2 minute read
4. Formål, oppgåver og utviklingsplan
Visit FjordKysten og Sunnfjord skal vere bedrifter, kommunar og organisasjonar som har interesser knytt til reiselivsnæringa og profilering av regionen sitt felles sals- og marknadsføringsorgan. Selskapet skal ta ei koordinerande rolle for berekraftig reisemålsutvikling samt vere eit kompetansesenter og ein ressurs for reiselivsnæringa og kommunane i Sunnfjord og kystområda frå Solund til Kinn.
Oppgaveområda vil variere over tid og skal definerast iht eigarane sine / medlemmane sine behov. Typiske oppgåver vil vere innan: Marknadsposisjonering, marknadsføring, innhaldsutvikling, digital strategi og gjennomføring. Selskapet skal sikre god samhandling med ressursmiljø og partnarar i Fjord Norge, Visit Norway m.fl. Selskapet skal jobbe internt med aktørane i næringa, mot prioriterte målgrupper i marknaden, samt gjennomføre aktiviteter mot MICE, B2B/turoperatørar. Selskapet skal arbeide for ei sunn utvikling av reiselivsnæringa for å sikre auka sysselsetting og verdiskaping. Selskapet skal opptre som reiselivsnæringa og kommunane sin felles interesseorganisasjon og talerøyr.
Selskapet skal vere reiselivet i regionen sin representant i relevante lokale, nasjonale og internasjonale fora. Mål for og operasjonalisering av innsatsen vert nedfelt i kontinuerlige strategi- og marknadsplanar. Selskapet skal ivareta vertskapsfunksjonen i dei kommunane som har avtale om dette.
Digitalisering bidreg til å korte ned vegen mellom reiselivsbedrift og gjest. Dette er vesentleg for selskapet. Ei satsing på digitalisering av presentasjon, marknadsføring og sal, kortar ned vegen, fjernar mellomledd og bidreg til at meir av verdiskapinga blir i regionen. Reiselivsnæringa og tilstøtande aktørar innan kultur, mat og drikke og opplevingar, vil ha stor nytte av eit effektivt, moderne og digitalisert kompetansesenter for formidling og sal.
Det er utvikla følgjande overordna utviklingsplan for selskapet:
Steg 2: UTVIKLING OG VEKST
Steg 3: POSISJON
Steg 1: ETABLERE OG ORGANISERE FOR SAMHALD
· Implementering av merkevare og marknadsmateriell hos reiselivsbedriftene
· Tilrettelegging og satsing mot MICE marknaden
· Etablere selskapet med ny eigarstruktur
· Utvikle strategiplan 2022 – 2026
· Organisering med stillingar og oppgåver
· Samle eigarmassen/ medlemmar til eit fellesskap
· Utvikle marknadsplan, med pakketering av eksisterande tilbod
· Starte arbeidet med “Bærekraftig reisemålsutvikling” Planlegge med kommunane og sikre støtte
· Bevisstgjere og gi innhald “besøksforvaltning”
· Merkevarestrategi, slagord, kommunikasjonsplattform og marknadsføringsmateriell
Marknadsandel 0,11% Medlemmar 100 Salsinntekter 150 Totale inntekter 6 Gj.sn. tal døgn 2,2
· Utvikle felles sal/ bestillingsløysning for B2C og B2B (bidrag til sal for bedriftene)
· Utvikling av nytt tilbod og innhald, strukturering av innhaldspakkar mot definerte målgrupper
· Sertifisert som “Bærekraftig reisemål” (alle kommunar)
Målbilde 2025
Vi skal ta ein posisjon i marknaden som den kontrastfylte delen av Vestlandet; urørt og berekraftig – “det neste spennande – der ikkje alle andre drar”.
Dette tiltrekker mange og mest dei som ønskjer aktive opplevingar som vil bruke tid og pengar på ekte opplevingar.
Fjordkysten og Sunnfjord har nådd nye nasjonale målgrupper og samtidig engasjert tilreisande frå nærområdet.
Våre marknadsandelar mellom internasjonale turistar har auka betydeleg.
› 8 mnok › 5% EBIT
Marknadsandel 0,15% Medlemmar 125 Salsinntekter 400 Totale inntekter 7 Gj.sn. tal døgn 3
Marknadsandel 0,20% Medlemmar 150 Salsinntekter 1 Totale inntekter 8 Gj.sn. tal døgn 4