Krisesenteret aarsmelding 2012

Page 1

Ă…rsmelding 2012 Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

1



Innhald 1. 2.

STYRELEIAR HAR ORDET 4 HISTORIKK OG SKILDRING AV VERKSEMDA 5

3. IDEOLOGI 4. 5.

6

10. DRIFT OG ØKONOMI 10.1. Finansiering 10.2. Samarbeidskommunane 10.3. Helse, Miljø og Sikkerheit 10.4. Rekneskap og revisjon 10.5. Gåver

16 16 16 16 16

11. TILSETTE 11.1. 11.2. 11.3. 11.4. 11.5. 11.6.

17 17 17 17 18 18

KRISESENTERLOVA 7 ORGANISERING AV KRISESENTERTILBODET I S. OG FJ. 8 5.1. Samarbeidsutvalet 8 5.2. Krisesentertilbod til menn 8 5.3. Dagtilbod i Nordfjord og Sogn 8 5.4. Målgrupper 9

6. KRISESENTERET SITT TILBOD 10 6.1. Bebuarar 10 6.2. Minoritetsfamiliar 10 6.3. Barna på Krisesenteret 11 6.4. Dagbrukarar 11 6.5. Gratis juridisk bistand 11 6.6. Aktivitetar for brukarane 11 7. LOKALE 7.1. Nytt hus 7.2. Det gamle huset 7.3. Tryggleik 8. STATISTIKK 8.1. 8.2. 8.3. 8.4. 8.5.

Bebuarar Overnattingsdøgn Talet på dagbrukarar og dagbesøk Telefonhenvendingar Årsak til telefonhenvendingar

9. ORGANISASJON 9.1. Stifting 9.2. Styret for Stiftinga 9.3. Styret sit arbeid i 2012 9.4. Krisesentersekretariatet 9.5. Etisk Råd-retningslinjer 9.6. Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane

12 12 12

13 13 13 14 14

15 15 15 15 15 15

3

Stillingar Ordningar for tilsette Teieplikt og opplysningsplikt Kompetanse Fagutvikling Kurs

12. KONFERANSAR I ORGANISASJONEN 12.1. Nordiske Kvinner mot vold 12.2. Årsmøte Krisesentersekretariatet

19 19

13. INFORMASJON OG SAMARBEID 13.1. Informasjonsmateriell 13.2. Utadretta arbeid 13.3. Samarbeid med andre instansar

19 19 20

14.

VEDTEKTER FOR STIFTINGA 20

15.

ÅRSREKNESKAP 2012 22

16.

REVISJONSMELDING 29


1. Styreleiar har ordet Året 2012 står tilbake som eit år der vi har fått arbeidsro til å heve kompetansen slik at senteret no står endå meir solid forankra til å møte dei mange utfordringane vi står ovanfor. Dei tilsette har også gjort ein stor jobb med å fullføre innreiinga av det nye bygget til ein venleg, harmonisk og sikker bustad for både vaksne og born som søkjer vern hos oss. Som årsmeldinga viser er det framleis mange som treng dette, og vi har hatt fokus på høg standard på hjelp og støtte til bebuarar og dagbrukarar, og på å vidareutvikle dei gode personalforholda. Brukarane våre har gitt gode tilbakemeldingar på at det gode arbeidsmiljøet speglar tryggleik i ein særs uføreseieleg livssituasjon. Vi har også gjort mykje med uteområdet, og lagt til rette for gode leiketilhøve for barn ved senteret. Dette har berre vore muleg som følgje av gåver i form av pengar og gåveartiklar frå mange gode støttespelarar. Det har også vore gjort nokre utbetringar av lekkasjar i grunnmuren på det gamle huset som er reservert for tilbodet til menn, og vi ser at det må gjerast meir med dette for at bustaden skal ha tilfredsstillande kvalitet i framtida. Årsmeldinga viser at det framleis er kvinner og born som dominerer brukarstatistikken ved senteret, og den grove valden held fram i år som i fjor. Samstundes ser vi at det er få menn som tar kontakt på andre måtar enn via telefon og dagbesøk. Dette på trass av auka annonsering av tilbodet både i lokalaviser og via ei eiga informasjonsavis som er sendt til alle husstandane i fylket. Det er også laga nye gode brosjyrar som er lagt ut på offentlege kontorar og andre aktuelle stader med tanke på informasjon til dei som treng oss. Vi har innført gode rutinar med tanke på kartlegging av kva som gjer at folk tek kontakt med oss, samt oversikt over alder og kjønn, slik at vi kan møte utfordringane på ein best muleg måte både i dag og i framtida. Vi held også fana framleis høgt når det gjeld vidareutdanning og kurs for dei tilsette slik at dei skal vere budd på å kunne ta seg av alle slags situasjonar til alle tider. I samråd med bebuarane viser vi dei til dei faginstansar dei treng til ein kvar tid, og om naudsynt følgjer dei fysisk til behandling for skader, sikring av spor, til politi, samtale med våre faste advokatar, NAV, skule og barnehage for borna, eller anna som er naudsynt i ulike situasjonar. Det desentraliserte dagtilbodet i Nordfjord har halde fram, men framleis er dette lite nytta. Styret vil rette ei stor takk til krisesenterrørsla i Stryn, som har halde stødig fast på tilbodet, og sett til at kontoret har vore bemanna nokre timar kvar dag sidan oppstartinga i 2010. Ved evalueringa i 2012 vart det bestemt at tilbodet framleis skulle eksistere, og at det skal evaluerast igjen i første halvdel av 2013. Vi har i tillegg etablert eit ambulerande tilbod i Sogndal, og har hatt nokre få besøkande der. Det viser seg at dei fleste kjenner seg tryggare ved å kunne dra til krisesenteret lengre borte frå heimstaden sin når dei bur i små og gjennomsiktlege miljø, i staden for lokale dagtilbod. Vi vil følgje utviklinga vidare. Styret vil også i år rette ei stor takk til både einskildpersonar, organisasjonar og bedrifter som nok ein gong har vore solide støttespelarar for oss. I tillegg til at dette bidrar til eit betre tilbod, er arbeidet til krisesenteret gjennom deira interesse blitt meir synleg. Vi er også aktive med å spreie kunnskapen om tilbodet på mange ulike måtar slik at dei som treng det kan få mot nok til å ta kontakt for hjelp. Vi ynskjer også å takke Choice hotella i Florø for initiativet til den eineståande innsamlinga av julegåver til barna som måtte være på krisesenteret jula i staden for i eit trygt og varmt heimemiljø. Vi sender ei spesiell takk til alle som sendte gåver gjennom denne aksjonen, og gjorde til at jula vart litt betre for barna enn det kunne sjå ut for dei i forkant av høgtida, og det vonde vart gløymt for ei stund. Stiftinga Krisesenteret takkar også i år for det gode samarbeidet vi har hatt med kommunane i fylket med tanke på sjølve utføringa av tenestene våre. Utan dette samarbeidet ville det vore umuleg å skaffe den profesjonelle hjelpa bebuarane våre har hatt trong til for å komme vidare i livet etter først å ha tatt avgjersla om å søke vern gjennom lågterskeltilbodet som krisesenteret skal vere. Vi ser fram til å oppretthalde det gode samarbeidet, og til framleis å vere ein viktig bidragsytar i å avhjelpe kommunane i Sogn og Fjordane med å oppfylle krava i den nye krisesenterlova. Vi vil framleis ha fokus på kvalitet og reelt vern, slik at vi kan gje eit trygt og fagleg og mellommenneskelig godt tilbod for vaksne og barn som er i den ulukkelege situasjonen at dei er på flukt frå sine eigne heimar. Vårt mål er at innbyggarane i Sogn og Fjordane skal kunne vere trygge på at arbeidet vi gjer alltid vil bære preg av kvalitet og hjartevarme både med tanke på innhald i tilbodet og i lokalitetane. Med helsing

Siv Førde Styreleiar 4


2. Historikk og skildring av verksemda Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane starta i 1983 Krisetelefonen i Sogn og Fjordane, eit tilbod til kvinner utsette for vold i nære relasjonar. Hausten 1985 vart Krisesenteret sitt første butilbod oppretta, med leige av 2 rom i Florø. Kronerulling og gåver frå lag og organisasjonar, gjorde det mogleg for Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane å kjøpe eit bustadhus i 1988 for å drive tilbodet. Dette synte seg å vere for lite. I 1994 kjøpte Krisesenterrørsla eit større hus, også for gåvemidlar, som etter ein del restaureringsarbeid fungerte som krisesenter fram til 2011. Då flytte vi inn i nytt hus som er bygd for formålet på same eigedom. Det gamle huset vert framleis brukt til krisesenterformål. Med det nye huset har vi såleis dobla kapasiteten på Krisesenteret. Drifta av Krisesenteret har vore basert på tilskot frå kommunane i Sogn og Fjordane og Staten, Fylkeskommunen, Helse Vest og gåver frå lag/organisasjonar fram til 2010, då krisesentertilbodet vart lovfesta. Kommunane vart med denne lova ansvarleg for at alle menneske har eit krisesentertilbod. 2010 vart eit omstillingsår. Statstilskotet som tidlegare har vore øyremerka og gått rett til krisesentra gjekk frå 2011 inn i rammetilskotet til kommunane som fullfinansierer krisesentertilbodet. Krisesentra i Norge har endra seg mykje sidan midten av 1980-talet. Ideala om likskap, systerskap og erfaringskunnskap som sto sentralt hos krisesentra vert i dag utfordra av nye perspektiv, som bl.a. fokuserer på mishandla menneske sitt behov for psykososial bistand. Krisesentra i Norge står i dag fram som profesjonelle hjelpeinstansar. Endringane kan skildrast ved hjelp av fylgjande utviklingstrekk: • frå alternativ struktur til ordinære arbeidsplassar, • frå frivillig arbeid til ordinære tilsettingstilhøve, • frå erfaringskunnskap til profesjonelle hjelperoller, • frå praktisk bistand til behandlingsretta tiltak • frå avgrensa kontakt til utstrakt samarbeid med andre instansar. Krisesenteret i Sogn og Fjordane driv eit støtte og hjelpetilbod til alle menneske som er utsette for vold i nære relasjonar. Det er eit lavterskeltilbod som kan kontaktast direkte utan krav om tilvising. Krisesenteret i Sogn og Fjordane har berre faste tilsette og ordna arbeidstilhøve. Dei tilsette har både formell kompetanse og verdifull erfaringskunnskap. Vi driv ikkje med behandling, men gjer eit godt psykososialt arbeid som også har terapeutisk effekt. Vi har i dag eit utstrakt samarbeid med andre hjelpeinstansar. I den grad brukarane våre treng behandling samarbeider vi tett med behandlingsapparatet. Drifta av senteret er i tråd med gjeldande lover som er relevante for vår verksemd.

5


3. Ideologi Krisesenteret i Sogn og Fjordane er medlem av Krisesentersekretariatet og arbeider ut i frå plattforma som vart vedteke på Landskonferansen i 1982 og revidert på årsmøtet i 2009: «Seksuell trakassering, vold, voldtekt, incest, trusler, kjønnslemlestelse, tvangsekteskap, pornografi, prostitusjon, handel med kvinner og barn og drap er ord som beskriver de største kriminelle handlinger som begås mot kvinner og barn Menns vold mot kvinner er et hinder for likestilling mellom kjønnene og en krenkelse av kvinners menneskerettigheter. Vi ønsker derfor å angripe ethvert forhold i samfunnet som legitimerer, underbygger og opprettholder menns vold mot kvinner, både på samfunns, - gruppe og individnivå. Arbeidet på krisesenteret er basert på likeverd og respekt, demokrati, humanisme og feminisme. Vi arbeider på et politisk og livssynsnøytralt grunnlag. Kvinner enes i kampen mot alle former for diskriminering og undertrykking av kvinner. Ved siden av drift av det enkelte krisesenter, skal vi påvirke samfunnet til å endre syn på menns vold mot kvinner ved blant annet å drive informasjonsarbeid, systematisk registrering og følge opp aktuelle saker i pressen og bearbeide holdninger. Vi skal opprettholde kontakten mellom krisesentrene og i størst mulig grad støtte hverandre i felles saker» Krisesentra vart etablert i ei tid då vold mot kvinner var eit usynleg og tabuisert fenomen. Å tru på kvinna og ta utgangspunkt i hennar eiga historie vart difor eit sentralt verkemiddel i arbeidet, både for å støtte den enkelte kvinne, men også som ein del av det kvinnepolitiske arbeidet for å synleggjere vold mot kvinner som fenomen. Dei tilsette si rolle var å være kvinna sin støttespelar og stå solidarisk med henne både i møte med hjelpeapparatet og i samfunnet generelt. Ideologien bygger på solidaritetstanken – kvinner hjelper kvinner. Ideologien har vore drivkrafta i krisesenterarbeidet. Det kvinnepolitiske perspektivet har vore, og er framleis, svært viktig i arbeidet for grunnleggande menneskerettar, både nasjonalt og internasjonalt. Krisesenterlova 2010 gir også menn rett til eit krisesentertilbod med bakgrunn i likestillingslova. Krisesentertilbodet skal gi eit likeverdig tilbod til både kvinner og menn. Ny organisasjonsstruktur, - omorganisering, kompetansekrav, arbeidsmetodar, arbeidsoppgåver og nye krav til krisesentertilbodet endrar ikkje den ideologiske plattforma som vi arbeider ut i frå. Krisesentra arbeider på samfunns-, gruppe, - og individnivå for alle menneske sin rett til: - Respekt, likeverd, demokrati og humanisme - Tryggleik - Tankefridom, ytringsfridom, religiøs og politisk fridom - Privatliv - Eit liv utan vold og seksuelle overgrep - Vern - Arbeid - Helse Ideologien og grunnverdiane er i tråd med internasjonale menneskerettskonvensjonar - og handlingsplanar som Norge har ratifisert og implementert.

6


4. Krisesenterlova 2010 § 1. Formålet med lova Formålet med denne lova er å sikre eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. § 2. Krav til krisesentertilbodet Kommunen skal sørgje for eit krisesentertilbod som skal kunne nyttast av personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, og som har behov for rådgjeving eller eit trygt og mellombels butilbod. Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing, hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet og skal omfatte: a) eit krisesenter eller eit tilsvarande gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod, og b) eit gratis dagtilbod, og c) eit heilårs og heildøgns tilbod der personar nemnde i første ledd kan få råd og rettleiing per telefon. • Enkeltpersonar kan vende seg direkte til krisesentertilbodet som nemnt i andre ledd, utan tilvising eller timeavtale. • Kommunen skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta vare på dei særskilte behova til brukarane. • Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde. • Departementet kan gi forskrift om krav til kompetanse hos dei tilsette og krav til fysisk sikring av lokale. § 3. Individuell tilrettelegging av tilbod • Kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte. • Kommunen skal sørgje for å ta vare på barn på ein god måte som er tilpassa deira særskilte behov, og skal også sørgje for at barn får oppfylt dei rettane dei har etter anna regelverk. • Kommunen skal sørgje for at brukarar av bu- og dagtilbodet får tilgang til kvalifisert tolk dersom det er nødvendig for at dei skal få eit fullgodt tilbod. • Kommunen skal syte for rutinar for kvalitetssikring, bestilling og betaling av tolketenester. § 4. Samordning av tenester • Kommunen skal syte for at kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, får ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet. • Tilbod og tenester etter denne lova kan inngå som ledd i samordninga av ein individuell plan etter anna lovgiving, jf. sosialtjenesteloven § 4-3 a, pasientrettighetsloven § 2-5, psykisk helsevernloven § 4-1 og lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene § 6-2 a. Vert endra med lov 24 juni 2011 nr. 30 (ikr. fra den tid Kongen bestemmer).

7


5. Organisering av Krisesentertilbodet i Sogn og Fjordane Alle kommunar er etter lova pliktige til å syte for at alle innbyggarar har eit krisesentertilbod, men kommunane kan sjølv velje korleis dei ynskjer å organisere dette. Det er i dag 47 krisesenter i Norge. Nokre av krisesentra er lagt under kommunal drift etter at Krisesenterlova kom i 2010 og nokre er omdanna til interkommunale selskap. Mange krisesenter er framleis organisert som lag/organisasjon eller stifting som kommunane kjøper dei lovpålagde tenestene frå. Kommunane i Sogn og Fjordane har inngått eit interkommunalt samarbeid etter ein administrativ vertskommunemodell der kommunane kjøper krisesentertenestene frå vår vertskommune Flora Kommune. Vertskommunen kjøper igjen tenestene direkte frå Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Styret i Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane har valt stifting som organisasjonsmodell for senteret. Dette fordi denne modellen har vist seg godt eigna til å ivareta valdsutsette menneske på ein god og trygg måte, i tråd med verdigrunnlaget og ideologien vår. Krisesenteret har opparbeidd verdifull kompetanse gjennom 29 år med krisesenterdrift, og har vore/er det einaste krisesenteret i fylket. Senteret har hatt eit godt samarbeid med vertskommunen og dei andre kommunane i Sogn og Fjordane 5.1. Samarbeidsutvalet For at kommunane skulle ha fortløpande kunnskap om korleis senteret oppfyller krava til krisesenterlova vart det i 2012 oppretta eit samarbeidsutval med representantar frå Nordfjord, Sogn, Sunnfjord og vertskommunen Flora. Samarbeidsutvalet består av fylgjande representantar: Norunn Stavø, Kommunalsjef, Flora Kommune Kjell Idar Dvergsdal, Helse og Sosialsjef, Gaular Kommune Jostein Aanestad, Rådmann , Sogndal Kommune Åse Elin Hole, Kommunalsjef, Selje Kommune Ingebjørg Søreide, Kommunalsjef, Gulen Kommune Trude Gulbranson,

Sekretær for Utvalet,

Flora Kommune

Samarbeidsutvalet sine oppgåver: • Utvikling av krisesentertenestene • Utvikling av samarbeidet mellom krisesenteret og tenester i samarbeidskommunane • Uttale seg i høve budsjettframlegg, økonomiplan og årsmelding • Evaluere samarbeidsavtala og komme med eventuelle framlegg til endringar i god tid før utløp av gjeldande avtale. Dagleg leiar på Krisesenteret har møteplikt i Samarbeidsutvalet og skal legge til rette for rapportering og informasjon om krisesenteret etter avtale med vertskommunen. 5.2. Krisesentertilbod til menn I fylgje lova skal tilbodet til menn ikkje vere samlokalisert med tilbodet til kvinner. Krisesenteret i Sogn og Fjordane har eit eige husvære som står disponibelt for menn. Dagtilbodet til menn er også i desse lokala. Den døgnope krisetelefonen er open for begge kjønn. Vi har tilsett ein mann i 50 % stilling som har ansvar for å fylgje opp menn som tek kontakt, i tillegg til personalet elles. Tilbodet til menn har vore svært lite brukt. Viser til statistikken på side 10 i Årsmeldinga 5.3. Dagtilbod i Nordfjord og Sogn Krisesentertilbodet skal etter lova også innehalde eit gratis dagtilbod. På grunn av store avstandar i vårt fylke er ikkje dagtilbodet vårt i Florø like tilgjengelig for alle. Det vart difor oppretta eit dagtilbod i 2011, i Nordfjordregionen lokalisert til Stryn. Tilbodet har tilgjengeleg bemanning kvar dag. Ved ein evaluering i februar 2012, viste det at hjelpetrengande tek heller kontakt med det sentrale tilbodet enn ved det desentraliserte. Tilbodet skal evaluerast igjen i februar 2013. Dette tilbodet er tilgjengeleg dagleg. Ein må ta kontakt på telefon og avtale tid for samtale. I Sogn er det oppretta eit ambulerande dagtilbod der tilsette på Krisesenteret har kontordag ein dag pr månad, eller oftare ved behov og etter avtale. 8


5.4. Målgrupper Krisesenteret er pålagt gjennom lova å ta imot alle voldsutsette som treng tilbodet vårt, også menneske som er utsette for menneskehandel, kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Jfr. Ot.prp.96 om Krisesenterlova: «Butilbodet er landsdekkjande i den forstand at ein borgar kan vende seg fritt til kva som helst krisesenter utan at det ligg føre eit kommunalt vedtak». «Somme valdsutsette vil vende seg til eit krisesenter/ butilbod i ein annan kommune enn bustadkommunen fordi det kjennest tryggare. Somme må flytte til ein annan landsdel. Det inneber at eit krisesentertilbod ikkje må avgrensast til brukarar som er busette i vertskommunen eller i samarbeidande kommunar. Det føreset at kommunane gir tilgang til tilbodet til andre enn eigne innbyggjarar» «Noreg er etter protokollen om menneskehandel forplikta til å sørgje for eit trygt butilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for menneskehandel. Gjennom Rosa-prosjektet har krisesentra fått ei aktiv rolle når det gjeld å hjelpe menneske som er blitt utsette for menneskehandel. På bakgrunn av dette vil departementet presisere at krisesentertilbodet skal inkludere kvinner, menn og barn som er utsette for menneskehandel, også utanfor nære relasjonar». Krisesenteret i Sogn og Fjordane har allereie møtt situasjonar som utfordrar innhaldet i lova på desse punkta. Menneske som ynskjer seg til andre krisesenter i andre fylke som følgje av trong for beskyttelse, vert ofte avviste fordi dei ikkje soknar til det aktuelle fylket, og at kommunar ikkje vil betale for menneske frå andre fylke. Slik ser vi at det vert ei utfordring å få til ei smidig og funksjonell ordning som fungerer etter intensjonane i lova.

9


6. Krisesenteret sitt tilbod • • • • • • • •

Telefonvakt /krisetelefon: informasjon, råd, rettleiing Dagtilbod: samtaler, råd/rettleiing og hjelp til kontakt /følgje til det offentlege hjelpeapparatet. Butilbod for voldsutsette vaksne, og barna deira, i ein krisesituasjon Samtalar, råd/rettleiing Støtte og hjelp i kontakt med andre instansar, som til dømes medisinsk behandlingsapparat, politi, NAV, Familiekontor, o.a. Oppfølging i re-etableringsfasa, t.d. hjelp til å finne bustad, råd/rettleiing, praktisk hjelp, heimebesøk, delta i ansvarsgruppe ved behov, m.m. Rådgiving frå ein av senteret sine eigne erfarne advokatar ved behov Barnefagleg hjelp ut frå kvart enkelt barn sitt behov

Alle tenestene våre er gratis for brukarane 6.1. Bebuarar Voldsutsette som kjem til Krisesenteret tek del i eit bufellesskap. Tilbakemeldingar frå brukarar er at dette bufellesskapet med andre i same situasjon betyr svært mykje i tillegg til den hjelpa dei får frå personalet. Lengda på opphald varierer etter problem og behov. Nokre bur på senteret berre nokre dagar og andre fleire veker. Vi har målsetting om at opphald ikkje skal vare lenger enn 3 månader. Når voldsutsette kjem til senteret vert problem og behov kartlagt og vi set i verk hjelpetiltak så snart som mogleg i samarbeid med bebuaren. På senteret vert det gjeve hjelp til sjølvhjelp på den valdsutsette sine eigne premissar. Det er gratis opphald og mat for alle bebuarane på Krisesenteret. 6.2. Minoritetsfamiliar Menneske med annan etnisk bakgrunn treng ofte lenger butid og meir oppfølging enn norske medan dei bur på senteret og etter utflytting/re-etablering. Mangel på nettverk/familie, språkproblem, lite kjennskap til det norske samfunnet og korleis hjelpeordningar fungerar er nokre av årsakene til dette. Krisesenteret nyttar tolk i individuelt oppfølgingsarbeid. Bufellesskapet vert organisert og planlagt med takhøgde for ulike behov i høve mat/tradisjonar og liknande. Menneske som er utsette for menneskehandel, tvangsekteskap og kjønnslemlesting er også i vår målgruppe. I 2012 var 65 % av bebuarane som budde på senteret av utanlandsk opphav.

10


6.3. Barna på Krisesenteret På Krisesenteret har barn det trygt, dei blir sett, høyrt og teke vare på. Vi har ein person med barnefaglig kompetanse i 100 % stilling som har ansvaret for oppfylging av barna og skal syte for at deira behov vert ivareteke. I tillegg arbeider alle tilsette ut frå intensjonane i FN sin barnekonvensjon, der omsynet til barna sitt beste er sentralt. Alle tilsette på Krisesenteret får barnefagleg rettleiing. Vi samarbeider med skule/barnehage og også med hjelpeapparatet elles når det er behov for det. Alle tiltak i høve barna skjer alltid i samarbeid/samråd med mor/far. Barna har si eiga oppleving av situasjonen og skal også få høve til å snakke om dette og få svar på spørsmåla sine. Barna på Krisesenteret skal: - Vite at det fins andre familiar som også har opplevd vold. - Erfare at vold ikkje er hemmeleg. - Bli skjerma mot å skulle høyre på andre voksne sine voldshistoriar. - Få gode opplevingar som kan bidra til å støtte barna i prosessen med å etablere indre tryggleik, styrke og god sjølvkjensle. - Få personleg støtte til deira krise/problem - Få innsikt og vere førebudd på framtida etter opphaldet på Krisesenteret. - Oppfølging ved behov etter opphaldet på Krisesenteret. Så langt det er mogleg legg senteret til rette for at barna kan halde fram med sine vanlege aktivitetar medan dei bur på senteret. Barn frå kommunar utanfor vertskommunen går på skule i Florø medan dei bur på senteret. Når det er korte opphald og familien skal tilbake til heimkommunen samarbeidar vi med heimeskulen om lekser under opphaldet. Det vert også lagt til rette for aktivitetar for barn på senteret. 6.4. Dagbrukarar Dette er ofte personar som tidlegare har budd på Krisesenteret og som treng støtte og oppfølging etter at dei har flytta for seg sjølve. Fleire av desse er utanlandske som ikkje har familie og lite sosialt nettverk. Dei manglar kunnskap om det norske systemet, og dei treng mykje hjelp og rettleiing i høve praktiske ting. Andre oppsøkjer senteret for å drøfte ein vanskeleg livssituasjon, utan at dei har behov for å bu på Krisesenteret. Dei som nyttar seg av dagtilbodet vårt kjem helst frå vertskommunen og kommunane med reisetid under 1–1,5 time. Kvinner frå kystkommunane bruker rutebåt for å komme seg til Krisesenteret med reisetid på under 1 time. 6.5. Gratis juridisk bistand Krisesenteret i Sogn og Fjordane deltek i ei ordning som er finansiert av Justis- og politidepartementet, som gir gratis advokathjelp til personar som er utsette for vold/overgrep. Advokat Robert Fonn i Førde og advokat Maria Kirkeeide Ravnå i Sogndal har vore faste advokatar sidan vi starta med denne ordninga i 2007. Advokatane kan ta konsultasjon både pr. mail/telefon og pr. oppmøte. Ein av advokatane har kontordag på Krisesenteret 1 dag annakvar veke. Personalet får også juridisk rettleiing ved behov. Ei slik desentralisert advokatordning er viktig for å kunne gje eit reellt tilbod til menneske i alle deler av fylket. Vi har fast annonse i alle lokalavisene i Sogn og Fjordane. Tilbodet har vore svært viktig og vellukka og vil bli vidareført. 6.6. Aktivitetar for brukarane Krisesenteret har årskort i symjehallen og på treningssenter som alle brukarane kan nytte. Vi arrangerer også turar for barn og vaksne og formingsaktivitetar på senteret. Vi har eit hobbyrom og ei snikkarbod der personalet driv aktivitetar saman med vaksne og barn som har opphald på krisesenteret. Brukarane nyttar også andre tilgjengelege fritidstilbod utanfor senteret, også saman med tilsette når det er ynskjeleg.

11


7. Lokale 7.1. Nytt hus Krisesenteret flytta inn i nytt hus 1. juni 2011. Huset står på same eigedom som det gamle bygget. Vi brukar i dag begge bygga til føremålet vårt og har såleis dobla kapasiteten. 1. etasje For brukarar: Stue med utgang til terrasse, kjøkken, leikerom, hobbyrom, soverom m/ bad (tilrettelagt for rullestolbrukarar) 1 fellesbad m/badekar, vaskerom, strykerom. Personalavdeling: 3 kontor, stue/personalrom, arkiv, nattevaktrom m/bad, 1 toalett 2. etasje: For brukarar: TV-stove, 2 doble soverom m/bad, 3 enkle rom m/bad, 1 soverom utan bad, ungdomsrom/stue, lintøyrom. Skjerma takterrasse. Det nye huset har universell utforming og er tilpassa føremålet vårt og stettar alle gjeldane krav i høve standard. Det er eit funksjonelt bygg både for bebuarar og personalet. 7.2. Det gamle huset Det gamle huset er eit bustadhus oppført i 1910 og bygd om for pensjonatdrift i 1960. Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane kjøpte huset i 1994 for pengar som vart innsamla ved hjelp av kronerulling. Alle funksjonar i bygget er fordelt på 3 etasjar, med smale og bratte trapper. Huset inneheld fylgjande: 1.etasje: 2.etasje: Stue - 6 soverom til bebuarar Kjøkken - 1 bad m/toalett 1 soverom - 1 dusjrom u/toalett 1 kontor - 1 toalet 1 toalett

Underetasje: - Stove - Soverom - Tekjøkken - Bad - Vaskerom

Bygget har disponibelt bruksareal på 279,5 m2. Bruttoareal er 350 m2 Det er lite funksjonelt og fyller ikkje krava i krisesenterlova når det gjeld tilrettelegging for alle brukargruppe og har ikkje universell utforming. Bygget stettar heller ikkje krava i arbeidsmiljølova. Krisesenteret har eit stort behov for overgangshusvære for brukarar. Det er stort press på bustadmarknaden og bebuarane vert difor buande på senteret altfor lenge. Sjølv om vi har tett samarbeid med kommunane opplever vi ofte at dei ikkje klarer å finne bustad til bebuarane våre når dei er klare for re-etableringsfasa. For å avhjelpe kommunane med husvære i ein overgangsfase ynskjer vi å bygge om gamlehuset slik at vi får 5 bueiningar i tillegg til husværet i underetasje. 7.3. Tryggleik Krisesenteret har - god fysisk sikring med elektroniske sikkerhetstiltak som videoovervaking rundt heile huset og monitor ved dør - høgt tett tregjerde som skjermar mot innsyn frå gateplan og naboar. - skjerma tilkomst gjennom porten - oversiktleg, men skjerma uteområde for barn Krisesenteret har interne rutiner og prosedyrer i høve tryggleik med sjekklister for jevnleg kontroll av dører, låser, vindauge og elektriske apparat og brannvarslingsutstyr. Brannvarslingsanlegget er kobla direkte til alarmsentralen. Vi har brannvarslingsanlegg i begge husa som er kobla saman. Alle tilsette skal ha opplæring i høve tryggleiksrutinar, som t.d. prosedyrer for handling i trugande situasjonar og for evakuering. Risikokartlegging vert gjort når vi tek imot nye brukarar og dannar grunnlaget for individuell tryggleiksplan 12


8. STATISTIKK 8.1 Bebuarar

8. Statistikk 8.70 STATISTIKK

62

8. STATISTIKK

59

8.1.60Bebuarar

8.1 Bebuarar

48

8.1 Bebuarar 41 70 38 36 4070 60 31 50

3060 5050

20

4040

10

3030

0

2020 1010

39 62 37 35 62 59

35 32

41 383841 36 36

3131

23 23

2020

Kvinner

59

23

20

59 kvinner, 1 mann og 48 barn hadde opphald på Krisesenteret i 2012 i til saman 3509 døgn.

39 3935 35

35 3532 32

Barn

48 48

Menn

37 37

2

1

2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 22

Kvinner Kvinner

Barn Barn

Menn Menn

hadde ledig kapasitet eller av

11

00

Om lag 9,19,1 av tok tryggleiksomsyn, dertok brukaren OmOm lag lag 9,1 %%av% dei som tok avdei dei som som kontakt vart vist vidare til andre kontakt vart vist vist vidare tilavstand andre kontakt vart vidare til andre trengde større til senter. Enten fordi senteret ikkje senter. Enten fordi senteret ikkje senter. Enten fordi senteret ikkje overgripar. hadde ledig kapasitet eller av hadde ledig kapasitet eller av hadde ledig kapasitet eller av tryggleiksomsyn, der brukaren tryggleiksomsyn, derbrukaren brukaren tryggleiksomsyn, der trengde større avstand til til til trengde større avstand trengde større avstand Om lag 62 % av brukarane i 2012 overgripar. overgripar. overgripar. kom til Krisesenteret på eige

8.2 Overnattingsdøgn 2006 2007 2007 2008 2008 2009 2009 2010 2011 2006 2011 2012 2012 2500

8.2.8.2 Overnattingsdøgn Overnattingsdøgn

8.2 Overnattingsdøgn

2128

2000 2500 2500

1500 2000 2000 1500 1000

1500

666

1000

500

0

1464

1480 12941453

1255 1480 1464

247 297

1255

1255

1453

1294

1294

247

2128

14581278

1458

1377

942

88

671

88

Om 62%% brukarane eller venner. Omlag lag 62 avav brukarane i 2012 i 2012 Om lag 62 % av brukarane i 2012 kom til Krisesenteret på eige Om lag 38 %påhar gjennom det kom til Krisesenteret eigekome kom til Krisesenteret på eige initiativ, eller ved hjelp av initiativ, offentlege eller ved hjelp av familie familie hjelpeapparatet Kvinner eller venner. ellerinitiativ, venner.eller ved hjelp av familie venner. Omeller lag 38 % har kome gjennom det Om lag 38 % har kome gjennom det offentlege hjelpeapparatet Barn Om lag 38 % har kome gjennom Kvinner offentlege hjelpeapparatet hjelpeapparatet Vår statistikk og erfaring gjennom Kvinner det offentlege

BarnMenn

942 1278 1377 1377 1278

942

671

initiativ, eller ved hjelp av familie

1458 2128

1453

666

297 0

1480

671 666

500 297 1000 0 500

1464

59 kvinner, mann og 48i 2012 barnvar 65 %1 av bebuarane 59 kvinner, 1 mann og 48 barn hadde opphald på Krisesenteret i utanlandske. 59 kvinner, 1 mann på og Krisesenteret 48 barn opphald 2012hadde i til saman 3509 døgn. i hadde opphald på Krisesenteret i 2012 i til saman 3509 døgn. % av3509 bebuarane 2012 i til8,3 saman døgn. som hadde 65 % avopphald bebuarane i 2012var var på senteret ikkje knytt % bebuarane av bebuarane i 2012 var utanlandske. 65 65 % av i 2012 var til kommune i Sogn og Fjordane. utanlandske. utanlandske. 8,3 % av bebuarane som hadde % bebuarane av bebuarane hadde 8,38,3 % av somsom hadde opphald pålag senteret var ikkje Om 9,1 var % av som tok opphald på senteret vardei ikkje knytt opphald på senteret ikkje knytt knytt tilkontakt kommune i Sogn og vart vist vidare til andre til kommune i Sogn og Fjordane. til kommune i Sogn og Fjordane. Fjordane. senter. Enten fordi senteret ikkje

Barn

4

Menn

Menn

4

88 2006 4 247 2007 2008 2009 2010 2011 2012

2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012

mange år viser at brukarane kjem

Vår og erfaring gjennomDet frå alle lag i samfunnet. Vårstatistikk statistikk og sosiale erfaring gjennom mange år viser at brukarane kjem er ein myte at dei fleste voldsutsette mange år viser atog brukarane Vår statistikk erfaring kjem gjennom frå sosiale lag i med samfunnet. kjem frå lavDet sosial fråalle alle sosiale lagmiljø i at samfunnet. mange år viser brukarane kjem status. Det ermyte einsosiale myte at idei fleste Det er ein at dei fleste voldsutsette frå alle lag samfunnet. kjem lavfleste sosial status.med voldsutsette kjem frå miljø er frå einmiljø mytemed at dei voldsutsette lav sosial kjem fråstatus. miljø med lav sosial status.

2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012

8.3 Dagbrukarar og dagbesøk

8.3. Dagbrukarar og dagbesøk 8.3 Dagbrukarar og dagbesøk

8.3 Dagbrukarar og dagbesøk

600

600

500

600 500

400

400 500

501

501

100 100 200

0 0 100 0

391

238 238

300 300 400 200 200 300

391

501

114 114 114

238

197 197

292 391 292 292

49 49

197 65 42 42

6464

49

65

64

42

antall personer antall personer antall ganger antall ganger antall personer antall ganger

2008 2009 2009 2010 2010 2011 2008 2011 2012 2012

2008 2009 2010 2011 2012

13

64 personar har nytta 64 personar har nytta dagtilbodet 64 personar har nytta dagtilbodet til saman 398 til saman 398 gonger i 2012. dagtilbodet til saman 398 gonger i 2012. 64 personar har nytta gonger i Av 2012. desseog 57 7kvinner og 7 Av desse 57 kvinner dagtilbodet til saman 398 Av desse 57 kvinner og 7menn. menn. Dagbrukarar er ipersonar som gonger 2012. menn. Dagbrukarar erog personar Av desse 57 kvinner 7 treng hjelp, men som ikkje Dagbrukarar er personar har som treng hjelp, men menn. someit treng hjelp, men trong for butilbod. ikkje har er for personar somDagbrukarar ikkjesom har trong eittrong for eit butilbod. butilbod. som treng hjelp, men etter Nokre tek imot butilbodet Nokre tektrong imotforbutilbodet Nokre imothar butilbodet somtekikkje eit fleire dagbesøk etterbutilbod. fleireetter dagbesøk fleire dagbesøk Nokre tek imot butilbodet Nokre av kvinnene som nyttar Nokre avNokre kvinnene som etter fleire dagbesøk av kvinnene som dagtilbodet er tidlegare nyttar dagtilbodet er bebuarar nyttar dagtilbodet er som treng oppfylging etter at dei tidlegare bebuarar som Nokretidlegare av kvinnene som som bebuarar er flyttatreng foroppfylging seg sjølve. etter at nyttartreng dagtilbodet er etter at oppfylging dei er flytta forregistrert seg før 2008) (Antal dagbrukarar er ikkje tidlegare bebuarar som sjølve. dei er flytta for seg trengsjølve. oppfylging etter at deidagbrukarar er flytta erforikkje segreg (Antal sjølve. (Antal dagbrukarar er ikkje reg (Antal dagbrukarar er ikkje reg


8.4. Telefonhenvendingar

8.4. Telefonhenvendingar 8.4. Telefonhenvendingar

1396 telefonhenvendingar i 2012 var fordelt på:1396 telefonhenvendingar i 2012

var fordelt på:

Kvinner: 1352 Barn: 6 Kvinner: Menn: 21 Totalt 1396 telefoner Barn:

2000

2000 1500

1556

1000 1500

1000500 500

0

618

601

872

872

939

939

1108

1352 6 Menn: 21 Totalt 1396 telefoner 1396 telefonhenvendingar i

1396

1556

1108

425 av telefonane var offentlege 2012 varsom fordelt på:vegne av etatar ringde på personar som trengde hjelp. Kvinner: 1352425 av telefonane var offentlege Barn: 6 etatar som ringde på vegne av Menn: 21 personar som trengde hjelp. Totalt 1396 telefoner

1396

2006 2007 618 601 2008 2009 2010 2011 2012

0

425 av telefonane var offentlege etatar som ringde på vegne av personar som trengde hjelp.

2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 8.5. Årsak til telefonhenvendingane

8.5. Årsak til telefonhenvendingane

2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006

Fysisk mishandling 490 656 302 mishandling 730 290 8.5.Psykisk Årsak til telefonhenvendingane679 Voldtekt 21 45 42 Incest / seksuelle overgrep 272012 24 2011 28 Barnemishandling / Barnevernsak 53 33 44 Årsak til telefonhenvendingar Fysisk7.5mishandling 490 656 Truslar om vold 430 591 162 Psykisk mishandling Drapstruslar 141 679 186 730 108 Voldtekt Sjølmordstankar 27 21 35 45 26 Sjølmordforsøk 8 27 2 Incest / seksuelle overgrep 24 Psykiske problem/ Barnevernsak 173 53 143 33 90 Barnemishandling 7.5Samlivsproblem Årsak til /telefonhenvendingar konflikt i parforhold 260 430 237 591 176 Truslar om vold Tvangsekteskap 22 9 18 Drapstruslar 141 186 Problem med barn/ungdom. Råd og veiledning 18 25 22 Sjølmordstankar 27 35 Separasjon / skilsmisse 624 523 132 Sjølmordforsøk 2 39 Truslar om kidnapping / kidnapping 29 8 52 Barnefordeling. 290 173 112 143 218 Psykiske problemProbl. med samværsordninger Økonomiske problem 51 260 46 237 61 Samlivsproblem / konflikt i parforhold Problem på arbeidsplassen 12 Tvangsekteskap 22 8 9 9 Alkohol / narkotika 89 73 64 Problem med barn/ungdom. Råd og veiledning 18 25 Probl. vedk. søknad om opphald i Norge 78 68 72 Separasjon skilsmisse Seksuelle/problem / avvik 19 624 18 523 17 Truslar om kidnapping / kidnapping Einsemd 41 29 58 52 47 Anna Barnefordeling. Probl. med samværsordninger 98 290 206 112 Menneskehandel 37 51 26 46 Økonomiske problem

Problem på arbeidsplassen Alkohol / narkotika Probl. vedk. søknad om opphald i Norge Seksuelle problem / avvik Einsemd Anna Menneskehandel

12 89 78 19 41 98 37

8 73 68 18 58 206 26

14

288 276 15 31 2010 28 302 154 290 124 4220

28 44164 210 162 26 108 36 2665 8 90163 17647 18 4 49 2238 13212 3932 123 218

61 9 64 72 17 47

246 238 36 37 2009 18 288 138 276 88 15 10

31 112 28 198 154 7 124 46 20 45 6 97 164 57 210 10 26 22 36 36 65 14 8 28 112 163

47 4 49 38 12 32 123

145 217 25 63 2008 10 246 37 238 16 836 237 166 18 77 138

88

40 4510 6 84 112 35 198 5 7 43 46 21 745 376 136 97

57 10 22 36 14 28 112

96 180 7 65 2007 23 145 42 40217 9 25 1 63 10810 10837 3

16 32 8 5 2 90166 40 77

0 43 40 42 9 45 8 6 10284

35 5 43 21 7 37 136

2006 96 180 7 65 23 42 40 9 1 108 108 3 32 5 90 40 0 43 42 9 8 102


9. Organisasjon Krisesenteret i Sogn og Fjordane er ei stifting, stifta av Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane i 2002.

9.2 Styret for stiftinga Styret består av 5 medlemmar. Styremedlemmar vert vald for 2 år om gongen. Leiar og nestleiar vert vald av Styret for 1 år om gongen. I 2012: Styreleiar: Nestleiar: Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem:

Siv Førde, Emma Bjørnsen, Maria Kirkeeide Ravnå, Astri Kyrkjeeide Bjørg Espeseth,

Varamedlem: Varamedlem: Varamedlem:

Eva Bøe Liv Teigen Laila Valvik

Høgskulelektor/Psykiatrisk Sjukepleiar Folkehelsekoordinator/ Sosiolog Advokat Krisesenterrørsla i S & Fj Tilsetterepresentant

Krisesenterrørsla i S & Fj Pensjonist / Tidlegare dagleg leiar Tilsetterepresentant

Styret er stiftinga sitt øvste organ, og har det overordna ansvaret for verksemda. (fagleg, administrativt og økonomisk) Dagleg leiar har ansvar for dagleg drift. 9.3 Styret sitt arbeid i 2012 Det har vore 6 styremøter i 2012. Dette året har Styret hatt eit rolegare år, i høve til året før som var eit svært aktivt år på grunn av omorganiseringsprosessen. I 2012 var både ny organisering på plass og vi var godt etablert i det nye huset. Styret for Stiftinga har representantar med brei og solid kompetanse og er svært engasjerte i organisasjonen og arbeidet vårt. 9.4 Krisesentersekretariatet Krisesentersekretariatet er ein organisasjon som vart etablert i 1994 og har 30 medlemssenter. Sekretariatet arbeider samfunnspolitisk og fagleg i høve kvinner som er utsette for vold og barna deira . Det skal fungere som eit bindeledd mellom krisesentra og offentleg mynde, kvinne-organisasjonar, forskingsmiljø, studentar og samfunnet elles. 9.5 Etisk råd – Etiske retningslinjer Krisesentersekretariatet har oppretta eit etisk råd. Etisk råd skal handtere klagesaker frå brukarar av medlemssentra, og handsame etiske dilemma som vert meldt inn. Det er utarbeidd etiske retningslinjer for krisesentra, noko Krisesenteret i Sogn og Fjordane har slutta seg til. 9.6. Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane Krisesenterrørsla med 5 lokale kvinnegrupper i Sogn og Fjordane starta krisetelefonen i 1983 og deretter krisesenteret i 1985. Dei lokale gruppene var i Førde, Florø, Gulen, Indre Sogn og Stryn. I dag er det berre gruppa i Stryn som er aktiv. Føremål: «Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane er ein frittståande, livsynsnøytral og partipolitisk uavhengig organisasjon, som støttar opp om arbeidet som Krisesenteret i Sogn og Fjordane driv. Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane støttar plattform for krisesentra og krisetelefonar. Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane skal drive haldningsskapande arbeid ved å synleggjere og skape debatt om vald mot kvinner, særleg den private valden. Støtte arbeidet til Krisesenteret i Sogn og Fjordane økonomisk, gjennom innsamlings- og informasjonsarbeid og støttemedlemskap.»

15


10. Drift og økonomi 10.1 Finansiering I 2012 gjekk statstilskotet til krisesenterdrift inn i rammetilskotet til kommunane. Samarbeidskommunane i Sogn og Fjordane godkjende eit budsjett på kr. 7 434 570,- for 2012. Summen vart delt på alle samarbeidskommunane i Sogn og Fjordane etter ein finansieringsmodell basert på folketal. 10.2 Samarbeidskommunane Alle kommunane i Sogn og Fjordane unnateke Aurland betalte tilskot til Krisesenteret i 2012: Askvoll, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gloppen, Gulen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Stryn, Vik, Vågsøy, Årdal. Vi har eit godt samarbeid med kommunane både i brukarretta arbeid med samordning av tiltak og i høve drifta av senteret. Heimkommunen til brukarane fylgjer opp under opphaldet på Krisesenteret og ved re-etablering. Vi får ofte tilbakemeldingar frå kommunar om at dei er svært nøgde med det arbeidet Krisesenteret gjer. Samarbeid mellom krisesentertilbodet og andre tenester er ein føresetnad for eit godt hjelpetilbod. 10.3. Helse, Miljø og Sikkerheit Krisesenteret har Internkontroll i samsvar med lover og forskrifter. Utøving av internkontroll vert gjort i samarbeid med arbeidstakarane, verneombod og tillitsvald. Internkontrollen vert overvaka og gjennomgått jamleg for å sikre at den fungerer i samsvar med målsettinga. Mål for verksemda: • Krisesenteret skal gje eit godt kvalitativt tilbod til brukarane godt forankra i krisesenterlova og verdigrunnlaget til senteret • Arbeidet ved senteret skal kvalitetssikrast ved hjelp av gode arbeidsrutinar • Alle tilsette skal få moglegheit til å utvikle seg i arbeidet og få oppdatere seg i høve kunnskap • Vi skal førebyggje ulykker og helseskadar på arbeidsplassen. • Vi skal skape trivsel på arbeidsplassen • Helse, Miljø og Sikkerheit skal planleggjast og prioriterast Som ein del av internkontrollen har Krisesenteret Personalhandbok. Dette er eit godt verkty for dei tilsette og medverkar til å kvalitetssikre arbeidet vårt. Krisesenteret har etablert internkontroll i samsvar med Personopplysningslova § 14 Internkontroll/HMS - arbeidet ved Krisesenteret er i samsvar med lover og forskrifter som gjeld for verksemda. Verksemda har godt og systematisk HMS arbeid med gode HMS – aktivitetar. Det nye huset vårt tilfredsstiller alle krav når det gjeld bygning - og utstyrsmessige tilhøve, inneklima, lystilhøve, støy og liknande, ut frå arbeidstakarane si helse, miljø, sikkerheit og velferd. (§4-4 i Arbeidsmiljølova) 10.4. Rekneskap og Revisjon Rekneskapsfirmaet Solvens AS (tidl. West Regnskap AS) har gjennom mange år hatt rekneskap for Stiftinga og Kommunerevisjonen i Ytre Sogn og Sunnfjord har hatt revisjonen også i 2012. 10.5. Gåver Krisesenteret i Sogn og Fjordane fekk i 2012 til saman kr. 172 587,- frå lag og organisasjonar, bedrifter og privatpersonar. Gåvene har vore eit viktig tilskot til innkjøp av både leikeapparat ute og anna utstyr, og til diverse aktivitetar for brukarane. Vi har til dømes innreia ei snikkarbod med diverse utstyr for formingsaktivitetar til stor glede både for vaksne og barn Quality Hotell og Comfort Hotell i Florø starta ein «pakkeaksjon» for Krisesenteret før jul. Dei inviterte folk gjennom media til å gi julegåver til barna på Krisesenteret. Meir enn 500 pakkar vart lagt under juletrea som var sett opp i lobbyane på dei to hotella. Krisesenteret delte gåvene med asylmottaket i Florø og i Kalvåg og Røde Kors i Florø. Dette var eit fantastisk flott tiltak, som var til stor glede for barn i vanskelege livssituasjonar. Vi vil rette ei stor takk til hotella i Florø og til alle dei som la pakke under juletreet. Barna på Krisesenteret fekk også mange gåver frå Hjetland barnehage i Høyanger. Eit flott tiltak som vart sett stor pris på. Tusen takk til alle barna i barnehagen i Høyanger. Folk i Sogn og Fjordane har i alle år vist eit fantastisk engasjement og givarglede for Krisesenteret og brukarane våre. Utan dette hadde ikkje krisesenteret vore der vi er i dag, – eit godt senter i flotte lokale. 16


11. Tilsette 11.1 Stillingar Krisesenteret hadde i 2012 9,7 årsverk fordelt på 12 tilsette. Dei tilsette vert lønna etter kommunal tariff. Faste stillingar • Dagleg leiar 100 % Nestleiar/kontormedarbeidar 100% • Barnekoordinator 100% 4 miljøarbeidarar i turnus 100% 2 Miljøarbeidar i turnus 65% 1 Miljøarbeidar/prosjektleiar 50% 2 Miljøarbeidar i turnus 45% 11.2 Ordningar for tilsette • Bedriftshelseteneste (Ytre Sunnfjord Bedriftshelseteneste • Pensjonsordning i KLP • Yrkesskadeforsikring • Personalmøte 2 timar kvar 3. veke • Rettleiing i gruppe 1 gong pr. mnd

• • •

Krisesenteret har overenskomst med Fagforbundet Det er utarbeidd stillingsinstruksar for alle stillingar.

Tilbod om ekstern, individuell rettleiing ved trong for dette. Medarbeidarsamtale 2 gonger årleg 2 dager personalseminar årleg.

11.3 Teieplikt og opplysningsplikt Alle tilsette på Krisesenteret har teieplikt. Opplysingar om brukarar vert makulerte når brukarane reiser frå senteret. Dersom kvinna ynskjer at vi tek vare på informasjon for eventuell seinare sak må kvinna gi skriftleg fullmakt til dette. Alle brukarar av senteret har rett til å vere anonyme og vi ser personvernet som svært viktig. Krisesenteret sine tilsette har likevel etter lov om barnevern §6-4, 4. ledd plikt til å melde frå til barnevernet: «når det er grunn til å tro at et barn blir mishandlet i hjemmet eller det foreligger andre former for alvorlig omsorgssvikt, jf. §§ 4-10, 4-11 og 4-12, eller når et barn har vist vedvarende alvorlige adferds-vansker, jf. § 4-24.» Krisesenteret har plikt til å syte for at også barna får den hjelpa dei treng. Vi har utarbeidd prosedyre for korleis vi skal fylgje opp dette. Dersom det er grunn for å sende melding til barnevernet tek vi alltid dette opp med mor/far på førehand. 11.4 Kompetanse Dei tilsette på Krisesenteret har lang erfaring og brei relevant real- og formalkompetanse. Alle tilsette skal ha fagleg kompetanse og innsikt i voldsutsette sin livssituasjon, deira emosjonelle, psykiske, fysiske og sosiale reaksjoner og behov. Vi har obligatoriske opplæringstiltak. Vi legg også stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting Senteret har tilsette med utdanning innan fylgjande område: - Administrasjon og leiing - Sjukepleiarutdanning - Barnefagleg kompetanse (Førskulelærar) - Sosionomutdanning, m/ vidareutdanning i – kvinneomsorg, seksuelt misbruk, utviklingspsykologi hos barn og unge, sosial kompetansetrening - Fleirkulturell forståing (UIO) - Sosiologi (UIB) - Samfunnsvitenskaplig tenkemåte, Imigrasjon og etnisk relasjon, Velferd og ulikhet - Praktisk Pedagogikk - Helse og Sosialfag, Videregåande Skule - Kunst og handverk - Fagbrev i Barne og ungdomsarbeid - Krisesenterutdanninga i regi av RVTS

17


11.5 Fagutvikling Vi har som mål å sikre profesjonalitet og optimal utnytting av disponible ressursar, og tilrettelegge for fagleg utvikling. Personalet får jamnleg rettleiing for å kunne handtere dei spesielle utfordringane knytt til arbeidet på Krisesenteret. Krisesenteret skal ha god kvalitet på tenestene. Dei tilsette skal ha god kunnskap om dei ulike målgruppene og god kompetanse til å ta vare på brukarane og deira spesielle behov. Alle tilsette deltek jamleg på relevante kurs og konferansar. Men samfunnet endrar seg og nye utfordringar står i kø,- nye målgrupper og nye problemstillingar. Vi skal halde oss oppdaterte, fornye oss, og stadig tileigne oss ny kunnskap. Vi skal vidareutvikle organisasjonen vår og kvar enkelt tilsett skal ha moglegheit for personleg utvikling. 11.6 Kurs Tilsette har delteke på fylgjande kurs og konferansar i 2012: • Seminar om kvinner utsette for menneskehandel, i regi av ROSA-prosjektet, Krisesentersekretariatet Tema: Regjeringens handlingsplan mot menneskehandel,- hvor er vi nå og hvor skal vi? ved Jan Austad, Justisdepartementet • Fagdag i regi av RVTS Tema: Vold mot eldre, ved Irmelin Christensen i RVTS Rus og psykiatri, ved psykiater Asbjørn Søviknes • Fagdag Krisesentersekretariatet Tema: - Rettsikkerhet for voldsutsatte kvinner og barn - Politi-inngrep i familiekonflikter. - Vold i nære relasjoner – i et forebyggende perspektiv - Erfaringer fra Statens Barnehus • - - - - - -

«Småbarndagar» i regi av BUP, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Nasjonalt Kompetansenettverk for barns psykiske helse. Tema: Betre vern av born si utvikling – nyare utviklingspsykologisk kunnskap. «Om barne-hjerne-vernet» ved Magne Raundalen «Rytmen mellom oss» ved musikkpedagog Gunn Karoline Fugle «Hjernens hevn» Verknader av traumatiserende hendelser i barndom, v /Marne Raundalen Kva veit vi at dei aller minste barna i barnehagen treng? ved cand.paed.og dr.philos May Britt Drugli «Det sårbare barnet i kunsten» ved psykologspesialist Wenche Koldingsnes Barn som har foreldre med psykiske helseplager ved Utviklingsleder og fil.dir. Birthe Hagstrøm

• Ungdom, rus og psykiatri, i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane Tema: Familiearbeid når ungdommen er rusavhengig - dei mindre gode og dei gode erfaringane med offentleg samarbeid i betringsprosessen ved Tage og Marilyn Knøsen, foreldre - Førebygging av rusmisbruk i den vidaregåande skulen, ved Arne Øyås, leiar Brundalen Vidaregåande skule i Sør-Trøndelag - Ungdom, rus og psykisk helse i et individuelt, kulturelt og strukturelt perspektiv, v/Arne Klyve, cand.polit og undervisningssjef ved Kompetansesenter rus-region vest Bergen ved Stiftelsen Bergensklinikkene - Behandlingsperspektivet v/ Martin Smith, senior lecturer Birmingham University - Brukarperspektivet v/ Leiv O. Holstad og Stig Morten Seierstad, Maritastiftelsen • Opplæring i lov om sosiale tjenester, i regi av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane • Fagdag for krisesentra region Vest, i regi av RVTS og Bergen Krisesenter - Erfaringsutvekslingar - Risikovurderinger i et krisesenterperspektiv • Kompetanseutvikling for krisesentertilbudene i kommunene i 2012, i regi av RVTS Øst Tema: - Vold i nære relasjoner. - Sikkerhet og kartlegging av vold - Stabilisering av voldsutsatte og hjelp til selvhjelp - Hva trenger barn som bor på krisesenter?

18


12. Konferansar i organisasjonen Organisasjonen har hatt 2 konferansar i 2012 12.1 Konferansen Nordiske Kvinner Mot Vold 2012 i Helsinki Tema: - Forfølgelse (stalking) - Kvinner på flukt - Internasjonale konvensjoner - beskyttelse av menneskerettigheter - Arbeid med overgrepsutsatte jenter i Finland - Svanegruppene- en vei ut av prostitusjon, prosjekt fra Danmark - Forebyggende arbeid mot vold - Æresrelaterte konflikter i etniske minoritetsfamilier 12.3 Årsmøte, Krisesentersekretariatet.

13. Informasjon og samarbeid 13.1. Informasjonsmateriell I 2012 fekk Krisesenteret laga ny brosjyre, plakat og klistremerker . Vi fekk også trykt ei avis på 12 sider om Krisesenteret og tilbodet vårt. Avisa vart send ut til alle husstandar i Sogn og Fjordane. Informasjonsmateriell vert send ut til alle etatar i fylket. 13.2. Utadretta arbeid • Dagleg leiar vart invitert av KUN, Senter for Kunnskap og Likestilling til å delta i ekspertgruppe som arrangerte et dialogseminar om kjønnsbasert vold i Vietnam i november 2012 Norge har kvart år menneskerettsdialogar med Vietnam og parallelt med desse dialogane føregår det prosjekt rundt ulike tema,- eitt av dei er likestilling. Likestillingsprosjektet er eit samarbeid mellom det norske Barne-, Likestilling og Inkluderingsdepartementet og det Vietnamesiske Departementet som har ansvar for likestilling, – Departementet for Arbeid, funksjonshemma og sosiale saker. Vietnam har meldt behov for kunnskap og erfaringar frå Norge. Vietnam har lover og forskrifter, men utfordringane er å koordinere arbeidet og få dei ulike instansane til å samarbeide. Deltakarane i ekspertgruppa var representantar frå Justisdepartementet, BLD, (Barne-Likestilling og Inkluderingsdep) Politi og krisesenter. KUN – senter for Kunnskap og Likestilling leia prosjektet Dagleg leiar ved Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane presenterte krisesenter/sivilt samfunn, og korleis vi arbeider med voldsutsette, lokale handlingsplanar,- koordinering av arbeidet lokalt og samarbeid med andre instansar. •

Dagleg leiar har også hatt føredrag og innlegg i fylket vårt i 2012, om vold i nære relasjonar og krisesentertilbodet - Sanitetsforeininga i Høyanger - Kvinner og menn ved Innvandrarsenteret i Florø - Kvinnegruppe ved Innvandrarsenteret - Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag sitt årsmøte - Lokale foreiningar i Florø Dagleg leiar deltek i nettverksgruppe i Hovudorganisasjonen VIRKE samansett av Oslo Krisesenter, Vestfold Krisesenter, Bergen Krisesenter og Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

19


13.3. Samarbeid med andre instansar Krisesenteret i Sogn og Fjordane har eit godt samarbeid med andre instansar i fylket. Vi har også dette året hatt jamlege møte i samarbeid om/med brukarar. - NAV - Politi – Familievoldskoordinator - Barnevern - Familiekontor - Fastlegar - Psykiatri - Asylmottak - UDI - Skule/barnehage

14. Vedtekter for stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane § 1. Namn Stiftinga sitt namn er Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane § 2. Grunnleggar Grunnleggar av stiftinga er Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane, § 3. Føremål Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane har som føremål: a) Hjelpe menneske som har vore utsette for psykisk og fysisk mishandling b) Drive haldningsskapande arbeid ved å synleggjere og skape debatt om den private volden. Krisesenteret er ein politisk og religiøs nøytral organisasjon. Tilbodet skal være eit lågterskeltilbod som er ope heile døgnet, og dei som tek kontakt skal være sikra anonymitet. Tilsette på krisesenteret er medmenneske som gir valdsutsette omsorg og tryggleik. Krisesenteret er ikkje eit behandlingstilbod. Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane har slutta seg til Krisesenterrørsla og plattforma for denne, vedteken på Landskonferansen i Tromsø i 1982. Krisesenteret representerer eit tilbod der den valdsutsette sjølv deltek aktivt i arbeidet saman med tilsette. Krisesenteret sitt tilbod: - Tryggleik, vern og hjelp av medmenneske som har tid til å lytte. - Ein stad der ein får tid til å tenke over problema og få ting på avstand. - Samtalar og informasjon om tilbod innanfor det offentlige og private hjelpeapparatet, og hjelp til å ta kontakt med desse. - Mellombels butilbod i ein krisesituasjon. - Ivareta barna som kjem til senteret. - Oppfølging av dagbrukarar. - Oppfølging i reetableringsfasa. - Telefonvakt /råd/rettleiing på telefon § 4. Grunnkapital Stiftinga sin grunnkapital er verdi av eigedom, kr. 1 800 000.- og innbetalt kapital på konto til stiftinga kr. 200 000.- til saman kr. 2 000 000.§ 5. Drift Stiftinga sitt overskot skal brukast i samsvar med føremålet for stiftinga jf. § 3. Styret skal kontrollere den økonomiske drifta, for å unngå underskot. Stiftinga svarar for sitt økonomiske ansvar og formue.

20


§ 6. Styre Stiftinga skal leiast av eit styre på minimum 5, maksimum 7 medlemmar. Styret skal bestå av representantar frå ulike sektorar i samfunnet. Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane har rett til å vere representerte med 1 styremedlem når styret har 5 medlemmar, og 2 medlemmar når styret har 7 medlemmar. Det skal veljast 2 varamedlemmar der den eine er frå Krisesenterrørsla. Medlemmane i styret vert valde for to år av gongen. Styret vel sjølv leiar, nestleiar og eventuelt medlemmar til andre verv. Leiar og nestleiar vert valde for 1 år om gongen og kan attveljast. Styret oppnemnar ei valnemnd, ref. § 7, 2, som fremjar forslag til nye styremedlemmar. Styret sender skriftleg melding til valnemnda seinast 2 månader før det endelege valet. Styret gjer det endelege valet innan mars etter framlegg frå valnemnda For å sikre kontinuitet vel ein på ein slik måte at ikkje meir enn halve styret vert skifta ut om gongen. § 7. Valnemnd Valnemnda som styret oppnemnar skal bestå av 3 personar. Krisesenterrørsla har rett til å vere representert med eit medlem. Valnemnda vert vald for 1 år om gongen. § 8. Styremøte Leiar for styret kallar inn til styremøte og leier møta. Det vert innkalla til styremøte når dagleg drift tilseier det, eller når minst ein tredjedel av medlemmane ber om det. Styret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemmane er til stades. Det vert ført protokoll frå styremøta og medlemmane skriv under protokollen. Vedtak i styret vert fatta ved alminneleg fleirtal. Ved lik røyst har leiar i styret dobbelrøyst. Innkalling og referat skal sendast styret og vararepresentantar. § 9. Dagleg leiar. Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane skal ha ein dagleg leiar som er tilsett av styret. Daglig leiar står for den daglege leiinga av stiftinga si verksemd, og skal følgje dei retningslinjer og pålegg som vert gitt av styret. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller er viktige for stiftinga. Dagleg leiar skal syte for at stiftinga sine rekneskap er i samsvar med lov og forskrifter og at formuesforvaltninga er ordna på ein forsvarleg måte. 10. Omdanningskompetanse. Styret har kompetanse til å endre vedtekter og til å vedta oppheving. Vedtak om endring av vedtekter, oppløysing og andre vesentlege endringar krev 2/3 fleirtal. Slike vedtak kan berre fattast dersom 2/3 av styremedlemmane er til stades. Oppløysing av stiftinga krev 2/3 fleirtal i to påfølgjande styremøte. Vedtak i Styret skal godkjennast av Stiftingstilsynet. Elles vert det vist til gjeldande stiftingslov.

21


Årsmelding 2012 for Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane Verksemda Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane har som føremål å hjelpe kvinner, menn og barn som har vore utsette for psykisk og fysisk mishandling, driva haldningsskapande arbeid ved å synleggjere og skape debatt om den private volden. Stiftinga er ein politisk og religiøs nøytral organisasjon. Stiftinga er lokalisert i Flora Kommune. Vidare drift Årsrekneskapen er utarbeidd under føresetnad om vidare drift Arbeidsmiljø Styret ser arbeidsmiljøet i Stiftinga som bra. Det er ikkje iverksett særlege tiltak i høve dette. Tilsette i verksemda har ikkje vore utsette for ulykker eller skader i samband med arbeidet. Sjukefråværet har vore på totalt 204,5 dagar der 130 dagar skuldast fråvær for langtidsjukemelde. Fråværet utgjer 2,83% av den totale arbeidstida i stiftinga i rekneskapsåret. Likestilling Verksemda hadde i 2012 12 faste tilsette, 11 kvinner og 1 mann. Styret er samansett av 5 personar, der alle 5 er kvinner. Styret er ikkje kjent med at verksemda driv i strid med vilkåra i likestillingslova. Ytre miljø Verksemda forureinar ikkje det ytre miljøet Andre tilhøve Styret kjenner ikkje til forhold som er viktige for å vurdere stiftinga si stilling og resultat som ikkje kjem fram av rekneskapen og balansen med notar. Det er heller ikkje på slutten av rekneskapsåret skjedd forhold som etter styret sitt syn er viktig for vurdering av rekneskapen. Forslag til bruk av overskot eller dekking av tap I 2012 hadde stiftinga eit underskot på kr. 85 603,- Underskotet vert dekka av eigenkapital. Med den utviklinga vi no er inne i, ligg etter styret si vurdering tilhøva godt til rette for vidare drift og utvikling. Florø 5. mars 2013

Siv Førde Styreleiar

Emma Bjørnsen Nestleiar

Wenche Hovland Dagleg leiar

Maria Kirkeeide Ravnå Styremedlem

Astri Kyrkjeeide Styremedlem

Bjørg Espeseth Styremedlem

22


Resultatregnskap Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane Driftsinntekter og driftskostnader

Note

Salgsinntekter Sum driftsinntekter

2012

2011

7 534 570 7 534 570

7 881 195 7 881 195

5 402 827 2 233 972 7 636 799

4 730 675 3 213 756 7 944 431

-102 229

-63 235

17 503 877 16 626

21 345 675 20 670

Resultat før skattekostnad Ordinært resultat

-85 603 -85 603

-42 565 -42 565

Årsoverskudd (Årsunderskudd)

-85 603

-42 565

Overføringer Overført fra annen egenkapital Sum overføringer

85 603 -85 603

42 565 -42 565

4 4

Lønnskostnader m.m. Annen driftskostnad Sum driftskostnader Driftsresultat Finansinntekter og finanskostnader Annen renteinntekt Annen rentekostnad Resultat av finansposter

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Side 1 23


Balanse Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane Eiendeler

Note

Anleggsmidler Varige driftsmidler Tomter, bygninger o.a. fast eiendom Sum varige driftsmidler

2, 6

Sum anleggsmidler

2012

2011

14 389 891 14 389 891

14 201 383 14 201 383

14 389 891

14 201 383

134 371 134 371

14 369 14 369

3 062 276

3 607 413

3 196 646

3 621 782

17 586 537

17 823 165

Omløpsmidler Andre fordringer Sum fordringer 3

Bankinnskudd, kontanter o.l. Sum omløpsmidler Sum eiendeler

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Side 2 24


Balanse Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane Egenkapital og gjeld Innskutt egenkapital Grunnkapital Sum innskutt egenkapital

Note

2012

2011

1 800 000 1 800 000

1 800 000 1 800 000

934 684 934 684

1 020 287 1 020 287

5

2 734 684

2 820 287

6

12 900 000 12 900 000

12 899 400 12 899 400

189 968 445 658 1 316 227 1 951 853

158 541 355 576 1 589 361 2 103 478

Sum gjeld

14 851 853

15 002 878

Sum egenkapital og gjeld

17 586 537

17 823 165

Opptjent egenkapital Annen egenkapital Sum opptjent egenkapital Sum egenkapital Gjeld Annen langsiktig gjeld Gjeld til kredittinstitusjoner Sum annen langsiktig gjeld Kortsiktig gjeld Leverandørgjeld Skattetrekk og andre trekk Annen kortsiktig gjeld Sum kortsiktig gjeld

Florø, den 21.03.2013 Siv Førde Styrets leder

Emma Bjørnsen Nestleder

Wenche Hovland Daglig leder

Maria Kirkeide Ravnå Styremedlem

Astri Kyrkjeide Styremedlem

Bjørg Espeseth Styremedlem

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Side 3 25


Noter til årsregnskapet 2012 Note 1 Regnskapsprinsipper Årsregnskapet er satt opp i samsvar med regnskapsloven. Det er utarbeidet etter norske regnskapsstandarder. Driftsinntekter og kostnader Inntektsføring skjer etter opptjeningsprinsippet som normalt vil være leveringstidspunktet for varer og tjenester. Kostnader medtas etter sammenstillingsprinsippet, dvs. at kostnader medtas i samme periode som tilhørende inntekter inntektsføres. Hovedregel for vurdering og klassifisering av eiendeler og gjeld Eiendeler bestemt til varig eie eller bruk er klassifisert som anleggsmidler. Andre eiendeler er klassifisert som omløpsmidler. Fordringer som skal tilbakebetales innen et år er uansett klassifisert som omløpsmidler. Ved klassifisering av kortsiktig og langsiktig gjeld er analoge kriterier lagt til grunn. Anleggsmidler vurderes til anskaffelseskost, men nedskrives ikke. Det blir foretatt kontinuerlig vedlikehold av eiendommen. Langsiktig gjeld balanseføres til nominelt mottatt beløp på etableringstidspunktet. Omløpsmidler vurderes til laveste av anskaffelseskost og virkelig verdi. Kortsiktig gjeld balanseføres til nominelt mottatt beløp på etableringstidspunktet. Enkelte poster er vurdert etter andre regler. Postene det gjelder vil være blant de postene som omhandles nedenfor. Skatt Stiftelsen er ikke skattepliktig.

Note 2 Anleggsmidler

Bygninger 14 227 908

Anskaffelseskost pr. 01.01.12 + Tilgang kjøpte anleggsmidler = Anskaffelseskost 31.12.12 Akkumulerte avskrivninger 31.12.12 = Bokført verdi 31.12.12

14 227 908 180 008 14 047 900

Tomter 153 483 188 508 341 991 341 991

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane 985 432 155 26

Sum 14 381 391 188 508 14 569 899 180 008 14 389 891


Noter til årsregnskapet 2012 Note 3 Bundne midler I posten bankinnskudd og lignende inngår bundne bankinnskudd med kr.271.417,-

Note 4 Lønnskostnader, antall ansatte, godtgjørelser, lån til ansatte m.m. Lønnskostnader Lønninger Arbeidsgiveravgift Pensjonskostnader Andre ytelser Sum

2012 4 121 908 504 247 558 538 218 133 5 402 827

2011 3 605 494 443 394 471 646 210 141 4 730 675

Gjennomsnittlig antall årsverk: 9 Daglig leder 562 979 3 996

Ytelser til ledende personer Lønn Annen godtgjørelse

Styre 72 667

Bedriftsforsamling

Betalt pensjonspremie i KLP i år 2011 er kr.558.538,-. Stiftelsen har ikke pensjonsforpliktelser ut over kostnadsførte pensjonskostnader i regnskapet. Revisor Kostnadsført revisjonshonorar for 2012 utgjør kr.27.500,Note 5 Egenkapital, grunnkapital Iht. stiftelsen sine vedtekter utgjør grunnkapital kr.1.800.000,-. Dette tilsvarer verdien av eiendommen ved stiftelsestidspunktet. Siftelsen sin egenkapital fremkommer slik; Egenkapital 01.01. Årets resultat

2 820 287 -85 603

Egenkapital 31.12

2 734 684

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane 985 432 155 27


Noter til ĂĽrsregnskapet 2012 Note 6 Pantstillelser og garantier m.v. Gjeld som er sikret ved pant o.l. Gjeld til kredittinstitusjoner

12 900 000

Sum

12 900 000

Balanseført verdi av eiendeler pantsatt for egen gjeld

14 389 891

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane 985 432 155 28


29


30


EIGNE NOTAT


A til Ă… - www.atilaa.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.