FJALER

Page 1

Bubilcamp og camping

Ottersteintunnelen KART: ELLEN JEPSON

Dals

Dale Øyra, nær Dale sentrum, er midlertidig tilrettelagt for bubilar og campingvogner med 4 straumuttak og tilgang til vatn i slange inne på området. Øyra ligg på andre sida av elva for Dale kyrkje i retning Bjerga. Ferjekaia er ikkje tilrettelagt på nokon måte – men ligg fint til ved fjorden.

fjord

brua

Nishammartunnelen

Yndestad Gard Ligg ved Yndestadvatnet i Guddal. Heilårsopen campingplass med oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner og telt. Sanitæranlegg og tømmestasjon. Båt og kano til utlån, turområde og ferskvannsfiske. www.yndestadgard.no

erh

en veg

sse

Tro

Gjestebrygge

elva Dals

en

og

des

Nikka V onens

Da

lså sve

Ha

gen

tle

Jarsta

Elvestien

da

lsv

eg

en

Vass

verkv

egen

n

ge

e dv

Da en

eg

lsv

Dalselva Vosse

teigve

ien

Kulturvandring Bli kjend med bygningane og historia til bygda Dale. På Fjalerhuset og i Jakob Sande tunet finn du heftet Kulturvandring i Dale. Det er også ei eiga kulturvandringsløype i Jakob Sande sine fotspor gjennom Dale, med start i Jakob Sande tunet. Via mobilen din kan du lytte til lydfortellingar og sjå videoar som omhandlar Jakob Sande sitt liv og dikting. Sjå meir på kulturvandring.no Teaterfestivalen i Fjaler Teaterfestival kvart år i september. Festivalen har ei tematisk overbygning, og det vert lagt vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. www.teaterfestivalenifjaler.no

Klokkarlien

ta rs Ja

Dingemoen

Jar en eg dv

sta

300 m

Guddalsvassdraget strekk seg omlag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal. Dei første 8,5 km opp til Harefossen utgjer anadrom del av elva. Informasjon om fiskekort finn du på inatur.no

Kulturbygda

Dalsåsen dvege n

Elvestien

Laks og sjøaurefiske

Foto: Visit FjordKysten.

o

Jak

veg

Badevika i Dale er ei populær sandstrand like ved sentrum. Her er det tilrettelagt med stupebrett, badeflåte, sandvolleyballbane, grillar og bålpanne.

Korssund Gjestehamn 30 båtplassar ved fine flytebrygger. Her har du og oppstilling for bubil og campingvogner, butikk og kiosk. I Korssund ligg den største steinkrossen på Vestlandet.

57

A til Å · www.atilaa.no

an bS

Dale

Nordisk Kunstnarsenter, NKD Etablert i 1998, er ein internasjonal residens, for kunstnarar, designarar og arkitektar. Dalsåsen er eit fint tur- og rasteområde, med panoramautsikt over Dale. Informasjonstavler fortel om historie og drift. Omvising etter avtale. www.nkdale.no Dalsfjordveka 6. – 15. august. Temaet «kulturopplevingar i landskapet» er ramma rundt denne veka med kulturarrangement, marknadsdagar m.m. Fest i Fjaler, 14. – 15. august. BUA Fjaler har alt du treng av utstyr til ein hyggeleg tur til fjells eller strand! BUA er en nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at alle, spesielt barn og unge skal få mogelegheit til å vere aktive. Det gjer vi ved å låne ut utstyr til sport og friluftsliv – heilt gratis! Du kan låne fiskestenger, telt, redningsvestar, hengekøyer, SUP og syklar med meir. Adresse: Samvirket, Dalsvegen 97B, midt i sentrum av Dale. www.bua.io

Foto: Visit FjordKysten.

S

en

Lammetun Ferie og Fritid Heilårsopen campingplass med oppstillingsplassar for bubilar, campingvogner og telt. Sanitæranlegg og tømmestasjon. Utleige av kajakk og SUP, frisbeegolf, paintball, kystfort, turområde. www.lammetun.no

veg

h ve

n

rga

Bje

Dale kyrkje

ge

Bj

eg

Klatreparken midt i sentrum er også populært blant barna. Ved Dale senter er det ladestasjon for elbilar.

Dale egen

gen

live erge

a

rp

a Sk

Fjellv

B

gv

Kommunesenteret Dale er ei sjarmerande fjordbygd med eit godt utval av butikkar og kafear, bubilcamp og motell. I småbåthamna er det gjesteplassar for båtar. Hos BUA Fjaler på det gamle Coop-bygget i Dale sentrum kan du låne fritidsutstyr heilt gratis. Blant anna kano og kajakk.

net

Dalstu

Da lsv e

t

nde

ela jerg

57

au

Foto: Visit FjordKysten.

Dalsfjorden Ein

FJALER

Jakob Sande-senter Besøk Jakob Sande tunet der den folkekjære diktaren Jakob Sande (1906-1967) er fødd og oppvaksen. Her finn du Bestefarsstaua med museumssamlinga, løa og våningshuset med diktar-residens og overnatting, bokhandel og museumsbutikk og «Lisa i Li - krambu og bakeri». Ope tysdag – laurdag kl. 12.00 – 17.00 og sundag kl. 12.00 – 18.00 frå 6. juni – 15. august. Sommarsalongar med kulturarrangement kvar sundag. For meir informasjon: Facebook: Jakob Sande-senter for forteljekunst. Tlf. 57 73 77 75 • jakobsande.no

Lammetun Kystfort Lammetun Kystfort er eit av dei best bevarte kystforta etter 2. Verdskrig. Du kan gå i bunkersane, sjå utstilling med lokale bilete frå krigen og sjå veggmaleri som tyskerane malte sjølv. www.lammetunkystfort.com

fjordkysten.no


Askvoll 608

Atløy Grov

Dale

en

Holmedal

Dalsfjord

Ytre Vårdal

Straumsnes Tysse Haugland

Olset

Gjølanger

Vilnesfjorden

FJALER

Fure

Lammetun

Våge

Sunndalen

Eikeskogen

Hellevik

Aralden Værlandet

57

Flekke

Aldefjorden Raudøy

Bygdeheia

Hovlandsvatnet

607

Folkestad Korssund

Loneland Nautsundet

Skivenes

Eide

57

Boga Guddal Yndestad

Heggheim

lle

Skorpa Lihesten

st

ad

57

fjo

rd

en

Hyllestad

Fossedalen. Nedre og øvre Fossedalen er ei turperle, med gamle turstiar og fossefall. Start ved parkeringsplass på Otterstein ved Dalsfjordbrua. Merka tursti via Fossevika.

Bakkejekta er ein kopi av Norges eldste bevarte båt, bygt i Dalsfjorden i Sunnfjord. Kvar tysdag kl. 19.00 i juli kan du bli med på segltur med Bakkejekta på Dalsfjorden. Her kan du oppleve den vakre Dalsfjorden, bygder og fjell, gode historier om fjordfolket, naturen og islendingane herifrå og ikkje minst; er det vind, får du oppleve ei jekt frå 1700-talet under segl. Start frå Jensbua Kystkultursenter på Tysse. Påmelding: Tlf. 970 79 139 før kl. 17.00 dagen før. Info: FB/Bakkejekta.

Åfjorden

Hy

TURSTIAR

Segltur med Bakkejekta

Skor

Sørbøvåg

Foto: Visit FjordKysten.

Gjervik

Rivedal

Bygstad

Foto: Visit FjordKysten.

Herland

Ottersteinen

t nde nesu Gra

KART: ELLEN JEPSON

Laukelandsfossen

3 km

Heileberget, 761 moh. Start ved parkeringsplass på Otterstein ved Dalsfjordbrua. Merka tursti til Fløyen (toppen av Heileberget). Stien er godt merka. Jamn, hard stigning, nokre brattare parti, ikkje klatring. Turen er ca. 5,5 km lang og er krevande. Storslått panoramutsikt frå toppen over Dalsfjorden og kysten i vest.

Dagsturhytta Vidsyn ved Bygdeheia, 280 moh. Starten ligg om lag 40 minutt køyretur frå Dale. Frå Flekke følger ein fv. 607 mot Fure. Parkering er ved Furset (ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule). Du tar av frå hovudvegen og køyre 750 meter langs grusveg til parkeringsplassen. Stien frå Furset startar på skogsveg, før han går brått til høgre. Derifrå går du slakt oppover til Bygdeheia. Fantastisk utsikt ut i havet mot Alden. Det er om lag 2 km sti, og du går opp på mellom 30–60 minutt avhengig av tempo. Grøneholten, 411 moh, Østenstad rundt (8,3 km) m.fl. Start i Hatledalen på toppen av Vassverkbakken i Dale. Godt merka tursti.

Foto: Visit FjordKysten.

Leonards Forlaavelse

På Hellevik ligg også daglegvarebutikk og ei fin sandstrand om du ønskjer å bade. Vel verdt eit besøk er også kulturminnet Nilsbua.

Korssund

Lillingstonheimen Lillingstonheimen på Tysse er ein sorenskrivargard frå 1808, i dag eigd av Fortidsminneforeningen og tilgjengeleg for alle. Stor og staseleg hovudbygning med spanande bibliotek og mange kulturskattar og ein vakker engelsk hage. Lillingstonheimen byr på herskaplege opplevingar med bl.a. afternoon tea. Du kan tinge omvising etter avtale. Sjå FB/Lillingstonheimen på Tysse for informasjon om arrangement. Tlf. 992 59 072 • lillingston@fortidsminneforeningen.no

Foto: Visit FjordKysten.

Leonards Forlaavelse er ein oase av opplevingar. Her finn du gardsutsal med bakst, lokalmat, ein stor ostedisk, og ein interiørbutikk med intim og autentisk atmosfære, samt hagebygg/drivhus og urtehage i fjæresteinane ved Dalsfjorden. Ein perfekt stad for ei dagsutflukt, for spanande shopping, eller kun ro og avslapping med gode smakar. Leonards Forlaavelse ligg ved Dalsfjorden. Sving av ved Nærbutikken Hellevik, køyr inn grusvegen, sving til høgre og ned bakken. FB: Leonards Forlaavelse – ei oppleving. Tlf. 450 27 443. Ope 8. juli – 25. juli: Mandag – fredag 12.00 – 16.00, Laurdag – sundag 13.00 – 16.00.

Foto: Visit FjordKysten.

Foto: Visit FjordKysten.

Jarstadheia, 584 moh. Start på Rakneberg ved Dale, eller på Haugland. Flott utsikt over Dale og Dalsfjorden.

Korssund er ein gamal gjestgjevarstad heilt vest i Fjaler kommune, med ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Krossen er er ein av dei største i landet, og er av typen «Olavkross». Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren.

Flekkenipa, 370 moh. og Flekkestølen, start ved FV57 i Stavsdalen mellom Dale og Flekke. Einingsfjellet, 258 moh. Start frå Våge i retning Korssund. Storslått panoramutsikt frå toppen. Arsteinheia, 446 moh. Start frå Indre Åsnes på Straumsnes og følg skilting til parkeringsplass. Den Trondhjemske Postvei. Den historiske postvegen vart bygd i åra 1801 – 1806 og har ei rekke fine steinbruer. Vegen mellom Fjaler og Hyllestad er godt skilta og ein fin turveg. Filosofgangen, 3,6 km. Start ved Lillingstonheimen. Tursti går i gjelet mellom Tysse og Leitet, vidare langs fylkesveg til Fagervika, stien går over Fredensborgåsen og ned igjen til Tyssebrua. Fredensborg er ein park med gravlund frå 1824 midt i skogen. Det er eit rikt utval av merka turstiar i Fjaler. Turkart er i sal hos Dale Bok & Leikar i Dale Senter. Turskildringar finn du også på DNT SjekkUT og fjordkysten.no.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.