ASKVOLL 2024

Page 1

Askvoll

Nyt ein lat sommardag ved å utforske Askvoll sentrum. Om sommaren myldrar det av liv gjestehamna. Nyt eit godt måltid på Askvoll Sjøbuer Mat & Drikke eller Askvoll Fjordhotell, eller rusle deg ein tur til Askvoll Sjømat & Delikatesser på gamlekaia i Askvoll. Følg kulturvandringsløypa « Anders Askevold sine fotspor» eller ta deg ein dukkert på badestranda ved småbåthavna på Øyra. Askvoll småbåtlag og camping har 19 plassar for bubilparkering og caravan, og grøntområde for telting, med tilhørande sanitærbygg. Her er det også klatrepark og sandvolleyballbane. Ved ferjekaia, Bøparken og på Øyra er det gratis WiFi for publikum. ekspedisjonsbygget på ferjekaia er det ein BUA sentral, med utlån av gratis fritidsutstyr.

Bubilparkering

Askvoll småbåthamn og gjestehamn, Askvoll sentrum • Bulandsferie, Bulandet • Værlandet gjesteheim, Værlandet • Krabbeskjeret camping, Bulandet

Holmedal og Rivedal

I den idylliske bygda Holmedal finn du knivfabrikken Helle Fabrikker, som produserer kvalitetskniver inspirert av fjord og ope hav. Her kan du besøke fabrikkutsalet og gjere eit godt kjøp. Helle Fabrikker er på mange måtar både eit industrimuseum og ei levande industribedrift. Omvising tilbys etter avtale. Tlf. 57 73 35 00, e-post: post@ helle.no.

Ingolf Arnarson statua i Rivedal er eit monument over pionérånd og utferdstrang Dalsfjorden før år 1000. Frå heimgarden sin Rivedal måtte Ingolf Arnarson år 874 flykte etter å ha teke livet av to av sønene til Atle Jarl. Han reiste då vestover og kom til Island, og grunnla her den første busetjinga.

Fjord Gardsmat lagar gardsmat eit tradisjonelt og moderne perspektiv. Trollefossvegen 25. Ope på førespurnad, tlf. 917 09 603. FB: fjord gardsmat

Holmedal Bygdemuseum held til i det gamle meieriet i Holmedal og presenterer bygde- og industrihistorie frå Dalsfjordområdet gjennom 150 år. Her får du eit lite innblikk korleis det var å leve og bu bygdene våre tidlegare tider. Museet er ope 23. juni – 31. august, ons. 17.00 – 19.00 og laurd. 13.00 – 15.00 Elles ope etter avtale. Tlf. 411 45 673 415 24 383.

Rivedal Galleri. Årleg sommarutstilling. Tlf. 995 00 883. FB: rivedal galleri

Sykkelturar

Værlandet og Bulandet

Sykkelturen kan kombinerast med øyhopping til nokon av dei vestlegaste øyane

Norge. På den 11 kilometer lange sykkelturen mellom Bulandet og Værlandet sykler du over ei perlerad av bruer. Terrenget er storslått, og du sykler forbi kunstinstallasjoner, sjarmerende sjøbuer og over tronge sund. Frå dei 6 bruene som knyt øyane saman har du storslått utsikt over øyer og hav.

Askvoll til Eimind

Ein må til Eimind for å sjå dei praktfulle solnedgangane om utgangspunktet er Askvoll sentrum. Her ute ligg og Eimindsanden, ei flott rullesteinsstrand. Syklar du til vegs ende ved Follevåg, ca. 9 km, er det store sjansar for å sjå hjort som beitar.

Atløy

Atløy er ei perle å utforske med sykkel på smale vegar med lite trafikk. Ver obs på ferjetidene, då kan det vere litt meir trafikkert. Ta til venstre Gjervika og sykle til Herland, ca. 12 km. Stopp ved Vilnes kyrkje og utforsk den vakre staden kyrkja er plassert. Ca. 2 km før Herland kjem du til Brurastakken med merka geologisti.

Askvoll – Holmedal

Gamlevegen mellom Askvoll og Holmedal er ein fin sykkeltur langs fjorden, ca. 10 km ein veg. Undervegs sykler du forbi FjordLagunen, så her kan det kanskje passe med ein rast. I Holmedal anbefaler vi ein stopp ved Helle Fabrikker sitt fabrikkutsal. Tilbake kan du velge å sykle samme rute langs fjorden, eller følgje hovudvegen tilbake til Askvoll.

Sykkelutleige: Askvoll Fjordhotell, tlf. 57 73 35 35, Værlandet Handel, tlf. 57 73 01 20, Joker Bulandet, tlf. 57 73 21 44.

Stongfjorden

Bli med på kulturvandring Norge si tidlege industrihistorie. Løypa tek deg med rundt denne gamle og ærverdige industribygda og viser deg stadar knytt til NordEuropas første aluminiumsverk. Løypa er 1,2 km lang og har 9 stopp. Det tek om lag 40 minutt å gå inkludert formidling på kvart stopp.

Staveneset ligg ca. 9 km vest for Stongfjorden og er eitt av dei vestlegaste fastlandspunkta landet. På Staveneset ligg det 30 gravrøyser og 11 helleristingar, som skriv seg frå tida 1800 f.Kr. til 500 e.Kr. Gravrøysene er lette å få auge på, medan helleristingane ikkje er det.

Staveneset var ein nøkkelstad under andre verdskrig. Engelske agentar overvaka skipstrafikken og fekk hjelp hjå dei fastbuande, noko som skapte dramatiske omstende. Det er sett opp to minneplater, og mellom dei står emblemet til Royal Air Force. Frå Staveneset er det godt merka sti til Høgeheia, ein fantastisk fin turtopp med panoramautsikt!

Episenter for Fjordkysten regional- og geopark ligg det gamle skulehuset.

Atløy

Besøk den sjarmerande øya Atløy, ein kort ferjetur frå Askvoll. Når du køyrer av ferja på Atløy vil du sjå statue av vikingen Atle Jarl som øya er kalla opp etter. På øya Atløy finn du også den vakre stavkyrkja Vilnes kyrkje. Kyrkja vart bygd i 1674, og er den eldste trekyrkja Sunnfjord. Ein reknar med at Vilnes var offerstad eldre tid. Atløy er eit turparadis med mange gode turmoglegheiter, både fjellturar og sykkelturar. Vandre opp til Brurastakken, eit eldorado for geologar og andre stein- eller turglade, eller ta turen til Skredvarden (636 moh) og nyt vakker utsikt over øyparadiset. Joker Atløy ligg på Sauesundet, om lag 2 km frå Gjervika ferjekai retning Herland.

ASKVOLL
Askvollheia Røyset Øvregata Askvoll ØvreAskvoll Askvoll kyrkje Prestemarka Anders Askevolds veg Kleiva Storehaugvegen Presteelva Askvollvegen Askvollvegen 608 608 Hurtigbåkai KART: ELLEN JEPSON 608 100 m Askvoll–Gjervik–Fure Askvoll–Værlandet–Fure Ku turvandringsløype Ku turvandringsløype Bøparken Øyra Gamlekaia
Foto: Steinars Foto og Repro. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord A til Å www.atilaa.no fjordkysten.no 2024

Bulandet og Værlandet fleirbrukshall har symjebasseng, dusj, garderobar, treningsrom, aktivitetssal, buldrevegg, klubbhus, møterom og servicebygg for bubilturistar. Sjå FB for meir informasjon.

ASKVOLL

FJALER

Værlandet og Bulandet

Opplev Norges vestlegaste bebudde samfunn. Øyane her er som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer og ein veg på 11 km. Den særmerkte geologien med konglomerat og store område med kystynghei der villsau beiter danner ei fin ramme for øysamfunna.

Dra på øyhopping mellom mylderet av øyer med sykkel frå Værlandet til Bulandet.

Ta deg tid til ein stopp ved dei mange kunstverka som er plassert ute i naturen, ta ein tur Nordsjøløypa og turstien til Gjørøylykta på Bulandet. Vi anbefaler også ein stopp på bygdemuseumet Bulandet Temapark, ope frå 23. juni – 18. august tysdag – fredag + søndag frå kl. 13.00 – 16.00. Her får du eit heilskapleg bilete av livet i øysamfunnet. For informasjon om overnatting, sjå fjordkysten.no

RIB tur til Alden frå Askvoll

Ta turen til Alden og gå opp på den Norske hest –fjellet som stig nærast loddrett opp av havet, samtidig som du får oppleve den flotte skjergarden i ein fartsfylt RIB-tur. 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på Vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar.

RIB-tur:

10. juni – 30. sept. Kvar laurdag og søndag kl. 10.00 Pris: Vaksen kr. 750,- / Barn 5 – 15 år kr. 550,Kjøp billett på ribaskvoll.no

Båtskyss frå Værlandet til Alden tinger du hos Alaria, tlf. 481 32 779 eller Gry Leite, tlf. 905 51 334.

ØYHOPPING FRÅ ASKVOLL

09.15 Avreise med ekspressbåt frå Askvoll til Krakhella

09.50 Ankomst Krakhella

10.20 Buss frå Krakhella til Hardbakke (bussen går ned til hamna)

11.00 Avgang med postbåten «Stjernsund» frå hamna Hardbakke

13.45 Ankomst Bulandet

15.50 Avgang buss frå Bulandet til Værlandet ferjekai

16.30 Avgang ferje frå Værlandet til Askvoll

17.25 Ankomst Askvoll

På norled.no kan du kjøpe båtbillett for strekningane med ekspressbåt. Postbåten har avgrensa antall plassar, og ein må reservere plass seinast dagen før ein reiser. Billettar til postbåten kan du bestille på fjordkysten.no. Billett til buss og ferje kjøpast om bord.

ØYHOPPING OG SYKKEL

09.15 Avreise med ferje til Værlandet 10.35 Ankomst Værlandet

15.30 Avreise med båten «Stjernsund» frå Nikøy kai Bulandet

16.00 Ankomst Gåsvær

16.30 Avreise Gåsvær

TURSTIAR

Blåfjellet

(533 m.o.h) er både den høgste og næraste fjelltoppen til Askvoll sentrum, og gjev eit fabelaktig utsyn over store delar av kommunen. Følg turvegen innover Askdalen, her er det merka tursti videre til Blåfjellet.

Topptur til Blegja

Blegja er med sine 1304 m.o.h. det høgaste fjellet i FjordKysten området. Her kan du sjå heile vegen til Jostedalsbreen og dei sju fjella som ligg rundt Bergen. Vegen opp er bratt og krevjande, men er vel verdt det når du kjem på toppen. Blegja er ein dagstur variert terreng. Turen krev god kondisjon og ein stødig fot.

Skålefjellet

Skålefjellet byr på fantastisk utsikt 767 meter over havet! Fjellet er lett tilgjengeleg frå sør, aust og vest og det går fleire ruter opp til toppen. Den mest brukte ruta går frå Stongfjorden.

Nykshytta – dagsturhytta i Askvoll Nykshytta ligg ved Nyksvatnet i Holmedal. Hytta ligg om lag 455 m.o.h.. Stien er om lag 2 km og vanleg tempo bruker du rundt 45 minutt opp. Hytta har fått vedomn som alle kan nytte til oppvarming. tillegg er det solceller for lys og lading av mobil. Frå hytta har du flott utsikt over Holmedal. Følg fv. 609 til du kjem til Holmedal. Ovanfor kyrkja køyrer du mot fjellet på ein kommunal veg ca 1,5 km før du svingar til høgre nye 1 km, og du vil komme til parkeringsplassen ved vassverket Holmedal. Frå Nykshytta er det sti vidare til fjella Dokka og Moldura. Brurastakken, Atløy

Er eit eldorado for geologar og andre stein- eller turglade. Det er merka sti til Brurastakken, og ei eiga geologiløype, frå småbåthamna på Herland. Gå opp bakken, ta av til venstre ved postkassestativ, første huset på venstre side. Eit lite stykke før toppen av Brurastakken (177 m.o.h.), kjem ein til eit skilje der stien er skilta mot riksvegen. Om ein går ned her, er det 2 km til Herland. Litt nærare toppen er det eit anna skilje som er skilta til Geologiløypa, som er 2 km. Denne stien går ned mot sjøen, og framom Brurastakken. Fjellet sine foldingar med materiale frå devontida får du her sjå på nært hald. Om ein startar på høgda før Herland kan ein velje mellom å gå mot syd geologiløypa som er 2,5 km. Eller ein kan gå mot nord og opp gjelet som tyskarane skaut ut under krigen, 0,6 km til Brurastakken. Herifrå er det 2 km i lett nedoverbakke mot Herland.

Skredvarden, Atløy (636 m.o.h.)

For meir informasjon om mattilbod i Værlandet og på Bulandet, scan denne QR-koden:

Mat og drikke – Det er sjølvbetjente Joker-butikkar både i Værlandet (ved ferjekaia) og på Bulandet (Nikøy kai). Opningstid Joker Værlandet: 07.00 – 23.00. Frå 1. juni - 31. august er det også sundagsope. På butikkane er det også kaféar. Hamnaholmen er ein kafé, bar og butikk i Værlandet. Ope frå 21. juni – 11. august fredag 15.00 – 02.00, laurdag 13.00 – 02.00, sundag 11.00 – 17.00. Utanom sesong: laurdag 19.00 – 02.00 og sundag 11.00 – 17.00. Sjå Facebook og Instagram for meir informasjon.

17.15 Ankomst Hardbakke

17.20 Avgang buss frå Hardbakke

18.05 Ankomst Krakhella

18.25 Ekspressbåt frå Krakhella

19.05 Ankomst Askvoll

Turen til tek ca. 2 timar frå Gjervika til toppen, eller ca. 2 timar frå Eidet, sørvest på øya. Stien er merka frå gardstunet rett opp for ferjekaia Gjervik. Etter å ha kryssa enga oppom husa, går stien på sørsida av skogen, og gjennom skogen. Jamn stigning stort sett heilt til toppen. Startar ein frå Eidet er stien merka frå riksvegen. For ekstra flott utsikt så kan du ta turen bortom Atløynipa i sør. Det er godt merka sti frå Skredvarden.

Tips fleire turstiar: Det er mange merka turstiar i heile kommunen. Desse finn du oversikt over på eige turkart for Askvoll, samt på ut.no og fjordkysten.no. TiTur Dalsfjorden er utvalgte fjellturar som passer for dei fleste. Oversikt over turane finn du på Facebook TiTur Dalsfjorden.

Stavenes Storøy Heggøyna Raudøyna Atløy Tvibyrge Alden
ærlandet Sørværet Geita Aralden Raudøyna Aldefjorden Korssundet Lammetun Gjølanger Tysse Rivedal Granesundet Stongfjorden Holevika Yndestad Vågane Flokeneset Svanøy Kvellestad Vevring Redal Stavfjorden Blægja Dale Flekke Hovlandsvatnet Markavatnet Leknes Tansøy Stongfjorden Holmedal Ytre Vårdal Olset Grov Herland Stavsnes Øyravatnet Gjelsvika Ottersteinen 609 609 611 57 607 607 57 Gjervik Askvoll Fure
V
Dalsfjorden Vilnesfjorden Bulandet Vilnes Heileberget Nipebu
Våge Laukelandsfossen Kvammen KART: ELLEN JEPSON 3 km Melværsunde t Alden Værøy Værlandet Austneset Melværet Ystegeita Medgeita Sørværet Rånane Værholmane Soknevågen Stabbevågen Rokvika Håsteinosen “Den norske hest” 365 Værøyhamna Ferjekai KART: ELLEN JEPSON
Gustav Skaar.
Foto:
Herland. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Foto: Lillian
Foto: Christopher Garlid.
Bulandet

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.