Med eiga bru til storåsen

Page 1

NYTT

FIRDAPOSTEN • LAURDAG 23. FEBRUAR 2013

9

VED UNGDOMSSKULEN: Geir Sandvik er klar til å bygge blokker på Notøbakken så snart han får godkjenninga frå bystyret. Ungdomsskulen ligg til venstre på bildet. I bakgrunnen ligg Storåsen. Illustrasjon: Jeff Graves og Abo plan og arkitektur.

Med eiga bru til storåsen FLORØ: Geir Sandvik og Notøbakken AS gjer seg klare til å i gang med salet av blokkprosjektet ved Flora ungdomsskule. Opp til femti leilegheiter fordelte på fleire blokker står i planen OLAV HATLEMARK

olav@firdaposten.no

I neste månad kjem truleg bystyret til å gje si endelege godkjenning av reguleringsplanen for endå eit prosjekt med høge hus inn mot Storåsen i Florø. Dei høgste vil rage seks etasjar opp. Frå femte etasje vil her gå ei eiga gangbru rett inn på stiane i Storåsen. Heile 1. etasje skal romme garasje. Arkitekten, Jeff Graves i Abo plan og arkitektur, sit no på Os ved Bergen og finpussar på dei siste teikningane.

Lang liste – Vi kan vi kan vere klare til å gå i gang allereie mai, viss salet går som vi ventar, seier hovudeigar og initiativtakar Geir Sandvik. Han hevdar allereie å ha ei lang

■ Klar til å bygge 50 leilegheiter i Notøbakken liste med interesserte. Sandvik reknar opptil to års byggetid, kanskje i to byggesteg alt etter kor fort det går med salet Han reklamerer med utsikt til sjøen frå alle leilegheitene. Også Notøbakken AS rettar seg litt ekstra inn mot unge huskjøparar med å tilby ein del mindre og billegare husvære på opp til 50 kvadratmeter i dei lågaste etasjane. Skulle desse likevel vise seg vanskelegkan dei slå saman to og to til meir normale storleikar. Alle leilegheitene vil få parkering i kjellaren som vil ligge på gatenivå. Og pris? – Litt for tidleg å svare på. I alle fall konkurransedyktig pris, lovar Sandvik. Planen til arkitektane i ABO har fått mykje ros. Også i Hovudutvalet for plan og miljø nyleg var det fleire som drog fram prosessen som eit førebilde for godt planarbeid. Her fekk planen si første politiske godkjenning Sandvik skal ha med seg Egil Knapstad i prosjektet når dei no for alvor skal i gang. Sjølv kjøpte Sandvik branntomta av Notøfa-

FLEIRE: Geir Sandvik (bildet) skal ha med seg Egil Knapstad inn i storsatsinga på sørsida Notømarka. Foto: Olav Hatlemark

BERGENHELG

milien for knappe to år sidan og litt seinare eit tilliggjande areal av Atle Hanebrekke.

Rimeleg fort Herifrå har det gått rimeleg fort og smertefritt å føre prosjektet vidare. – Med tanke på at det er eit såpass stort og komplisert pro-

sjekt syns eg det har gått rimeleg greitt. Flora kommune har vore imøtekomande, seier Sandvik. I utgangspunktet prøvde dei også å kjøpe ut dei to bustadhusa som ligg inn mot skulen for å legge desse tomtene inn i prosjektet. Men her har ikkje eigarane vore villige til å selje.

BA

BT

OLE BULL SCENE 17. JAN - 27. APRIL

Komisk geni! NRK

Parodikongen. Se og Hør

KRISTIAN VALEN 15. - 16. MARS

All parkering blir bak ungdomsskulen Notøbakken AS har fått Abo plan og arkitektur til å lage ein heilt ny trafikkplan for heile området ved ungdomsskulen, etter krav frå Flora kommune OLAV HATLEMARK

olav@firdaposten.no

Med femti nye husvære får området ein heilt ny trafikksituasjon . All vanleg parkering skal no vekk frå parkeringsplassen ved Havrenesvegen. Plassen skal i staden reserverast til rein oppstillingsplass for opp til tre bussar og seks bilar – berekna på og avstiging til Flora ungdomsskule. Også denne delen av planen fekk

nyleg sitt godkjenningsstempel og går vidare til bystyret. I staden skal parkeringa til ungdomsskulen, Florahallen og sentralidrettsanlegget og turløypene no leggjast til Parkeringsplassen på baksida av ungdomsskulen, inn mot Storåsen. Parkeringsplassen her skal utvidast ein god del for å gje plass til over 80

Dagbladet

BJARTE HJELMELAND

BT

bilar. Vegen på vestsida av skulen skal stengast heilt for gjennomkøyring med unntak av bussar. Løysingane stemmer også med kommunens ferske trafikksikringsplan. Her skal også busslomma ved Havrenesvegen fjernast.

BA

VINSKVETTEN FRA 12. APRIL

Bestilling: 09901 Bergenhelg.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.