Førdepakken i Firda 17.1.2013

Page 1

8

TORSDAG 17.01.  2013

NYHENDE

– Ulønnsamt for alle

Tidenes beitesesong

FYLKET: FrP foreslår å kutte støtta til landbruket med 6645,5 millionar kroner. Det vil få enorme konsekvensar for dagens landbruk, meiner fylkesleiar i bondelaget, Per Hilleren. Han trur politikken vil føre til at det ikkje vil vere lønnsemd i norsk matvareproduksjon, verken for store eller små.

FYLKET: 2012 går inn i historia som «tidenes» beitesong for sauenæringa i Sogn og Fjordane, skriv Fylkesmannen. Fylket opplevde gode vekter og slakteresultat for lam, samt ein nedgang i lammetap i alle kommunar, utanom to. Snittet på lammetap på utmarksbeite var 6,1 %, det beste talet sidan 2001.

– Dette kan bli Førdeh FØRDE: – Førdepakken kan komme til å bety like mykje for folkehelsa som idrettsparken på Hafstad.

VEGPAKKEN HELGE JOHNSEN helge.johnsen@firda.no 91149810

– Det undrar meg at dei som står i spissen for prosjektet, ikkje har spelt desse positive sidene sterkare inn. Førdepakken er faktisk eit verktøy for å bevege oss meir, seier Naturvernforbundets Oddvar Etnestad. Under folkemøtet tysdag kveld var han ein av dei som helsa velkomen bompengeprosjektet og vegomleggingane for 1,5 milliardar kroner – og som var opptekne av å få lagt til rette for gåande og syklande. – Handelsforeiningas Trond Valaker er uroleg for konsekvensane for næringslivet. Men næringslivet kan faktisk tene på Førdepakken, om den gir folkehelseutslag som igjen gir bedriftene mindre fråvêr, hevdar Etnestad.

Lære av Namsos – Vi kan ta lærdom av røynslene frå Namsos, som finansierte ei liknande trafikktilrettelegging med bompengar. Der vart det protestar, og etterpå fekk Ap juling i valet. Men i dag er folk nøgde, og meiner at det som vart gjort, var bra, seier han. – Namsos har hatt eit bompengeopplegg med gratis bompassering om kvelden og i helgane. Eg meiner at vi bør sjå på opne- og lukketidene ikkje berre ut frå økonomiske omsyn, men også som eit verktøy for å få folk til å røre seg meir, seier Etnestad. Han meiner tilrettelegginga

SAKA ▶ Det blir arbeidd med ei omfattande om bompengefinansiert utbygging og omlegging av vegnettet i Førde. ▶ Dagens trafikkløysingar hindrar byutviklinga. Førde framstår i dag som ein by på bilens premissar.

må bli slik at det blir mest mogleg attraktivt å gå eller sykle. – Det må leggjast opp til å få gang- og sykkelvegane mest mogleg bort frå bilvegane. Det er ikkje freistande å gå langs Angedalsvegen i sur eksosrøyk vinterstid, seier han. – Men folk skal levere ungar i barnehagen. Langt frå alle kan gå eller sykle til jobben? – Heilt klart, og eg seier: Slepp dei fram. Ein kan ikkje prise folk opp på sykkelen. Men ein kan jobbe med haldningane, parallelt med at ein bompengefinansierer nye løysingar, seier han.

Gamle vanar – No har vi eit høve til å stimulere til meir fysisk aktivitet. Kan fleire gå eller sykle, blir det også meir plass for dei som må køyre bil, meiner Etnestad, som tidlegare har kritisert ambisjonane om vegar og bilbruer : – Det er ein økonomisk smerteterskel for kor langt ein kan gå i vegbygginga. Kanskje må det prioriterast strengare, og byggjast nokre færre vegar enn ein har sett føre seg. Men eg trur folkehelseperspektivet må sterkare fram, i ei tid der folk blir tyngre og tyngre. Eg opplever at haldningane endrar seg. Men bilen står i garasjen, og når det kjem til handling, set folk seg bak rattet.

SENTRUMSVEG: Oddvar Etnestad i Kyrkjevegen, skuleveg for mange, og med barnehage og eit aukande tal bustader. Men ingen fortau, og ingen felt for syklande. Foto: Helge Johnsen

US H BO ORE ST

JANUARSALG

ER I GANG FOR FULLT!

12 MND GRATIS FINANSIERING (rente- og gebyrfritt)

MØBELHUSET FØRDE NAUSTDALSVEGEN - TLF. 57 82 82 90 ÅPENT 10-19 (16)


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.