Siste nytt og viktig innsikt om næringslivet rundt havgapet i Florø.
HAVmagasinet






Vi løftar fram dei blå næringane
Vi i A til Å brenn for å formidle dei gode historiene – i alle kanalar. Vi trur at historieforteljing er den smartaste måten å bygge merkevare, tiltrekke seg kundar og rekruttere tilsette. Derfor lanserte vi HAVmagasinet i fjor, rett og slett for å løfte fram det spennande som skjer i havnæringa i Florø. Gjennom å fortelje dei gode historiene bidreg magasinet til å spreie kunnskap og engasjement om dei blå næringane som formar byen i havgapet.
Mangfald og innovasjon
I denne utgåva av HAVmagasinet kan du lese om framoverlente bedrifter som jobbar med innovasjon og verdiskaping i sitt fagfelt. Du kan lese om Florøbedrifter som har oppdrag over heile verda, og personar som vel å flytte heim til spennande arbeidsplassar. Slik løftar HAVmagasinet fram mangfaldet og nytenkinga som dei havbaserte næringane får til i kystbyen Florø!
Stolt og kry
Visste forresten du at for kvar 10. fiskar frå Florø blir det generert over 4 arbeidsplassar på land? Eller at skipsdesignarar frå kystbyen er langt framme i den grøne skoen, og er hjernane bak eit av verdas første godsskip som skal gå på ammoniakk. Havbruksnæringa både på land og til havs er først og fremst opptatt av at fisken og folka skal trivast. Slikt blir det berekraftig produksjon av. Vi har rett og slett mykje å vere stolte av her ute i havgapet – og det er det viktig å fortelje verda.
HAVmagasinet

Charlotte LindénNybø, Maria Benæs Hunvik og Anita Øygard.
A til Å i samarbeid med Flora Industri- og Næringsforening.
Redaksjon: Charlotte Lindén-Nybø, Anita Øygard og Maria Benæs Hunvik. havmagasinet.no
Flora Industri- og Næringsforening består av:
atilaa.no
A til Å Grafisk Design og Media • Accountor Førde • Advokatfirma Blikra, Slotterøy & Fonn, Avd. Florø • Advokatfirmaet Tollefsen • Allbygg Florø • Arbeids- og Velferdsetaten • Auto 8-8 Forum • Avinor Florø Lufthamn • BB ServiceSystem SF • Bordgleder • Byggservice • Consto • Deloitte • DKFB • E. Karstensen Fiskeoppdrett • ECIT Services • Equinor Energy • Ewos • Fanevik Bygg • Ferstad Installasjon • Fjord Base Holding • Fjord Staff Management • Fjord1 • Florø Hamn KF • Florø Næringsbygg • Florø Rør • Fokus Elektro • Folkeuniversitetet • Global Florø • Grind • Grønsberg bygg • GS Maskin • Gunhildvågen Industripark • Helgås bygg & taksering • Hipphipp Flora • iVest Consult • Jon Strømsnes • K. Jansen • Kinn Regnskap • Kruse • Kvartalet Florø • LPJ Trading • Linja • Localhost • Marø Havbruk • Multi Maritime • NCC Norge • Niprox Technology • Nor Tekstil • Norblikk • Norwell • Novaform • Origod • Parker Wellbore • Petroleum Services • Proff Partner Florø • PWC • Ramco Norway • Ramsdal Maskin • Salt Arkitekter • SAR • Slakteriet • Solvens • Sparebank1 Sogn & Fjordane • Sparebanken Vest • Trygve Ullaland • Vestnes Ocean • Victoria Hotell Florø • Vår Energi Norge • Walcon Maritime • Westcon Yard Florø • Quality Hotell Florø

Ei FIN framtid for næringslivet
Flora Industri- og Næringsforening (FIN) har fått nye leiarar som er klare til å styrke organisasjonen og fremje næringslivet i Florø. Tor Førde frå K. Jansen tek over som leiar, medan Linn Theres Nekkøy frå Aksello er nestleiar. – Florø har eit unikt næringsliv, og vi må samarbeide for å løfte det fram, seier Tor.
Vi er for dårleg til å synleggjere dei unike bedriftene i Florø. 70 % av næringslivet i Florø består av private aktørar som bidreg til verdiskaping og arbeidsplassar innan sine fagfelt. Særleg innan havnæringa finn vi bedrifter som dekkjer heile verdikjeda – frå fôrproduksjon og oppdrett til slakteri og eksport av sjømat. I tillegg skapar store avtalar, som den Westcon nyleg inngjekk med Forsvaret, auka aktivitet og behov for fleire ressursar, både internt og hos underleverandørar. Dette er berre eitt av mange døme på den dynamiske næringsverksemda i Florø, fortel Linn Theres.
Samhandling er nøkkelen til suksess
Den nye leiinga vil skape tettare samarbeid mellom bedrifter, næringsforeiningar og det offentlege. Ein viktig del av dette arbeidet er å jobbe tett saman med Aksello, som er ein sentral aktør for innovasjon og utvikling i regionen. – Aksello er førstelinjetenesta til kommunen og er ein viktig part i å skape dialog og samhandling mellom det private og offentlege. Då er det fint at leiaren i Aksello sit i styret til FIN, seier Tor.
Rekruttering, kraft og infrastruktur
Dei tre kjernesakene til FIN har i lang tid vore like: rekruttering, kraft og infrastruktur. No er det spesielt fokus på rekruttering og kraft i næringslivet. Tilgang på ressursar og kompetanse er avgjerande for næringslivet, og her skal FIN jobbe med å løfte fram dei gode initiativa. Det kan vere karrieremesser, vidareutdanning i Florø eller å få fleire bedrifter til å satse på lærlingar.
– No er det rekordmange søkarar til yrkesfag over heile landet, og Florø er ikkje noko unntak. På Flora vgs. er det tre klassar på vg1 teknologi og industrifag (TIF) og
to klassar på vg2 industriteknologi. Det er mange som skal ha læreplass og vi skal oppmuntre flest mogleg bedrifter til å ta inn lærlingar for å sørge for at vi beheld kompetanse og ressursar lokalt. Samtidig er tilgang på stabil kraft og god infrastruktur nøkkelfaktorar for vidare vekst, fortset leiaren.
Dialog med medlemsbedriftene
Som ny leiar har Tor starta med ei kontaktrunde for å bli betre kjent med medlemsbedriftene og skape dialog. Han er imponert over kva bedriftene i Florø får til. – Det er utruleg spennande å høyre kva som rører seg i byen. Sjølv om eg har vore aktiv i næringslivet her i 10 år no, blir eg imponert over kva bedriftene får til når dei først begynner å fortelje. Vi må bli flinkare til å løfte næringslivet opp og fram, og heie på det som skjer, fortel han engasjert.
Ei oppmoding til medlemsbedriftene
Den nye leiinga vil styrke foreninga og skape struktur. Tor og Linn Theres ønskjer å legge til rette for vekst og utvikling i medlemsbedriftene, men understrekar at endring krev aktiv deltaking. Medlemmane må dele utfordringar og moglegheiter for at FIN kan bidra på tvers av bransjar. Saman kan vi løfte næringslivet opp og fram, seier Linn Theres, og oppfordrar alle til å vere med og forme framtida i Florø.
Med eit sterkt fokus på samarbeid, struktur og utvikling går Flora Industri og Næringsforening ei spanande tid i møte. Dei nye leiarane er klare til å bidra for at FIN skal vere ein sterk og samlande organisasjon for næringslivet i regionen.

Stadt Sjøtransport blir MedTug
Det lokale taubåtselskapet Stadt Sjøtransport tek eit viktig steg inn i framtida og blir ein del av eit av verdas største taubåtreiarlag. Selskapet skiftar namn til MedTug Norway AS, men er framleis lokalt forankra i Florø. – Endringa markerer eit nytt kapittel for oss. No får vi tilgang til eit større internasjonalt nettverk, seier dagleg leiar Martin Olsen.
MedTug er eit av verdas største taubåtreiarlag med 180 båtar på verdsbasis fordelt på kontor i Singapore, Malaysia, Colombia, Italia, Malta og Florø. Med det nye namnet MedTug Norway, ny logo og ny nettside riggar dei seg for fleire moglegheiter.
– Sjølv om vi no blir ein del av ein internasjonal aktør, skal vi halde på den sterke forankringa i Florø. Den geografiske plasseringa, og relasjonar med lokale kundar og samarbeidspartnarar er og vil vere sentrale for drifta, seier Martin.
Oppdrag på Jan Mayen – Vi har eit stort spenn i taubåttenestene vi leverer. Dei største oppdraga våre er lokale, som for eksempel supportering av Hydro sine anlegg i Sognefjorden, sleping av oppdrettsmerdar for oppdrettsnæringa og buksering av rørbåtar på Fjord Base i Florø. Men vi har også oppdrag utanfor Vestlandet, og snart skal ein av taubåtane våre til Jan Mayen på oppdrag, fortel ein smilande dagleg leiar.

Til sommaren startar arbeidet med det nye hovudbygget på Jan Mayen, ei isolert øy som manglar kaiinfrastruktur. Her kjem MedTug inn og skal frakte ein lekter frå fastlandet til Jan Mayen, som skal brukast som ei provisorisk kai. Lekteren skal sørge for at materiale og maskiner kjem seg av og på land, med assistanse frå MedTug sin slepebåt.
Utviding av flåten Å bli ein del av MedTugparaplyen gjer det mogleg å samarbeide, mellom anna på rekruttering. Å vere ein del av eit internasjonalt miljø gir nye moglegheiter til å løfte seg med kompetanse og erfaring. På Florøkontoret har MedTug Norway jobba systematisk med å få meir mannskap til dei fire taubåtane, og har kutta ned behovet for innleigd arbeidskraft. I staden jobbar dei for å ha ei god grunnbemanning med faste tilsette.
Men jobben er ikkje ferdig. Martin fortel at dei satsar på å utvide flåten, og med dette rekruttere fleire tilsette både til havs og til lands, med base i Florø.
– Det er framleis litt som skal på plass før dette er i boks, og med det nye eigarskapet er vi betre rusta enn nokon gong. Framtida ser lys ut, avsluttar han.

Laksetrivsel på land
Det heile starta i mars 2015. Oddmund Storesund budde i Bergen og jobba som anleggsingeniør, med ansvar for utbygginga av Flesland. Då planane om å flytte til Bulandet dukka opp, trengte ingeniøren noko å leve av. Han tok kontakt med ein gammal kjenning i Florø – Ola Sveen – og spurte han til råds om å starte med oppdrett. Rådet frå Ola var klart; Skal du satse på oppdrett der, så må du på land. Neste spørsmål var om Ola ville vere med, og svaret var like klart; Ja.
Ola har vore i oppdrettsbransjen sidan tidleg på 70talet og er konsulent for eit utal oppdrettsanlegg både lokalt og rundt om i heile verda frå Irland til Chile og NordKorea. På Bulandet var det så enkelt at vi stod på ein haug og studerte landskapet. Då var det lett å sjå kvar vatnet kunne komme inn og renne ut igjen.
Energiforbruk og sårbar natur
Det er to ting som er avgjerande, presiserer Ola. Det er minst mogleg energiforbruk og minst mogleg sår i naturen. Vatnet må renne lett inn og ut, og anlegget må ikkje ruve i naturen. Vi sparar både energi og sårbar natur ved å senke anlegget slik at løftehøgda til vatnet er minst mogleg, samtidig som ein har fall ut igjen.
Samla kunnskap gir suksess
Eg kunne ingenting om fisk, smiler Oddmund, men derimot kan eg litt om anleggsdrift. Med Ola på laget var eg trygg på at dette kunne gå vegen. Dessutan fekk vi utruleg positive tilbakemeldingar frå både Askvoll kommune og folk på Bulandet og Værlandet. Då vi skulle søke konsesjon i 2016, såg vi behovet for å få litt meir fagleg tyngde med oss. Hans Haddal hadde den kunnskapen vi mangla, og han takka ja til å vere med oss. Det var avgjerande for å lukkast med søknadane om regulering av område, konsesjon og finansiering.
Pilotprosjekt med pilotteknologi
I oktober 2017 fekk vi godkjent reguleringsplanen. 2 år seinare var løyvet til å produsere 5.500 tonn laks i boks. Etter påtrykk frå Innovasjon Norge starta vi med ein pilot,
der vi beheldt fullskala storleik på kara. Målsettinga er å produsere vekselvis postsmolt og matfisk, og så langt har det vore ein stor suksess. Ola har designa anlegget og saman med Oddmund har han utvikla ein eigen teknologi og tatt patent på eit system der tankane er plasserte under havnivå. Senterløpet med gjennomstrøyming, reinsing og 50 – 60 % gjenbruk av vatnet er sjølve hjartet i Buesystemet.
Lusefritt og reint
Pilotprosjektet stod klart for innsett med smolt i mai 2022, og første og andre batch var postsmolt levert til oppdrettarar i sjø. Tredje batch var smolt på 100 g som gjekk til over 5 kg på under 12 månader – med kaldt vatn. Vi har nesten ikkje dødelegheit i anlegget og 95 % av matfisken vår er klassa som superior. Vi må forstå kva fisken treng for å trivast, og der er straumforhold og oksygen avgjerande, seier Ola. Bue Salmon er lusefritt og brukar mindre pengar på å pumpe vatn inn og ut enn kva tradisjonelle oppdrettsanlegg brukar på lusebehandling.
Dette har blitt mykje større enn det vi drøymde om avsluttar gründer Oddmund Storesund. Det er ekstra stas å sjå at arbeidet vår har ringverknader, og at vi no planlegg utviding i Bulandet og tilsvarande drift på Lutelandet.


PE-sveisarar frå Walcon til gigantanlegg i Rjukan og Lebesby
Verdas største landbaserte anlegg i Rjukan
Milevis frå kysten finn vi verdas største landbaserte oppdrettsanlegg for ørret. Hima Seafood som satsar i Rjukan har eit klart mål om ein vesentleg lågare fiskedødelegheit enn det sjøbaserte anlegg klarer. Ein vil også unngå utfordringar med lakselus og rømming. Anlegget som opna i januar 2024, er både energi og arealkrevjande. Vi i Walcon har hatt mange folk i arbeid på gigantanlegget i Telemark, fortel dagleg leiar Bjørn Tore Løkkebø.
Eit slikt anlegg krev kilometervis med rør, og folk som er kvalifiserte til å sveise PErør (plast). Vi har hatt 20 30 mann på anlegget dei siste 2 åra. Det er samarbeidsparten vår Simona Stadpipe som har landa kontrakten med Totalbetong – som er totalentreprenør på anlegget.
Rett kompetanse
Bakgrunnen for at vi får vere med på slike store jobbar er rett og slett kompetanse, smiler Bjørn Tore. Walcon har mannskap som er sertifiserte for sveising av PEplastrør, og det trengs på landbaserte anlegg.
Resirkulering
På anlegget i Rjukan blir det henta overskotsvarme via rør frå nabobedrifter. Vatnet som fiskane lever i sirkulerer, blir reinsa og brukt på nytt. Samtidig samlar dei opp fiskeslammet for å gjere det om til gjødsel.
Grieg Seafood satsar på postsmolt – investerer 1,1 mrd.
Grieg Seafood har sett av heile 1,1 milliard kroner til å forbetre fiskehelsa og velferda for laksen. Målet er å oppnå berekraftig drift og eit lågare fotavtrykk gjennom utbygging av eksisterande smoltanlegg i Finnmark, nærmare bestemt i Lebesby kommune.
Med det nye postsmoltanlegget kan dei kontrollere fisken betre, noko som gir kortare levetid i sjøen og betre styring på sjukdom, lus og rømming. Tidlegare pilotprosjekt har vist at fiskevelferda og overlevinga til laksen vert mykje betre med slike anlegg. Postsmolt er laks som har gått gjennom smoltifisering, prosessen der den tilpassar seg sjøvatn etter å ha vore yngel i ferskvatn. Ettertrakta kompetanse Anlegget ligg på eit av dei nordlegaste punkta i Norge, og det er ekstra stas å få ein så viktig jobb her. – Det viser at kompetansen til folka våre er ettertrakta, seier produksjonsleiar Ronny Magnussen.
Jobben er utført i samarbeid med Simona Stadpipe, som har kontrakt med Pure Salmon Technology. Dei har ansvar for det tekniske, medan Consto har totalentreprisen. Walcon har hatt 10 12 mann på jobb med PEsveising og montering i fleire månader langt mot nord.

Knutepunkt vest
Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt Vestlandskysten saman med verda. Florø er eit naturleg bindeledd mellom sjøen, vegen og lufta, og eit knutepunkt for sjøtransport mellom Ålesund og Bergen. – Vi har sett kursen for vegen framover, seier hamnesjef Linda Mortensen Midtbø og driftsleiar Ørjan Storesund.
– Primæroppgåva vår er å sikre eit godt hamnetilbod. Området vårt strekker seg frå Hyllestad i sør, til den sørlege delen av Kinn. Tryggleik er ein avgjerande faktor. Er det manglar på kaiar eller farar i farvatnet er det vår oppgåve å løyse dette. Det kan vere alt frå å ha jamleg vedlikehald på kaiar til å reise ut på sjøen når vi får meldingar om potensielle farar i farvatnet. Det dei fleste kanskje ikkje veit er at vi handsamar søknadar om flytebrygger, kablar og liknande i hamneområdet vårt.
– Ein gong fekk vi rapport om ei trekrone i sjøen og hasta av garde i båten vår Ytterøyane. Då vi byrja å heise trekrona, viste det seg at det var eit 15 meter høgt tre som hadde sett seg fast i botn. Det var litt av ein jobb, men vi fekk det til, seier Ørjan Storesund.
I drift heile døgnet
For å sikre ei trygg og smidig drift har dei ei ansvarleg hamnevakt som sørger for all kommunikasjon mellom sjø og land. Hamnevakta er tilgjengeleg 24 timar i døgnet, og hjelper til der det skulle vere behov.
– Vi har mange fartøy som er innom dei seks kaiområda vi driftar i løpet av ein dag. Nokon ligg til kai over ein lengre periode, medan andre er innom ein kort
tur for å losse eller laste varer. Då er det viktig å ha god kommunikasjon internt og med aktørane som brukar lokalitetane våre for å ha ei smidig drift, seier Linda.
– Hamna skal sørge for at all ferdsel på kaiene og i våre farvatn er trygge. Ved uvêr og snøfall kan det bli svært travelt for hamnevakta. Heldigvis er dei tilsette ein fleksibel og triveleg gjeng som stiller opp og hjelper til når det trengs.
Ei hjelpande hand i Florø hamn
At Florø hamn strekker seg langt for å hjelpe til er det fleire som kan bekrefte. I løpet av eit år har hamna rundt 7000 anløp. Nokre av fartøya som legg til kai er faste travarar i hamnebassenget, som til dømes brønnbåten «Ro Server» frå Rostein. Skipet fraktar fisk frå oppdrettsanlegga og inn til Slakteriet.



Langeråa er ein av fire lokalitetar som E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk har samdrift på. No har dei investert store summar i nytt utstyr, blant anna to båtar som skal transportere dei tilsette. Den eine båten har fått det passande namnet ”Bluey”. Foto: Marø/Karstensen.
Investerar over 100 millionar
I snart 30 år har dei to selskapa E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk hatt samdrift på sine 4 lokalitetar i havgapet utanfor Florø. Nils Tore Karstensen og Elin Tveit Sveen fortel at dei to bedriftene satsar for fullt og har nyleg investert over 100 millionar kroner i utstyr. Saman sørger dei for sunn, berekraftig og god fisk på middagstallerkar over heile verda.
På trass av grunnrenteskatten, har dei valt å gjere store investeringar for å gjere kvardagen betre for dei tilsette. På Marøtåa er det installert ei ny fôrflåte med bufasilitetar som tilsette og servicepersonell kan bruke om dei blir over natta på lokaliteten. Langeråa, som ligg aust for Batalden, har ei stund hatt stålrammer. No er dei bytta ut med ringar, tilpassa naturkreftene og med lenger levetid.
Bekjempar lakselusa
–Lakselus er ein problematikk som er mykje diskutert for tida og vi vil vere med å finne dei beste verkemiddela mot lusa. I fjor investerte vi 10 nye luselaserar frå Stingray, og investerer i like mange i år. I tillegg vil vi teste ut Blue Lice, som filtrerer ut eventuelle lus og andre parasittar i vatnet. Vi har også hengt ut straumgjerde som skal hindre lusa å komme inn til laksen.
Vi ser at det å vere proaktive og investere i teknologi lønner seg og at fisken har det betre. Sidan vi starta opp på Grunnsøya i 2018 har vi hatt fire utsett av laks utan avlusing. Det er bra for laksen, og det som er viktig for laksen er viktig for oss, seier Elin frå Marø Havbruk.
Transportbåtar til dei tilsette
Sist, men ikkje minst, har Marø og Karstensen investert i kvar sin båt som fraktar tilsette frå Florø og ut på lokalitetane. Båtane er designa og produsert i Norge,
nærmare bestemt hos selskapet Skarsvaag på øya Hitra i Trøndelag. Dei fekk båtane i starten av året, og er så langt strålande fornøgde.
– Vi som bur i Florø og på øyane veit at det kan bli skikkeleg ruskevêir, så at dei tilsette kan få meir trygg og komfortabel ferdsel er ei god investering. Det gir oss ein fleksibilitet på tid. Båtane kan óg brukast ute på lokasjonane som arbeidsbåt når det er behov, fortel Nils Tore frå E. Karstensen Fiskeoppdrett.
Investering, systematisering og utviding Dei to aktørane har gjort store investeringar i 2024, og fokuset framover blir å jobbe meir med organisasjonane.
– Vi vil bruke året 2025 på å systematisere rapportering og bli meir nøyaktige og effektive. Staben på 14 personar fordelt på dei to selskapa skal bli utvida med fleire ressursar. Fokuset på biotryggleik og fiskehelse med utprøving av nye vaksiner blir det også mykje fokus på, avsluttar Elin.
karstensen.no


norwell.no
fjordanefr.no

Vi er klar for å bygge et nytt norsk industrieventyr med fullskala produksjon av torsk på land – fra egg til foredlet produkt på eget anlegg.

Banebrytande design frå
Multi Maritime
Skipsdesignselskapet Multi Maritime har over 40 års erfaring frå bransjen. Over 100 fartøy som opererer verda rundt er designa av selskapet. No har dei fått jobben med å designe det nye fartøyet som skal frakte varer mellom Tromsø og Longyearbyen. – Vi er med på nybrotsarbeid, fortel dagleg leiar Morten Aune.
Multi Maritime har fått oppdraget med å designe det nye godsskipet «Norbjørn». Rederiet Norbjørn er oppdragsgjevar og skipet skal frakte varer frå Tromsø til Svalbard for Posten Bring. Ruta er ei livsnerve til Svalbardsamfunnet. – Vi har jobba med Norbjørnprosjektet sidan 2020. Det er eit ganske spesielt prosjekt, for godsskipet skal gå på eit heilt nytt drivstoff, fortel Morten.
Ammoniakk som drivstoff Godsskipet skal ha ein forbrenningsmotor som kan gå på både ammoniakk og diesel som drivstoff. I motsetning til tradisjonelt drivstoff vil forbrenning av ammoniakk ikkje gi utslepp av CO2. Både Enova og NOxfondet er inne med støtte frå verkemiddelapparatet, og prosjektet har fått over 168,5 millionar kroner. Enova ser for seg at fartøyet vil redusere Norge sitt klimautslepp med 1700 tonn CO2 i året. Dei reknar med at fartøyet skal vere i drift 1. eller 2. kvartal 2028, og blir eit av dei første godsskipa som går på ammoniakk.
Val av verft til hausten
Norbjørnprosjektet er nybrotsarbeid. Klasseselskapet DNV syt for at fartøy er i tråd med reglar og krav frå styresmaktene. I dag er det ikkje etablert regelverk for skip som skal bruke ammoniakk som drivstoff, så no jobbar dei med ei risikoanalyse i samarbeid med DNV. Parallelt arbeider Norbjørn med å hente inn prisar frå verft i Europa.
– No siktar vi oss inn på å ha ferdig risikoanalysen og velje eit verft for bygging i løpet av hausten. Når dette er klart vil arbeidsmengda vår auke og fleire tilsette blir med å designe, seier han.
Langt framme i den grøne skoen
Nybrotsarbeid er ikkje nytt for Multi Maritime. Dei var tidleg ute med design og utforming av LNGdrivne ferjer og elektrifisering av ferjer. Eit av prosjekta er design av dei fem passasjerferjene som trafikkerer mellom Rådhusbryggene i Oslo og øyane i Oslofjorden. – Vi syns dei kjekkaste prosjekta er dei som har noko nytt i seg, og det er kanskje derfor vi er så langt framme i den grøne skoen, fortel Morten.
Kviler ikkje på laurbæra – Vi har fleire spennande prosjekt på gang, både nasjonalt og internasjonalt. Det kan vi ikkje fortelje noko om enno, men det vil komme fleire nyheiter, smiler den daglege leiaren.


Slakteriet satsar på menneska
Hos Slakteriet er det ikkje berre kva du kan på papiret som tel, men menneska bak. Med ein inkluderande rekrutteringspolitikk og satsing på kompetanseheving, gir dei fleire ein sjanse til fast arbeid og fagleg utvikling. – Vi satsar på lokal rekruttering, seier HR-leiar Malin Steinset.
På Slakteriet i Florø er dei rundt 100 tilsette som tek i mot fisk som skal slaktast og pakkast før den vert transportert ut i verda. Her husar det over 20 nasjonalitetar, med forskjellig bakgrunn og ikkje minst kompetanse.
– Det at vi har så mange nasjonalitetar er ikkje mangfald i seg sjølv. Det kjem først og fremst av at vi aktivt arbeider med å legge til rette for at dei tilsette skal kome fram med sine kulturar og særeigenheiter, fortel Malin.
Oppskalering av faste tilsette
Ein del av rekrutteringsarbeidet til Slakteriet no er å oppskalere faste tilsette og redusere bruken av vikarbyrå. Grunnen er at dei ønskjer å satse på lokal arbeidskraft. Dei ser at tilsette som er ein del av lokalsamfunnet, gir stabilitet og ei anna tilhøyrsle til bedrifta enn innleigd arbeidskraft. For Slakteriet er det dessutan eit viktig samfunnsansvar.
– Slakteriet skal vere ein raus arbeidsplass. Her er det ikkje berre papiret som tel, men også personlege eigenskapar. Det viktigaste er at du har dei rette haldningane og personlege eigenskapane, og så kan vi gi deg verktøya for å få den rette fagkompetansen, seier HRleiaren engasjert.
Satsar på lærlingar
Dei tilsette i hjørnesteinsbedrifta har tatt fagbrev i sjømatproduksjon, automasjon og prosessteknikk. Slik skal dei tilsette få fagkompetanse og sjansen til å vekse og utvikle seg sjølv i selskapet. Dei siste 3 månadane har 12 tilsette gått opp til fagprøva – og bestod med glans.
Nytt i år er at dei skal ha ein lærling i industrimekanikarfaget gjennom elektrobedrifta Fokus Elektro. Samarbeidet mellom Slakteriet og Fokus Elektro viser korleis lokale bedrifter kan jobbe saman for å styrke kompetansen. – Fokus Elektro har fagansvarlege folk som kan følge opp lærlingane. Til gjengjeld har vi eit anlegg som gir innblikk i ei ny næring og allsidige fagarbeidarar, forklarer Malin.
Leiarar i produksjonen
Eit nytt tiltak er innføringa av fleire leiarroller i produksjonen som dei kallar for linjeleiarar. Det er 4 soner, og kvar av dei har 2 leiarar. Linjeleiarane har ansvar for å koordinere si linje best mogleg, og syte for opplæring av nye og etablerte tilsette. Dette gjer Slakteriet for å sikre eit høgare fokus på HMS, kvalitet og mattryggleik.
Nytt utstyr skal på plass
Etableringa av nytt anlegg i Florø er forsinka med eit par år og endrar tidsperspektivet til bedrifta. No investerer Slakteriet i utstyr som skal gjere dei betre rusta for framtida. – Vi såg at det var nødvendig å gjere investeringar i utstyr som gir oss ei optimal og påliteleg drift. Det er verkeleg spennande tider for oss i Slakteriet framover, avsluttar Malin.

MS Breivik Junior
Total kvote på 1325 tonn
ca. 3,3 mill middager
17 + 1 lærling
@breivikjr

MS Skjongholm
Total kvote på 817 tonn
ca. 2,04 mill middager
18 + 2 lærlingar
@skjongholm
MS Fanøyvåg
Total kvote på 735 tonn
ca. 1,8 mill middager
18 + 1 lærling
@fanoyvaag

MS Fiskebas
Total kvote på 5533 tonn
ca. 13,8 mill middager
13 + 2 lærlingar
@msfiskebas


Energieffektivt skipsdesign i verdsklasse
The Norwegian Ship Design Company, som namnet vårt tilseier, teiknar båtar og følgjer heile prosessen frå første idéskisse til ferdig bygg, seier gründerane Gjermund Johannessen og Hans Kristian Dyrli. Pilene peikar oppover, og det ekspansive firmaet frå Sunnfjord ser lyst på framtida. Vi starta berre oss to i 2019, men i dag er vi 25 tilsette, fortel Gjermund, dagleg leiar i selskapet som imponerande nok har levert både aukande omsetning og positive resultat kvart einaste år sidan starten. Vi har mange prosjekt og er heile tida på utkikk etter motiverte skipskonstruktørar.
Det som skil oss frå andre skipsdesignarar er kompetansen vår på energieffektivisering og nullutsleppsløysingar, presiserer Hans Kristian. Vi vil vere med og bringe verda framover, og det klare målet vårt er å vere den føretrekte og leiande innan skipsdesign – med lågast mogleg utslepp. Dessutan har vi fordelen av å vere heilt uavhengige i marknaden, det vil seie at vi ikkje har bindingar til verft, utstyrsleverandør eller andre interesser. Det er ein klar føresetnad for å kunne velje den beste teknologien til ei kvar tid.
Norske interesser
Dei fleste av prosjekta våre har eit element av norsk interesse, men vi får stadig fleire førespurnader frå utlandet. For tida er våre design under bygging på ulike verft i Tyrkia, Danmark, Polen, Litauen og Norge. Alle prosjekta følgjer vi tett og vi leverer ein omfattande dokumentasjonspakke til verfta.
Hydrogendrift frå Bodø til Lofoten Vi har i fleire år samarbeida tett med Torghatten om eit stort signalprosjekt som har fått stor internasjonal merksemd. Norges lengste og tøffaste ferjestrekning frå Bodø til Lofoten (Vestfjordsambandet), skal få to hydrogenferjer i drift der vi har stått for designet. Fartøya har ny teknologi i ein skala verda ikkje har sett før, og er no under bygging på Myklebust Verft.
Vi er med på å skape noko heilt nytt, som vil gje ringverknader for framtidig skipsdesign, både for ferjer og lasteskip innan «short sea» segmentet. Hydrogendrift kan opplevast som eit stort sprang, men frå vår side er
det heilt klart at all ny teknologi og nye «drivstoff» ikkje skal kompromisse på verken sikkerheit, funksjon eller effektivitet.
Forlenga levetid
Skipsdesign til nybygg er primæraktiviteten i selskapet, men dei arbeidar også mykje med ombyggingar og oppgraderingar av fartøy. Her er det også ofte fokus på å redusere energiforbruk og CO2utslepp, gjennom optimalisering, effektivisering og andre fornyingstiltak.
Eit godt døme på dette er fabrikktrålaren frå Argentina – «Centurion del Atlantico» – som vart ombygd hos Westcon Florø i 20232024. Vi i Norwegian Ship Design har jobba med prosjektet heilt sidan 2021. Etter ein konkurranse blei vi valt som design og engineeringspartnar. Fabrikktrålaren vart bygd i 1986 i Japan, og mykje av gamalt teikningsgrunnlag var på japansk. Det er utfordrande når ein mellom anna skal installere ny hybrid drivline med ny hovudmotor, akselgenerator, batteripakke, nytt trålutstyr og nytt fabrikkanlegg.
Det innovative og framoverlente designselskapet i Førde har ambisjonar om vidare utvikling. – Vi er eit kontor med dyktige skipskonstruktørar, frå tidleg i 20åra til opp i 70åra. Vi opplever stor interesse for våre design og konseptløysingar, og har plass til fleire, avsluttar dei to gründerane.

norwegianshipdesign.no

Vi leverer fiber til bygd og by - og blir verande

Som prosjektingeniør på Westcon syt Kristoffer Dolve for at oppgradering av fregattar går saumlaust for seg.
Ingeniøren som vende heim
Dei første fregattane har byrja på oppgraderinga hos Westcon Yards Florø, og med det følgjer nye og utfordrande oppgåver. Ein av dei som kjenner fartøya godt, er Kristoffer Dolve. Han er prosjektingeniør, og har tidlegare jobba på ein av fregattane.
Med den nye forsvarskontrakta og eit sterkt fagmiljø er framtida lys for verftet. Berre i 2024 tilsette verftet opp mot 60 nye arbeidarar. Ein av dei er prosjektingeniør Kristoffer Dolve. Han var skipsmekanikerspesialist i 8 år på ein av dei norske fregattane, som no ligg i dokka på den nye arbeidsplassen.
– Oppgåva mi er å følgje opp jobbane på fregattane, frå planlegging og koordinering av produksjonslinja til ferdigstilling av inspeksjonsrapport. Kort og greitt passar eg på at alt er på plass slik at jobben vert gjennomført til avtalt tid, seier Kristoffer.
Det han likar godt med jobben er at den er allsidig og variert. Som prosjektingeniør er det ei god blanding mellom kontorjobb og tid ute i dokka for oppfølging og status. Det er mange nye problemstillingar ein skal finne gode løysingar på, og det synest han er kjekt.
Kjenner fregatten i blinde
Det er ei litt anna oppbygging på fregattar enn på tradisjonelle fartøy. Her er det ein fordel å ha god kjennskap til fregattane som no skal ligge i dokka på verftet.
– Fregatten som eg tidlegare jobba på kjenner eg i blinde, bokstaveleg talt. Ein del av opplæringa var å lære kvar alt står, sjølv om fartøyet er mørkt. Eg veit kor dei ulike komponentane står på denne fregatten. Då kan eg ta kjappe avklaringar på kontoret, i staden for å måtte gå inn på fregatten for å sjekke, fortel han.
Heim til Florø
For prosjektleiaren vart jobben på verftet óg ein god sjanse til å flytte heim igjen til Florø saman med
familien. Etter 6 år i Bergen og 2 år på Jessheim, var det etterlengta å kome heim.
– Det er ein anna setting når eg flyttar tilbake som tobarnsfar, og det er ein ny måte å oppleve Florø på. Det er ein flott stad å bu, spesielt når ein har barn. Her har vi kort veg til sjø og natur, og ein rolegare atmosfære enn i storbyane. Det kan vi heller oppsøke når vi ønskjer. Og så er det jo kjekt at det finst spennande jobbar her, seier han.
Leverer på arbeidsmiljø
Dei neste 16 åra med forsvarskontrakt gir høg aktivitet for Westcon Yards Florø. No har dei vakse til nesten 200 tilsette, men dei siktar mot å rekruttere 100 fleire tilsette over lengre tid.
– Eg vil sei at eg ein ganske lojal type, og har 13 år med jobberfaring fordelt på to arbeidsplassar. Er det eit godt arbeidsmiljø, så er eg tru, og verftet leverer 10 av 10 på dette. Vi jobbar i team, og det er variasjon i både alder og kunnskap som kjem godt med. Det er godt å ha nokon å både sparre med og å sjå opp til.
–I tillegg er dei flinke med sosiale opplegg. Sidan eg starta i september har det vore arrangert treningsøkter, 90tallsfest og teambuilding. Det er rett og slett ein god plass å jobbe, avsluttar han engasjert.

Med verden som arbeidsplass
Det er mange detaljar som skal koordinerast, dokumenterast og følgjast opp når
27 000 tonn eller 65 millionar måltid med laks og ørret skal formidlast frå Florø til forbrukarar i Europa, Asia og USA. Salsselskapet Bravo Seafood har knekt koden.
I sjøbua ytst på Horne Brygge sin kaikant finn vi ein gjeng med glade fiskehandlarar. Svein Helge Bruheim, Håkon Åsvang og Tore Svarstad etablerte Bravo i 2008, og har sidan då utvikla selskapet til å selje laks og ørret til nesten 50 land. 2023 var eit spesielt år då dei passerte 2 milliardar i omsetnad.
Vi er tilgjengelege
Dagleg leiar Karl Petter Myklebust meiner at nøkkelen til suksess ligg i engasjerte og flinke medarbeidarar. – Kjerneverdiane våre er ikkje tomme ord, men noko vi lever opp til kvar einaste dag. Vi skal vere tilgjengelege og engasjerte, og vi skal ha god kompetanse på det vi gjer.
– Vi samarbeidar med familieeigde oppdrettselskap langs heile den norske kysten. Totalt er det 25 selskap som samarbeidar med oss for å få fisken ut i verden. I 2024 selde vi 27 000 tonn laks og ørret, og det meste er ferskt. Den ferske fisken har ei kort haldbarheit, og har derfor dårleg tid til å rekke fram til sluttmarknaden og kunden. Det er mange detaljar som skal følgast opp

og dokumenterast frå fisken er pakka til den er levert hos kunden, og vi er med heile vegen. Kundane og leverandørane våre legg merke til dette.
Beherskar fleire språk – Med verden som arbeidsplass er det viktig å forstå kunden sin marknad. Ein stor del av fisken som Bravo sel går til Asia, og er eit viktig satsingsområde. Derfor styrkar vi oss med folk med ulik kultur og språkforståing. På distriktskontoret i Oslo har vi tre dyktige fagpersonar på flyteamet vårt, leia av Qiao Chen frå Kina. Til saman beherskar dei 6 ulike språk. No utvidar vi også staben på hovudkontoret i Florø og har tilsett Elise Midtbø som logistikkoordinator på hovudkontoret i Florø, fortset Karl Petter.
– Då eg såg utlysinga syns eg jobben verka spennande og eg har høyrt mykje bra om Bravo, så eg kunne ikkje la vere å søke. Det var ekstra kjekt å nå til topps, og få tilbod om stillinga. Eg har jobba med logistikk før, men på same tid blir det noko heilt nytt. No gler eg meg til å starte i jobben, seier Elise Midtbø.
Store mål
Trass ein beskjeden stab på tolv tilsette, satsar dei på å vere på topp i sin bransje.
– Vi skal vere det mest kostnadseffektive salsselskapet for laks og ørret. Det må vi vere for å kunne tilby konkurransedyktige vilkår til oppdrettarane og kundane vi samarbeider med.
Velkommen om bord til Fjord1
- finn din karriereveg hos oss!

Vi ser etter dyktige og engasjerte medarbeidarar!
Fjord1 veks, og vi har mange nye stillingar – både til sjøs og på land. Her finn du moglegheiter innan finans, HR, teknisk, leiing, forretningsutvikling – og sjølvsagt på våre fartøy.
Scan QR-koden og sjå våre ledige stillingar her:

Verdiskapar i Bremanger og Kinn ... og resten av verda
Lokale Mowi anlegg har stor betydning for nærmiljøet
√ Trygge arbeidsplassar
√ Gode lærlingordningar
√ Millionverdiar til kystkommunar
√ Stor bidragsytar i havbruksfondet som gir Bremanger og Kinn samla årleg over 100 millionar i frie inntekter
√ Sunn mat til verda

Svein Olav Senneset
Driftsleiar Mowi Gulestø
Kvifor velge Fjord1?
Innovasjon og berekraft:
Vi er leiande innan miljøvennleg ferje- og hurtigbåtdrift og jobbar kontinuerleg med å utvikle nye og berekraftige løysingar!
Gode utviklingsmoglegheiter:
Vi tilbyr kurs, vidareutdanning, medarbeidarsamling og leiarutvikling for å sikre at våre tilsette kan nå nye karrieremål.
Inkluderande arbeidsmiljø:
Vi legg stor vekt på trivsel og samarbeid, med både faglege og sosiale tilstelningar.

Ingebjørg Reksten Driftsleiar Mowi Flåtegrunnen
Bjørnar Aga Larsen
Driftsleiar Mowi Furneset
fjordbase.no
Overflatebehandlinger

Fjord Base Gruppen tilbyr komplette tjenester innen overflatebehandling. Vi har moderne fasiliteter og utstyr for vasking, sandblåsing og maling, og kan gi slitt og gammelt utstyr nytt liv. Våre erfarne medarbeidere har solid kompetanse fra on- og offshoreindustrien, samt maritim og landbasert virksomhet.
Ta kontakt for mer informasjon
Ronald Reksten
Subsea og prosjekt
ronald.reksten@fjordbase.no +47 95 85 97 08
Sandblåsing og maling
Sinkbehandling
Acryl og epoxy behandling av gulv og vegger
Vask og rengjøring
Mekaniske og tekniske tjenester
salg@fjordbase.no