own way Go your
Foto: Vanja Birkelid.GO YOUR OWN WAY
Her kan alle finne sin veg. FjordKysten og Sunnfjord inviterer deg til imponerande natur- og kulturopplevingar med stor spennvidde. Rett og slett meir armslag for deg som vil utforske ein vill og uoppdaga del av Noreg!
Vi inviterer deg hit, ikkje berre for å utforske, men kanskje mest for å kjenne at du lever. Her er det rom for deg. Nær kultur og natur. Nær livet.
Bølgjer som slår mot øyriket i vest – ved kanten av storhavet. Stupbratte fjell med stålblanke brear. Djupe, blå fjordar og utemma fossar. Spegelblanke, mystiske vatn der auren leikar.
Historiske attraksjonar og eit mangfaldig kulturliv. Eit sceneri som samlar ingrediensane for ekte magi!
Våre vegar fører deg akkurat hit. Ein stad ikkje alle veit om – enno!
Merkevaren
- eit samlande verktøy
FjordKysten og Sunnfjord jobbar for å skape reiselyst til vår destinasjon, og verdiskaping i bedrifter og lokalsamfunn. Med fokus på det kvar einskild kan best, kombinert med ein profesjonell plattform for marknadsføring, får medlemane våre valuta for pengane.
Fjord, fjell og kyst med røff natur er våre viktigaste verdier, som gjenspeglar seg i merkevaren og det vi leverer. Alle aktørene våre vil saman bidra til eit berekraftig reiseliv som gir «det lille ekstra» av uventa og autentiske opplevingar.
Merkevaren skal skape reiseinspirasjon frå natur og kultur, men den er også ei forteljing om vår identitet, vårt samfunn og levesett.
Reis betre
- ei berekraftig tilnærming
Reiselivet sine hovudmålgrupper er aktive og nysgjerrige oppdagarar. Dei har høgare utdanning, er bereiste og har god økonomi. Dei er interesserte i naturopplevingar, aktivitetar, kultur, historie og dei søker kunnskap om stadar og opplevingar.
Merkevaren er tett knytt opp til merkevaren «Fjord Norway», som vert nytta som fundament for all felles kommunikasjon overfor internasjonale målgrupper, turoperatørar og media. «A part of Fjord Norway» vil bli nytta saman med eigen merkevare for å forsterke eigen merkevare og kommunikasjon internasjonalt.
Du er hjarteleg velkomen
Nøkkelen til eit profesjonelt og stabilt reiseliv er samarbeid. Visit FjordKysten og Sunnfjord arbeider for å utvikle reiselivet i regionen – kvar dag, heile året.
Ved å teikne marknadsavtale med oss blir du ein del av reislivsnoreg og det lokale fellesskapet.
Som medlem i Visit FjordKysten og Sunnfjord styrkar du ditt eige produkt, samtidig som du er med på å sette regionen på kartet!
På vår bransjeside kan du laste ned marknadsavtale, som gir deg oversikt over prisar og tenester knytt til medlemsskap / marknadsavtale med Visit FjordKysten og Sunnfjord. Her finn du også kontaktinformasjon til oss som jobber i selskapet, bransjenytt m.m.
QR KODE TIL
BRANSJESIDE
Din verktøykasse
Ein einskild aktør kan skape merksemd og interesse for si eiga målgruppe. Når fleire aktørar samarbeider om å fange merksemda blir opplevinga større, for ei stor målgruppe.
MERKEVAREN BLIR ENDÅ MEIR KRAFTFULL NÅR ALLE MEDLEMMAR TAR
DEN I BRUK
Her finn du logo, bilete og filmar du fritt kan laste ned og bruke i di marknadsføring.
NB! Du må opprette ein brukar og logge inn for å laste ned innhald i Imageshop.
QR KODE TIL VERKTØYKASSEN
QR KODE TIL IMAGESHOP