4 minute read

9. Reisemålet FjordKysten og Sunnfjord

Ein står midt i ein teknologisk revolusjon, der både reisemålet, infrastrukturen og bedriftene må levere på stadig meir digitaliserte gjestar. Stadig fleire av dei besøkande er opptekne av helse og sunnheit, både i form av fysisk aktivitet, velvære og sunn mat. Aktivitetsferie som kombinerer kulturell utveksling og aktivitetar i naturen veks raskare enn bransjen elles, og mjuk aktivitetsferie utan spesielle krav til ferdigheiter og låg risiko er størst i volum. Milleniumsgenerasjonen, som er framtidas kundar, er opptekne av selskap som har eit formål. Dei er engasjerte og ønsker å bli engasjerte.

Når ein legg til rette for besøkande gjennom produkttilbod, marknadsføring og sal er det viktig at utviklinga blir gjort på lokale interesser sine premiss. Lokale verdiar og identitet må vere førande for utviklinga. Det må vere eit mål å tiltrekkje seg gjestar som har god betalingsevne- og vilje, som blir lengre på staden og ynskjer eit opphald som harmonerer med lokalt verdigrunnlag.

Gjestar som i hovudsak kjem for å oppleve naturen, kan i langt større grad bli freista til å bli lengre og bruke meir ved at vi gjer mat- og kulturopplevingar meir tilgjengeleg for turistane.

Heilårs aktivitet i bedriftene er nøkkelen til auka verdiskaping, betre vilkår for både bedrift og tilsette og eit gode for lokalsamfunnet. Næringa er i stor grad prega av sesongaktivitet. Lukkast ein i å trekke nok gjestar til reisemålet til å oppretthalde eit attraktivt tilbod heile året vil ein også sikre betre inntening for bedriftene, betre vilkåra for dei tilsette og sikre fleire heilårs busette i kommunen. Innbyggjarane og nærmarknaden er ei viktig kundegruppe, og ved å produktutvikle også for desse kan ein sikre viktig aktivitet året rundt.

Natur og aktivitetsbasert reiseliv

FjordKysten og Sunnfjord har det vestlegaste fyret, dei vestlegaste øysamfunna og den vestlegaste byen i Noreg. Vi har eit mylder av levande øysamfunn og landemerke som stig rett opp frå sjøen og kritkvite strender. I HAFS-regionen og også lenger nordover langs kysten har vi ein unik geologi og geologisk historie. Fjordkysten Regional- og Geopark har ambisjonar om å bli ein UNESCO Global Geopark. Sunnfjord kommune jobber med avklaringar i f.h.t. å bli ein Nasjonalpark-kommune. Nasjonal turistveg Gaularfjellet har særeigne kvalitetar med imponerande fossefall som slynger seg gjennom grøne dalar.

Heile regionen har eit godt utbygt nettverk av toppturar og mindre krevande fotturar. I indre delar av destinasjonen er det gode forhold for ski og isbre-turar og aure- og laksefiske. Langs kysten er det gode forhold for sjøfiske, og idelle forhold for å oppleve det røffe vinterveret med stormwatching.

Destinasjonen har også naturgitte fortrinn for sykling. Forholda ligg godt til rette for å utvikle gode tilbod innan både tursykling, landevegssykling og stisykling / terrengsykling. Å synleggjere moglegheitene som finst for tursykling vil vere steg 1 i ei langsiktig utvikling.

Kajakk er ein attraktiv aktivitet for heile destinasjonen. Det er attraktive område å padle i både langs kysten og i fjordane, og vi har fleire aktivitetsbedrifter som tilbyr padling som produkt. Kyst- og fjordlandskapet med sine kontrastar i lys og vær er ein spennande opplevingsarena for små og store eventyrlystne. Naturleg, forfriskande og ekte. Kontrastar i lys, vær og landskap. God plass, fred og ro.

Kunst og kultur

Destinasjonen har ei rik historie, med lange spor etter levd liv. Kysten vår og spesielt Dalsfjorden er sentral i vikinghistoria. I Gulen i sør ligg Gulatinget, «demokratiets vogge», og i Hyllestad ligg dei største kvernsteinsbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Vi har mellomalderkyrkja på Kinn, og sorenskrivargardar på Svanøy og i Fjaler. Vi har helleristingsfelt, museum og galleri på øyar og i byar. Krigshistorie, fiskerihistorie, handelshistorie og industrihistorie. Kunstnerar som Astrup, Eikås, Slettemark og Jakob Sande høyrer heime i regionen vår. Difor er dei historiske banda til kuns lange og sterke. I arbeidet med å utvikle heilskaplege tilbod til turistar i FjordKysten og Sunnfjord er denne delen av kulturarven vår ein stor ressurs. I tillegg har vi Teaterfestivalen i Fjaler, eitt av dei mest aktive teatermiljøa i Noreg, og Førdefestivalen som i 30 år har brakt verda til Sunnfjord. I Jølster ligg Astrup-tunet og Jølstramuseet.

Mat og matopplevingar

I løpet av dei siste åra har ein sett ei positiv utvikling innanfor mat og matopplevingar i FjordKysten og Sunnfjord. Å kunne tilby gode matopplevingar spelar ei viktig rolle når turistar skal velge reisemål. I strategiperioden vil ein jobbe videre med mat og matopplevingar, for å utvikle dette til å bli ein faktor som aukar attraktiviteten til FjordKysten og Sunnfjord som destinasjon.

Næringa

Næringa er prega av mange små og mellomstore aktørar. Hotella i byane har normalt jamt over god trafikk heile året, der yrkesreisande sørger for driftsgrunnlaget. I periodar er det fullt belegg på hotella i byane. Også dei mindre hotella i bygdene har ei hovudvekt av bedriftskundar og yrkesreisande. Variasjonar i aktiviteten i næringslivet lokalt gir utslag også for hotella. For alle hotella er det viktig med tilførsel av ferie- og fritidsreisande i sommarsesongen, og for spesielt hotella i bygdene også i skuldersesongane og om vinteren. Lenger sesong kan bety mykje for utviklinga til desse hotella.

Det er mange som driv med hytteutleige. Fleire har i mange år retta seg mot fiskeglade turistar, hovudsakleg frå Tyskland, og har hatt godt belegg og mykje gjenkjøp og ofte ein sesong som strekker seg frå mars – oktober. Det er fleire mindre kaféar og serveringsstadar kring i bygdene som er avhengig av turistar i sommarsesongen for å overleve. Dette gjeld også mange nærbutikkar kring i bygdene.

Det har vore ei auke i tal aktivitetsbedrifter, men det er framleis prega av få og små aktørar. Dei største arbeidsgjevarane i opplevingssegmentet er knytt til dei heil- eller deleigde offentlege verksemdene som museum, historiske bygg og liknande.

Infrastruktur, transport og reisemønster

Dei offentlege transporttilboda er viktige for reiselivet i regionen. Spesielt gjeld dette ekspressbåten mellom Bergen og Nordfjord, i tillegg til dei lokale båt- og ferjerutene. Flyplassane i Førde og Florø er ein ressurs for reiselivsnæringa i destinasjonen. Innlandsaksen, frå Sogn gjennom Skei til Nordfjord, har i dag stor turisttrafikk og er godt etablert. Bergen er ein viktig innfallsport for turistar som kjem med fly og internasjonale båt- og ferjeruter, og samarbeid med turistinformasjonen i Bergen er sentralt.

Som destinasjon er vi avhengige av å samarbeide med destinasjonsselskapa omkring oss, lokale og sentrale myndigheiter, transportaktørar og reiselivsbransjen for å forbetre kommunikasjonen i form av infrastruktur og rutetilbod til og frå regionen.

Satsing på å legge til rette for nullutslepp framdrift for båtar ved bruk av både hydrogen og elektriske motorar i Florø kan gje spanande nye og grøne reiseopplevingar langs kysten. Destinasjonen må ha fokus på utvikling av grøn mobilitet internt.

Samarbeidspartnerar

Visit FjordKysten og Sunnfjord forvaltar reisemålsarbeidet i regionen, og er eigd av kommunane og reiselivsnæringa i området. Kommunane er òg viktige samarbeidspartnarar for å gjennomføre utviklingsprosjekt. I tillegg samarbeider destinasjonsselskapet tett med andre offentlege instansar: Vestland fylkeskommune, departement, Statsforvaltaren og Innovasjon Norge. Visit FjordKysten og Sunnfjord er medlem av NHO reiseliv. I arbeidet med å utvikle dei kommersielle tilboda må det jobbast tett saman med næringa, og på sal- og marknadsarbeidet saman med Fjord Norge og Visit Norway-systemet i tillegg til strategiske forretningssamarbeid.

This article is from: