Kommunesenteret Dale er ei sjarmerande fjordbygd med eit godt utval av butikkar og kafear, bubilcamp og motell. Besøk Allmuen Kafé og Interiør Dalstunet og smak dei kjente heimelaga skillingsbollane. Her er også ei lita interiøravdeling. Hos Fabel kafé og Motell kan du prøve «verdas» beste karamell frappe, eller nyte eit betre måltid på takterrassen. småbåthamna er det gjesteplassar for båtar. Hos BUA Fjaler kan du låne fritidsutstyr heilt gratis. Blant anna kano og kajakk. Klatreparken midt sentrum er også populært blant barna. Ved Dale senter er det ladestasjon for elbilar. Badevika Dale er ei populær sandstrand like ved sentrum. Her er det tilrettelagt med stupebrett, badeflåte, sandvolleyballbane, grillar og bålpanne.
Kulturbygda
Kulturvandring
Bli kjend med bygningane og historia til bygda Dale. På Fjalerhuset og i Jakob Sande tunet finn du heftet Kulturvandring i Dale. Det er også ei eiga kulturvandringsløype Jakob Sande sine fotspor gjennom Dale, med start Jakob Sande tunet. Via mobilen din kan du lytte til lydfortellingar og sjå videoar som omhandlar Jakob Sande sitt liv og dikting. Det er også mogleg å få guida vandring i Jakob Sande og Nikka Vonens rike med sommarvertane i Jakob Sande-senteret. Sjå meir på kulturvandring.no
Teaterfestivalen i Fjaler
Teaterfestival kvart år september. Festivalen har ei tematisk overbygning, og det vert lagt vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. teaterfestivalenifjaler.no
Nordisk Kunstnarsenter, NKD
Etablert 1998, er ein internasjonal residens, for kunstnarar, designarar og arkitektar. Dalsåsen er eit fint tur- og rasteområde, med panoramautsikt over Dale. Informasjonstavler fortel om historie og drift. Omvising etter avtale. nkdale.no
BUA Fjaler har alt du treng av utstyr til ein hyggeleg tur til fjells eller strand! BUA er en nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at alle, spesielt barn og unge skal få mogelegheit til å vere aktive. Det gjer vi ved å låne ut utstyr til sport og friluftsliv – heilt gratis! Du kan låne fiskestenger, telt, redningsvestar, hengekøyer, SUP, kajakk og syklar med meir. Resepsjon sommar er i Jakob Sande-tunet, tysdag og torsdag 11.00 – 13.00. www.bua.io
Bubilcamp og camping
Dale
Øyra, nær Dale sentrum, er midlertidig tilrettelagt for bubilar og campingvogner med 4 straumuttak, tømmestasjon og tilgang til vatn slange inne på området. Øyra ligg på andre sida av elva for Dale kyrkje i retning Bjerga. Ferjekaia er ikkje tilrettelagt på nokon måte – men ligg fint til ved fjorden.
Yndestad Gard
Ligg ved Yndestadvatnet i Guddal. Heilårsopen campingplass med oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner og telt. Sanitæranlegg og tømmestasjon. Båt og kano til utlån, turområde og ferskvannsfiske.
Korssund Gjestehamn
30 båtplassar ved fine flytebrygger. Her har du og oppstilling for bubil og campingvogner, butikk og kiosk. Korssund ligg den største steinkrossen på Vestlandet.
Laks og sjøaurefiske
Guddalsvassdraget strekk seg omlag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet Guddal. Dei første 8,5 km opp til Harefossen utgjer anadrom del av elva. Informasjon om fiskekort finn du på inatur.no
Padleruter i Fjaler
Finn din neste padlerute appen «padleruter»:
Jakob Sande – senter for forteljekunst
Besøk Jakob Sande-tunet, fødestaden til den folkekjære forfattaren Jakob Sande (1906-1967). I tunet finn du Bestefarstaua med museumssamling og sommarutstilling, Løa, våningshuset med diktarresidens, og det Gamle skulehuset som fungerer som resepsjon, bokhandel, kafé og krambu. Ope kvar dag frå kl. 11.00 til 16.00, unnateke måndagar, perioden frå 24. juni til 11. august. Sommarvertane held omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor. Følg oss gjerne på nettsida vår, jakobsande.no, eller på Facebook for oppdatert informasjon om sommarprogrammet. Forteljekunstakademiet vert arrangert frå 19. til 21. juni, medan Fest Fjaler finn stad frå 9. til 11. august. Jakob Sande – senter for forteljekunst, Jakob Sandes veg 10, 6963 Dale i Sunnfjord, tlf. 481 24 808.
Lammetun Kystfort
Lammetun Kystfort er eit av dei best bevarte kystforta etter 2. Verdskrig. Du kan gå bunkersane, sjå utstilling med lokale bilete frå krigen og sjå veggmaleri som tyskerane malte sjølv. lammetunkystfort.com
Korssund
Korssund er ein gamal gjestgjevarstad heilt vest i Fjaler kommune, med ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Krossen er er ein av dei største i landet, og er av typen «Olavkross» Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren.
Leonards Forlaavelse
Leonards Forlaavelse er ei oppleving av ein spisestad med eigen ostebutikk, urtehage, gardsutsal med bakst, lokalmat, og interiørbutikk. Nyt ein unik Forlaavelsesbuffet i idylliske omgjevnader i fjæresteinane ved Dalsfjorden. Ein perfekt stad for ei dagsutflukt, for spanande handel, eller kun ro og avslapping med gode smakar. Sving av ved Nærbutikken Hellevik, køyr inn grusvegen, sving til høgre og ned bakken. Tlf. 450 27 443. Opningstider: Døgnopne butikkar heile året m/sjølvbetjening. Lillingstonheimen tilbyr samarbeid med Hellevik gard skreddersydde herskapelege opplevelser etter avtale. Sjå FB for arrangement: «Leonards Forlaavelse – ei oppleving»
På Hellevik ligg også daglegvarebutikk og ei fin sandstrand om du ønskjer å bade. Vel verdt eit besøk er også kulturminnet Nilsbua, Hellevik kai.
Lillingstonheimen, Tysse
Besøk den historiske eigedomen Lillingstonheimen frå 1742, først heim til Nitterfamilie, deretter sorenskrivergard for Landmark frå 1808 og engelsk overklasseheim frå 1880. dag eigd av Fortidsminneforeningen og tilgjengeleg for alle. Omvisning/ formidling og gruppebesøk etter avtale. Staseleg hovudbygning med koselege stuer, innhaldsrikt bibliotek, kulturskattar, svalgang og ein vakker engelsk hage. Lillingstonheimen byr på herskapelege opplevingar som middagar, Afternoon Tea og overnatting historiske rom. Sjå FB/Instagram «Lillingstonheimen på Tysse» for informasjon og booking. Tlf. 450 27 443 • lillingston@fortidsminneforeningen.no
TURSTIAR
Fossedalen. Nedre og øvre Fossedalen er ei turperle, med gamle turstiar og fossefall. Start ved parkeringsplass på Otterstein ved Dalsfjordbrua. Merka tursti via Fossevika.
Heileberget, 761 moh. Start ved parkeringsplass på Otterstein ved Dalsfjordbrua. Merka tursti til Fløyen (toppen av Heileberget). Stien er godt merka. Jamn, hard stigning, nokre brattare parti, ikkje klatring. Turen er ca. 5,5 km lang og er krevande. Storslått panoramutsikt frå toppen over Dalsfjorden og kysten i vest.
Hellevik Gard og Nilsbua, Hellevik kai
Kystkulturminne/lokalt kulturhus i stor sjøbu på Hellevik kai. Landhandel, kafé/pub, dampskipsekspedisjon, museum og bustad. Visningssenter for det innhaldsrike kulturlandskapet på Hellevik/Lone/Tysse og Leite. Formidling av soga til Hellevik Gard tilbake til 1500-talet og omvisning etter avtale. Sommaropen juni – august. Gruppebesøk etter avtale. Fotoutstilling, foredrag, kulturarrangement, båtturar på Dalsfjorden med veteranbåt og Rib. Loddsal/basar. Sjå FB for arr. og opningstider «Nilsbua, Hellevik kai»
Dagsturhytta Vidsyn ved Bygdeheia, 280 moh. Starten ligg om lag 40 minutt køyretur frå Dale. Frå Flekke følger ein fv. 607 mot Fure. Parkering er ved Furset (ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule). Du tar av frå hovudvegen og køyre 750 meter langs grusveg til parkeringsplassen. Stien frå Furset startar på skogsveg, før han går brått til høgre. Derifrå går du slakt oppover til Bygdeheia. Fantastisk utsikt ut havet mot Alden. Det er om lag 2 km sti, og du går opp på mellom 30–60 minutt avhengig av tempo.
Grøneholten, 411 moh, Østenstad rundt (8,3 km) m.fl. Start Hatledalen på toppen av Vassverkbakken Dale. Godt merka tursti.
Jarstadheia, 584 moh. Start på Rakneberg ved Dale, eller på Haugland. Flott utsikt over Dale og Dalsfjorden.
Flekkenipa, 370 moh. og Flekkestølen, start ved FV57 Stavsdalen mellom Dale og Flekke.
Einingsfjellet, 258 moh. Start frå Våge retning Korssund. Storslått panoramutsikt frå toppen.
Arsteinheia, 446 moh. Start frå Indre Åsnes på Straumsnes og følg skilting til parkeringsplass.
Den Trondhjemske Postvei. Den historiske postvegen vart bygd i åra 1801 – 1806 og har ei rekke fine steinbruer. Vegen mellom Fjaler og Hyllestad er godt skilta og ein fin turveg.
Filosofgangen, 3,6 km. Start ved Lillingstonheimen. Tursti går i gjelet mellom Tysse og Leitet, vidare langs fylkesveg til Fagervika, stien går over Fredensborgåsen og ned igjen til Tyssebrua. Fredensborg er ein park med gravlund frå 1824 midt i skogen.
Det er eit rikt utval av merka turstiar Fjaler.