MÅLØY 2024

Page 1

Måløyraidsenteret

Tidleg morgon, 27. desember 1941; julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig: flybomber, gatekampar og skyting frå krigsskip. Gjennom det øyredøyvande bråket; lyden av ei lys sekkepipe. Originale bilete frå raidet og metervis med original film visast i ei levande utstilling som har rørt fleire tusen besøkjande. Utstillinga viser og originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge’s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjonar. tillegg til utstillinga om Måløyraidet er det utstillingar om Martin Linge, Kompani Linge, og om den vågale Shetlandsfarten og Tysklandsbrigaden. Du kan òg få vite meir om korleis det var å vere tysk soldat Måløy under krigen. Måløyraidsenteret har audioguidar på fleire språk. Senteret ligg sentralt plassert midt Måløy sentrum med parkering på torget og gode kaféar umiddelbar nærleik. Ope 17. juni – 4. august kl. 10.00 – 17.00 alle dagar. Sjå nettsida for opningstider utanom høgsesong. maloyraidsenteret.no

Gatekunst

Under Måløyraidet i 2.verdskrig vart store delar av Måløy bomba og byen mista fleire av sine eldre trehus og karakteristiske naust. etterkant vart det bygd opp store industribygg og betongklossar i 50-tals stil, noko som den dag i dag pregar byen. Eit perfekt utgangspunkt til å gjere gråstein til gull. Då Tone Andal kom attende til heimbyen 2010 vart ho raskt oppmerksam på Måløy som ein potensiell gatekunstby, med alle sine grå og slitte veggar. I dag finn du heile 21 veggmaleri i Måløy, dei fleste er å sjå i sentrum av byen.

Havfisketur og havørnsafari

Med seglskøyta Westland arrangerer Explore 62oNorth ski- og seglturar Sunnmørsalpane. Om sommaren og hausten kan du blir med dei på havfisketurar og havørnsafari ut i frå Måløy. explore62.com

Opplev fart og spenning, ville naturkrefter, slalåm mellom holmar og skjer, eller ein kosetur på fjorden. Storm@Stad tek deg med på RIB-turar området rundt Måløy. stormstad.no

Kajakk, coasteering og yoga

Kom tett på naturen på ein måte du elles kanskje ikkje opplever den. Sjøbris Adventure tilbyr aktivitetar som kajakkpadling, coasteering og yoga, og har ein intensjon om å skape eventyrlege og meiningsfylte opplevingar gjennom leik, utfordringar og oppmerksamt nærvær naturen. Med fokus på friluftsliv, mangfald naturen, vår kulturarv og sporlaus ferdsel bidreg Sjøbris Adventure til læring, meistring, livsglede og omsorg for menneske og natur. sjobrisadventure.no

Sauna

Flyt Sauna Vågsvåg kombinera varme og avslapping frå ein tradisjonell sauna med skjønnheita av våre kystnære omgjevnadar. Veksle mellom den varme badstua og ein forfriskande dukkert kaldt sjøvatn. Ope kl. 09.00 – 21.00 alle dagar booking.sjobrisadventure.no

Kannesteinen

Kannesteinen er ein spesiell stettforma stein som står fjæra bygda Oppedal, om lag 10 km frå Måløy sentrum. Hav og bølger har slipt og forma den omlag 3 meter høge steinen gjennom fleire tusen år. Det er gode parkeringsmoglegheiter og tilrettelagt tilkomst ved Kannesteinen.

MÅLØY
A til Å www.atilaa.no Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Måløyraidsenteret. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. RIB-tur
fjordkysten.no 2024
Cruisekai

Kråkenes fyr

Vågsberget handels- og gjestgjevarstad

Vågsberget ligg vakkert til mot sjøen ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg og Kannesteinen. Vågsberget er ein av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår, og er i dag eit av dei mest komplette og ivaretekne vi har att Noreg. dag er Vågsberget freda som ein av dei best bevarte handelsstadene Noreg. Bygningane på staden er frå omkring 1800, men handelstaden har røter tilbake til 1600-talet. Eigaren på Vågsberget hadde handelsprivilegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer. Folk nærområdet kom lett gjeld til handelsmannen. Privilegiet fall bort etter midten av 1800-talet. Kystmuseet har ansvaret for drifta av Vågsberget og held ope her sommarsesongen, med omvising dei historiske husa, og utstilling og kafé driftsbygningen. Ope 20. juni – 18. august kl. 12.00 – 17.00 torsdag – sundag. misf.no/vaagsberget

Med Nordsjøen som næraste nabo får du ei oppleving som tek pusten frå deg. Kråkenes fyr er plassert på eit platå 45 moh og omkransa av hav på tre sider. Når stormen herjar som verst bankar bølger og sjøsprøyt på vindauga for å gje deg beskjed om at det er best å halde seg inne. Dette er kanskje ein av dei plassane Norge det bles mest langs kysten vår. Trass at Kråkenes fyr er kjent for sine stormfulle dagar er det ei heilt spesiell oppleving å sitte ute, utan eit vindpust, medan du ser sola gå ned havet. Kråkenes fyr vart oppretta av Kystverket 1906 og er eit ledog innseglingsfyr frå Stadhavet Kinn kommune. Fyret vart automatisert 1986 og er dag utleigd til Ytre Nordfjord Turlag (YNT) som driv fyret som ei DNT-hytte. Her kan du sikre deg ei spektakulær overnatting Stormsuiten fyrbygninga eller på eit rom Stormhuset. Rom må bestillast på førehand. ytrenordfjord.dnt.no Fyrkaféen held ope kl. 11.00 – 17.00 alle helgar og helligdagar frå 23. mars og ut august.

Refviksanden

Den 1,5 km lange sandstranda ligg enden av bygda Refvik, ut mot det opne havet. Stranda ligg ca om lag 10 km frå Måløy og er med sin krittkvite skjelstrand ei av Norges finaste badestrender. Her kan du nyte varme og fine sommardagar eller la deg fascinere av dei mange hauststormane. Husa i Refvik har ein tjukk murvegg på eine sida. Dette er for å hindre at dei skal bli blåst på havet av dei sterke hauststormane som blir pressa ned gjennom dalføret. Du finn kommunal campingplass med toalett og dusj ved stranda. Det er og høve til overnatting i telt, campingvogn eller bubil. facebook.com/refvikcamping

Skongenes fyr

Har du lyst til å oppleve ei frisk og annleis langhelg det fri? Ta turen til Skongenes fyr på Vågsøy. Her kan du overnatte fyrvoktarboligen, kose deg på det lune tunet og oppleve eit eldorado av klipper, stiar og spanande stader å oppdage. Skongenes fyr vart oppretta 1870 og var viktig for båttrafikken på det vèrharde Stadhavet. Fyret ligg ein times spasertur over fjellet frå Halsør, dette er ein fin tur som passar for alle. På godvèrsdagar kan ein båt leggast opptil moloen slik at besøkande kan gå land. Dette er ei DNT-hytte som kan nyttast både av medlemmar og ikkje-medlemmar.

Rom må bestillast på førehand. ytrenordfjord.dnt.no

Dagsturhytta på Kletten

For å gå til dagsturhytta på Kletten må du enten gå eller køyre over Måløybrua i retning Deknepollen. Det er tre forskjellige utgangspunkt for turen. Den kortaste stien startar frå Kulen, her kan du parkere ved ASVO og gå langs vegen til starten på stien. Dette er ein fin familietur som lønar deg med ei fantastisk utsikt over Måløy og omland når du kjem opp til hytta.

Veten

Veten ligg 613 meter over havet og er det høgste punktet på Vågsøya. Du kan enten gå heile vegen frå sentrum eller du kan køyre opp og parkere ved Måløy Stadion. Måløy Stadion er eit fint utgangspunkt for mange turar av forskjellig vanskegrad og lengde. Stien til Veten er godt merka og frå toppen får du ei flott utsikt både innover fjorden og utover Stadhavet.

Ulvesund fyr

Ulvesund fyr ligg lunt og stille til omgitt av ein solrik hage, ein kort køyretur frå Måløy på veg mot Osmundsvåg. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet. fyrkafeen kan du bestille heimelaga mat og nykverna kaffi som kan nytast inne kafeen eller ute hagen. På fyret er det lagt til rette for kreative aktivitetar for både store og små. den sjarmerande fyrbutikken kan gjestar kjøpe heimelaga saft, gelé, handarbeid og anna. Gjestar som overnattar kan nyte fargerike og fredfulle solnedgongar, og ein god frukost. Ope 25. juni – 11. august kl. 13.00 – 18.00 alle dagar. ulvesundfyr.no

Aktivitet

Fiskerimuseet For opningstider sjå facebook: facebook.com/fiskerimuseet Trimløype ved Måløy Stadion. Startpunkt for fleire flotte fjellturar. Moldøen Turområde under Måløybrua. Frisbeegolf.

Fritidspark Friluftsområde og badestrand ved Poljavatnet Deknepollen.

Sykkelutleige ved Måløy Turistinformasjon

Turlaget Ytre Nordfjord Turlag • Turplan 2024: dnt.no/ytrenordfjord

Kystplanke Hent sekk – Plukk søppel – Vinn premiar! elvoghav.no/prosjekter/kystlotteriet

Bibliotek for opningstider sjå kinn.kommune.no

Kino Gate 1 • 225, 6700 Måløy • maloykinoogkultur.no

Nordfjordhallen Nordfjordvegen 9101/9111, 6718 Deknepollen • nordfjordhallen.no

Frisbeegolf på Moldøen.

Festivalar: Måløydagene 28. – 30. juni facebook.com/maloydagene

Strandfestivalen 5. – 6. juli • strandfestivalen.no

Elvisfestivalen 1. – 3. august • elvisfestivalen.no

Kr keneset Vedvika Skongenes Setra Silda Raudeberg Ytre Kvalheim Nordoppedalen Mehuken Valheimsvika Vågsøy Kjerringa ærestranda Holvika Husev g Vågsfjorden Evja Ura Nygård Eidevika Raudegga Allmenningen Flatraket Venøy Barmø Gangsøy Husevåg y Oldeide Bremangerlandet Hamnen Rugsundøy Nordpollen Røysefjorden Må øy 15 15 618 618 Refviksanden Veten Hendanes Deknepollen Hanekammen Ulvesund km
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Unni Lise Dahl. Foto: Espen Mills. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Eirik Føleide. Foto: Laila Anita Schønhardt. MÅLØY TURISTINFORMASJON – Gate 1 • 90, 6700 Måløy • Tlf. +47 469 02 095 Ope 22.juni – 18.august, man – fre 10.00 – 17.00, laur – sun 10.00 – 15.00 BUA Måløy har alt du treng av utstyr til ein hyggeleg tur til fjells eller på stranda. BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at barn og unge skal få moglegheit til å vere aktive. Dette gjer vi ved å låne ut utstyr til sport og friluftsliv – heilt gratis. Du kan låne fiskestenger, telt, redningsvestar, hengekøyer, SUP og syklar med meir. For åpningstider sjå facebook: facebook.com/BUAMaloy
Gate 1 •
86, 6700 Måløy

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.