Fiskekort får du kjøpt for dei ulike områda på inatur.no
Nasjonal Turistveg Gaularfjellet
Gaularfjellet er ein av 18 nasjonale Turistvegar i landet, og per definisjon går dei “gjennom det ypperste av norsk natur”. Det vil mange vere samde i. Strekninga er frå Balestrand til Holsen i Sunnfjord med sidearm frå Eldalsosen til Sande. Frå Vetlefjorden i Sogn er det 9 hårnålssvingar til spektakulære Utsikten. Plattforma balanserer på kanten av fjellet med utsyn til djupe dalar og fjell opp mot 1700 meter. Mot Sunnfjord ber det nedover att framom mange brusande fossar og langs blinkande vatn som perler på ei snor i det verna Gaularvassdraget. “The silver bridge” ved Likholefossen er eit av mange ynda fotopunkt.
Foto:
Line Hårklau.
Fossestien
Fossestien er ein spektakulær 21 km lang vandreveg som strekkjer seg frå Gaularfjellet mot Viksdalen. På denne turen får du oppleve naturens kraft på nært hald, med heile 12 imponerande fossar og 6 vakre vatn. Stien følgjer ei grein av det verna Gaularvassdraget og gir ei vandringsoppleving utanom det vanlege. Denne godt merka stien er tilrettelagt for alle, og følgjer gamle dyretråkk og stølsvegar. Øvste delen av stien går saman med den historiske driftevegen mellom Vestlandet og Austlandet, noko som gir ein ekstra dimensjon til turen. Undervegs passerer du frodige og skiftande landskap som varierer frå heilt urørt natur til aktive landbruksområde. Startpunkt med skilt, kart og parkering finn du ved Eldal, Likholefossen, Longestølen og Torsnesstølen, noko som gjer det lett å tilpasse turen etter dine ynskje og behov. Her er det høve til sportsfiske og du kan finne mykje bær og sopp. Transportservice langs Fossestien frå Hov Hyttegrend kvar dag kl. 10.00 i sesongen. Kr. 50,-/30,- pr person.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Sykkelturar
Førde: Sykle gjennom urbane område med tett busetnad, før du tek av på ein lite trafikkert veg som slyngar seg gjennom eit ope og flatt jordbrukslandskap. I Førde kjem kontrasten mellom urbant byliv og sjarmerande gardstun fort. Besøk idylliske Sunnfjord Museum like ved Movatnet. Like ved museet ligg Huldefossen. Her kan du kjenne på naturkreftene frå eit fossefall på rundt 90 meter.
Viksdalen: Her syklar du i flatt terreng og lite trafikkerte vegar langs Viksdalsvatnet. Sykle gjennom Råheimsdalen forbi Vallestadfossen og Haukedalsvatnet før du endar opp på Rørvikfjellet. Frå Rørvikfjellet kan du sykle vidare mot Holsen. Her syklar du langs det idylliske Holsavatnet før du kjem ut på E39 ved Mo.
Naustdal: Sykle langs Førdefjorden til Helle. Du syklar for det meste på lågtrafikkert bilveg med jamn stigning. Langs vegen har du utsikt mot dei majestetiske fjella Storehesten, Heilefjellet og Blegja. På vegen tilbake er det berre å nyte nedoverbakkane. Kombiner turen med eit stopp på Håjen kafé. Her får du servert heimelaga mat og tradisjonsbakst.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Jølster: Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte sykkeldestinasjonen. Sykle langs sørsida av Jølstravatnet. Denne ruta byr på idyllisk landskap på lite trafikkerte, og flat bilveg. Kombiner sykkelturen med eit stopp på Astruptunet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup, som er ein av Norges mest kjende nasjonale kunstnarar.
Vil du ha ein kort og lett tur kan du sykle frå Skei til Sægrov og tilbake igjen. Du startar ved enden av Jølstravatnet, med utsikt mot nær sagt heile Jølstravatnet før du etter ei lita stund syklar inn langs Kjøsnesfjorden der du får sjå dei bratte fjella stupe ned og spegle seg i det klare vatnet. Inst i Kjøsnesfjorden ser du også Jostedalsbreen. Deler av turen går på grusveg.
Syklar kan leigast hos jolstraholmen.no, flatheim.no og hovhyttegrend.no.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Fjellturar og brevandring
Sunnfjordfjella
I Sunnfjord ventar eit mangfald av fantastiske fjelltoppar som inviterer til flotte naturopplevingar. Her kan du velje mellom fleire turmoglegheiter, frå rolege spaserturar til meir utfordrande eventyr. Jølstravatnet, omkransa av nydelege fjell, er eit ideelt utgangspunkt for fjellentusiastar på alle nivå. For ei Instagram-venleg utsikt, bør du ta turen til Grovanipa, der du kan nyte panoramautsikta over Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet. For ein kortare tur kan du besøke dagsturhytta Fjellro eller ta ein tur på Hamnanova. I Gaular står majesteten Storehesten fram, men det finst også andre flotte toppar å utforske, som Venevassegga og Storefjellet. Venevassegga (1023 moh) er like fin sommar som vinter og byr på utsikt til mange andre flotte toppar og turmål. Turen til Storefjellet (1182 moh) startar like ved Flatheim, og belønninga på toppen er ei fantastisk utsikt i alle retningar. Naustdal byr på fleire toppar med imponerande utsikt over den vakre Førdefjorden. Utforsk Steinkorsen, Vind-
Foto: Vanja Birkelid.
kjegla eller Naregga og la deg fascinere av det flotte turterrenget som passar for alle. I Førde kan du utforske dei sju byfjella, kvar med sin eigen unike sjarm. Enten du vel å ta den utfordrande 7-fjellsturen på ein dag eller bestige kvar fjell individuelt, vil du bli belønna med fantastiske utsiktspunkt og unike naturopplevingar. Uansett kor du tek turen, vil Sunnfjordfjella begeistre deg med sin praktfulle natur og varierte moglegheiter for turopplevingar.
Brevandring
Breen har forma dalar og slipt fjella i Jølster. Om du syntes bre er spennande så er det ein veldig fin tur inn til Haugabreen der du får ei fin utsikt til breen. Ønskjer du å gå på breen kan du få ein guida tur. Tur med Breogfjell på Haugabreen krev ingen forkunnskapar. Daglege turar frå 18 juni til 31 august. Booking seinast 19.00 dagen før. Kontakt Breogfjell på post@breogfjell.no om du ønsker privat guide. Mer informasjon om turen finn du her: breogfjell.no/tur/haugabreen
Anbefalte turar:
• Storehesten
• Djupeviknipa
• Eikåsnipa
• Laukelandshesten
• Venevassegga
• Steinkorsen
• Smådalsnipa
• Vindkjegla
• Naregga
• Bekkjavatnet rundt
• Lundeskaret (til Marabreen)
• Haugabreen
• Tindefjellet
• Kleivafjellet
• Orkja
• Hamnanova
• Grovanipa
• Bolsetnipa
• Bjørsetstøylen
• Flugestølen
• Vikastølen
• 7-fjellsturen i Førde: Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden, Halbrendsnipa, Hafstadfjellet, Viefjellet og Førdsnipa
Du finn mange gode turbeskrivelsar på ut.no eller i boka Opptur Indre Sunnfjord.
Mat og drikke
I Førde sentrum finn du mange restaurantar og kaféar. Nyt ein betre middag på Røyst mat og vinbar, Elvesus, Pikant mat- og vinhus eller på Restaurant Laxen. Eller ta lunsjen på Kafé Sobra, Kardemomme lunsj og kaffibar, Erketunet eller ein av kaféeane til Naustdal Dampbakeri.
På Luftkampmuseet finn du og ein serveringsstad innanfor Norsk Gardsmat. På Håjen Kafé i Naustdal serverer dei heimelaga mat basert på lokale råvarer og tradisjonsbakst frå bakeriet.
Om sommaren inviterer Flatheim gardshotell bygdefolk og turistar til sommarkafé. Her diskar dei opp med god, heimelaga bakst. Omkransa av frodig natur, 430 meter over havet, ligg Flatheim som ein godt bevart hemmelighet.
På Jølstramuseet finn du restaurant Låven, her blir det servert à la carte meny basert på råvarer som kjøpes av lokale bønder. Signaturretten til Jølstramuseet er Jølstra-
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
ørret, som dei fisker sjølv og serverer beinfri og pannestekt. Med godt handlag og kjærleik for maten ønskjer dei å gje gjestane ei god matoppleving.
Stopp ved sommarkafeen på Jølster Panorama, matglede i vasskanten, rett ved Jølstravatnet. Her kan du nyte ein is eller bestille noko frå den spennande à la carte meny. Sjekk jolsterpanorama.no for åpningstider. Kroa på Skei Servicenter kan du få både frukost, lunsj, middag og kvelds. Velg frå ein meny med alt frå kjøttkaker, spennande dagens middag, hamburger, pizza og kebab. Åpent frå 06.00 – 22.00 mandag – fredag og 08.30 – 22.00 lørdag og søndag.
På Thon Hotel Jølster finn du Jølstrastova restaurant. I ein utvida sommarsesong kan du nyte ein bugnande buffet med heimelaga rettar.
Skal du ha brunsj med vennegjengen, pizza med familien eller kanskje eit glas vin med ein spesiell? Brunsj og Briller på Skei serverer både kalde og varme rettar og drikker og lar seg helst inspirere av det asiatiske kjøkkenet. Her finn du og god bakst.
Stardalen Hyttegrend har sommarkafe som er open kvar dag frå slutten av juni til begynnelsen av august (søndagar ellers i året) om du vil nyte eit godt måltid og ein god kopp kaffi i rolege omgivnader i bygda under breen.
På Spar Jølstraholmen tilbyr dei dagens middag og a la carte. YX Jølstraholmen har pizza, digge signatur burgerar, CFC-fried chicken menyar, milkshake, softis, baguettar og pølser. Åpent 7 dagar i veka.
Hos Spar Bygstad finn du eit stort utval av varmrettar kver dag, som du kan sette deg å nyte i kaféområdet i butikken eller ta med deg.
I Viksdalen finn du også gardsmatrestauranten Eldalstunet. Her serverar dei kortreist og eigenprodusert mat på menyen, og det er ein flott stoppeplass på vegen over Gaularfjellet.
På Sande kan du stoppe innom Bistro’n, her har dei godt utval av gatekjøkken mat og ei kioskavdeling. Det er sitteplassar ute og inne, og dei tilbyr takeaway.
Vingarden på Jølst
På Vingarden på Jølst handlar alt om kva som er mogleg å få til med alle dei vestlandske råvarene. Vingarden på Jølst er hovudsete for Vestavin, ein ny og nyskapande fruktvinsprodusent. Gründer av Vestavin, Camilla Aasen, kjøpte det nedlagte småbruket i bratte bakkar over Jølstravatnet i juli 2021. Sommaren 2024 kan du oppleve ein fruktvingard under oppbygging, med dyrking og produksjon av moderne fruktvin. Her kan du smake, og kjøpe både fruktvin og alkoholfrie varer.
Opningstider heile året: Torsdag 16.00 –18.00.
Juni: Torsdag 16.00 – 18.00, Laurdag 14.00 – 18.00, omvising med smaking kl. 15.00. Juli – august: Onsdag – laurdag kl. 14.00 – 18.00, omvising med smaking kl. 15.00.
vestavin.no
Foto: Falkeblikk.
Kajakk
Lurer du og din familie på kva ein skal finne på i ferien? Kom til Skei i Sunnfjord og padle i Astrups rike. Du kan padle på det store Jølstravatnet, eller i idylliske Kjøsnesfjorden, med stupbratte fjell som omkransa vatnet. På Lunde Turiststasjon får du leige kajakk. Om du vil ta introkurs eller grunnkurs for å kunne padle på bølgene blå, eller ha guida tur til Kjøsnesfjorden kan Kvåleskajakk hjelpe deg med dette. Dei vil halde introkurs og grunnkurs for å kunne padle havkajakk i løpet av sommaren og hausten. Booking Kvåleskajakk: kvaaleskajakk.online • Booking Lunde Turiststasjon: lunde@turiststasjon.no • Booking Jølstraholmen: jolstraholmen.no
Rafting
Gjennom frodig og vakker natur opplever du ei frisk og utfardrande elv, med store mengder sprut, spenning og moro, og eit herleg sug i magen. Jølster Rafting tar deg med på Rafting i elva Jølstra, som i bransjen er kjent for å ha ei av dei beste raftingstrekningane i Nordeuropa. Åpningstider 2024: 10. – 11. juni, 24. – 25. juni, 15. – 16. juli, 12. – 13. august, 26. – 27. august. Dei tar også imot ein del gruppeforespørslar utenom, og utvalde dagar i fellesferien med stor interesse.
Booking: post@jolster-rafting.no
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Topptur
Langs Jølstravatnet ligg det ei heil rekke med randoneefjell, her kan du velge og vrake i eit stort mangfald av flotte toppturar. Eit av desse finn du innover i Ålhusdalen, like inn frå tettstaden Ålhus ved det blanke Jølstravatnet. Frå Fjellstøylen kan du starte oppturen til Gotdalsnipa på 1249 m.o.h.. Du startar på omtrent 250 m.o.h, og får nesten tusen høgdemeter med prima topptur-terreng. Frå toppen er den beste nedkøyringa sørover og ned til Godtdalstøylen. Obs: Her er det vanskeleg å gå i starten ved lite snø.
Ein anna Jølsterklassikar like ved er eit kjent motiv frå kunstmalar Nikolai Astrup, som har foreviga «Isdronninga» i fjellformasjonen Blåfjellet, Egga og Nipa. Parker ved Helgheim kyrkje og legg spora nesten frå vannkanten av Jølstravatnet opp i lia og gled deg til cruisinga ned att. Her kan du samle fleire toppar på ein dagstur.
Foto: Reisegutta.
Jølster er tilrettelagt med ni toppturparkeringar:
For turbeskrivelsar sjå boka Toppturar i Sunnfjord. Interessert i guida topptur på Sunnfjordruta? Tur kan bestillast hos jolstraholmen.no
Foto: Line Hårklau.
Golf
Sunnfjord Golfklubb inviterer deg til ei spanande oppleving på ei utfordrande 9-holsbane med doble utslag (par 72). Fasilitetane inkluderer driving range, kortholsbane, treningsgreen og bunkerområde. På klubbhuset finn du kaffiautomat, toalett og fasilitetar og ein velutstyrt proshop.
Sunnfjord GK vart stifta i 1992 av lokale ildsjeler. Bana i Bjørkelia stod klar sommaren 2001. I dag har Sunnfjord Golfklubb mange aktive medlemmer, og dyktige instruktørar som arrangerar kurs/opplæring og kan skaffe alt av utstyr (GoosenGolf) gjennom butikken i klubbhuset. sunnfjordgk.no
Foto: Sunnfjord Golfklubb.
Jølster Skisenter
Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper som passar alle. Frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde skiløpar som krev utfordringar. Samla lengde preparerte ski løyper er ca. 4000 m. Gjestane våre kan velge mellom 4 skiheisar. Skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen, samt barnetrekka Uglumheisen og Hauglandsheisen. Som gjest i område kan du nytte deg av bomvegen som tek deg til øvrde del av anlegget og utløyser eit godt startpunkt for topp og rundturar. I Jølster Skisenter finn du flotte frikøyringsområder, både ovanfor tregrensa og nede i skogen. I fjella kring Jølster Skisenter finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor. Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, og vi har lysløype for langrenn og 10 - 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og 2 svært særprega grillstover. Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafé, skiutleige og sanitæranlegg. jolsterskisenter.no
Angedal
Kvammen
Syskarnipa
Steinegga
Sanddalsdalen
Sandal
Astruptunet
Myklebust
Orkja Dvergsdalen
Sunde
Langeheia
Vika Skei
Fygla
Skrede
Fossheim
Storefjell Erikstad
Aktivitetar
Førde Bowlinghall forde-bowlinghall5.webnode.page
Gokart i Kråkenesmarka Booking: sunnfjordgokart@hotmail.com
Diskgolf Naustdal Fritidspark Discgolf og Viebøen Frisbeegolf
Viksdalen Discgolf
Stranda i Naustdal Badestrand med stupebrett, volleyballbane og grillområde. Utleige av SUP-brett.
Hafstadparken I Hafstadparken finn du 2 kunstgrasbaner, skateanlegg, rulleskiløype, trimløype, BMX bane, 4 sandvolleyballbaner, parkanlegg, trimpark, handball, basket, bandy/badminton, buldrestein, rulleskøyte-område, hoppbakke og grillplass.
Langeland Skisenter Ulike lysløyper og turar. langelandskisenter.no
Instedalen Skianlegg 4 km langrennsløype, og barneanlegg med skileik. fjordnorway.com/no/se-og-gjore/instedalen-skianlegg
Sunnfjord Skisenter Alpinanlegg i Blomlia, 8 km frå Førde sentrum. sunnfjordskisenter.fordeidrettslag.no
BUA Sunnfjord Her kan du leige alt du treng av utstyr. bua.no/bua-sunnfjord/utstyr
Indre Sunnfjord Turlag Meld deg på ein av turane, eller lån utstyr. indresunnfjord.dnt.no
Sunnfjord Spa sunnfjordspa.no
Larris Scene Konsertscene på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde facebook.com/larrisscene
Aktivitetar
Førdehuset Teater, bibliotek, kinosal og symjehall. fordehuset.no
Festivalar
Førdefestivalen, 5. – 9. juli fordefestival.no
Trøkk n’ Truck festival, 10. – 12. august trokkntruck.no
Kvåleskajakk Kajakk, kurs og guding – kvaaleskajakk.online
Utleige: Båt, kajakk/kano, fiskeutstyr, SUP-brett. Her kan du og prøve utandørs massasjebad, skytesimulator, luftgeværskyting, øksekasting, rodeo-okse, bogeskyting, fiskesimulator,lerdueskyting med laser, blåserøyr, laserelgbane, offroad buggy og pistolskyting med laser. lunde@turiststasjon.no
Utleige: Båt, El-sykkel, sykkel, kajakk, SUP-brett, kano og sauna. På Jølstraholmen – naturbasseng m/strand, zipline, trampoliner, vannsklie, volleyball, interaktiv fotballvegg, dansebue og leikeplass. Gratis for alle buande gjester, mulig å kjøpe dagspass for andre jolstraholmen.no/aktiviteter
Overnatting
For informasjon om overnatting i Sunnfjord, sjå fjordkysten.no
Badstu
Kva passar vel betre etter ein lang fjelltur på eit av Sunnfjordfjella, enn ei deilig og varm badstu? På Skei finn du Fyrig Sauna, som ligg på brygga på Skei. Her har du fin utsikt over Jølstravatnet omringa av spektakulære fjell, og utsikt over Astrup sitt rike. På Jølstraholmen finn du badstu som ligg fint til på elvakanten med utsikt over elva Jølstra og rett ved eit lite naturbasseng. På det idylliske gardshotellet Flatheim i Gaular kan du nyte ei varm badstu etter eit friskt bad i elva. Skei: fyrigsauna.no • Vassenden: jolstraholmen.no/sauna • Gaular: gaularfjellet.no/opplevingar