Avgrensing av Førdepakken

Page 1

1

3-­‐13 Kva bør Førdepakken omfatte 1. Utgangspunkt

Naustdal kommune har i eit brev av 6.11. 12 (vedlagt) bedt om at spørsmålet prosjektet «Gangbru over Nausta» blir teke inn i Førdepakken. Utgangspunktet deira er høg frekvens av dagleg pendling frå Naustdal og eige arbeid med trafikktryggleiksplan. I eit brev datert 10.11. 12 (vedlagt), har Steinar Følling på vegne av vegnemnda for Rørvikfjellet bedt om at det blir vurdert om tunnel under Rørvikfjellet kan vere eit delprosjekt av Førdepakken. Båe spørsmåla gjer det nødvendig å gå gjennom bakgrunnen for oppretting av Førdepakken og sjå på avgrensinga av pakken. 2. Bakgrunn for Førdepakken

Førdepakken og skiping av bom-­‐selskap vart drøfta første gong i bystyret den 24.9. 2009 der det m.a. vart gjort følgjande vedtak: «Selskapet skal ha til føremål å planlegge og finne modellar for finansiering og trafikale forbetringar i Førde kommune, m.a. omlegging av E-­‐39, slik det går fram av saksutgreiing datert 01.09.09» Bystyret drøfta den 16.6. 2011 prinsippsak om bompengefinansiering. I saksutgreiinga er det lista opp ei rad med tiltak i Førde, men der det også blir presisert at reguleringsplanen vil vere den nøyaktige definisjonen av vegtiltaka. I drøftinga blir det peika på den manglande veg-­‐ og gatestrukturen i Førde og at byen tek mål av seg til å bli ein sykkelby. I vedtaket heiter det m.a.: «Bystyret vil rå til at nye veg-­‐ og gateprosjekt i Førde vert tilleggsfinansiert med bompengeinnkreving slik det går fram av saksutgreiing datert 02.06.11.» Førde kommune inviterte i eit brev av 12.12.11. m.a. nabokommunane til å gå inn med aksjeteikning i selskapet Førdepakken AS som da var under etablering. I brevet heiter det m.a.: «Kommunen syner til tidlegare orienteringar om arbeidet med å planlegge ny trase for E39 forbi Førde og ny plan for det lokale veg-­‐ og gatenettet i Førde.»» Utanom sjølve planprosessen har Førde bystyre vedteke å opprette eit selskap som skal arbeide for å realisere gjennomføringa av ein ”Førdepakke” med ny trase for E39 og utvikling av dei fylkeskommunale og kommunale vegane inn til og i Førde sentrum. Selskapet skal vere ein pådrivar i og utanom planprosessen, gjere nødvendige utgreiingar og utarbeide ein formell søknad om tilleggsfinansiering med bompengar.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.