SUNNFJORD

Page 1

Førde by

Førde er den største tettstaden i Sunnfjord, med rundt 10 000 innbyggarar, og er kjent som eit handelssenter i regionen. Elva Jølstra går gjennom sentrum Førde og renn ut Førdefjorden. Langs elva er det laga fleire fine sitjegrupper der ein kan sitte og nyte lyden frå elva. Førde har eit mangfaldig tilbod av butikkar, restaurantar og kaféar for ein kvar smak. I førdehuset finn du teater, bibliotek, kinosal og symjehall. Sjå fordehuset.no for åpningstider.

Aktivitetar

Førde Bowlinghall forde-bowlinghall5.webnode.page

Gokart i Kråkenesmarka Booking: sunnfjordgokart@hotmail.com

Diskgolf Naustdal Fritidspark Discgolf og Viebøen Frisbeegolf Viksdalen Discgolf

Stranda Naustdal Badestrand med stupebrett, volleyballbane og grillområde. Utleige av SUP-brett.

Hafstadparken I Hafstadparken finn du 2 kunstgrasbaner, skateanlegg, rulleskiløype, trimløype, BMX bane, 4 sandvolleyballbaner, parkanlegg, trimpark, handball, basket, bandy/badminton, buldrestein, rulleskøyte-område, hoppbakke og grillplass.

Langeland Skisenter Ulike lysløyper og turar. langelandskisenter.no

Instedalen Skianlegg 4 km langrennsløype, og barneanlegg med skileik. fjordnorway.com/no/se-og-gjore/instedalen-skianlegg

Sunnfjord Skisenter Alpinanlegg Blomlia, 8 km frå Førde sentrum. sunnfjordskisenter.fordeidrettslag.no

BUA Sunnfjord Her kan du leige alt du treng av utstyr. bua.no/bua-sunnfjord/utstyr

Indre Sunnfjord Turlag Meld deg på ein av turane, eller lån utstyr. indresunnfjord.dnt.no

Sunnfjord Spa sunnfjordspa.no

Larris Scene Konsertscene på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Førde facebook.com/larrisscene

Festivalar Førdefestivalen, 5. – 9. juli fordefestival.no

Trøkk n’ Truck festival, 10. – 12. august trokkntruck.no

Sunnfjordparken

Midt i Førde ligg Sunnfjordparken - ein aktivitetspark med 5000m2 med moro! Her finn du aktivitetar for store og små, på ein plass! Slepp ungane laus i Spretten Trampolinepark, utfordre seg i Hurlumhei Leikeland eller ha ein draumedag heile parken! sunnfjordparken.no

Førde klatresenter

Førde Klatresenter tilbyr innandørs buldring (klatring på låge veggar over tjukkas) og tauklatring på alle nivå. Her fokuserer vi på bevegelsesglede, og at alle skal finne passande utfordringar og oppleve meistring. Om du er på jakt etter ei treningsform som er så motiverande at ein gjer det fordi det er gøy, har du kome til rett stad! fordeklatresenter.no

Sykkelturar

Førde: Sykle gjennom urbane område med tett busetnad, før du tek av på ein lite trafikkert veg som slyngar seg gjennom eit ope og flatt jordbrukslandskap. Førde kjem kontrasten mellom urbant byliv og sjarmerande gardstun fort. Besøk idylliske Sunnfjord Museum like ved Movatnet. Like ved museet ligg Huldefossen. Her kan du kjenne på naturkreftene frå eit fossefall på rundt 90 meter.

Viksdalen: Her syklar du i flatt terreng og lite trafikkerte vegar langs Viksdalsvatnet. Sykle gjennom Råheimsdalen forbi Vallestadfossen og Haukedalsvatnet før du endar opp på Rørvikfjellet. Frå Rørvikfjellet kan du sykle vidare mot Holsen. Her syklar du langs det idylliske Holsavatnet før du kjem ut på E39 ved Mo.

Naustdal: Sykle langs Førdefjorden til Helle. Du syklar for det meste på lågtrafikkert bilveg med jamn stigning. Langs vegen har du utsikt mot dei majestetiske fjella Storehesten, Heilefjellet og Blegja. På vegen tilbake er det berre å nyte nedoverbakkane. Kombiner turen med eit stopp på Håjen kafé. Her får du servert heimelaga mat og tradisjonsbakst.

Mat og drikke

I Førde sentrum finn du mange restaurantar og kaféar. Nyt ein betre middag på Ete Fysst, Pikant mat- og vinhus eller på Restaurant Laxen. Eller ta lunsjen på Kafé Sobra, Kardemomme lunsj og kaffibar eller ein av kaféeane til Naustdal Dampbakeri.

På Luftkampmuseet finn du og ein serveringsstad innanfor Norsk Gardsmat. På Håjen Kafé Naustdal serverer dei heimelaga mat basert på lokale råvarer og tradisjonsbakst frå bakeriet.

Om sommaren inviterer Flatheim gardshotell bygdefolk og turistar til sommarkafé. Her diskar dei opp med god, heimelaga bakst. Omkransa av frodig natur, 430 meter over havet, ligg Flatheim som ein godt bevart hemmelighet.

KART. ELLEN JEPSON Prestebøen Hafstad Øyrane Flovegen Fj æ revegen F rde Øyrane Gåsøyra Gåsøyra Kyrkjevegen Klovene Uravegen Falkenstein Hornnesvegen Kletten Naustdalsvegen Hundvedbakken Lyholten Honneset Via Viavegen Tyrivegen Hafstadvegen Viaåsen Hafstadvellene Presteholten Kviebakkane Angen Svanehaugvegen Moldtaket Vieåsen Bruland Hafstadfjellet Hallbrend Hogane Pernillevegen Flatene Nytun Kvernberget SteinavegenJølstra Tefrevegen Jølstra Fjellvegen Halbrendslia Storehagen Langebruvegen E 39 Angedalsvegen E 39 E 39 E 39 5 601 601 600 5684 609 Sande/Lavik Naustdal Askvoll Angedal Grimeland Vassenden SUNNFJORD A til Å www.atilaa.no Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord. fjordkysten.no
Begge foto:
Photoevent.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Kunst set ord, form, farge og lyd på menneskelege erfaringar. Her i storstova for kunst finn du tre etasjer fulle av utrykk for levd liv, som du kan oppleve, tolke og gruble over. Gjennom året finn du skiftande utstillingar med samtidskunst frå området og Norge elles. Dessutan finn du også utstillingar frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum si eiga samling. Samlingane byr på regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900-talet og fram til dag. misf.no/kunstmuseet

Sunnfjord Museum

Når du stig inn i ei av dei små, lafta stovene, stig du inn i livet til Sunnfjordingen på 1800-talet. Friluftsmuseet syner fram kulturarv og daglegliv frå dei indre Sunnfjordbygdene. Med over 30 antikvariske bygg, får du oppleve eit tradisjonelt tun, ein husmannsplass og ein støl. Ved vatnet står det naust, og her kan du om sommaren ta deg ein dukkert og helse på museumsgeitene. misf.no/sunnfjord-museum

Hestad Kapell

Hestad Kapell står støtt på den smale landtunga som deler Viksdalsvatnet frå Hestadfjorden. Kyrkja blei bygd 1805 og ferdast du langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet må du stoppe for ei omvisning og kansje eit bad idylliske Hestadfjorden. fortidsminneforeningen.no/museum/hestad-kapell

Luftkampmuseet

Ein alliert flystyrke går til angrep på tyske skip som ligg ved Frammarsvik Førdefjorden. Dei skal senke Z33, ein tysk destroyar. Det utvikla seg til å bli det største luftslaget over Noreg under 2. verdskrig. Dei som overlevde, kalla hendinga ‘Den svarte fredagen’ til minne om sine falne kameratar. Frå museet ser ein utover fjorden der skipa låg, utstilling med bilete, film og vrakdelar. haajen.no/luftkampmuseum

Nasjonal turistveg Gaularfjellet

Gaularfjellet er ein godt bevart løyndom for dei fleste, men for alle som har oppdaga vegen står den fram som noko heilt spesielt. Langs denne ruta frå Balestrand til Moskog (Førde) kan ein sjå mange vakre, små fossar og elvar. Vegen er særskilt kjent for dei 9 hårnålssvingane ein køyrer gjennom på Balestrandssida av fjellet. Rasteplassen Utsikten ligg på toppen av stigninga opp frå Vetlefjorden og har eit storslått utsyn over eit frodig og vakkert landskap der riksveg 13 slynger seg oppover lia. Med fritt utsyn mot fjell på 1500 meter og djupe dalføre ligg utsiktplattforma og balanserer på kanten av fjellet, 700 meter over havet.

Fossestien

Fossestien er ein vandreveg frå Gaularfjellet til Viksdalen, på strekninga går ein langs 14 større fossar og 7 fjellvatn. Det er ein lett tur som går over 500 høgdemeter og til saman 21 km som passar for dei fleste. Turen går frå Gaularfjellet til Viksdalen via Eldal, Likholefossen, Longstølen og Torsnesstølen. Du kan starte vandringa der du vil. 4 stader er tilrettelagde med skilt, kart og parkeringar. Turen går igjennom frodig landskap, både med dyre og fugleliv, og kulturlandskap med aktive gardsbruk. Transportservice langs Fossestien frå Hov Hyttegrend kvar dag kl. 10.00 sesongen. Kr 40,-/20,- pr. person.

Ferskvassfiske

Fiske etter laks og aure har lange tradisjonar i Sunnfjord både som rekreasjonsaktivitet og som næring. Lakseelva Nausta har sitt utspring Naustdal-Gjengedal Landskapsvernområde og renn gjennom eit frodig landskap på sin veg til utløpet i Førdefjorden. Nausta kan ein fiske både laks og sjøaure. Den laks- og sjøaureførande strekninga er på 12,4 km. På denne strekninga er det to fossar, Naustdalsfossen som ligg 1,5 km ovenfor grensa mellom elv og sjø, og Hovefossen, som er 2,9 km lenger oppe i elva. Inst Naustedalen ligg Vonavatnet. Kultiveringsarbeid med målretta fiske dei siste åra har heva kvaliteten og størrelsen på fisken. Området og vatnet er lett tilgjengelig og eit godt utgangspunkt også for vandring og fjellturar. Gaularvassdraget har ei lakseførandre strekning på 14,5 km. vassdraget er det fleire laksetrapper og den ved Osfossen som er frå 1870-åra, er landets eldste. Lenger oppe vassdraget finn du blant anna Haukedalsvatnet, Hestadfjorden og Viksdalsvatnet som gode utgangspunkt for fiske etter aure. Fiskekort får du kjøpt for dei ulike områda på inatur.no

Fjellturar og turstiar

Storehesten ligg mellom Førdefjorden og Dalsfjorden, og saman med Lisjehesten lenger aust og Blegja i vest dannar dette fjellmassivet ein 360 millionar år gammal devonavsetning eller konglomerat- og sandstein. Frå toppen av Storehesten kan ein sjå vest havet, nord til Ålfotbreeen, austover til Jostedalsbreen og sørover til fjella kring Bergen. Ruta er godt merka, og ein må rekne om lag tre timar roleg vandring til toppen.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass for å ete matpakka si, få litt varme seg og bla bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. I Sunnfjord finn du Gytta Førde, Skaraly Gaular og Steinkorshytta i Naustdal.

Anbefalte turar:

Storehesten

Djupeviknipa

Eikåsnipa

Laukelandshesten

Rundenova

Gottopphesten

Steinkorsen

Smådalsnipa

Vindkjegla

Naregga

Bekkjavatnet rundt

7-fjellsturen Førde:

Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden, Halbrendsnipa, Hafstadfjellet, Viefjellet og Førdsnipa.

Du finn mange gode turbeskrivelsar på ut.no eller boka «Opptur Indre Sunnfjord»

Jø stravatnet GAULAR Erdalen Mundal Botnen Hestad Grovabreen Jostefonni Troget Haugabreen Ramsdal Masdalen Gjerland Hov Flekke Dale Grov Eikefjord Storebru Postvegen KART: ELLEN JEPSON Vetlefjorden Farnes Sk Lunde Jostedalsbreen Nasjonalpark Kjøsnesfjorden Klakegg Fonn Laukeland Gaula Haukedalsvatnet Sogndal Solheim Angedalen Vonavatnet Storfjorden Hyen Hestadfjorden Gaula Nausta Askvoll Svelgen/Kjelkenes Askvoll Lavik Hyllestad Balestrand Skilbrei Haukedalen Byrkjelo Dalsfjorden 57 5 Vikum Holsavatnet Vallestad Viksdalsvatnet Viksdalen E 39 Skei Vassenden Holsen 613 610 613 Sande Moskog 5 615 5 614 611 Russenes Naustdal 611 Helle VevringRedal 609 609 5 E 39 E 39 E 39 57 610 SUNNFJORD NAUSTDAL 609 Tysse 607 57 57 Foto: Line Hårklau. Foto: Line Hårklau. Foto: Silje Grønnevik Refdal.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Foto:
Sunnfjord.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Visit FjordKysten og

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.