fiskerimagasin 2012

Page 1

Nye produkt, satsing på ungdom og fornying av fiskeflåten. Kreativitet, engasjement og vilje til investering pregar fiskerinæringa i Sogn og Fjordane.

Foto: Olav Steimler

Foto: Olav Steimler

Foto: Anita Øygard

Foto: Olav Steimler

NOR-FISHING 2012 · TRONDHEIM 14.–17. AUGUST · STAND D-349


2


I dette magasinet om Fiskerifylket Sogn og Fjordane kan du lese meir om mellom anna dette:

6 Fiskesprell mellom fjord og fjell Rekrutteringsleirar for ungdom 10 Måløy VGS - klar for Trondheim Offensiv satsing frå Fiskevegn 16 Gryteklar kvalitet frå Frøyanes Med salt blod i årane 24 Samarbeid gjennom fleire generasjonar Stad skipstunnel

9 14 19 30

Fiskerifylket Sogn og Fjordane – A til Å Grafisk Design og Media, www.atilaa.no

Prosjektleiar og salsansvarleg MALVIN HORNE A til Å Grafisk Design og Media, Florø malvin@atilaa.no

Journalist OLAV STEIMLER A til Å Grafisk Design og Media, Florø olav@steimler.net

Journalist ANITA ØYGARD A til Å Grafisk Design og Media, Florø anita@atilaa.no

Grafisk leiar og designansvarleg TROND SAGEN A til Å Grafisk Design og Media, Florø trond@atilaa.no

Kreativ, visuell kommunikasjon A til Å Grafisk Design og Media • www.atilaa.no

Grafisk formgjevar/web ROGER ANZJØN A til Å Grafisk Design og Media, Florø roger@atilaa.no


4

FYLKESORDFØRAR ÅSHILD KJELSNES HAR ORDET:

Fylkeskommunen bryr seg om næringa Verdas største fiskerimesse er eit viktig utstillingsvindauge og ein god møteplass for aktørane i fiskerinæringa både nasjonalt og globalt, og Sogn og Fjordane fylkeskommune er i så måte stolt over å ha ei lita rolle som pådrivar og tilretteleggjar for at aktørar frå eige fylke kan delta på messa og fellesstanden. Det er viktig at Sogn og Fjordane får vise fram litt av mangfaldet og det store spekteret av bedrifter med tilknyting til fiskerinæringa i fylket. Like viktig er det at menneska i denne viktige næringa har ein stad der dei kan møtast, bygge nettverk og finne samarbeidskonstellasjonar. Fiskeri har vore - og vil også i framtida – vere ein viktig bransje for fjord- og kystfylket Sogn og Fjordane. Alt frå sjarkfiskaren og reiskapsprodusenten til større fiskeribedrifter er viktige brikker for økonomi, busetjing og arbeidsplassar i fylket vårt. Sjølv om vi har vore gjennom eit år med nedlegging av viktige mottaksanlegg, så har fylket enno konkurransedyktige landbedrifter, både når det gjeld kvitfisk- og pelagiske fiskeartar. Eksportverdien for fisk og fiskeprodukt frå fylket hadde ein vekst på 59 % i perioden 20052009. Det er viktig at dei marine ressursane vert forvalta og nytta på grunnlag av kunnskap og prinsippet om berekraft. Fiskerinæringa har eit stort potensiale for ytterlegare vekst gjennom effektivisering, betre utnytting og vidareforedling av råvarer og restråstoff. Vi må stadig vere aktive og nyskapande for å sikre lønsemd og utvikling. Sal av linefanga fisk i butikkjedene er framtidsretta og positivt, og den medvitne for-

brukar får med dette eit godt høve til å støtte eit berekraftig fiskeri. Om lag halvparten av den norske lineflåten har base i Sogn og Fjordane. At aktørar satsar på vidareutvikling innan dette segmentet er viktig for fylket og landet. Auka lønsemd er likevel avgjerande, og å få til løysingar som m.a. kan redusere agnkostnadane er viktig for denne flåtegruppa. Vi har òg mange solide kystnotbåtreiarlag frå Solund i sør til Selje i nord som driftar svært godt, og det er positivt at det er fleire av desse som no satsar på nybygg for vere konkurransedyktige i fiskeria i åra framover. Rekruttering til fiskerinæringa er avgjerande for framtida til næringa. Det er derfor viktig at næringa er positiv til å ta imot dei ungdomane som ønskjer seg ein lære- eller praksisplass. Fylkeskommunen har i meir enn 10 år arrangert marine rekrutteringssamlingar for ungdom, og har òg gjennomført fleire tilsvarande samlingar for rådgjevararar og studierettleiarar. Det gode samspelet mellom fylkeskommunen og næringslivet har vore ein avgjerande faktor for at desse tiltaka har vorte ein suksess. Sogn og Fjordane fylkeskommune bryr seg om den marine

næringa - og som fylkesordførar er eg stolt over kva aktørar frå fylket får til. Eg ynskjer dykk lukke til på messa!

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes ønskjer bransjen lukke til på fiskerimessa i Trondheim.

Sogn og Fjordane fylkeskommune • Fylkeshuset • Askedalen 2 • 6863 Leikanger • Telefon 57 65 61 00 • postmottak.sentraladm@sfj.no • www.sfj.no


5

Fiskerimessa frå A til Å A til Å Grafisk Design og Media tar på seg oppdrag frå A til Å, og Fiskerimessa i Trondheim er ikkje noko unntak. - Vi har spissa oss mot næringane innan fiskeri og havbruk, fortel dagleg leiar Malvin Horne, som ser at dette har ein klar samanheng med at byrået har fått ansvaret for å organisere standen på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune og fiskerinæringa i fylket. Det vesle byrået frå Florø, med 4 tilsette, lagar i tillegg eige fiskerimagasin til messa og tar på seg ulike oppdrag for utstillarane.

Stand nr. D-349 – fellesstand Sogn og Fjordane NOR-FISHING 2012 Velkommen innom Sogn og Fjordane standen i Trondheim 14. -17. august Sogn og Fjordane Fylkeskommune Fiskevegn AS Stadyard AS Sparebanken Vest Sparebanken Sogn og og Fjordane Båtbygg AS Solund Verft AS Seacon AS Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk Moldøen Supply AS Selje kommune Stad skipstunnel Stadpipe AS Ervik Havfiske AS A til Å Grafisk Design og Media Asvo Måløy AS Skipskompetanse AS Verlo AS Selstad AS Ulvesund Elektro AS Måløy Radioforretning AS Sjømatbaren – Måløy VGS

www.sfj.no www.fiskevegn.no www.stadyard.no www.spv.no www.ssf.no www.baatbygg.no www.solundverft.no www.seacon.no www.okfh.no www.m-supply.no www.selje.kommune.no www.skipstunnel.no www.stadpipe.no www.ervikhavfiske.no www.atilaa.no www.asvomaloy.no www.skipskompetanse.no www.verlo.no www.selstad.no www.ulvesund-elektro.no www.maloyradio.no www.maloy.vgs.no

Firma Sigurd Solberg i Florø og Måløy Radioforretning AS deltek på NAVY sin stand. Selstad AS og Værlandet Fiskeredskap AS deltek også på fiskerimessa. PROSJEKTLEIING: A til Å ved Malvin Horne mobil 905 66 208 og Anita Øygard mobil 901 20 598 Frå bygginga av standen hos Stadyard. Frå venstre prosjektleiar Malvin Horne (A til Å Grafisk Design og Media), Joakim Silden (Stadyard), Roy Haugen og Frode Kupen (frå Seacon), som har teikna og prosjektert standen og Trond Kongshaug (Stadyard). Det fiskeriglade byrået har hyra inn Seacon i Måløy til å teikne ein heilt ny og annleis stand, som skal kunne brukast om igjen ved liknande arrangement. Standen er 22,5 x 7 meter, med eigen Sjømatbar i 2. høgda. Verlo og Stadyard har bygt standen i modular, som blir frakta til Trondheim og skrudd saman der. - Det er ein stor styrke for fylket at næringa sjølv har engasjert seg i Sogn og Fjordanestanden, meiner Horne. - Det er bevis på eit godt samarbeidsklima, som er viktig når dei skal

Illustrasjon: Seacon

ut og fronte verksemdene sine saman. På Fiskerimessa, som elles i næringslivet er det viktig å samarbeide når ein kan, og konkurrere når ein må. I andre høgda av standen blir det fyrtårn og kaféområde. Her skal elevar frå Måløy vidaregåande skule ha Sjømatbar, der dei serverer fiskerettar laga av lokale råvarer frå heimfylket. Her blir det små kystrettar i tillegg til Kystsuppe, Måløyburger og bacalao, som skal mette svoltne utstillarar frå vest. Alt

www.atilaa.no

Kontaktperson Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved Lena M. Søderhoilm mobil 970 35 449

www.sfj.no

er på grunnlag av sjølvutvikla oppskrifter. På utsida av messa vil MS Nybakk ligge som ein flytande samlingsstad, der dei serverer mat, drikke og historiske utstillingar.

nelen er avgjerande for fiskerifylket Sogn og Fjordane, og planen er at modellen, saman med anna informasjonsmateriell, skal skape blest om dette viktige arbeidet.

Stad skipstunnel blir og ein viktig aktør og ein godt synleg del av fylkesstanden. Styringsgruppa for verdas første skipstunnel vil skape merksemd med ein modell av tunnelen, som utstillarane og besøkande skal gå gjennom for å komme til Sogn og Fjordanestanden. Skipstun-

- Vi i A til Å har lagt bak oss nokre hektiske veker for å bli klar til Fiskermessa. No ser vi fram til ei hektisk messeveke. Det er slik vi likar å ha det. Malvin Horne trur at årets fiskerimesse blir ei vinn-vinn oppleving for fiskerinæringa i Sogn og Fjordane.


6

- Skal vi ete blodet? Eg har lyst å skrelle gulrøter.

Spørsmål og utsegn står i kø rundt kjøkkenbenken i Sande barnehage ein fredag i august. Øystein Øvrebø og Eldrid Skudal reinsar og fileterar den flotte fisken, med mange spente blikk på seg. Enkelte tykkjer det er litt ekkelt, men dei fleste vil både ta og lukte på. Det er ekstra spennande å sjå på når Øystein spretter opp buken og tek ut innhaldet. Andre igjen er i djup konsentrasjon med gulrøter og skrellar. Etter at fisken er forvandla til beinfrie filetar, og innvolane er studert, er det ungane sin tur å svinge kniven. Blide småkokkar frå 3 - 6 år i Sande barnehage kuttar fisk, brokkoli, poteter og vårlauk i bitar, medan gulrøtene blir raspa. Praten går ivrig over kjøkkenbenken, og her skiftar tema kjapt. Ivrige barnehender - Eg likar oransje fisk best. – Eg har fiska makrell på hytta. – Eg skal på sjukehuset og sjekke drenet mitt. – AU, eg skrella fingeren min. – Kor store skal bitane vere? Stemninga er god på det moderne barnehagekjøkenet, og den farlegaste reiskapen ser ut til å vere gulrotraspa. Etter at ei jente har raspa seg i fingeren tre gonger, er det tid for ei pause i leikekroken. - Sei i frå når eg kan kom-

me tilbake då, seier den ivrige kjøkenskrivaren med blått plaster på fingeren. Fiskesprell gir gode matvanar Sande i Sunnfjord er nok meir forbunde med laks, aure og Gaularvassdraget, enn fiskemat frå sjøen. Likevel set barnehagen i Steiavegen sjømat på menyen kvar veke. Styrar Eldrid Skudal fortel at dei har vore med på prosjektet Fiskesprell sidan oppstarten. - Vi har alltid hatt som mål å vere ein sunn barnehage, med sunne matvanar. Gjennom Fiskesprell har alle dei tilsette fått kurs om helse og kosthald. - Her har vi fått praktiske og gode råd om korleis sjømat kan tilberedast og presenterast på ungane sine premissar. Vi er så heldige at vi har ein far som le-


7

verer fisk til oss, og det er stor stas når han dukkar opp med fiskekassen sin. Vi har dessutan eit moderne kjøken som er godt tilpassa både vaksne og barn, som gjer det til ein god læringsarena - der alle får utfalde seg. Alltid fisk på bordet Til dagleg er det vel 60 ungar i den nybygde barnehagen, men no i ferietida er rundt 15 små Gaularveringar samla til leik og god mat. Kvar fredag er det varm mat, og denne dagen er det yndlingsretten «fiskepakke» som står på menyen. – Til dagleg har vi alltid fisk på lunsjbordet fortel Eldrid Skudal. – Fiskepudding, fiskekaker og makrell i tomat er populære pålegg. – Skal vi snart lage pakke? Er det gjennomgåande spørsmålet i dag. Det er det kjekkaste med heile matlaginga forstår vi. Ungane stiller seg i kø med kvar sitt flak med aluminiumsfolie. Små vande hender danderar gulrot, laks- og torskebitar, brokkoli, potetbitar og vårlauk i ein fin dunge på folien sin. Dei vaksne hjelper til med ein smørklatt og litt krydder. Til slutt blir folien nennsamt pakka saman rundt maten, og alle merkjer porsjonane sine med sprittusj, før dei

blir lagt på langpanna og inn i dei varme komfyrane. Fiskesamlingsstund Medan maten steikar er det tid for ei roleg samlingsstund. I dag er det eventyret om bjørnen som vart stubbrumpa under fisketur på isen, som står i fokus. Før maten er klar får alle ungane fortelje sine fiskehistorier og peikt ut kva som er deira yndlingsfisk. - Eg har fått oransje fiske. – Eg har fått lilla fisk. – Eg har fått makrell i Skifjorden. Eg har fiska i Jølster. – Torsk er norsk. - I Sørbøvågen har eg fiska ein liten fisk. Ungane er ivrige etter å fortelje, men den gode matlukta lokkar dei snart tilbake til samlingspunktet midt i barnehagen. Små og store set seg til bords, og dei dampande fiskepakkane blir forsiktig opna. Det fargerike måltidet både luktar og ser godt ut. Det er ingenting som smakar så godt som sjølvlaga mat. – Mmmmm det smakte ekte fisk, kjem det frå bordkavaleren min, som fornøgd gaflar i seg både fisk og grønsaker. Fiskesprell har lukkast mellom fjord og fjell på Sande. Tekst og foto: Anita Øygard - anita@atilaa.no

FAKTA OM FISKESPRELL www.fiskesprell.no Fiskesprell i barnehagen er organisert gjennom folkehelsearbeidet i det enkelte fylket, og er ein del av regjeringa si handlingsplan for eit betre kosthald. Eit av måla med Fiskesprell er å jamne ut sosiale forskjellar i helse. Folkehelsekoordinatoren i fylkeskommunen er ansvarleg for organisering og gjennomføring av Fiskesprellkurs for barnehagane. Kursa varer ein dag, er gratis og er sett saman av ein teoretisk og ein praktisk del. Barnehagane som deltar i prosjektet får utdelt materiell til bruk i barnehagen, og oppskriftshefte som borna kan ta med heim. Undersøkingar viser at barnehagar som deltek i prosjektet får auka fokus på kosthald og helse, og sjømatkonsumet i desse barnehagane har vist seg å auke drastisk. I perioden 20072011 har meir enn 4500 barnehagetilsette delteke på Fiskesprellkurs. Målet med alle aktivitetane i Fiskesprell er å inspirere, motivere og stimulere til auka sjømatkonsum i barnehagar og skular. Auka kunnskap og gode smaksopplevingar er dei viktigaste virkemidla.


8

Mange spanande jobbar Mange ventar på deg i fiskerijobbar ogspanande havbruks-relaterte ventar næringar. på deg i fiskeriFin havbruks-relaterte o nog ut m .n enæringar. ir på : www.okfh F

Opplæringskontoret for fiskeri- in n .no t mei og havbruksfag i Sogn og uFjordane Opplæringsr på : www.okfh Maritim Park, Raudeberg/Pb. 89, 6707 Raudeberg kontoret for fiskeriTlf. havbruksfag 57 85 22 32, ie-post: post@okfh.no og Sogn og Fjordane Maritim Park, Raudeberg/Pb. 89, 6707 Raudeberg Tlf. 57 85 22 32, e-post: post@okfh.no

MøT På STAND D349 MøTOSS OSS På STAND 349 MøT OSS På STAND D-D349 Norges og ombyggingsverksted. Vi store ressurser inn Norges mest mestspesialiserte spesialiserteog ogkomplette komplettereparasjonsreparasjonsombyggingsverksted. Vi setter ressurser innå Norges mest spesialiserte og komplette reparasjonsogog ombyggingsverksted. Vi setter setter storestore ressurser inn på på åpå å opprettholde et kvalitetsmessig og effektivt verft med høy ekspertise. opprettholdeetetkvalitetsmessig kvalitetsmessigogogeffektivt effektivt verft med høy ekspertise. opprettholde verft med høy ekspertise. Verftet lang og allsidig erfaring. Anlegget er med tanke på Verftet har en stabil og engasjert stab med lang ogog allsidig erfaring. Anlegget er bygget bygget medmed tanke på fleksibilitet fleksibilitet Verftet har haren enstabil stabilog ogengasjert engasjertstab stabmed med lang allsidig erfaring. Anlegget er bygget tanke på fleksibilitet og rasjonalitet, og har verksteder og lager nær beliggende til kaier, dokk, slipp og hall. og rasjonalitet, og har verksteder og lager nær beliggende til kaier, dokk, slipp og hall. og rasjonalitet, og har verksteder og lager nær beliggende til kaier, dokk, slipp og hall.

SLIPPKAPASITET SLIPPKAPASITET SLIPPKAPASITET 4000 tonn 4000 tonn ––4000 100 20 100 xxtonn 20 m m – 100 x 20 m

HALLDIMENSJON HALLDIMENSJON HALLDIMENSJON Lengde 80 Lengde 80 m m Bredde 50 Lengde 80m Bredde 50 mm Høyde 30 m Bredde Høyde 3050 mm Høyde 30 m

DOKKAPASITET DOKKAPASITET DOKKAPASITET Lengde 148 Lengde 148 m m Bredde 25/30 Lengde 148 Bredde 25/30 m m Dybde 9 Bredde Dybde 9m m25/30 m Dybde 9 m

KAIKAPASITET KRANDEKNING KAIKAPASITET KRANDEKNING KRANDEKNING Total kailengde 2 TotalKAIKAPASITET kailengde 300 300 m m 2 tårnkraner tårnkraner Dybde hovedkai 8 m Total kailengde 300 m ved dokk/slipp 2 tårnkraner Dybde hovedkai 8 m ved dokk/slipp Dybde i hop 7 m Traverskran Dybde hovedkai 8 m ved dokk/slipp Dybde i hop 7 m Traverskran ii hall SWL Dybde i hop 7 m Traverskran hall SWL 50 50 tt i hall SWL 50 t

Båtbygg Båtbygg AS, AS, 6710 6710 Raudeberg Raudeberg | | Telefon Telefon 57 57 85 85 40 40 00 00 | | Fax Fax 57 57 85 85 40 40 01 01 | | www.baatbygg.no www.baatbygg.no Båtbygg AS, 6710 Raudeberg | Telefon 57 85 40 00 | Fax 57 85 40 01 | www.baatbygg.no


9

Lena Søderholm

JENTELEIR 2009

Rekrutteringsleirar for ungdom - Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore pionerar i arbeidet med å etablere marine rekrutteringsleirar for ungdomar, fortel marin fagkoordinator i fyleskommunen Lena Søderholm (innfelt bilde). I 2011 var det 10. året at jenteleiren vart arrangert. Dette er eit viktig rekrutteringstiltak, som skal gjere jentene i ungdomsskulealder kjent med næringa, og fremje positive haldningar til næringa. Eit godt samarbeid mellom dei marine bedriftene i fylket, opplæringskontoret og fylkeskommunen har medverka til at

leirane har vorte ein suksess. Søderholm fortel at rekrutteringsmodellen har vorte lagt merke til, og at andre fylke no

Foto: www.nofima.no

Vestlandssamarbeid om marin næringsutvikling

- Vest Marin er namnet på samarbeidsprosjektet innan marin næringsutvikling, som dei fire vestlandsfylka har gått saman om. Visjonen er å oppretthalde og styrke posisjonen til Vestlandet som leiande region innan marin sektor. Lena Søderholm, som er Sogn og Fjordane sin representant i arbeidsgruppa, fortel at i 2012 vil Vest Marin delfinansiere to forprosjekt relatert til fiskerimiljø og teknologi. Det eine forprosjektet, som Pelagisk Forening står bak; “Muligheter for innovasjon i fremtidens fiskeflåte”, skal mellom anna peike på kva teknologiområde ein finn størst potensiale for å vidareutvikle. Bakgrunnen

er det dalande talet fiskefartøy, som igjen medfører reduserte tal leverandørar til fiskeflåten. Eit viktig spørsmål blir då om dette virkar inn på evna og viljen til innovasjon og teknologisk utvikling i næringa. Prosjektet skal legge vekt på effektiv, miljøvennleg og berekraftig fiskeriteknologi, og korleis ein kan utnytte dette vidare. Det andre forprosjektet har som hovudmålsetjing å medverke til å utvikle og kommersialisere nye industrielle næringsmiddelingrediensar frå sildemelke. Målet er å utnytte meir av restråstoffa. Konkret håpar ein å utvikle og kommersialisere nye industrielle næringsmiddelingrediensar frå sildemelke.

har teke etter og gjennomført tilsvarande leirar. Fylkeskommunen arrangerer òg tilsvarande marine kunnskapsleirar for

studierettleiarar og rådgjevarar i grunnskulen og vidaregåande skule.


10

Klare for Trondheim og de Kortreist mat frå Måløy skal freiste svoltne ganar under Fiskerimessa i Trondheim i år. Dei lokale råvarene er i hovudsak fisk frå nærmiljøet i fiskeribyen, men også smakstilsetting og garnityr er henta mellom fjæresteinane i Vågsøy, fortel lærar ved Måløy VGS Bente Vonheim. Saman med to andre lærarar og 6 elever i restaurant og matfag, skal ho vere og sette ein ekstra spiss på Sogn og Fjordane standen i Trondheim.

Ungdomsbedrifta Havsmak UB har gjennom heile skuleåret hatt fokus på lokalmat, og har testa ut dei gode oppskriftene som utstillarane frå Sogn og Fjordane skal få meiske seg med i Trondheim. - Det er viktig for oss å komme ut av skulekjøkkenet og å vise igjen i lokalsamfunnet, fortel Vonheim. Ut av skulekjøkenet Skulen kan vise til matnyttig samarbeid med både profesjonelle kjøken og lokale barneskular. Det som kanskje har vist mest igjen i lokalsamfun-

net er matspalta i Fjordenes Tidende. Vonheim trekkjer fram samarbeidet med restauranten «Kraftstasjonen», som svært matnyttig. - 2 helgar for året får vi overta restauranten i Måløy sentrum. Elevane i lag med profesjonelle gjestekokkar lagar 5-7 rettar av lokale råvarer, som dei så serverar til innbedne gjestar. - Dette er ein raus gest frå Kraftstasjonen, og ein svært god læringssituasjon for elevane. Ein god vinn-vinn situasjon for skulen og næringslivet.

Vi inviterer og barneskular og SFO inn til skulen, for matkurs. - Her får dei vere med på heile prosessen med å lage god og «barnevennleg» fiskemat. HMM eg likar ikkje fisk, men Måløyburgar er godt, kom det frå ein barnemunn som var med på matkurs her i fjor. Ut i verda - Målet vårt er at elevane skal komme seg opp, ut og fram i verda, anten det skjer på den lokale eller den internasjonale arena, seier Bente Vonheim, som har vore faglærar ved sku-

len dei siste 5 åra. Eit spesielt trekk ved Måløy VGS er at alle elevane ved restaurant- og matfag får tilbod om sikkerheitskurset, IMO 60 kurs. Det er ein viktig døropnar for dei som ønskjer å jobbe på båt - anten dei vil jobbe offshore, på hurtigruta eller på andre båtar, så må dei ha sikkerheitskurset. Kvart år reiser dessutan andreklassingane på tur til gourmetlandet Frankrike, til den vakre byen La Rochelle. - Her besøkjer vi Cognac og Bordaux, og er óg innom ambassaden i Paris på heimreisa og lagar mat. Turen er finansiert av ungdomsbedriftene og Leonardo stipend. Nokre av elevane er så heldige at dei får jobbe 14 dagar på eit fransk kjøkken i samband med turen. Dette er eit internasjonalt samarbeid, som er unikt og gjer skulen ekstra attraktiv, fortel ein stolt faglærar.

Vilde Lunde Træet i Havsmak UB og Simon Rundereim i Kyst UB får med seg nyttige erfaringar som «bedriftseigarar» ved Måløy VGS. Tekst: og foto Anita Øygard - anita@atilaa.no


11

en store verda

Ungdomsbedriftene ELEVANE I HAVSMAK UB har fått mange gode tilbakemeldingar på matspalta si, der dei har presentert oppskrifter på gode lokale rettar med ungdommeleg vri. Vilde Lunde Træet som avslutta 2. klasse i vår, fortel at dei har lært meir enn berre matlaging med si faste fredagsspalte i Fjordenes Tidende. – Fyrst har vi testa ut oppskriftene, så har vi teke gode bilde av matrettane og ikkje minst har vi skrive spalta. Dette har blitt eit tverrfagleg prosjekt, der både kreativitet og gode norskkunnskapar har vore viktige. – Vi har fått god hjelp av norsklæraren, fortel Vilde, som meiner at Måløy VGS er flinke til å inkludere alle elevane i ungdomsbedriftene.

Rektor ved Måløy VGS, Karl Otto Rundereim.

Måløy VGS – yrkesretta mot havet – Vi er ein del av eit trekantforhold, fortel rektor Karl Ottar Rundereim ved Måløy vidaregåande skule - og siktar til samlokaliseringa og det tette samarbeidet med Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) og den Maritime Fagskulen. På Måløy VGS kan ein velje mellom mange linjer, men det som særpregar skulen er nok den sterke tilknytinga til dei maritime og marine faga. - Vi dekkjer behovet for dei maritime faga for heile fylket, seier Rundereim, og fortel om valmuligheitene, som munnar ut utdanningar retta mot havet. Anten ein ønskjer ei karriere som skipper, motormann, matros, havbruk, verftsarbeidar eller restaurantfaget, er Måløy vidaregåande staden å starte. Her kan ein i tillegg få med seg både ulike sikkerheitskurs og ta vidare utdanning på fagskulen. Sikkerheitssenteret På sikkerheitssenteret møter ein gjerne dei godt vaksne sjøfolka i tillegg til ungdommane på Måløy VGS. – 60 til 70 % av «kundemassen» her er eksterne elevar, seier Rundereim og viser til godt samarbeid med

Fjord1, Norled og fiskeflåten. SIM skreddarsyr kurs for ferje, hurtigbåt og oppdrettsnæringa, og dei moderne simulatorane er ein viktig del av opplæringsmetodane. Flaggskipet er ein 360° fullskala skipssimulator, til trening av maritimt personell. Lære ved å gjere - Alle elevane på yrkesfag her på skulen får også IMO 60 kurset, som er eit 60 timars sikkerheitskurs, som er pålagt for alle som skal jobbe om bord i båt. For elevane er det eit stort pluss å gå på ein skule der desse tinga er samlokaliserte. Rundereim dreg og fram viktigheita av å ha opplæringsfartøyet Skulebas i «staben». Alle dei maritime klassane på skulen nyttar båten i løpet av skuleåret. Klassane er på tokt frå eit par dagar til fleire veker. - Her får dei gjennom praktisk arbeid lært seg navigasjon, køyring, maskinvedlikehald og fiskeri med garn og line, avsluttar rektoren som set pris på å vere på ein skule som førebur elevane til det verkelege livet på ein god og praktisk måte. Tekst: og foto Anita Øygard - anita@atilaa.no

«Vi dekkjer behovet for dei maritime faga for heile fylket» Rektor Karl Otto Rundereim

Simon Rundereim i Kyst UB går fyrste

året på restaurant og matfag, og fortel om eit spennande år der dei har hatt stor etterspørsel etter røykelaksen som han og resten av ungdomsbedrifta har spesialisert seg på. – Vi har kaldrøykt på gamlemåten, der vi fyrst tørrsaltar, spekjer og tørkar laksen før den får ein omgang i røykeomnen. Kyst UB har og varmrøykt laks, som dei har marinert med pepar og sjølvplukka ramslauk. Laksen er også ei lokal råvare, som dei har fått levert frå Coast Seafood. På spørsmål om omsetnad, fortel Simon at dei har vore på messer og festivalar og i tillegg er det mange både bedrifter og privatpersonar som har fått smaken på laksen deira, som blir levert vakuumpakka . - Vi klarer nesten ikkje å produsere nok, smiler ein nøgd bedriftseigar.

SOGN OG FJORDANE STAND D-349

Menyen på Fiskerimessa og oppskrift på kordan du kan lage maten heime :-)

BACALAO Du treng: 800 g utvatna klippfisk, utan skinn og bein 10-12 mellomstore faste poteter 2-4 raudlauk 2-4 dl olivenolje 2 boksar hakka tomat 4 grilla raud paprika, på boks eller glas 1 raud chili, reinsa for frø og hakka 2-4 kvitlauksfedd Svart pepar eller kajennepepar Slik lagar du bacalao: Reins og skjær lauk og poteter i skiver. Varm olivenolje i ein kjele, ha i lauk og kvitlauk, og la det surre til det blir blankt. Tilsett chili, poteter og tomatar, og kok det i ca. 30 minutt ved svak varme. Tilsett paprikaen som du har kutta i strimlar og smak til med pepar. Del den utvatna klippfisken i passande bitar. Legg tomatblandinga og fisken lagvis i ei eldfast form. Dekk forma godt med aluminiumsfolie. Sett forma i steikeomnen og la den stå i ca. 45 minutt ved 190 grader. KYSTSUPPE: Dette treng du til til 6 personar 2 lauk 2 skrelte gulrøter 1 fedd kvitlauk 2 ss karri 1 ss karripasta 1 ss paprikapulver 7,5 dl hønsekraft 7,5 dl fiskekraft 1/2 stor boks hermetisk fersken med saft 3 dl kremfløyte 1 boks hakka tomatar 2 ss maisenna utrørt i kaldt vatn salt og peppar 400 g laksefilet, 400 g torskefilet, 4 dl skaldyr i lake som reker, blåskjel eller krepsehalar. Slik lagar du KYSTsuppe: Surr lauk og skrelte gulrøter som er kutta i små terningar i smør til dei blir gylne. Tilsett karri, paprikapulver og pressa kvitløk, la dette surre litt saman med grønsakene. Tilset kraft og hakka tomatar. Kok suppa i ca. 20 minutt før du har i hakka fersken og halvparten av laken frå boksen. Tilsett kremfløyte og jamn suppa med maisennablandinga. Gi suppa eit oppkok før du har i fisken som er skjært i terningar. La fisken trekkje i 7- 8 minutt.Reker, krepsehalar og blåskjel har du i suppa rett før du seier «maten er servert!». MÅLØYBURGER Du treng: 400 g skinn- og beinfri laksefilet 200 g fiskefilet av hyse eller torsk

120 g røykelaks i terningar 2 1/2 ts salt 2 ss potetmjøl 1/4 ts kvit peppar 2 ts finhakka persille 2 ts finhakka graslauk 3 ts finhakka lauk 1 1/2 dl kremfløyte 1 1/2 dl H-mjølk smør og olje til steiking Slik lagar du Måløyburgeren: Skjær fisken i bitar og ha den i ei kjøkkenmaskin. Køyr fisken saman, men pass på å ikkje la maskina gå for lenge for farsen skal vere grov. Bland inn salt, potetmjøl, kvit peppar, urter og lauk. Start kjøkkenmaskina på nytt og begynn å spe i fløyte og mjølk til farsen blir jamn. Tilsett deretter røykelaks i terningar og form farsen til 8 fine burgarar på 120 g. Eit tips kan vere å bruke ein ring slik at alle burgarane får same storleik. Varm smør og olje i steikepanna og steik burgarane til dei har fått ei fin steikeskorpe på begge sider, deretter steiker du dei ferdig i omnen ved 170° C i 5 minutt. Burgarane eignar seg fint til frysing. Burgerbrød 8 stykk 50 gram smør 1 ¾ dl mjølk ½ pk. fersk gjær ½ ts salt 250 g kveitemjøl ½ ts bakepulver 20 g sesamfrø egg til pensling Smelt smøret og bland i mjølka. Løys opp gjæra i den lunka væska. Bland inn salt og bakepulver. Spe med mjøl til ei god deig. La deiga heve i bollen på ein lun stad til dobbel storleik. Kjevl ut deiga og trykk ut burgerbrød med ein ringsom har litt større diameter enn burgarane. La burgerbrøda heve i ca. 20 min. med eit klede overseg.Pensl brøda med egg og dryss på sesamfrø. Steiketida er ca. 10 min. ved 185° CRamslauk er ei urt ein finn mykje av i Måløyområdet på våren. Denne er fin å hauste inn for så å køyre den med stavmiksar til puré i lag med rapsolje, før ein frys den på små glas eller i isbitterningar.Då kan ein ved behov hente fram litt ramslauk heil eåret. Ramslaukdressing 1 beger crème fraîche piskast stiv med handmiksar, tilsett 2 ts ramslaukpuré - smak til med ½ ts salt, ¼ ts peppar, ¼ ts sukker og ½ ts sitronsaft. Dressingen bør stå ein time for å trekke smak frå ramslauk.


12

BÅTBYGG:

Snart 70 – og i sin beste alder - Vi har ei lang historie, og vi har klart oss gjennom opp- og nedturar fordi vi heile tida har tilpassa oss marknaden, fortel Kjell Inge Sjåstad i Båtbygg. Det heile starta med Kristianslippen på Raudeberg i 1943, og sidan har reperasjonsverkstaden både vakse og flytta på seg. I dag finn vi eit moderne skipsverft på Kapellneset, som framleis satsar på reperasjonar, vedlikehald og ombygging av båtar - om enn i ein annan skala. - Vi bestemte oss for å bygge tørrdokk i 2000, og etter 2-3 år

med byggeaktivitet stod den nye dokka ferdig i 2004, fortel Sjåstad og viser rundt der mykje arbeid føregår under tak i

Fakta om Båtbygg: • • • • •

Starta som liten verkstad og slipp på Raudeberg i 1943 Flytta til Kapellneset i 1949 Reperasjonar, vedlikehald og ombygging ca 55 fast tilsette + ca 40 innleigde Hall med to traverskranar: - B 29 m - Djupne 7,5 m - Seglingshøgde til kran 28 m

• •

Dokk med hydrauliske sidestøtter: - L 147 m - B 25 m - Djupne max 9 m - Tømming av dokk 4 t. - Fylling 1 t. Slipp med stigning 1:13 - 8 x 20 m - Kapasitet 4.000 tonn

all slags vestlandsvêr. Båtbygg ligg midt i skipsleia, og alt frå fiskebåtar, ferjer, lastebåtar og offshoreskip er innom dokka og slippen på Kapellneset. Effektivitet og hardt arbeid - Slipp og dokk gir oss fleire bein å stå på, og når talet på fiskebåtar går ned har vi auka opp med båtar frå oljeindustrien. Vi kan ta større oppdrag med utvidingane vi har gjort, og ting går rette vegen på grunn av hardt arbeid, slår den daglege

Å jobbe under tak gjer arbeidet meir effektivt, seier dagleg leiar i Båtbygg Kjell Inge Sjåstad. leiaren fast. - Vi har ikkje som mål å bli større enn alle andre, men vi vil gjerne vere smartare og meir kreative. Godt arbeidsmiljø gjer oss dessutan meir effektive, slik at vi klarar å halde aktiviteten oppe. Etter snart 70 år med stadig utviding og utvikling ser båtbyggjarane i Vågsøy lyst på framtida. Tekst og foto: Anita Øygard - anita@atilaa.no


13

FLORØ MEKANISKE VERKSTED:

Foto: Egil Aardal

FMV med ny verkstadhall – og klar for nye oppdrag

Martin Ramsdal, til venstre og Ole Brandsøy i Florø Mekaniske Verksted er klar for nye oppdrag.

FMV har lang erfaring med reperasjonar og modifikasjonar for oppdrettsbransjen og fiskeflåten. - Vi tar på oss store reperasjons- og ombyggings-

oppdrag fortel dagleg leiar Ole Brandsøy . Gründeren som nett har flytta i nye lokale påpeikar at det ikkje finst tilsvarande industrianlegg i nærleiken - og at dei satsar på endå betre service for fiskeflåten i framtida. FMV er opptekne av å samarbeide, samtidig som dei løftar blikket utover aktiviteten i Florø. - Det har vore eit kjempeløft for oss å bygge ny verkstadhall. På FMV ser dei lyst på framtida - og er godt rusta og klare for nye oppdrag. Tekst: Anita Øygard - anita@atilaa.no

FMV kan tilby ein topp moderne verkstadhall på over 1400 kvadratmeter i Florø.

FMV TAR PÅ SEG ULIKE OPPDRAG: Vedlikehald • Modifisering røyr og hydraulikk • Bygging av eksosanlegg etc. Vedlikehald av subseautstyr • Inspeksjon • Gassmåling • Engineering www.floromek.no · Postboks 79 · 6901 FLORØ · Telefon: 57 75 38 00

atilaa.no

Med topp moderne verkstadhall på over 1400 kvadratmeter og ein kaifront på 60 meter i samarbeid med Flora Hamn er Florø Mekaniske Verksted klar for nye oppdrag. Den tradisjonsrike bedrifta, som har flytta inn i nye lokale i Botnastranda, er klar for større oppdrag for både olje- og skipsbransjen.


14

OFFENSIV SATSING FRÅ FISKEVEGN:

Nye produkt og reiskap

«Vegn» betyr fangstreiskap for fiske, på gammalnorsk. Reiskap for å få fisk fanga slik AS Fiskevegn bygger på eldgammal kunnskap – vidareutvikla og modernisert til avansert teknikk, som store delar av ve Moderne fiskeri krev avansert utstyr for ekstreme belastningar og svært krevjande bruksforhold. Krav til motstand mot slitasje, brukseigenskapar og styrke. Krav til smidigheit og haldbarheit - og ikkje minst omsynet til miljøet - har sett produsentar på prøve verda over. AS Fiskevegn på Flatraket i Selje kommune i Sogn og Fjordane jobbar aktivt med alternative løysingar for å lage meir miljøvennlege synkeprodukt med m.a. innlagde vekter i miljøvennleg materiale. Bedrifta er mellom dei leiande i denne utviklinga. Den havgåande fiskeflåten er ein krevjande industri. Fiskevegn har gjennom fleire tiår levert utstyr for den havgåande lineflåten.

Selskapet har utvikla linesystem som gir auka fiske og betre økonomi. «X-line» lina til Fiskevegn fiskar årleg tusenvis av tonn med torsk, hyse, steinbit, lange, brosme, kveite og tannfisk i dei røffaste farvatna på jordkloden. Ei moderne line er eit komplisert system av tau, svivlar, krokar, egnemaskin, haleutstyr og maskiner som i løpet av timar set ut titusenvis av krokar og halar inn tonnevis med fisk. Natt og dag i djupt hav og på høg sjø blir linesystema frå Fiskevegn brukt. Fiskereiarane sin økonomi er avhengig av god fangst. Og god fangst blir sikra med godt utstyr. Detaljar kan avgjere. Fiskevegn har gått fremst når det gjeld forbe-

tringar som har som mål å gjere livet enklare for fiskaren. Det same gjeld for garnflåten. Vinterdag som sommerdag skal garn, tau og fiskeutstyr tåle stormen, sola, saltet, krafta og mekanisk påverknad. For kystfiskaren er moderne utstyr og nye løysingar like viktige som for den havgåande flåten. Line og garn må kunne handterast med moderne utstyr og maskiner, settast lett og halast lett. Og styrke mot slitasje og brot må vere slik at fiskaren kan sikre fangst og utstyr. I dagens moderne fiskerisektor møter ein stadig større forventningar til brukarvenn-

Totalleverandør av utstyr og kunnskap • • •

Fiskevegn satsar på å vere totalleverandør av utstyr til fiskeindustrien og leverer i dag også på utstyr for oppdrettsnæringa. Produktutviklinga følgjer krav til miljø og omsyn til natur og menneske. Selskapet ønskjer å vere leiande innan fiske og oppdrett når det gjeld kosteffektive fiske- og fiskerireiskap med låg miljøbelasting. Mellom dei mest kjente produkta er Ocean-X Line for den havgåande lineflåten. Denne er kjent for sine eigenskapar både når det gjeld bruk, slitasje eigenskapar og evna til effektivt fiske.

• • • •

No lanserast også Coastal-X Line for kystlineflåten. Same prinsipp og same kvalitet, men ikkje så grovkorna som lina for storhava. Den velkjente Cobra Line frå Fiskevegn er kjent for alle som fiskar både langs kysten og på havet. Både flyte- og senkelina ber namnet sitt med rette med omsyn til utsjånad. Garn er viktige produkt, og Fiskevegn driv garnhotell og service på brukt utstyr. Fortøyingstrosser, linetau, endetrosser, fortøying og krokar. Som totalleverandør spenner utvalet frå knivar og blåser til heile bruk og spesialprodukt.


15

par forbetrar fiskeflåten

k at det blir mat for menneske. Utstyret og metodane er utvikla gjennom tusenvis av år. erdas fiskeflåte i dag er avhengig av. Fiskevegn rettar no auka fokus på å betre brukarane sin kvardag og driftsøkonomi. Frå venstre: Egil Moe, Svein Venøy, dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik og Jakob Hals i AS Fiskevegn.

ligheit og rasjonelle løysingar, som bidreg til auka verdiskaping for kundane. I samarbeid med det heileigde dotterselskapet Best Fishing Gear AS og ulike strategiske partnarar, arbeider Fiskevegn aktivt for å imøtekomme desse forventningane.

Fiskevegn ønskjer å vere ein totalleverandør av utstyr for fiskeflåten. Frå kniven som sikrar ein reinskoren filet til den kilometerlange lina som hentar fisk opp frå dei store djup. Ein betydeleg del av internasjonal fiskeindustri er i dag oppdrettsbasert.

Den tradisjonsrike norske bedrifta produserar også utstyr til oppdrettsnæringa og har produksjonsbedrift i Baltikum og kundar på fleire kontinent. Tekst og foto: Olav Steimler - olav@steimler.net


16

Gryteklar kvalit

MS FRØYANES ER SKREDDARSYDD FOR Året rundt jaktar mannskapet på verdas mest moderne linebåt etter torsk, hyse, stei Rett frå storhavet – og utan mellomledd som svekkar kvalit Linefanga fisk som frysast direkte om bord gir den aller beste matkvaliteten. Når mannskapet på Frøyanes i tillegg fileterar, reinskjer og porsjonspakkar fisken – då er det enkelt å få gode middagar både til kvardag og fest for heile familien. I mange år har Ervik Havfiske på Stad planlagt å gjere fiskemiddagen enklare for folk flest. Det er ikkje alle som kan sløye, filetere eller klargjere fisk for middagsbordet. Dette har også vore ei av årsakene til at mange familiar lenge har valt kylling og ferdig burger framfor fisk. Smaken har folk likt – men somme synes at tillaging av fisk er komplisert. Linefanga frossen fisk frå MS Frøyanes er annleis. Under merkenamnet Ervikfisk blir det produsert linefanga havfrossen fisk klargjort for forbrukar. Ervikfisk produserar også kvalitetsfisk for butikk-kjedar som tar mat på alvor, og som vel kvalitet.

På Frøyanes og andre havgåande linebåtar blir det fiska med line. Det vil sei på lange lenker med krok og agn. På ei line er det mange tusen krokar, og lina blir sett på havbotnen i dei kalde fiskerike havstroka i nord. Frisk fisk bit på kroken og blir halt om bord. Umiddelbart blir fisken skylt i iskaldt sjøvatn og deretter filetert. Beina blir fjerna. Nokre filetar beheld skinnet på og pakkast i vakuum før frysing. Skinnet gjer at det er lett å pannesteike for eksempel torsk, og det gir ekstra smak. Andre filetar er skinn- og beinfrie. Somme er porsjonspakka og nokre er pakka slik at familien sjølv kan velje porsjonar. Ervikfisk lagar filetar og porsjonspakkar med torsk, hyse og steinbit. Kveite i kotelettar. Produksjonen på Frøyanes kan justerast etter etterspørsel og marknad. Varene blir i dag selde både i Norge og internasjonalt.


17

tet frå Frøyanes

R Å PRODUSERE GOD MAT AV GOD FISK. inbit, kveite og andre fiskesortar som skal ende opp på middagsbordet heime hos deg. teten og smaken – blir fisken klargjort for middagsbordet. Parallelt med denne produksjonen produserar MS Frøyanes og alle dei andre linebåtane til Ervik Havfiske linefanga frossen kvalitetsfisk. Fisken endar opp på middagsbord i alle verdshjørne. Ervik Havfiske gruppa trur likevel at produksjonen på MS Frøyanes representerer framtida. Forbrukarferdig fisk gjer det lettare for forbrukarane å lage god mat. Der er lite svinn og svært høg kvalitet både på smak og konsistens. Linefiske er eit miljøvennleg fiske, og Ervik Havfiske legg stor vekt på at fisket blir drive miljøvennlig, både med tanke på ressursar og drift. Og selskapet har alle gjeldande miljøsertifikat for fiskeriet sitt.

Tekst og foto: Olav Steimler - olav@steimler.net


18

Måløy Radio leverer utstyr og følgjer opp kundane sine world wide. Her er serviceteknikar Helge André Solibakke ute på eit av dei mange oppdraga til Måløy Radio.

MÅLØY RADIO:

Radioforretninga for dei proffe Måløy Radioforretning er meir enn ein vanleg radioforretning - mykje meir. Telefonar og datautstyr er noko av det første du ser når du kjem inn i butikken. Men sjå deg rundt og du vil oppdage mykje meir som vekkjer interesse. - Vi har først og fremst fokus på sal og service innan skipselektronikk, fortel dagleg leiar Knut Ove Haugen. - Vi forhandlar skipselektronikk og kommunikasjonsutstyr både til dei profesjonelle og til dei som treng utstyr til hobbybruk, men den største marknaden er sjølvsagt fiskeflåten. Leverer over heile verda - For oss og kundane våre er det viktig med tett oppfølging. Derfor kan vi trygt seie at vi leverer «world wide». Om oppdraget er i Tyrkia, Sør-Amerika eller Sunnmøre så stiller vi opp.

Tekst: Anita Øygard - anita@atilaa.no

Foto: Rune Kvamme

På ein vegg utanfor verkstaden heng det bilde av mange små og store båtar. - Dette er nybygg som vi har levert og montert komplette elektronikkpakkar til, seier Haugen medan han gjer greie for kva utstyr ein leverer til dei ulike båtane. - Det er viktig å vere oppdatert på morgondagens teknologi slik at vi heile tida kan tilby det beste - også når det gjeld service for kundane våre.

Klasse for fiskefartøy fra konsept til operasjon www.dnv.no/fisk

DNV tjeNester til fiskeflåteN DNV klasse er et anerkjent kvalitetsstempel. DNV har lang erfaring med klassifikasjon av ny og effektiv teknologi. Som DNV-kunde inngår du i et nettverk der service og tilgjengelighet står i fokus. I fiskerinæringen er uforutsigbarhet og høy risiko en del av hverdagen. Som medspiller kan DNV bidra til å dekke ditt behov for bedre sikkerhet. DNVs engasjement går lenger enn fartøysikkerhet. Vi finnes langs hele norskekysten og i fiskerinasjoner som Island, Færøyene, Grønland og Danmark. Klasse • Konsept • Nybygg • Operativ drift • Godkjent kontrollforetak • Sikkerhetsstyringssystem • Konsulenttjenester


19

NICK VAN STEE:

Med salt blod i årane OKFH ein viktig rekrutteringsaktør Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk i Sogn og Fjordane har kontor i Maritim Park på Raudeberg. Harald Grotle er dagleg leiar for opplæringskontoret, som er ein viktig aktør i rekrutteringsarbeidet til kystnæringane fiskeri, fiskeindustri og havbruk. Opplæringskontoret skal vere kontaktpunktet for ungdom som ønskjer fagopplæring innan desse fagfelta, og skal følgje opp og bistå både lærlingane og bedriftene gjennom læretida. Lærlingtalet for OKFH i Sogn og Fjordane var totalt 52 pr 31.12.2011, med slik fordeling: havbruk 8 lærlingar, fiske og fangst 16 lærlingar, matros 19 lærlingar, motormann 9 lærlingar, laboratoriefaget 1 lærling og motormekanikar 1 lærling. Det var 83 medlemsbedrifter på same tidspunkt. Nick van Stee er 19 år og lærling om bord i Frøybas. Han elskar livet på havet og med stor arbeidsvilje og god hjelp frå OKFH vil han nå målet om å bli fiskar og maskinist. Nick van Stee har ikkje gått den strake vegen for å få seg ei fagutdanning innan fiske og fangst, men målet er klart. - Eg skal først få fagbrev i fiske og fangst, og så ønskjer eg å bli maskinist. Han vil helst jobbe på fiskebåt, men har erfart at ting ikkje alltid blir som ein har planlagt. For tida er den unge hardtarbeidande 19-åringen lærling om bord i kystnotbåten Frøybas, heimehøyrande i Bremanger. -Nick kom flyttande frå Nederland til Nyttingneset i Flora sommaren 2008, og starta i 10.

klasse den hausten. Sidan gjekk han på jordbruksskulen på Mo, og var tilbake i Nederland eit år, der han starta på maritim skule. Dermed har han ei haltande utdanning, der ingenting er fullført. Vel tilbake i Norge har han fått god hjelp frå Opplæringskontoret for Fiskeri, fortel Nick.

reglane, korleis eg gjer jobben, og om eg klarer å ta eksamen i norsk, samfunnsfag og matematikk innimellom. Guten frå Nyttingneset ligg i alle fall ikkje på latsida. I fritørnane sine jobbar han nemlig på eit lokalt oppdrettsanlegg, og det har han gjort sidan han kom til landet for 4 år sidan.

OKF til god hjelp OKF ordna det slik at eg fekk lærlingkontrakt på Frøybas, men enno er det usikkert om eg må ta eit ekstra år som lærling, før fagprøva, sidan eg manglar VG2. Det kjem litt an på

Forelska i sjølivet På spørsmål om kvifor han har valt denne retninga fortel han at heime i Nederland var han med ein nabo ein del på sjøen. – Eg forelska meg i sjølivet etter det, og bestemte meg for at

dette skulle eg jobbe med. Elles har eg nok litt salt vatn i årane, smiler han. Både ein onkel og bestefaren min var fiskarar. - Det er aldri kjedeleg å vere på sjøen. Arbeidet kan vere hardt og med lange dagar, men dagane er aldri like. Vi jobbar hardt dei vekene vi er på sjøen, men det er slik eg likar å ha det, fortel Nick som har vore lærling i eitt år. Om han må ta 2 eller 3 år som lærling veit han ikkje, men at han har funne eit fag han likar – det er han sikkker på. Tekst: Anita Øygard - anita@atilaa.no

Frøybas • • • • •

Snurrevad og notbåt rigga etter dagen standard. 6 stk lugarer med dusj og toalett på kvar lugar Lastekapasitet på 220–240 tonn med pelagisk fisk 90 fot, dvs. 27,3 meter lang og 7,5 meter brei Bygt i 2001 og forlenga i 2007, og bygga om til kvitfisk og snurrevad i 2011

• •

6 tilsette på båten, 4 fiskarar og to lærlingar Eigd av Frøybas AS, som har fire aksjonærer Ronny Larsen 39,35 %, Eivind Larsen 39,35 %, Roy Inge Larsen 12,84 % og Paul Stian Igland 8,46%


20

MS Staaløy

MS Ringbas

MS Voldnes

MS Fugløyfjord

MS Meløyfjord

MS Fugløyhav

naval constructions

Møt o ss på fisker imess a Stand nr: D3 49

Seacon er:

• Design • Konstruksjon • Prosjektering • Støttespiller • Nyskapende • 3D modellering • Oppfølging Seacon as Sjøgata 6700 Måløy Tlf: +47 57 84 84 00 Fax: +47 57 84 84 01

Atilaa magasin fiskerimessa Seacon 105x150.indd 1

E-mail: post@seacon.no

www.seacon.no

22.06.2012 14:12:56


A T F A KR e j l e S g o d a t S frå

LOCATI

ON HOD

DEVIKA

LOCATION SELJ

Du kjenner det med ein gong – KRAFTA! Du ser det med ein gong – LYSET! Du føler det med ein gong – MILJØET!

LOCATION VE

A KLOSTER

STKAPP

VIKA LOCATION ER

Dei vel Stad – dei vel Selje og Sogn og Fjordane. Våre fremste produsentar av reklamefilm veit kva dei ser etter når det gjeld påverknadskraft. Dei ser etter historier, natur, lys og atmosfære som effektivt kan overførast til reklamefilm og som kan forsterke bodskapen og få publikum til å stoppe opp. Frå Volvo sin reklamefilm retta mot den kinesiske marknaden I løpet av dei siste åra har Selje og Stad vore ramme for reklamefilmar for bilar, klesplagg, meierivarer, matvarer, fiskeprodukt, sportsutstyr og båtar. Ca 500 millionar sjåarar har sett New Scandinavian Cooking og matprogrammet produsert i Ervika og på den ytste pynten av Hovden. Hoddevika, Ervika, Vestkapp og Selje er vist som bakgrunn frå luft og frå land. Produksjon av TV-program eller reklamefilm krev fleire folk og meir utstyr enn dei fleste vil tru. Da New Scandinavian Cooking blei produsert på Stad var det 8 – 10 personar i arbeid. Det vart leigd inn traktor, 4-5 bilar, båtar, helikopter og catering med servering av to-tre måltid per dag. Selje Hotell blei nytta som base og som

«hjelpekjøkken». Råvarer vart handla lokalt. I tillegg blei det nytta kjentmann og hjelp til teknisk assistanse. Selje har det som trengst for å handtere slike produksjonar. Service og hyggelege folk er til stades, sjølv om filmane viser røffe, ofte øyde og mektige landskap og natur. I årtier har produsentar av reklame for sportskle og mote valt Kanariøyane, Italia, Nevadaørkenen og Rocky Mountains som ramme og scene for film. Tøffe bilar har blitt frakta til polarstrøk og høgfjell. Matprogram har vore produsert på mjuke middelhavsstrender. Men no er det Selje og Stad som gjeld. Rådgjevarfirma som er spesialistar på «locations» har Selje kommune på si 10 på topp liste.

Tekst og foto: Olav Steimler - olav@steimler.net

Fra «New Scandinavian Cooking»


22


23

NORTH SHIP SERVICES:

Gjer det tryggare å vere fiskar Brann om bord i eit fartøy på havet er ofte katastrofalt. Likevel er det svært blanda kvalitet på sløkkeutstyr og system for brannvern på mange skip. - Fiskeflåten er ikkje noko unntak i. Vi avdekkar feil og ser at sikkerheita kunne vore betra med auka kunnskap og enkle midlar. Dagleg leiar Kent-Jonny Krabbestig i North Ship Services i Måløy arbeider med brannsikring både i industri og på fartøy. Ingen tvil om at gode rutinar for kontroll og godkjenning er vegen å gå, seier han. – Vi er spesialistar på system for brannvernmateriell, og selskapet vårt er Achilles- og Veritasgodkjent, for systemutvikling, service og kontroll. Fiskeflåten har stort potensiale for betre brannvern og betre system, meiner Krabbestig. –Vi opererar frå Bergen til Ålesund, og vi drar med oss servicefolk og bilar til hamnene der fiskeflåten går til land.

North Ship Services er registrert som kompetent bedrift for kontroll av sløkkeutstyr, og vi kan utstede servicerapportar med nødvendige sertifikat for kundane våre. Vi utfører sal og service for brannmateriell, dykkarutstyr og sikkerheitsutstyr. Ved sidan av dette har vi førstehjelpsutstyr som ofte er påkravd både på sjø og land. Mykje bør gjerast på det førebyggande plan, seier Krabbeteig. - Eg trur fiskeflåten kunne ha stor nytte av hyppigare brannøvingar og trening på bruk av utstyr. Det seier seg sjølv at dette vil vere nyttig i ein kritisk situasjon som følgje av ein brann om bord ute på sjøen. Nokre reiarar er flinke, mens andre burde ta ein gjennomgang av fartøy, utstyr og ikkje minst kunnskap om bord. For oss vil det derfor vere viktig framover å samarbeide med fiskeflåten om betre brannsikkerheit. Både førebyggande og når det gjeld sløkking. Får vi fiskeflåten med på gode rutinar

Serviceteknikar Bjørn Kvernevik (t.v.) og dagleg leiar Kent-Jonny Krabbestig i North Ship Services. for godkjenningar og vedlikehald, blir det tryggare å vere Tekst og foto: Olav Steimler - olav@steimler.net fiskar, seier Krabbestig.

FISKEFLÅTEN BØR TENKE NYTT:

Shipping Management gir god styring - Vi meiner at vi kan drive eit fartøy meir kosteffektivt enn mange eigarar klarer å gjere sjølv. Ikkje minst gjeld dette drift av fiskefartøy. Eigaren kan halde fokus på fiskeriet og vi syter for rasjonell drift av båt, seier dagleg leiar Kristian Skibenes i Fjord Shipping Management. Selskapet med utgangspunkt frå Måløy har ambisjonar om å hjelpe fiskeriflåten til betre økonomi gjennom å tilby eigarane å «outsource» drifta av fiskebåten. Det dei kallar shipping management. Sidan 1992 har selskapet utvikla seg til eit fullverdig management selskap innan maritim drift. - Det er dei same prinsippa som gjeld for drift av fiskefartøy, som det er for supply, spesialskip og den gjengse skipsflåten. Det dreiar seg om å optimalisere teknisk drift, mannskaps-

handtering, bunkers, dokking, utstyrskjøp og rekneskapsføring. - Vi handterer alle desse tinga på vegne av reiarar og eigarar, og kan trekke fordelar av stordrift og brei kunnskap. Vi bidrar til at fartøy kan drivast sikrare og meir optimalt. Og ikkje minst innanfor eit komplisert sett av internasjonale reglar for handel, shipping og frakt. I dag er innhenting, organisering og utdanning av skipsmannskap ein internasjonal operasjon og vi har samarbeidspartnarar i Europa som handterer dette. Når det gjeld innkjøp har vi alle stordriftsfordelane, og oppnår avtalar som blir betre enn ein mindre operatør kan få til. Vi har spesialistar på sikkerheit, forsikring, rekneskap, finansiell rådgjeving og prosjektleiing, seier Kristian Skibenes. Med andre ord eit komplett sett

av tenester som blir stilt til disposisjon for sjølv ein liten fiskebåteigar, som dermed kan konsentrere seg om eit godt fiske.

Kristian Skibenes (t.v.) og Ørjan Solvåg i Fjord Shipping Management, hjelper fiskeriflåten til betre økonomi Tekst og foto: Olav Steimler - olav@steimler.net


24

DELOITTE OG FISKEBAS:

Samarbeid gjennom

fleire generasjonar Magne Madsen i Fiskebas AS får gode råd frå partnarane i Deloitte, Rune Norstrand Olsen og Hans Jørgen Kirkeeide - Vi har brukt Deloitte som rådgjevar gjennom 2 generasjonar, fortel fiskebåtreiar Magne Madsen i Florø. Reiarlaget Fiskebas AS har sidan sildefisket tok slutt i byrjinga av 1960 talet, vore gjennom fleire omstruktureringar, utskifting av båtar og generasjonsskifte. Då har det vore trygt å ha ein lokal støttespelar, som forstår seg på fiskeri og kan ta seg av det formelle og juridiske arbeidet. - Så kan vi heller konsentrere oss om det vi kan nemlig å fiske, humrar Madsen fornøgd. - Ja, det er viktig å gjere endringar på rett måte og til rett tid, supplerar Rune Norstrand Olsen, partnar i Deloitte. Han set pris på å ha gode ambassadørkundar, som Madsenfamilien har vore gjennom generasjonar. - Vi har fått gode råd og vink heile vegen, seier Magne Madsen, og dreg fram døme som sal av båten Rindenes, omdanning

frå partsreiarlag til AS og ikkje minst generasjonsskifte. Største miljøet i fylket Hans Jørgen Kirkeeide i Deloitte fortel at dei er 30 tilsette i Sogn og Fjordane, og dermed det største revisjonsmiljøet i fylket. - Men vi driv med mykje meir enn revisjon, legg han til. - Rådgjeving og juridisk bistand er ein viktig del av våre tenester. Gjennom Deloitte får kundane våre tilgang til eit større nasjonalt fagmiljø. Deloitte har mellom anna 180 advokatar og nærmare 270 rådgjevarar på landsbasis, noko som vi dreg god nytte av. Dette gir oss muligheit til å kombinere lokalkunnskap med spisskompetanse, fortel Kirkeeide. Fiskerikompetanse Frå dei tre kontor våre i Florø, Førde og Sogndal betener vi heile fylket som ein marknad. Dei to revisjonspartnarane legg ikkje skjul på at dei er spesielt sterkt inne på marknaden ved kysten.

- Fiskeri og havbruk er ei viktig næring langs kysten og Deloitte er størst innan denne næringa i fylket. Oppdrettsnæringa har vi vore involvert i frå den spede starten til næringa. - Det er kompetansebyggande å vere så store som vi er, seier Hans Jørgen Kirkeeide. Og forklarar at dette gir fleire medarbeidarar sjansen til å jobbe mykje innanfor bransjen, og dermed bygge seg opp bransjekompetanse over tid. Dette er ein stor styrke for Deloitte og kundane våre. Ny båt - same kvote, betre lønsemd Magne Madsen gler seg over at Fiskebas har ny båt på beddinga, og fortel at Deloitte har vore viktige i denne prosessen også. Fiskeria vil alltid svinge, og det er ikkje alltid like enkelt å vite kor tid det gunstigaste tidspunktet for endringar er. Det er mange ting som spelar inn, det er både fiskaren og rådgjevarane einige om. - Vi får ikkje meir kvote med ny båt,

fortel Madsen, men vi reknar med mindre drivstoffutgifter og vedlikehald. Med faste kvotar er det vår oppgåve å fange fisken til rett tid og rett kostnad. Mannskapet og rekruttering Norstrand og Kirkeeide dreg og fram at Fiskebas har satsa på gode mannskapsfasilitetar og turnusar, for å sikre rekrutteringa til båten. - Ja, mannskapet er viktig å ta vare på, repliserer Madsen. Vi har stabilt mannskap, og får stadig telefonar om folk som vil om bord. Med gode lugarar, treningsfasilitetar og ordna arbeidsforhold er det ikkje problem å rekruttere. - Folk likar seg i fiskaryrket. Vi har ikkje ein kjedeleg dag ombord, seier ein fornøgd fiskar. - Tenk på all den variasjonen i vêr, vind og fiske. Det er betre enn å sitte inne på eit kontor smiler han til dei to rådgjevarane sine, som heldigvis er fornøgde med sine roller. Tekst og foto: Anita Øygard - anita@atilaa.no


25

FISKEBAS AS:

Nye «Fiskebas» skal sikre tradisjon og suksess

Siv Madsen i «Fiskebas» AS og Ove Hoddevik i Sparebanken Vest. I generasjonar har «Madsen– familien» tufta verksemda si på hardt arbeid, kunnskap, tradisjonar og tru på framtida. Bygginga av den nye «Fiskebas» er ei vidareføring av vilje og mot til å satse på moderne fiskeri med utgangspunkt frå Sogn og Fjordane. - Vi fornyar oss fullstendig, seier Siv Madsen som er dagleg leiar for «Fiskebas» AS i Florø. Det har vi gjort kvar gong vi har satsa på ny båt. Denne gongen er det ganske spesielt og spennande med eit avansert og framtidsretta nybygg. Moderne fiskeri må ha appell til ung arbeidskraft, meiner

Siv Madsen. Det blir eit topp moderne arbeidsmiljø for eit mannskap på 12. Einmannslugarar med eige toalett og dusj, romslig messe og salong med eigen matavdeling, filmrom, treningsrom og badstove. Reiarlaget vil neste sommar sitte med eit av verdas mest moderne fartøy i sitt slag. Fartøyet er optimalisert for god fart og optimal drivstofføkonomi. Det vil ha gode sjøeigenskapar og produksjonskapasitet. Mykje av økonomien i moderne fiskeri ligg i effektiv drift, seier Siv Madsen. For å få gunstigast mulig driftsøkonomi blir «Fiskebas» bygt med dieselelektrisk

framdrift parallelt med vanlige moderne dieselmotor. Dette er miljøvennlig og effektivt og gir eit støysvakt og økonomisk effektivt skrog. «Fiskebas» vil kunne levere topp kvalitet på råstoff og vi trur vi sikrar oss gode prisar ved å ta vare på maten frå havet på en så skånsam og respektfull måte, seier Siv Madsen. Rammevilkåra framover for pelagisk fiskeri ser bra ut, med kvotar og prisar som sikrar lønnsam og berekraftig utvikling. Lønnsemd og stabile rammevilkår er heilt avgjerande for om fiskeflåten skal klare å fornye seg.

Fiskebas AS si satsing er eit resultat av god drift, målretta satsing og planlegging over mange år. Sparebanken Vest skal vere ei drivkraft for vekst og utvikling på Vestlandet, og Fiskebas AS si kontrahering, er eit godt eksempel på dette. - Eg synes Magne Madsen som gjekk i spissen for arbeidet med ny båt på vegne av familieselskapet, har stor ære for at reiarane no er klare for ein ny generasjon av miljøriktig og moderne fiske, seier banksjefen.

Tekst og foto: Olav Steimler - olav@steimler.net

Fakta om nybygget: • • • •

«Fiskebas» byggast for pelagisk fiske og er rigga for not. Byggast og utrustast ved Vaagland Båtbyggeri AS - byggenummer 145 . Levering sommaren 2013. Skipet er av typen NVC 317 og er utvikla av Rolls-Royce.

• • • •

Lengde er 64,20 meter. Breidde er 14 meter. Lasteromskapasitet blir på 1550 kubikkmeter. Romma er konstruert med tanke på optimal føring av last i kjøletankar.

Slik blir nye «Fiskebas» når den leverast frå Vaaland Båtbyggeri om knapt eit år.


Design: www.osberget.no

26

stolte tradisjoner - nye tanker

Vi viderefører stolte verftstradisjoner ved fiskerihovedstaden Måløy. Vår kunnskap og erfaring er din trygghet.

Visit us at Nor-Fishing 2012 Stand no. D-349 www.stadyard.no


27

VERLO AS:

Butikk og slipp – vegg i vegg - Vi er tilgjengelege døgnet rundt, og varehuset vårt tilbyr alt ein båteigar kan ønskje seg, fortel dagleg leiar Knut Helge Sørpoll, i den tradisjonsrike bedrifta Verlo. Midt i Måløy sentrum ligg industrivarehuset og slippen vegg i vegg. Verlo AS har drive slipp, skipsutstyrs- og jernvarehandel sidan 1936, og har følgt fiskeria gjennom ned- og oppturar. – Industrivarehuset vårt leverer til skipsverft, fiskeindustrien og reiarlaga, i tillegg til landbasert industri, fortel Sørpoll, medan han viser oss rundt mellom rikhaldige reolar frå loft til kjellar. Sørpoll som har vore i bedrifta sidan 2007, legg vekt på at dei ikkje sit med hendene i fanget, og ventar på at kundane skal komme til dei. – Vi har eigne servicebilar, og mekanikarane våre køyrer langs heile kysten for å hjelpe fiskeflåten der den er. Stort delelager Verlo er ein av dei største på kysten på Yanmar motorar, og har eit stort delelager for den populære motoren. Dei har og mange andre kjente merkevarer i systemet sitt, i tillegg til ei mengd forbruksvarer, som koplingar, slangar og reservedelar av alle slag. Båtslipp og verkstad Den hydraulisk styrte båtslippen kan ta opp båtar på opptil 100 fot lengde og 7,8 meters breidde. I tillegg har dei to mindre slippvogner. På kaiområde til Verlo er det båtar i mange storleikar, og med løftekrana kan dei mindre båtane bli plassert delvis under tak. Når båtfolket slippar her er det utruleg praktisk å ligge vegg i vegg med ein velassortert butikk. Det er kort veg om ein skulle gå tom for bunnstoff eller ein treng nye zinkanodar.

Industrivarehuset vårt leverer til skipsverft, fiskeindustrien og reiarlaga, i tillegg til landbasert industri, fortel Knut Helge Sørpoll. Ingen for små – få er for store På den vesle verkstaden ved slippen kan ein få hjelp til det meste. Sørpoll fortel at dei har ein god del service og vedlikehald på sjarkar og mindre fiskefartøy, både i Måløy og langs kysten elles. – Vi plar seie at ingen jobb er for liten for oss, og få jobbar er for store. Sidan Verlo no er medeigar i Stadyard, ser dei fordelen med å samarbeide om ulike oppdrag. – Vi utfyller kvarandre, både i forhold til kompetanse og kapasitet, avsluttar Knut Helge Sørpoll, som ser lyst på framtida for både små og store båtverkstader i Måløy. Verlo har ei lang historie bak seg, og med fleire bein å stå på har eigarane trua på at denne historia skal fortsette godt.

Verlo er ein av dei største på kysten på Yanmar motorar, og har eit stort delelager for den populære motoren.

Tekst: Anita Øygard - anita@atilaa.no

Verlo AS frå 1936 I 1936 kjøpte brørne Reidar, Alf og Magnus Verlo frå Utvik anlegget. Verlo har sidan drive slipp og skipsutstyrs- og jernvareforretning i Måløy. Firmaet bygde i 1956 den første vognslippen i Nordfjord. Slippen vart utbygd til å kunne ta båtar opp til 100 fot. I 2006 vart skipsfirmaet Verlo selt, og dagens eigarar er Knut Helge Sørpoll, Malvin Silden, Trond Kongshaug og Lyng AS. I 2012 kjøpte Verlo saman med Lyng AS Blaalid Slip og Mek. Verksted, som gjekk konkurs i 2011 og etablerte driftsselskapet Stadyard AS for å få ny drift på det tidlegare Blaalid-verftet.


28

Nybakk på nye eventyr Nybakk fekk som nybygg montert inn ei Union maskin på 160 HK frå gamlebåten Bueland. Denne blei skifta ut i 1967-68, med ei Callesen maskin, på 460 HK. I 1984 og 1985 vart båten ombygd, med skjelterdekk og ny styrehusfront. Nybakk var heimehøyrande på Raudeberg, heilt fram til 1997, då vart båten seld til Liseth og Frøyen, i Kalvåg, og fekk namnet Frøysjø. På veg ut av historia I 2007, vart båten seld som «kvotebåt» til Finnmark. Per-Kåre Nybakk oppretta kontakt med kjøpar, då dei frykta at båten ville bli strukturert og kondemnert. – Båten vart henta heim same året, og eit nitidig arbeid stod framfor oss, fortel leiaren i MS Nybakks venner. – Målet vårt var å få båten tilbake til slik den var før ombygginga i 1984. Nybakk kjem heim igjen Våren 2008, var det dåp på Raudeberg, og båten fekk attende sitt gamle namn, M/S Nybakk.

Seinare det året, fekk Nybakk status som verna skip, av Riksantikvaren. – For oss er det viktig at båten ikkje berre eit statisk museumsgjenstand, men ein levande båt, fortel ein engasjert styreleiar. Nybakk med nye oppgåver Nybakk blir i dag nytta til kystkulturformidling, og vitjar dei fleste kystkulturfestivalar på vestlandet. Nybakk er også kvart år, på kystkulturutveks-

ling til øyane i Nordsjøbassenget. Nybakk fortel at dei arbeider tett med både Shetland Museum og Orkney Museum. – Orkney Museum lagar også utstillingar til oss, som vi har med oss på festivalar på norskekysten. Nybakk er igjen blitt ein levande båt. Ein båt både eldre og nye generasjonar Nybakk kan vere stolte av. I dag er det viktigaste «fiskeriet» å skape blest og interesse rundt ny og gammal kystkultur.

Flytande restaurant og historisk utstilling Under fiskerimessa i Trondheim vil MS Nybakk ligge under kai, for å serve fiskeribransjen i Sogn og Fjordane, med mellom anna «bli kjent fest», for alle frå fylket som er der for å rigge standen. Utover veka tar Nybakk i mot bedrifter som vil bruke båten som flytande representasjonsrestaurant. I tillegg til mat og drikke får gjestane oppleve ei historisk utstilling om klippfiskproduksjon i tillegg til bilde frå Måløyraidet og seinkinga av kryssaren Köningsberg i Bergen.

Tekst: Anita Øygard - anita@atilaa.no

Fleksibel samarbeidspartnar med fokus på rørinstallasjonar INDUSTRI · SKIP · OFFSHORE · BYGG

www.fjordpipe.no 6940 Eikefjord · Tlf.: 57 74 90 55

A til Å - www.atilaa.no

Basen og verkstaden vår finn du i Eikefjord, sentralt plassert på Vestlandet, midt mellom byane Florø og Førde. Fjordpipe har i dag rundt 100 tilsette – arbeidsleiarar, industrirørleggarar, sveisarar og VVS rørleggar. Med 25 år i bransjen har vi erfaringar og det utstyret som skal til for å ta på oss varierte og samansette oppdrag.

Foto: Egil Aardal

FJORDPIPE er ei bedrift som jobbar med prefabrikkering og levering av komplette rørsystem til landbasert industri, skip, offshore og bygg. Vi er ein fleksibel samarbeidspartnar, som tar på oss oppdrag både på verkstad og ute på installasjonar.


29

STADYARD - ei sterk eining - Vi er nye i marknaden, samtidig som vi vidarefører ein 90 år gammal tradisjon, fortel økonomileiar Joakim Silden. Verftet på Raudeberg har ei stolt historie å vise til, men no er det viktig å sjå framover.

Driftsleiar Trond Kongshaug viser rundt på eit kompakt og omfangsrikt anlegg, der det føregår ombyggings- og reperasjonsarbeid både inne og ute. - Både vi og båteigarane ser at eit slikt kompakt anlegg gir innsparing på tid og kostnad. Vi har dessutan ein stab med svært høg kompetanse, skyt økonomileiar Silden inn.

Dei nye eigarane av skipsverftet på Raudeberg - Lyng AS og Verlo AS - ser på den nye eigarstrukturen som ein vinn-vinn situasjon. - Vi samlar reperasjons- og vedlikehaldsaktiviteten til Verlo, og nybyggings- og utrustningsaktiviteten til Lyng i ei sterk eining, fortel dei to, som stolt viser rundt på eit anlegg med stor aktivitet og lyse framtidsutsikter. Driftsleiar Trond Kongshaug og økonomileiar Joakim Silden viser fram eit moderne skipsverft med stolte tradisjonar. - Vi ser lyst på framtida, fortel den unge duoen som er ein viktig del av leiarstaben i det nystifta selskapet.

Stolte tradisjonar - nye tankar

Tekst og foto: Anita Øygard - anita@atilaa.no

Fakta: • Lyng AS og Verlo AS har overtatt Blaalid Slip & Mek. verksted • Stadyard AS stifta januar 2012 • 170 meter kaiareal, med djupne frå 6 til 11 m • Moderne slipp, kapasitet 1.000 tonn, L 55 m. B 14 m • Tårnkrane Høgde 30 m. Kapasitet 12 tonn • Over 2.000 m2 verkstad, garderobe, kontor, kantine m.m.


30

Stad skipstunn

- eit samfunnsøkonomisk lønn

nordwest3d.no

Slik skal verdas første skipstunnel binde kysten saman.

Verdas første og mest utgreidde skipstunnel er samfunnsøkonomisk lønnsam, slår Randi Paulsen Humborstad fast. Ho er prosjektleiar i Nordfjord vekst og arbeidet med Stad skipstunnel blir administrert herifrå. Prosjektet har vore gjennom 18 utgreiingar og folk langs kysten har vore tolmodige lenge. Nordfjord Vekst og styringsgruppa for skipstunnelen har ei rykande fersk brosjyre klar til Fiskerimessa, der dei har samla gode argument og viktige støttespelarar. Hovudbodskapen er at dette er eit ukomplisert og samfunnsøkonomisk lønnsamt prosjekt. Roar Flåthen, leiar LO: - Tunnelen vil bety et stort løft for både samferdsel og klima, for hele landet. Med Stad skipstunnel får vi gjennomført noen av våre viktigste klimamål, om å få mer av godstransporten over fra land til sjø.

Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane: - I dag blir fleire næringar påført betydelege ekstra kostnader i form av ventetid og uføresette ting knytt til passeringa av dette vêrharde havområdet. Knut Arild Hareide, leiar Transport- og kommunikasjonskomiteen: - En haug med utredninger har vært publisert. Nå er det på tide at ord blir til handling, og at tunnelen realiseres. Reidar Nilsen, leiar Norges Fiskarlag: - Stad Skipstunnel er en investering vi ikke har råd til å vente mer med.

Siri Hatland, administrerende direktør i Fraktefartøyenes Rederiforening: - Norge med sin kyststripe og bosettingsmønster er skapt for sjøtransport. Når vi samtidig vet at det er en politisk målsetting å få mer last på kjøl, er Stad skipstunnel rett satsing til rett tid. Ottar J. Aare, direktør i Hurtigbåtenes Rederiforbund: - Ved realisering av Stad skipstunnel kan hele kyststrekningen fra Stavanger til Trondheim bindes sammen. Til dette «lyntogprosjektet» trengs det ikke hundretalls milliarder, - bare 1,7 kilometer tunnel til en investeringskostnad på 1,6 mrd.

Randi Paulsen Humborstad og Bente Jørgensen på Nordfjord Vekst styrer prosjektet Stad skipstunnel frå kontoret sitt i Måløy.


Illustrasjon: NordWest 3D

nel

nsamt prosjekt Modellen av Stad skipstunnel, som skal promotere og blåse liv i debatten om bygging av tunnelen. Første plassen denne skal nyttast er under Fiskerimessa i Trondheim.

Rikke Lind står for den offesielle opninga av tunnelen tysdag 14. august kl 13.00. Den nyvalde generalsekretæren i Redningsselskapet går dermed rett inn i kampen for Redningsselskapet sine kjerneverdiar om å redde liv, når ho som ei av sine første oppgåver markerer betydninga av ein sikker sjøfart rundt det vêrharde Stadlandet ytterst i Sogn og Fjordane.


Fortel oss om prosjektet ditt

Sparebanken Vest er din samtalepartnar og problemløysar når du planlegg nye prosjekt. Medarbeidarane våre har god innsikt i fiskerinæringa gjennom langvarig samarbeid med bedrifter innanfor ringnot, autoline, kystfiske, eksport og foredling. Har du ein idé eller eit prosjekt du ønskjer å diskutere, kan du kontakte våre fiskeriansvarlege: • ove.hoddevik@spv.no – tlf. 57 85 39 12 / 915 79 876 • hans.okland@spv.no – tlf. 53 42 87 25 / 952 65 930 Du treff oss på Nor-Fishing 2012, stand nummer D-349.

Fiskerifylket Sogn og Fjordane: © A til Å · Hamnegata 9 · 6900 Florø · Tlf. 57752900 · www.atilaa.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.