MÅLØY

Page 1

Måløyraidsenteret

Tidleg morgon, 27. desember 1941; julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig: flybomber, gatekampar og skyting frå krigsskip. Gjennom det øyredøyvande bråket; lyden av ei lys sekkepipe. Originale bilete frå raidet og metervis med original film visast i ei levande utstilling som har rørt fleire tusen besøkjande. Utstillinga viser og originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge’s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjonar. tillegg til utstillinga om Måløyraidet er det utstillingar om Martin Linge, Kompani Linge, og om den vågale Shetlandsfarten og Tysklandsbrigaden. Du kan òg få vite meir om korleis det var å vere tysk soldat Måløy under krigen. Senteret ligg sentralt plassert midt Måløy sentrum med parkering på torget og gode kaféar i umiddelbar nærleik. Ope 10. mai – 18. juni kl.10.00 – 16.00 onsdag – sundag. 19. juni – 13. august kl. 10.00 – 17.00 alle dagar. Sjå nettsida for opningstider ved cruiseanløp. maloyraidsenteret.no

Havfisketur og havørnsafari

Med seglskøyta Westland arrangerer Explore 62oNorth ski- og seglturar Sunnmørsalpane. Om sommaren og hausten kan du blir med dei på havfisketurar og havørnsafari ut i frå Måløy. explore62.com

RIB-tur

Opplev fart og spenning, ville naturkrefter, slalåm mellom holmar og skjer, eller ein kosetur på fjorden. Storm@Stad tek deg med på RIB-turar området rundt Måløy. stormstad.no

Gatekunst

Under Måløyraidet i 2.verdskrig vart store delar av Måløy bomba og byen mista fleire av sine eldre trehus og karakteristiske naust. etterkant vart det bygd opp store industribygg og betongklossar i 50-tals stil, noko som den dag i dag pregar byen. Eit perfekt utgangspunkt til å gjere gråstein til gull. Då Tone Andal kom attende til heimbyen 2010 vart ho raskt oppmerksam på Måløy som ein potensiell gatekunstby, med alle sine grå og slitte veggar. I dag finn du heile 21 veggmaleri i Måløy, dei fleste er å sjå i sentrum av byen.

Kajakk, coasteering og yoga

Kom tett på naturen på ein måte du elles kanskje ikkje opplever den. Sjøbris Adventure tilbyr aktivitetar som kajakkpadling, coasteering og yoga, og har ein intensjon om å skape eventyrlege og meiningsfylte opplevingar gjennom leik, utfordringar og oppmerksamt nærver nærvær naturen. Med fokus på friluftsliv, mangfald i naturen, vår kulturarv og sporlaus ferdsel bidreg Sjøbris Adventure til læring, meistring, livsglede og omsorg for menneske og natur. sjobrisadventure.no

Sjøbris Adventure deltek i den nasjonale dugnaden #likefinsomfør gjennom å tilby padleturar med strandrydding samhandling med Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Fjordane Friluftsråd. holdnorgerent.no • likefinsomfor.no

Kannesteinen

Kannesteinen er ein spesiell stettforma stein som står fjæra bygda Oppedal, om lag 10 km frå Måløy sentrum. Hav og bølger har slipt og forma den omlag 3 meter høge steinen gjennom fleire tusen år. Det er gode parkeringsmoglegheiter og tilrettelagt tilkomst ved Kannesteinen.

MÅLØY
A til Å www.atilaa.no Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Måløyraidsenteret. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
fjordkysten.no
Cruisekai

Vågsberget handels- og gjestgjevarstad

Vågsberget ligg vakkert til mot sjøen ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg og Kannesteinen. Vågsberget er ein av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår, og er i dag eit av dei mest komplette og ivaretekne vi har att Noreg. dag er Vågsberget freda som ein av dei best bevarte handelsstadene Noreg. Bygningane på staden er frå omkring 1800, men handelstaden har røter tilbake til 1600-talet. Eigaren på Vågsberget hadde handelsprivilegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer. Folk nærområdet kom lett gjeld til handelsmannen. Privilegiet fall bort etter midten av 1800-talet. Kystmuseet har ansvaret for drifta av Vågsberget og held ope her sommarsesongen, med omvising dei historiske husa, og utstilling og kafé driftsbygningen. Ope 22. juni – 13. august kl. 12.00 – 17.00 torsdag – sundag. misf.no/vaagsberget

Kråkenes fyr

Med Nordsjøen som næraste nabo får du ei oppleving som tek pusten frå deg. Kråkenes fyr er plassert på eit platå 45 moh og omkransa av hav på tre sider. Når stormen herjar som verst bankar bølger og sjøsprøyt på vindauga for å gje deg beskjed om at det er best å halde seg inne. Dette er kanskje ein av dei plassane Norge det bles mest langs kysten vår. Trass at Kråkenes fyr er kjent for sine stormfulle dagar er det ei heilt spesiell oppleving å sitte ute, utan eit vindpust, medan du ser sola gå ned havet. Kråkenes fyr vart oppretta av Kystverket 1906 og er eit ledog innseglingsfyr frå Stadhavet Kinn kommune. Fyret vart automatisert 1986 og er dag utleigd til Ytre Nordfjord Turlag (YNT) som driv fyret som ei DNT-hytte. Her kan du sikre deg ei spektakulær overnatting Stormsuiten fyrbygninga eller på eit rom Stormhuset. Rom må bestillast på førehand. ytrenordfjord.dnt.no Fyrkaféen held ope kl. 11.00 – 17.00 alle helgar og raude dagar frå 1. april og ut august.

Refviksanden

Den 1,5 km lange sandstranda ligg enden av bygda Refvik, ut mot det opne havet. Stranda ligg ca om lag 10 km frå Måløy og er med sin krittkvite skjelstrand ei av Norges finaste badestrender. Her kan du nyte varme og fine sommardagar eller la deg fascinere av dei mange hauststormane. Husa i Refvik har ein tjukk murvegg på eine sida. Dette er for å hindre at dei skal bli blåst på havet av dei sterke hauststormane som blir pressa ned gjennom dalføret. Du finn kommunal campingplass med toalett og dusj ved stranda. Det er og høve til overnatting i telt, campingvogn eller bubil. facebook.com/refvikcamping

Skongenes fyr

Har du lyst til å oppleve ei frisk og annleis langhelg det fri? Ta turen til Skongenes fyr på Vågsøy. Her kan du overnatte fyrvoktarboligen, kose deg på det lune tunet og oppleve eit eldorado av klipper, stiar og spanande stader å oppdage. Skongenes fyr vart oppretta 1870 og var viktig for båttrafikken på det vèrharde Stadhavet. Fyret ligg ein times spasertur over fjellet frå Halsør, dette er ein fin tur som passar for alle.

På godvèrsdagar kan ein båt leggast opptil moloen slik at besøkande kan gå land. Dette er ei DNT-hytte som kan nyttast både av medlemmar og ikkje-medlemmar.

Rom må bestillast på førehand. ytrenordfjord.dnt.no

Ulvesund fyr

Ulvesund fyr ligg på Hjertenes nær Måløy i Kinn kommune. Fyret er eit av fire fyr som viser båtane trygt rundt Stadt, som er kategorisert som eit av dei hardaste havstykka Norge. Omgitt av ein solrik hage ligg Ulvesund fyr lunt og stille til. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgongar. Ein kan overnatte på fyrloftet, Uthuset og i Maskinrommet, og hengekøye fyrnaustet. Her finn du ein sjarmerande fyrbutikk som gjestar kan kjøpe heimelaga saft, gelé, handarbeid og meir. Her kan du og bestille heimelaga mat og nykverna kaffi som blir servert fyrkaféen, eller ute fyrhagen. Ope 24. juni – 13. august kl. 13.00 – 18.00 alle dagar. ulvesundfyr.no

Aktivitet

Fiskerimuseet 10. juni – 19. august, laurdagar kl. 11.00 – 15.00. fiskerimuseet.no Måløy Kunstlag Den Blå Hesten. Utstilling 29. juni – 23. juli, tors/fre kl. 14.00 – 17.00, laur kl. 11.00 – 14.00. facebook.com/Denblaahesten

Trimløype ved Måløy Stadion. Startpunkt for fleire flotte fjellturar. Moldøen Turområde under Måløybrua. Frisbeegolf.

Fritidspark Friluftsområde og badestrand ved Poljavatnet Deknepollen.

Friluftsskule Aktivitetstilbod for born 9 – 13 år, 21. – 23. juli: fjordanefr.no/friluftsskule

Kystplanke Måløyhopen. Hent sekk – Plukk søppel – Vinn premiar!

Bibliotek for opningstider sjå kinn.kommune.no

Frisbeegolf på Moldøen.

Bowling facebook.com/splittbowling

Dagsturhytta på Kletten

For å gå til dagsturhytta på Kletten må du enten gå eller køyre over Måløybrua i retning Deknepollen. Det er tre forskjellige utgangspunkt for turen. Den kortaste stien startar frå Kulen, her kan du parkere ved ASVO og gå langs vegen til starten på stien. Dette er ein fin familietur som lønar deg med ei fantastisk utsikt over Måløy og omland når du kjem opp til hytta.

Veten

Veten ligg 613 meter over havet og er det høgste punktet på Vågsøya. Du kan enten gå heile vegen frå sentrum eller du kan køyre opp og parkere ved Måløy Stadion. Måløy Stadion er eit fint utgangspunkt for mange turar av forskjellig vanskegrad og lengde. Stien til Veten er godt merka og frå toppen får du ei flott utsikt både innover fjorden og utover Stadhavet.

Festivalar: Strandfestivalen 7. – 8. juli. strandfestivalen.no Elvisfestivalen 3. – 5. august. elvisfestivalen.no

BUA Måløy har alt du treng av utstyr til ein hyggeleg tur til fjells eller på stranda. BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at barn og unge skal få moglegheit til å vere aktive. Dette gjer vi ved å låne ut utstyr til sport og friluftsliv – heilt gratis. Du kan låne fiskestenger, telt, redningsvestar, hengekøyer, SUP og syklar med meir. Ope kl. 15.00 – 16.30 måndag og torsdag. Gate 1 • 86, 6700 Måløy • facebook.com/BUAMaloy

MÅLØY TURISTINFORMASJON – Gate 1 88, 6700 Måløy • Tlf. 909 12 480 Ope 10. juni – 13. august, man – fre 10.00 – 17.00, laur – sun 10.00 – 15.00

Kr keneset Vedvika Skongenes Setra Silda Raudeberg Ytre Kvalheim Nordoppedalen Mehuken Valheimsvika Vågsøy Kjerringa ærestranda Holvika Husev g Vågsfjorden Evja Ura Nygård Eidevika Raudegga Allmenningen Flatraket Venøy Barmø Gangsøy Husevåg y Oldeide Bremangerlandet Hamnen Rugsundøy Nordpollen Røysefjorden Må øy 15 15 618 618 Refviksanden Veten Hendanes Deknepollen Hanekammen Ulvesund km
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Foto: Unni Lise Dahl.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Foto: Espen Mills. Foto: Laila Anita Schønhardt.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.