1 minute read
7. Reiselivet si verdiskaping
Reiselivet er ikkje lengre ei særeigen næring, litt på sida av anna næring og samfunnsutvikling. Både PWC og E&Y har i 2021 utvikla verdiskapingsanalyser som peikar på reiselivet si stadig meir sentrale rolle på Vestlandet. Opphavet til ei bedrift, innbyggjarane sin identitet og regionen sitt omdømme er alle faktorar i regional attraktivitet. Reiseliv kan knytast tett mot «bulyst», rekruttering av talent og investeringar.
Spektakulær og variert natur, god plass, trygg samfunnsstruktur, teknologisk utvikling og tjenesteintegrasjon, elektrifisering og berekraftig utvikling er nokre av komponentane som er knytt tett saman i forståinga av moderne samfunn som mange ønskjer å besøke og lære av. Dette passar FjordKysten og Sunnfjord godt. Det ligg eit unytta potensiale i å knytte dette tettare og betre saman.
Ei kartlegging gjennomført av Menon 2021, om destinasjonsselskapa si verdiaukande rolle peiker på to sentrale bidrag til næring og samfunn.
Destinasjonsselskap produserer fellesgode og tjenester for lokalbefolkninga og turistar. Ved å bygge tilgjengeliggjerande infrastruktur for naturopplevingar, aukar sannsynet for at lokalbefolkninga har glede av naturen. Samtidig vert slitasje og skade som følge av bruk, redusert. Destinasjonsselskap forbetrar konkurranseevna til reiselivsnæringa gjennom marknadsføring, koordinering av produkttilbod og fellesgodeproduksjon.
Destinasjonar med ei sterk reiselivsnæring har typisk fleire opplevingstilbod, noko lokalbefolkninga nyt godt av. I tillegg vil lokal verdiskaping og arbeidsplassar, og auke sannsynet for tilflytting og vekst i kommunen og andre næringar.