PRO Vestland Årsrapport 2024

Page 1


Oppsummering av året 2024

FORMÅL

Opplæringskontoret sitt formål er å rekruttere, planleggje, gjennomføre og koordinere fagopplæring. Det er opplæringslova, med forskrifter som regulerer arbeidet med lærekontrakt og opplæringskontrakter. Opplæringskontoret kan ha medlemsbedrifter i heile landet.

Opplæringskontoret skal tilrettelegge og bistå med gjennomføringa av generell kompetanseutvikling i medlemsbedriftene innanfor dei områda som er aktuelle. Kontoret skal vere ein møteplass i kompetansespørsmål for medlemsbedriftene. Opplæringskontoret skal vere koordinator og pådrivar i informasjonsarbeidet ovanfor elevar, lærarar, rådgjevarar og foreldre som er knytt til grunn- og vidaregåande skule.

Opplæringskontoret sitt verkeområde er alle fag som kontoret til ei kvar tid har godkjenning i. Opplæringskontoret skal sørge for å få på plass godkjenning i fag når ei eller fleire av bedriftene har behov for nye fag. Opplæringskontoret skal vere organisert som ei stifting. Stiftinga er ideell og ikkje ei næringsdrivande stifting. Stiftinga har ikkje til formål å drive med erverv eller å gje økonomisk overskot. Stiftinga skal også kunne ivareta formålet ved å eventuelt etablere eller gå inn som eigar i aksjeselskap eller andre selskap.

Følgjande bedrifter har vore medlem i PRO 2024

A til Å Grafisk Design og Media AS

Balholm AS

Bastal

BB Gruppen Servicesystem

Bilfinger Industrial Services avd. Høyanger

Biltema – Førde

Bjarne Espe Trevarefabrikk

Bruland Bygg

Cargill Florø

Chatlet Sport 1 Førde

Coop Hordaland

Coop Nordvest SA

Døskeland Marine

Elkem avd. Bremanger

Elkjøp Fjordane AS (avd. Førde og Florø)

Europris Førde

Farsund Bygg

Felleskjøpet Agri AS avd. Førde

FINIO

Fjord Base Holding

Fjordpipe AS

LH Mekk

Linn Bad AS

Luster Mekaniske Industri AS

Maritime Montering AS

Maxim Gandrudbakken AS

Naustdal Dampbakeri AS

Nesseplast

Nor Tekstil avd. Jobbpartner Florø

Nor Tekstil avd. Jobbpartner Førde

Nordik Rutil as

Norgesmøllene AS

Normal Norge AS

Nortronik

Nortura avd. Sogndal

Nortura Førde

NVRLND Design CO

Obs Bygg Førde

Oceaneering Asset Integrity avd. Florø

Onitio

ONSHORE TECHNOLOGIES AS

Ornes Båtbyggeri

Fleten dekor FMC Technologies avd. Florø Park Kiosken AS

Fresvik Produkt AS Parker Wellbore

Førde Mekaniske Industri AS

Pelagia avd. Kalvåg

Gardsbrenneriet AS Per Bortheim Transport AS

Gas Tech AS Petal

Gasta Design og Kommunikasjon

Power Sunnfjord

Global Florø AS Pro Opplæringskontoret

Halliburton avd. Florø

Hansa Borg – Bergen

Ramco Norway

REMA 1000 Øyrane, Førde, Andreas Hjelle Daglegvare

Spar Sande

Sparebank 1 Sogn og Fjordane

Sparkjøp – Førde

Sport Outlet Førde

Staro Tech AS

Steinvik Fiskefarm AS

Stjernekjøp Snorre – Cubus avd. Florø

Sunnfjord Industri AS

Sunnfjord kommune / Renasys

Swire Oilfield Services AS

T. Frivik Taubanedrift AS

Telenorbutikken Førde

Tess Møre avd. Florø

TESS Nord AS

Tine Avd. Vik

Tine Bergen

Tine SA avd. Byrkjelo

Total Repairs AS

Trappeprodusenten AS

Vik Fengsel

Vik Ørsta AS

ViKi Florø

Walcon Maritime

Weatherford Norge AS

Wergeland AS

Wergeland Holding AS

Wergeland Safeport AS

West Industri Service AS

Westmek AS avd. Stadlandet

Windsor Door AS Havyard Ship Technology AS Rema 1000 AMFI Florø

Helle Fabrikker AS Rocketfarm

H-Vinduet Bauge

HYWER AS

Safeclean

Saga Fjordbase AS

Østerbø Solutions AS

NYE BEDRIFTER I 2024

Jysk Førde

Rema 1000 Evja Florø Intin

IT-Kom

Kavli

Klausen Industrier Svelgen

KMI Kleive Mekaniske & Industriservice

Lerum AS

Solbakken asylmottak

Solheim Diesel AS

Solund Båtbyggeri AS

Solund Verft AS

Spar Florø

Spar Handelshuset

Orkla Foods Norge AS, avd. Toro Arna

Vestnes Ocean AS

Vestnes Land

Johs Sælen & Sønn AS

Servi Group

Europris Florø

Styret

STIFTINGA HAR HATT FØLGJANDE STYRESAMANSETTING

• Øyvind Indrebø, leiar (innfelt bilde)

• Svein Arne Sandvik

• Gyda Bøthun

• Odd Erik Dingsøyr

• Irene Wergeland

Styret har hatt 10 styremøte, og behandla 63 saker. Det vart utbetalt styrehonorar til styret med kr. 295.000,-

Styret sitt strategiarbeid

Styret vidarefører arbeidet med strategi som er lagt til og med 2025. Rekruttering er det viktigaste framover, kampen om arbeidskraft er stor og vi har eit uttalt mål om å gjere våre medlemsbedrifter til førsteval når ungdommen skal velje læreplass.

Vi skal jobbe aktivt med bærekraft.

Styret vidarefører måltall, gjennomføring – 0 avbrot, 0 styrk og 50% av avlagte fagprøver skal ha resultat mykje godt. Inkludering og mangfald gjer moglegheiter og grunnlag for rekruttering av fagarbeidar med ulike bakgrunn, det skal vi legge til rette for.

Vi skal være ein god samarbeidspart for dei fleste og i 2023 sa vi at vi ville jobbe vidare med å sjå om det er mogleg å få synergiar av å styrke samarbeid med fleire bransjekontor. Målet er godt i gang, i 2024 etablerte vi HUB Yrkesfag i lag med seks andre bransje opplæringskontor. Styret vil fortsette å sjå på om det er fleire fag som er naturleg å legge til rette for at PRO kan administrere, opprette avdeling i PRO, dette arbeidet vil bli vidareført. I 2024 tok vi over OKN (opplæringskontoret for næringsmiddelfag) som er integrert i PRO.

Styret er nøgd med dei tiltaka som har gitt resultat, sjølv om det pr 2024 ikkje har medført det antall lærlingar som vi har som mål. Antall læreplassar som var meldt inn som intensjon var 104, det viser at arbeidet som

er gjort gjer resultat, men utfordringa er at vi no merker godt at elevtala som er grunnlaget for antall lærlingar vi får inn er sterkt redusert, kampen om ungdommane er beinhard.

For å styrke vårt strategiarbeid er det tilsett prosjektleiar som skal ta initiativ til, planlegge, iverksette og synleggjere resultat som støtter opp under styret sin strategi. Det er blitt jobba med nye samarbeidspartar, som A2G, og tettare samarbeid med NAV. Vårt internasjonale arbeid er styrka, vi har på plass nye utvekslingsprogram for våre lærlingar. Vi er og blitt ein attraktiv samarbeidspart for fleire land i internasjonalt arbeid med å sjå på fagopplæring både i skule og bedrift på tvers av landegrenser. Det er starta arbeid med «24 timer lærlingen» som er eit prosjekt for å ta vare på, spesielt hybel lærlingar også utan om arbeidstid. Kurset i onboarding har satt spor, fleire bedrifter som deltok har tatt dette med videre og vi merker eit betre fokus både hos oss sjølv og bedriftene, i arbeidet med å ta vare på lærlingen ved mottak og under vegs. Bedriftskultur i endring er eit prosjekt som vi vil ha fokus på framover, det vil være viktig for å gjere bedriftene attraktive.

Miljøfyrtårn

I 2024 har vi rapportert for første år som Miljøfyrtårn. Vi har fulgt opp det vi har satt som mål, vi har likevel eit område vi ønsker å fortsette å jobbe med, meir samkjøring. Vi jobber med å finne nye bærekraftsmål og resirkulering. Det er viktig at vi får til satsing på miljø i våre fellesareal, det er meir krevjande sida vi er avhengig av å få med fleire og huseigar må bli motivert, spesielt meiner vi det er ein del å hente på energisparing ved å byte ut lyspunkt i kontor og fellesareal til led.

Tilsette i PRO 2024

I 2024 har det vore fire faste årsverk, samt lærling i service og administrasjonsfag. I tillegg har det vore ein prosjektleiar som er knytt til strategi prosjekt.

• Jorunn Eide Kirketeig, Dagleg leiar

• Rakel Sunde, Fagkonsulent salsfag og administrasjonssekretær

• Daniel Bjørnsen, Fagkonsulent industri og teknologi

• Eirik Blom, Fagkonsulent industri og teknologi

• Kristen Stæger-Breisnes, Prosjektleiar

• Martin Pedersen, Lærling

REVISOR

BDO

BANKFORBINDELSE

Sparebanken Sogn og Fjordane

REKNESKAP

Regnskapssentralen

PRO ER AKTIV I FØLGANDE FYLKER

Vestland fylkeskommune

Jorunn
Rakel
Daniel
Eirik
Kristen
Martin

PLASSERING AV

KURS I VIDAREGÅANDE SKULE I VESTLAND

Vi seier oss nøgd med at vi har beholdt alle klasser i vg 1 TIF og VG 2 Industriteknologi, samt at antall klasser er opprettholdt. Vi er ikkje heilt nøgd med at Sogndal vgs ikkje har tilbod om vg 2 industriteknologi, då dette gjer det krevjande å rekruttere til bedriftene i Sogn, spesielt til Vik er det krevjande å rekruttere lærlingar.

Skuletilbodet som rekrutterer til lærlingar i salsfag og servise og administrasjonsfag ser ut til å samsvare med behovet pr no, men det er stadig fleire bedrifter som melder seg inn og vil ha lærlingar i desse to faga.

LÆRLING I PRO

Det er eit noko mindre tal lærlingar som har behov for tilrettelegging i 2024 sett oppimot 2023, men likevel er det for mange som ser ut til å være lite førebudd på kva som møter dei i arbeidslivet. Bedriftskultur ser ut til å være eit fråverande begrep. Fleire unge er ikkje klar til å starte voksenlivet og finne seg til rette i arbeidslivet, dei forventar meir tilrettelegging av fritida enn det som er vanleg i arbeidslivet.

INTERNASJONALISERING

Vi opprettheld våre internasjonale samarbeid med våre partnarar. Også i 2024 har vi jobba med å få på plass nye land for utveksling, samt revitalisere avtalen med Sønderborg. Samarbeidsland som er på plass er Latvia og Spania.

WORLD SKILLS

Dagleg leiar i PRO har vore initiativtakar til og aktiv pådrivar til at Vestland fylkeskommune fekk tildelt NM Yrkesfag 2025, som er lagt til Førde i veke 14 i 2025.

YRKESKONKURRANSE SOM PEDAGOGISK VERKTØY

Yrkeskonkurranse er ein læringsmetode som ser ut til å inkludere alle. Elevar og lærlingar kan delta og utvikle sin teoretiske og praktiske kunnskap gjennom konkurranse, etter same modell som dei vil kjenne igjen når dei skal opp til fagprøve.

JENTER OG TEKNOLOGI

Cargill var med på den nasjonale turneen. Vi har fått tildelt midler frå Sparebank stiftinga til «Jenter i industri», eit prosjekt som vil få fart i 2025.

Sara Gjerland Høyesen og Linnea Bortne Haveland, lærlingar hos Cargill.

Lærlingar i PRO 2024

• Logistikkfag

• Kjemiprosessfag

• Fagprøvesamling for lærlingar i salsfaget

• Kurs onboarding

• Florapiloten 1 - Logistikkfag, eit samarbeid med Flora vidaregåande og NAV

• Florapiloten 2 - industriteknologi i samarbeid med Flora vidaregåande og NAV

KURS FOR NYE LÆRLINGAR

• Varme arbeid

• Personløfter m/fallsikring

• Modul 1.1

• Motvektstruck KL. 4

• Bru-Traverskran

• Økonomi

• Lover og forskrifter

SAMARBEID MED NAV OG FLORA VIDAREGÅANDE SKULE

Gjennom Florapiloten har vi starta eit rekrutteringsprogram for vaksne i logistikkfag. Det deltek 6 kandidatar som alle har fått læreplass gjennom prosjektet, alle er knytt til våre medlemsbedrifter. Rett før nyttår vart det vedtatt at vi går videre med eit nytt prosjekt i 2024 – Florapiloten som skal rekruttere frå vg 2 industriteknologi. Gjennom dette prosjektet kan kandidaten og bedrift velje breiare mellom fleire fag, industrimekanikar, industrirørlegger, plate, og sveis, samt industriell overflatebehandling. Det vert jobba med å også få med produsjonsteknikkfaget.

«TENNING PÅ TEKNOLOGI»

I samarbeid med Fagskulen Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet, har vi bidrege til at vårt utstyr i traileren «tenning på teknologi» er plassert på Campus Førde og vil være tilgjengeleg for elevar, studentar og lærlingar.

MEDLEMSKAP I BRANSJEORGANISASJONAR

Norsk Industri

Virke

OKSU – OPPLÆRINGSKONTORA SITT SAMARBEIDSUTVAL

I lag med fylkeskommunen vil ein jobbe for å auke tal lærebedrifter og læreplassar, målet er at alle skal få læreplass.

SKULAR

PRO har gjennomført informasjonsmøte i alle aktuelle klassar på vg1, vg2 og vg3, samt delteke på alle karriere- og utdanningsmesser.

SoMe

PRO er aktiv på Facebook og legg ut innlegg med bilder og tekst frå møter med lærlingar og bedrifter. Gjennom innlegg vil vi sette fokus på våre gode lærebedrifter og flotte lærlingar. PRO jobbar med å bli synlege på Instagram, innlegg som vert posta på facebook skal komme også på Instagram. PRO har Linked In profil der vi har litt aktivitet, men kan med fordel lage oss ein betre strategi som skaper større aktivitet.

PRO har jobba i tråd med dei krav som er sett opp gjennom vedtektene og i samsvar med fatta årsmøtevedtak og styrevedtak. PRO har gjort sitt for å få ei positiv vinkling på medlemsbedriftene som gode lærebedrifter.

ARBEIDSMILJØ

Styret og dagleg leiar vurderer arbeidsmiljøet til å være godt. Betring av arbeidsmiljø er eit kontinuerleg arbeid, alle står fritt til å ta opp aktuelle saker og det vert vektlagt trygt arbeidsmiljø. Vi brukar Motovati som reiskap, til å planlegge medarbeidar /utviklingsamtaler. Det er gjennomført miljøundersøking som viser at PRO er ein trygg og god arbeidsplass, der alle vert inkludert.

LIKESTILLING

Det har vore tilsett tre kvinner og tre menn i dei 7 første månadene, frå august var det fire menn og to kvinner (ny lærling er ein mann). Styret er samansett av tre menn og to kvinner.

MÅLTALL

Det har vore 167 lærekontraktar og ei lærekandidat kontraktar knytt til PRO i 2024.

PRO har teikna 59 nye lærekontraktar i 2024.

46 lærlingar har gått opp til fagprøve, av desse var det 14 som fekk bestått mykje godt.

KONKLUSJON

Vi har ikkje nådd vårt måltal med omsyn til å ha 50% fagprøver med bestått mykje godt. Det er uvisst kvifor dette måltalet ikkje er nådd.

Vi kan ikkje sei oss nøgd med inntak av lærlingar. Bedriftene hadde meldt inn behov for 104 nye lærlingar. Sett i lys av antall medlemsbedrifter så bør behovet for lærlingar være minst 100 kvart år.

Spesielt har vi fokusert på at både lærling og bedrift skal oppleve god kvalitet på vårt arbeid. Målet skal være at bedriftene vert gode og attraktive lærebedrifter og at lærlingar og lærekandidatar opplever god og trygg opplæring som fører fram til fagbrev og kompetansebevis. Styret vil arbeide med å sette måltal som byggjer opp under PRO sitt arbeid med lærlingar, lærekandidatar og våre medlemsbedrifter.

Gjennomføring er eit viktig måltal. Styret og leiing seier seg nøgd med at det har vore 2 heva kontraktar i 2024. Med bakgrunn i lærlingundersøking, samt individuell oppfølging med kvar enkelt lærling, ser vi at lærlingane opplever tryggleik og fagleg oppfølging og at bedriftene ser opplæringskontoret som ein verdifull samarbeidspart som bidreg både administrativt og fagleg. Vi ser ein auke i antall heva kontraktar sett oppimot tidlegare år. Vi har stilt oss spørsmål om det er ein samanheng mellom auka aktivitet frå rettleiingstenesta – RLT og fråfall. Statistikk viser at det har skjedd negativ endring etter auka aktivitet gjennom RLT. Det er viktig å følgje dette over tid, for å finne korleis eit samarbeid med RLT kan bidra til å redusere fråfall.

Det er verdt å merke seg at tidlegare har fråfall vore 0 dei aller fleste åra. Vi likar ikkje den negative trenden. Sjå Vestland fylkeskommune – Kvalitets tall 2023/2024. Link under eige kapittel.

NY OPPLÆRINGSLOV MED NY FORSKRIFT

–SAMARBEID MED VESTLAND FYLKESKOMMUNE (VLFK)

2024 har vore eit krevjande år, vi håper det er på grunn av at det har krevd eit stort arbeid av både oss og VLFK for å tilpasse oss ny lov og forskrift. Vi må ha lov å sei i frå om at VLFK har gjort dette arbeidet ekstra krevjande, til tider har det blitt opplevd som å bli motarbeidd. Det er vanskelg å følgje nye krav som går langt utforbi det lov og forskrift krev, og vi må kunne stille spørsmål ved kva som er mål og hensikt. Samanlikna med andre fylkeskommunar ser vi at det er mykje som er meir krevjande i VLFK enn andre fylkeskommunar. Samarbeidsklima mellom opplæringskontor og VLFK er satt på prøve. Eit område som vi

ønskjer å sei noko om er rettleiingstenesta, vi slit framleis med å forstå arbeidsmetodar og korleis modellen som er i bruk i dag skal bidra til betre gjennomføring. Det er og naturleg å stille spørsmål om VLFK sitt krav til at RLT skal gjennomføre fagleg leiar- og instruktørkurs har bidrege til auka kvalitet og gjennomføring?

I 26 år har vi for vår del gjennomført desse kursa og utvikla dei over tid. Kursa har vore ein god arena og møteplass mellom oss og våre medlemsbedrifter, ein arena vi treng, og som har vore brukt til å styrke kvalitet og samarbeid.

Vi har delteke på kurs som RLT gjennomfører og vi har hatt kurs i lag med RLT, vi kan ikkje sjå at innhaldet og gjennomføring skal bidra til å styrke kvalitet og gjennomføring utover det vi har bidratt med ved eigne kurs.

Eit anna område som vi er spørjande til er innhaldskravet til samarbeidsavtaler med våre medlemsbedrifter, vi stiller oss undrande til dette arbeidet, som er uklårt og opplevast meiningslaust. VLFK har problem med å svare på kvifor dei har satt i verk alle dei tiltaka dei har stilt overfor opplæringskontor.

Det positive er at det er mykje kjekke folk i RLT, sjølv om gjennomtrekken har vore stor har vi fått til gode samarbeid med dei som er stabile, og vi jobbar mot felles mål.

Vestland fylkeskommune - kvalitets tall 2023/2024

Resultat skuleåret 2023/24 - Vestland fylkeskommune

TOTALT TAL KONTRAKTER TILKNYTTET PRO PR. ÅR

Årsrekneskap 2024

RESULTATREKNESKAP

OVERFØRING

Irene Perly Kjelby Wergeland styremedlem

BALANSE

Gyda Bøtun styremedlem

Erik Dingsøyr styremedlem

Jorunn Kjersti Eide Kirketeig dagleg leiar

Styret i Pro-Vestland Opplæringskontor
Øyvind Indrebø styreleiar
Svein Arne Sandvik styremedlem
Odd

PRO-VESTLANDOPPLÆRINGSKONTOR

Rekneskapsprinsipp

ÅrsrekneskapenersettoppisamsvarmedrekneskapslovaogNRS8,Godregnskapsskikkforsmå foretak.

DRIFTSINNTEKTER

Inntektsføringvedsalavvarerskjerpåleveringstidspunktet.Tenesterblirinntektsførteetterkvartsom deiblirleverte.

SKATT

Selskapeterikkjeskattepliktig.

KLASSIFISERINGOGVURDERINGAVANLEGGSMIDLAR

Anleggsmidlaromfattareigedelarsomersetteavtilvarigeigeogbruk. Anleggsmidlarervurdertetil innkjøpskostnad.Varigedriftsmidlarblirbalanseførteogskrivneavoverdenøkonomiskelevetida deira.Avskrivingsperiodenforfasteigedomsomerkjøptetter2009,erdekomponertieindelsomgjeld råbygget,ogeindelsomgjeldfastetekniskeinstallasjonar.Varigedriftsmidlarblirnedskrivnetil beløpetsomkanattvinnastvedverdifallsomerventaåikkjevereforbigåande.Beløpetsomkan attvinnast,erdethøgsteavnettosals verdiogverdiibruk.Verdiibrukernoverdiavframtidige kontantstraumarsomerknyttetileigedelen.Nedskrivingablirreversertnårgrunnlagetfornedskrivinga ikkjelengerertilstades.

KLASSIFISERINGOGVURDERINGAVOMLØPSMIDLAR

Omløpsmidlarogkortsiktiggjeldomfattarnormaltpostarsomforfelltilbetalingseinasteittåretter balansedagen,ogpostarsomgjeldvarekrinsløpet.Omløpsmidlarblirvurdertetillågasteverdiav innkjøpskostnadogverkel egverdi.

FORDRINGAR

Kundefordringarogandrefordringarblirførteopptilpålydandeverdietterfrådragforavsetningtil forventatap.Avsetningtiltapblirgjortpågrunnlagaveiindividuellvurderingavdeienkelte fordringane.

Note1Driftsinntekter

Aktivitet

Offentlegtilskottillærlingplassar

Gevinstvedsalavdriftsmidlar/tilhengar

Vidarefaktureringavkostnader

Note2Lønskostnaderogytingaroggodtgjeringtilrevisor

LØNSKOSTNADER

Note2Lønskostnaderogytingaroggodtgjeringtilrevisor

LØNSKOSTNADER

Andreytingar(lønntilstrategiarbeidoverførttilandre driftskostnader)

Løningar

Selskapethari2024sysselsett5årsverksamtlærlingi80%stilling.

Andreytingar(lønntilstrategiarbeidoverførttilandre driftskostnader)

Selskapethari2024sysselsett5årsverksamtlærlingi80%stilling.

PENSJONSFORPLIKTINGAR

Selskapeterpliktigtil åhatenestepensjonsordningetterlovomobligatorisktjenestepensjon. Pensjonsordninganetilselskapettilfredsstillerkravaidennelova.

Selskapethari2024sysselsett5årsverksamtlærlingi80%stilling.

PENSJONSFORPLIKTINGAR

Selskapeterpliktigtil åhatenestepensjonsordningetterlovomobligatorisktjenestepensjon. Pensjonsordninganetilselskapettilfredsstillerkravaidennelova.

PENSJONSFORPLIKTINGAR

REVISOR

Selskapeterpliktigtilåhatenestepensjonsordningetterlovomobligatorisktjenestepensjon. Pensjonsordninganetilselskapettilfredsstillerkravaidennelova.

Detkostnadsførterevisjonshonoraretfor2024utgjerkr95147eks.mva. Honorarforandretenestererkr0eks.mva.

REVISOR

Detkostnadsførterevisjonshonoraretfor2024utgjerkr95147eks.mva. Honorarforandretenestererkr0eks.mva.

REVISOR

Note3Anleggsmiddel

Detkostnadsførterevisjonshonoraretfor2024utgjerkr95 147eks.mva. Honorarforandretenestererkr0eks.mva.

Note3Anleggsmiddel

Note3Anleggsmiddel

+Tilgangkjøptedriftsmiddel

=Innkjøpskostnad31.12.24

Akkumulerteavskrivingar31.12.24

=Bokførtverdi31.12.24

Innkjøpskostnadpr.01.01.24

+Tilgangkjøptedriftsmiddel 175894175894

Ordinæreavskrivingardetteåret

=Innkjøpskostnad31.12.24 15467033208613475530

Akkumulerteavskrivingar31.12.24 15467024937612648430 =Bokførtverdi31.12.24

Ordinæreavskrivingardetteåret 142095142095

Økonomisklevetid

Note4Eigenkapital

Note4Eigenkapital

Note4Eigenkapital

Note5Kundefordringar

Note6Andrekortsiktigekrav

*Kurslogistikkkr221.726,-.

*Kurskjemikr225.000,-.

Note7Bankinnskot

Midlarpåskattetrekkskonto(bundnemidlar)erkr375 281.

Uavhengig revisors beretning

Til styret i Pro-Vestland Opplæringskontor

Uttalelse om årsregnskapet

Konklusjon

Vi har revidert årsregnskapet til Pro-Vestland Opplæringskontor.

Årsregnskapet består av:

 Balanse per 31. desember 2024

 Resultatregnskap for 2024

 Noter til årsregnskapet, herunder et sammendrag av viktige regnskapsprinsipper.

Grunnlag for konklusjonen

Etter vår mening:

 Oppfyller årsregnskapet gjeldende lovkrav, og

 Gir årsreg nskapet et rettvisende bilde av stiftelsens finansielle stilling per 31. desember 2024, og av dens resultater for regnskapsåret avsluttet per denne datoen i samsvar med regnskapslovens regler og god regnskapsskikk i Norge.

Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med International Standards on Auditing (ISA-ene). Våre oppgaver og plikter i henhold til disse standardene er beskrevet nedenfor under Revisors oppgaver og plikter ved revisjonen av årsregnskapet. Vi er uavhengige av stiftelsen i samsvar med kravene i relevante lover og forskrifter i Norge og International Code of Ethics for Professional Accountants (inkludert internasjonale uavhengighetsstandarder) utstedt av International Ethics Standards Board for Accountants (IESBA-reglene), og vi har overholdt våre øvrige etiske forpliktelser i samsvar med disse kravene. Innhentet revisjonsbevis er etter vår vurdering tilstrekkelig og hensiktsmessig som grunnlag for vår konklusjon.

Styret og daglig leders ansvar for årsregnskapet

Styret og daglig leder (ledelsen) er ansvarlig for å utarbeide årsregnskapet og for at det gir et rettvisende bilde i samsvar med regnskapslovens regler og god regnskapsskikk i Norge. Ledelsen er også ansvarlig for slik intern kontroll som den finner nødvendig for å kunne utarbeide et årsregnskap som ikke inneholder vesentlig feilinformasjon, verken som følge av misligheter eller utilsiktede feil.

Ved utarbeidelsen av årsregnskapet må ledelsen ta standpunkt til stiftelsens evne til fortsatt drift og opplyse om forhold av betydning for fortsatt drift. Forutsetningen om fortsatt drift skal legges ti l grunn for årsregnskapet så lenge det ikke er sannsynlig at virksomheten vil bli avviklet.

Revisors oppgaver og plikter ved revisjonen av årsregnskapet

Vårt mål er å oppnå betryggende sikkerhet for at årsregnskapet som helhet ikke inneholder vesentlig feilinformasjon, verken som følge av misligheter eller utilsiktede feil, og å avgi en revisjonsberetning som inneholder vår konklusjon. Betryggende sikkerhet er en høy grad av sikkerhet, men ingen garanti for at en revisjon utført i samsvar med ISA-ene, alltid vil avdekke vesentlig feilinformasjon. Feilinformasjon kan oppstå som følge av misligheter eller utilsiktede feil.

BDO
Penneo

Feilinformasjon er å anse som vesentlig dersom den enkeltvis eller samlet med rimelighet kan forventes å påvirke de økonomiske beslutningene som brukerne foretar på grunnlag av årsregnskapet.

For videre beskrivelse av revisors oppgaver og plikter vises det til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger

Uttalelse om andre lovmessige krav

Konklusjon om forvaltning

Basert på vår revisjon av årsregnskapet som beskrevet ovenfor, og kontrollhandlinger vi har funnet nødvendig i henhold til internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», mener vi at stiftelsen er forvaltet i samsvar med lov, stiftelsens formål og vedtektene for øvrig.

BDO AS

Laila Solheimslid statsautorisert revisor (elektronisk signert)

Signaturene i dette dokumentet er juridisk bindende. Dokument signert med "Penneo™ - sikker digital signatur". De signerende parter sin identitet er registrert, og er listet nedenfor.

"Med min signatur bekrefter jeg alle datoer og innholdet i dette dokument."

Solheimslid, Laila Katrine

Statsautorisert revisor

Serienummer: no_bankid:9578-5993-4-3506850

IP: 188.95.xxx.xxx

2025-03-06 13:50:47 UTC

BDO AS, et norsk aksjeselskap, er deltaker iBDO International Limited, et engelsk selskap med begrenset ansvar, oger en delav det internasjonale nettverket BDO, sombestår av uavhengigeselskaper ide enkelte land. Foretaksregisteret:

Innkalling og sakliste til årskonferanse 2025

Stad: Scandic Sunnfjord hotell

Dato: Fredag 21. mars 2025

Tid: 16.00 –

Påmelding: https://provestland.no/kurs/arskonferansen-2025/

Merk: I etterkant av årskonferansen vert det motivasjonsforedrag ved Inge Solheim før fagbrev utdeling.

PROGRAM for heile kvelden

16.00 Årsmøte

17.30 Fagbrevutdeling og helsingar

20.00 Festmiddag

Registrering av frammøte og fullmakter

ÅRSKONFERANSE

–Årsmøtedokument på PRO si heimeside.

OPNING OG VELKOMMEN VED DAGLEG LEIAR

VAL AV MØTELEIAR

VAL AV SEKRETÆR

GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE

VAL AV TO TIL Å SIGNERE PROTOKOLL

ÅRSRAPPORT

REKNESKAP 2024

BUDSJETT

HANDLINGSPLAN

VAL: Styret

Valnemnd

Fagbrevutdeling 2025

Det er ei stor oppleving å fullføre eit fagbrev, og vi ønskjer å feire dette med deg. Vi er fem opplæringskontor som går saman og har den store gleden av å invitere deg til ei høgtideleg markering med utdeling av fagbrev og middag. Vi vil gjere dette til ein minneverdig kveld, der vi gjer stas på deg og fagbrevet ditt.

Tidspunkt: fredag 21. mars 2025 klokka 17.30

Stad: Scandic Sunnfjord Hotell i Førde

Program

17.30 – 19.45 20.00

Høgtideleg utdeling av fagbrev, gratulasjonstalar og kulturelle innslag Middag

Festen fortset på Larris for dei som ønskjer det.

Ver venleg å gi beskjed om du kan kome innan 14. mars slik at vi kan leggje til rette for ei flott feiring. Vi gler oss til å feire deg, velkommen til ein flott kveld!

Meld deg på

Med vennleg helsing

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.