Førdepakken i Firda 16.1.2013

Page 1

Onsdag 16.01.

Storesøster i rakettfart Nært & kjært SIDE 31 Firdakortet som MMS

www.firda.no NR. 13 - VEKE 3 - 2013 LAUSSAL KR. 25,00 96. ÅRGANG

TRENG FOLK UTANFRÅ

Send FIKORT til 2005

Byens rykte står på spel

▶ Den største utfordringa for fylket framover er å få tak i nok utanlandsk arbeidskraft, sa banksjef Arvid Andenæs (bildet) under presentasjonen av Næringsbarometeret.

NYHENDE SIDE 6–7

MILJØBOMBE I ASKVOLL ▶ Etter at arbeidet med å ordne til området nedanfor rådhuset i Askvoll var ferdig, skriv entreprenøren i eit brev til kommunen at det ligg mykje skrot i grunnen.

NYHENDE SIDE 5

SKULDA FOR ARROGANSE ▶ Både avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen (bildet) og leiinga i DSB vart skulda for arroganse og maktmisbruk i dialogmøtet om nedlegging av alarmsentralen i Florø i går.

▶ Auka trafikk og støy kan i verste fall gje Førde eit dårleg rykte og medføre både rekrutteringsproblem for næringslivet og reduksjon i folketalsveksten, meiner Asplan Viak. Førdepakken AS la i går fram ein bompengeplan med investeringar i vegnettet på 1,5 milliardar kroner.

NYHENDE SIDE 10–11

NYHENDE SIDE 2–4


ONSDAG 16.01.  2013

2 Onsdag

16.01.

Nyhende Store og små hendingar frå heile distriktet.

På vinterfest FØRDE: Trioen Gran Prix er klar for å underhalde på Sunnfjord Vinterfest i Førde laurdag 16. februar. På di side 22

Vil hente 750 mill FØRDE: Styret i Førdepakken ser føre seg investeringar på opp til 1,5 milliardar kroner i vegnettet i Førde.

FAKTA ▶ Selskapet Førdepakken AS er samansett av kommuane Førde, Gaular, Naustdal og Jølster og 13 lokale bedrifter.

VEGPAKKEN SIGURD LØSETH OG HELGE JOHNSEN redaksjon@firda.no

I utgangspunktet skal halvparten takast inn i bompengar, med andre ord inntil 750 millionar kroner, over 15 år. Dette vart vedteke på møte i Førdepakken AS i går, der det låg føre ei lengre utgreiing frå Asplan Viak om verknadene av å innføre bompengar – og av å la vere. – Redusert tryggleik og framkjømd, auka støy og ureining, avgrensa rom å bevege seg i for gåande og syklane vil bli resultatet av den aukande trafikken dersom ikkje større tiltak vert sette i verk, oppsummerer konsulentselskapet.

2040-perspektiv – Styret i Førdepakken AS er veldig einig i at Førde må ta grep. Då er det viktig at ein har 2040 som perspektiv og ikkje 2013, seier styreleiar Oddvar Flæte og viser til uttaler frå Namos-ordføraren, som på eit ope møte i Førdehuset i går kveld fortalde om erfaringane med bompengar i sin kommune. – Næringslivet der tykkjer det som har vore gjort, er ypparleg, seier Flæte. Asplan Viak har rekna på fleire takstnivå, m.a. at 9 kroner for lette og 18 på tunge køyretøy på fem bomstasjonar kan gje inntekter på éin milliard kroner. Men Flæte vil ikkje seie noko som om kva nivå takstane kan bli. – Det er veldig vanskeleg å vere spesifikk på dette. Det er mellom anna avhengig av ra-

battar og unntak nokre deler av døgnet. Vi skal gå grundig gjennom materialet i løpet av våren, lage vår eiga utgreiing og simulere ein del modellar, før vi tek ei avgjerd i juni. Det er ikkje avgjort kvar bommane skal stå. Først må det bestemmast kva vegar som skal vere med. – Men utgreiinga frå Asplan Viak har vore veldig nyttig, og viser at Førde får problem utan å rigge seg for trafikkveksten, seier styreleiaren. Eit oversyn over alle prosjekt i Førde, viser ein samla kostnad på 2,4 milliardar. Sjølv etter 15 år og 1,5 milliardar vil mykje stå att. – Mykje vil stå att, men fullkome blir det sjeldan, seier Oddvar Flæte.

Endring i handel? Asplan Viak meiner handel og næringsliv i Førde vil bli skadelidande av auka biltrafikk. – Vi har sett at Sogndal, Gloppen og Florø har hatt ein sterkare handelsvekst enn Førde dei siste åra, og kanskje er dette eit første teikn på ei endring i handelsmønsteret i regionen. Dersom ein t.d. bur i Jølster, så er avstanden til Sogndal og Sandane om lag den same som til Førde. I Naustdal har ein kort veg til Florø, og Gaular og Høyanger ligg innanfor to timars reisetid til Knarvik og Åsane, skriv konsulentselskapet som meiner ein Førdepakke vil kunne styrke Førde sin posisjon i regionen.

POSITIV, MEN: Næringslivstalsmannen Leif Arne Åsen var oppteken av at ein må få inn mest mogleg bidrag frå staten og fylkeskommunen, når Førdepakken skal finansierast. Foto: Helge Johnsen

Førde kan bli svekt som handelssenter Bompengerapporten til Asplan Viak gir klare signal om at trafikkveksten kan føre til svært uheldige konsekvensar for Førde, om ikkje større tiltak vert sette i verk.

– Her kan nemnast store avviklingsproblem i sentrum, overbelastning og dårleg avvikling i kryss som Fv 609/E39, Vievegen /Fv 484 og på Kronborg, heiter det i rapporten. – I verste fall kan eit dårleg rykte medføre både rekrutteringsproblem for næringslivet

og reduksjon i befolkningsveksten. Namsos, Asker, Sogndal og Florø er døme på stader som har satsa mykje på stadsutvikling gjennom fysiske tiltak, og som har lykkast i større eller mindre grad. Førde sin posisjon som eit sterkt regionsenter kan stå i

fare for å bli svekt dersom byen blir oppfattar som uframkomeleg og utriveleg, åtvarar Asplan Viak. Konsulentselskapet viser til at handelen i Førde veks seinare enn både resten av fylket og i landet. I perioden 2009–2011 hadde

Førde ein årleg handelsvekst på 2 prosent, mens veksten i heile Sogn og Fjordane var på 2,5 og i Norge 3,4 prosent.


ONSDAG 16.01.  2013

NYHENDE

3

Har den beste låta

DAT tapte rettssak

KULTUR: Med låten «Heartbroken City» stakk nordfjord-bandet b0ka av med pris for beste låt i låtkonkurransen 4Sound Demotape nyleg. Prisen er på 100.000 kroner.

OSLO: Danish Air Transport (DAT) nådde ikkje fram med si rettssak mot Samferdsledepartementet. Selskapet meiner anbodsprosessen har skapt monopol for Widerøe, men tapte, melder Firdaposten.

l i bompengar

SITAT FRÅ ASPLAN VIAK ▶ Samfunnet kan spare nesten 30.000 kroner for kvar person som byrjar å sykle til jobben. ▶ Første år etter innføring av bompengar har nedgangen i trafikken i fleire byar vore på 10–20 prosent og dermed høgare enn forventa. Dei neste åra har nedgangen vore mindre. ▶ Mange bompengeprosjekt opplever lågare inntening enn forventa. Årsaka til dette er bl.a. meir bruk av rabattordning enn forventa, fleire gratispasseringar og høgare driftskostnader. ▶ Undersøkingar viser at mange i forkant seier dei vil endre handlevanane sine dersom det vert innført bompengar. I realiteten er det få personar som faktisk gjer det. ▶ Undersøkingar i Norge har vist minimale endringar i omsetning for handelsnæringa etter innføring av bompengar. ▶ Haldningane til bompengar er ofte negativ i forkant, men endrar seg når folk ser kva ein får igjen for pengane. ▶ Namsos sjølvbilde har blitt betre, og folk er stolte av byen sin. ▶ Framskrivinga viser at Førde kan vekse frå dagens 12.300 innbyggjarar til opp mot 19.000 i 2040. ▶ Trafikkberekningar viser at så nær som alle strekningar i og rundt Førde vil auke betydeleg fram mot 2040, og over halvparten vil få meir enn 30 prosent trafikkvekst. ▶ I dag er det ca 1000 tunge køyretøy inn til Førde kvar dag. Med 36 prosent trafikkvekst vil ein nærme seg 1400 fram mot 2040. ▶ Med dagens vegnett får E 39 mellom Rv 5 og Fv 484 ein berekna årsdøgntrafikk i 2040 på 17.500 – 20.000. Dette tilseier at det bør etablerast ei løysing med fire felt. ▶ Eit samanhengande sykkelvegnett av høg kvalitet er vanskeleg å få gjennomført utan midlane som vil komme med ein eventuell bompengering.

Proteststormen kom ikkje Førdepakkens første skisser vart møtt med avventande, og i hovudsak positiv haldning på eit folkemøte i går kveld. Ingen tok til orde for noko opprør mot bompengetanken. Næringslivsrepresentanten Leif

Arne Åsen var svært oppteken av å få mest mogleg medfinansiering frå staten og fylkeskommunen, men signaliserte støtte til bompengefinansieringa. Trond Valaker bad om at ein måtte ta omsyn til næringslivet, og sa at det ikkje er hjelp i å ha sykkelvegar til sentrum, om folk ikkje har

jobbar å sykle til. Ein tredje næringslivsmann, Geir Opseth, spurde om det er nokon som jobbar med å finne ut kva ein kan få til utan å bruke bompengar, og fekk svar som i kortversjon slo fast at bompengar er einaste utveg, om Førde skal utvikle seg. Mange av dei frammøtte var

spesielt opptekne av å få lagt til rette gang/og sykkelvegar. Dei fekk også høyre om røynslene frå Namsos, som har gjennomført ei liknande vegutbygging basert på bomring. Der minka motstanden, og den nye infrastrukturen skapte ny optimisme, fortalde Namsos-ordførar Morten Stene.

▶ Dersom Førde i framtida skulle hamne i den situasjon at byen vert oppfatta som lite framkomeleg, er det fare for at deler av handelen lek til konkurrentar som Bergen, Sogndal, Florø og Sandane. ▶ I dag kan ein få seg jobb kor som helst. Undersøkingar viser at staders kvalitetar og miljø vert stadig viktigare for folks val av stad å bu.


4

NYHENDE

ONSDAG 16.01.  2013

OVERSYN: Skissa viser nye veg-, tunnel- og bruprosjekt i ein 1,5 milliardars pakke, pluss nye gang- og sykkelvegar og sykkelfelt i køyrebaner.

Skisse: Førdepakken AS

Vegkart nye Førde ▶ Dette er prosjekta som kan løysast for 1,5 milliardar kr FØRDE: Tre nye vegsamband, gang- og sykkelvegnett i den flate delen av byen og eit estetisk løft for gatene.

VEGPAKKEN SIGURD LØSETH sigurd.loseth@firda.no 91149802

Ovanståande skisse viser kva Førde kan få for 1,5 milliardar i veginvesteringar med bompengar og offentlege løyvingar. Styret i Førdepakken AS opnar for å sikte mot ein slik investeringspakke, og har og silt ut tiltak dette gir rom for, men som politikarane til slutt skal ta avgjerd om. – Dette er eit tidleg utkast til prioritering, men sluttresultatet kan bli annleis, seier prosjektleiar Arve Seger.

To bilbruer I utgangspunktet tenkjer styret seg ei fordeling med 50 prosent bompengar og 50 prosent i bi-

drag frå kommune, fylket og stat. Det betyr i så fall at inntil 750 millionar skal finansierast med bompengar. Men det finst også eksempel på at meir enn 50 prosent har blitt løyst med bompengar, seier Seger. Tre nye bilvegar med bruer har komme med: frå Hafstad bydel over Jølstra til Angedalsvegen, over Indre Øyrane med bru over Løken til Langebruvegen ved sjukeheimen og nytt brusamband frå Halbrendsøyra til Øyrane. – På denne måten får vi spreidd trafikken, og løyst ein stor del av trafikkproblema i sentrum. Vi får opna opp to store utbyggingsområde, Hafstad og Indre Øyrane, og kan ta unna trafikkveksten dei vil gje. Utan desse sambanda vil utbyggingane her stoppe opp, seier prosjektleiaren. Han meiner dei no har lagt ein plan for å få redusert biltrafikken i sentrum ved at fleire kan ta seg fram på nye gang- og sykkelvegar, og tilbakeviser kritikken frå Naturvernforbundet om at dei berre tenkjer bil.

– Skissa viser eit samanhengande gang- og sykkelvegnett i dei flate delane av byen, seier Seger og viser m.a. til at dei knyter skulane og dei store bustadområda på Vie og Slåtten til sentrum. Ein ny gang- og sykkelveg går langs sørsida av Jølstra frå Hafstad bydel til Fv 484 mot Vie. – Vi har vurdert fleire alternativ ved sjukehuset, m.a. bru til Prestholmen (der Anga og Jølstra møtest), men då er vi inne på område med viktig naturmiljø. Ein gang- og sykkelveg sør for Jølstra vil vere mykje billigare

og kan komme fortare, seier Seger.

Skrik på fornying To element som er med i planen, men ikkje vist på skissa, er Bergumkrysset og gangveg frå Halbrend til Hogane. Men dette er tiltak som bør komme raskt, og som kan bli finansierte på andre måtar, meiner Seger. Bergumkrysset var venta løyvingar til alt på årets statsbudsjett. Også ein gang- og sykkelveg på vestsida av Storehagen bru blir vurdert teke inn, og elles er An-

gedalsvegen og Fjellvegen tunge løft i pakken. Arve Seger er ikkje i tvil om at vegnettet i Førde no skrik på ei fornying. – Vi ser tiltaka som er gjort langs Jølstra, opprustinga som skjer ved museet og Elvegata og den fantastiske plassen som kjem ved rådhuset. Saman med desse tiltaka vil dei nye planane løfte vegsystemet opp i ein annan klasse. Vi snakkar om trivsel, estetikk, kvalitet og ein god situasjon mellom gåande, syklande og bilistane.

Berre plass til éin tunnel Med 1,5 milliardar i investeringar vil det vere plass til éin tunnel, anten på nordsida eller sørsida i Førde. Dersom ramma blir redusert til ein milliard, vil både tunnelen og bru Halbrendsøyra-Øyrane falle ut av pakken.

Tunnelane har blitt sett på som lekk i eit ringvegsystem, men med halvannan milliard i investeringar er det berre tunnel bak sentrum sør som er inne i pakken. – Vi skulle gjerne hatt plass til fleire tiltak, men begge tunnelane får vi ikkje, seier Seger. Han legg til at dei kan komme til å falle ned på det andre alter-

nativet i løpet av prosessen, men han skjuler ikkje at han ser ein tunnel frå Indre Øyrane under Presteholten til Angedalsvegen som eit vanskeleg prosjekt både og teknisk. – Sjøahola er eit sårbart område og eit viktig flaumområde. Ein veg må løftast over Løken og vil bli veldig synleg, seier Arve Seger.


ONSDAG 16.01.  2013

NYHENDE

5

Aukar SFO-prisen

Ein million for kaia

ASKVOLL: I desember vedtok kommunestyret å auke prisen for SFO med 3,1 prosent. For dei som skal ha full SFO, 25,75 timar i veka, vil det no koste 2544 kroner i månaden. Ein time vil koste 99 kroner. Dei nye satsane gjeld frå 1. januar i år, og vil gjelde på den fakturaen som blir sendt ut i januar.

ASKVOLL: I samband med bygging av ny ferjekai i Askvoll er det gjort avtale mellom Askvoll kommune og Statens vegvesen. Avtalen handlar om området der kommunen har avstått frå sin eigedom. Erstatninga er sett til nær éin million kroner, og kommunen får pengane på sin konto i løpet av kort tid.

Ukjent miljøsynd? ▶ Entreprenør hevdar det ligg mykje skrot under grunnen ASKVOLL: «Det var dumpa veldig mykje skrot, stål og rivingsavfall i fyllinga», skriv entreprenøren i eit brev til kommunen.

MILJØ INGUNN OSLAND ingunn.osland@firda.no 91149821

– Eg er veldig uroa over ein slik påstand. Fleire formannskapsmedlemmer har også reagert etter at brevet vart kjent. Vi vil krevje ei tilbakemelding til formannskapsmøtet i dag, seier ordførar Frida Melvær.

Usemje om kontrakt Brevet er eigentleg eit svar frå entreprenør Kjell Frøholm, som har hatt kontrakt på prosjektet «Sørvestpassasjen» bak rådhuset i Askvoll. Arbeidet han hadde kontrakt på var plastring av skråningar kring rådhuset, eit arbeid som han såg seg ferdig med i august i fjor. Men oppdragsgjevarane stilte spørsmål, då dei meinte ikkje alt arbeidet var utført slik dei bad om. Brevet som kommunen fekk 7. januar er ei orientering frå Frøholm om kva som er gjort. – Det er første gong eg høyrer om at det skal vere skrot i grunnen her. Dette er nye opplysningar for meg, seier rådmann i Askvoll Svein Festervoll. Då han vart gjort merksam på brevet tok han kontakt med teknisk sjef, og med kommunen sin byggeleiar på prosjektet. – Dei seier at dei aldri har høyrt om dette heller. At dei aldri er blitt varsla om at det er funne gammalt avfall i området, seier Festervoll.

SAKA ▶ Askvoll kommune fekk tidleg i 2011 tettstadmidlar frå fylkeskommunen til prosjektet «Sørvestpassasjen» ▶ Kjell Frøholm fekk kontrakt i desember 2011. ▶ I etterkant har det blitt stilt spørsmål ved arbeidet som er gjort, og det er i den samanheng det no kjem fram nye opplysningar.

SØRVESTPASSASJEN: Området mellom rådhuset (til høgre for bildet)og sjøen, har fått namnet Sørvestpassasjen. Kommunen fekk tettstadmidlar til å ordne opp og gjere det fint å sjå på, også frå sjøsida. Arbeidet Frøholm har utført er «stien» ned mot sjøen. Foto: Ingunn Osland Han seier det dei såg, og som er grunnen til at dei ville legge fronten lenger ut mot sjøen, var at det var mykje grus og småstein i området, ikkje at det låg bos der, slik som Frøholm hevdar.

– Ikkje ein del av jobben – Vi må ta ei runde med Frøholm. Dersom dette stemmer, må vi

vite kvifor han ikkje varsla, seier Festervoll. Då Firda tok kontakt med Kjell Frøholm i går hadde han ikkje høyrt noko frå kommunen. – Dei har ikkje teke kontakt i dag. Og eg fann skrot, mest stål i området. Men ikkje akkurat der eg jobba. Det låg lenger inne på plassen, seier Frøholm.

– Melde du frå til kommunen om dette? –Nei. Eigentleg ikkje. Det var ikkje der eg jobba. Og eg rekna med dei visste om det. Eg reknar med det ligg att frå den tida det var industri i området, seier Frøholm. Han seier han såg avfallet i det området som allereie var pla-

nert, og som ikkje var med i hans kontrakt, som var å ordne til mot sjøsida. – Du skriv også i brevet at det vart bestemt å legge ny fylling på utsida av den eksisterande. Kven bestemte? – Det gjorde eg i samråd med kommunen sin representant, seier Frøholm.

– Dette må vi få klargjort Ordførar og rådmann i Askvoll er samde. Det er viktig å finne ut kva som ligg i påstandane. Og om det er noko i dei, få rydda opp. – Eg har fått i oppdrag å orientere formannskapet. Det skal eg gjere, om det eg veit. Og det må vere heilt klart at kommunen

også er forureiningsmyndigheit, og dersom det verkeleg finst noko i grunnen, så må vi få teke prøvar og finne ut kva det er, og kva vi skal gjere med det, seier Svein Festervoll. Han skildrar brevet frå Frøholm som eit forsvarsskrift for ein jobb han har gjort, og seier han vil krevje klare svar frå entreprenøren. Ordføraren er også sjokkert

over det som har komme fram. – Dette er noko både eg og andre politikarar reagerer sterkt på, og som må sjekkast ut så fort som mogleg. Dette var heilt ukjent for oss før vi såg brevet, og vi vil sørge for at det blir gjort det som må gjerast, seier Melvær. Kontrakten på arbeidet fekk Kjell Frøholm i slutten av 2011. Det kom den gongen inn fire an-

bod. Frøholm sitt anbod var på 115.000. 205.000 billegare enn det nest lågaste, som var på 320.550 kroner. Dei to andre var på 396.000 og 434.000. – Som kommune er vi lovpålagt å velje det billegaste anbodet. Det som no skjer er kanskje ein konsekvens av det, seier rådmann Svein Festervoll.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.