1 minute read
1. Forretningsidé, visjon og mål
1.1 Forretningsidé
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal gjennom målretta marknadsføring skape reiselyst til FjordKysten og Sunnfjord. Vi skal jobbe systematisk med merkevarebygging av FjordKysten og Sunnfjord som destinasjon. Vår hovudoppgåve vil vere marknadsføring og sal, produktutvikling og kompetanseheving, og slik medverke til auke i trafikk heile året, lokal verdiskaping og betre lønsemd og konkurranseevne for medlemsbedriftene.
Visit FjordKysten skal vere reiselivsnæringa sin felles reiskap, nettverksorgan, produktkoordinator og spydspiss i marknadsføringa av kommunane, lokale reisemål og opplevingar. Gjennom samla og koordinert innsats skal det arbeidast for å utvikle totalproduktet FjordKysten og Sunnfjord slik at det fører til ei positiv utvikling til beste for medlemsbedrifter, arbeidstakarar og lokalsamfunn.
1.2 Visjon
Vi skaper reiselyst for FjordKysten og Sunnfjord heile året.
1.3 Misjon
FjordKysten og Sunnfjord skal gjennom berekraftig reiselivsutvikling, innhaldsutvikling, kompetanseheving, marknadsføring og historiefortelling skape engasjement, begeistring og samhandling, både internt og eksternt.
1.4 Hovudmål
FjordKysten og Sunnfjord skal vere eit attraktivt val for kvalitetsbevisste gjestar som etterspør ekte opplevingar, og som er gode bidragsytarar til lokal verdiskaping.
1.5 Resultatmål
Reiselivsbedrifter og samarbeidspartar vel Visit FjordKysten og Sunnfjord som den sterke og naturlege aktøren for å skape reiselyst og verdiar for reiselivet i regionen.
1.6 Våre verdiar
Prinsippet om ei berekraftig utvikling skal vere gjennomgåande for all aktivitet i verksemda til Visit FjordKysten og Sunnfjord og for destinasjonen.
Visit FjordKysten og Sunnfjord har fokus på god samhandling på alle nivå i sin aktivitet. Vi utviser begeistring og engasjement i vårt arbeid for reiselivet, og formidlar ekte og særeigne opplevingar. Vi har fokus på lønsemd og høg kvalitet i heile verdikjeda.