Måløyraidsenteret Gatekunst På grunn av Måløyraidet under 2. verdskrig vart store delar av Måløy bomba og nedbrent, og byen mista dei fleste av sine eldre trehus, karakteristiske naust og liknande. I etterkant vart det bygd opp store industribygg og betongklossar i 50-tals stil, noko som den dag i dag pregar byen. Eit perfekt utgangspunkt til å gjere gråstein til gull. Då Tone Andal kom attende til heimbyen i 2010 vart ho raskt oppmerksam på Måløy som ein potensiell gatekunstby, med alle sine grå og slitte veggar. I dag finn du heile 20 veggmaleri i Måløy-regionen, kor dei fleste er å sjå innan gangavstand i sentrum av byen. www.streetartmaloy.no
VISIT FJORDKYSTEN OG SUNNFJORD
Med seglskøyta Westland arrangerer Explore 62o North ski og seglturar i Sunnmørsalpane. Om sommaren og hausten køyrer dei havfisketurar og havørnsafari ut i frå Måløy. Dei arrangerer også firmaturar, venneturar og blåturar med eller utan overnatting. www.explore62.com
Storm @ Stad • RIB-tur Storm@Stad er eit eventfirma i Måløy som spesialiserer seg på RIB-turar, arrangement, blåturar med meir. www.stormstad.no
Kajakk og Coasteering
Foto: Visit FjordKysten
Explore 62o North • Havfiske og havørnsafari
A til Å · www.atilaa.no
Foto: Visit FjordKysten
Tidleg morgon, 27. desember 1941; Julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig; flybomber, gatekampar og skyting frå krigsskip. Gjennom det øyredøyvande bråket; lyden av ei lys sekkepipe. Originale bilete frå raidet og metervis med original film visast i ei levande utstilling som har rørt tusener av besøkjande. Utstillinga viser og originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge´s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjonar. I tillegg til utstillinga om Måløyraidet er det utstillingar om Martin Linge, Kompani Linge, om den vågale Shetlandsfarten og Tysklandsbrigaden. Du kan også få vite meir om korleis det var å vere tysk soldat i Måløy under krigen. Senteret ligg sentralt plassert midt i Måløy sentrum med parkering på torget og gode kaféar i umiddelbar nærleik. Ope 11. mai – 5. juni kl. 10.15 – 17.00 ons – sun. 6. juni – 14. aug kl. 10.15 – 17.00 alle dagar. 15. aug – 11. sept kl. 10.15 – 1700 ons – sun. www.maloyraidsenteret.no
Foto: Visit FjordKysten
Cruisekai
Foto: Visit FjordKysten
Foto: Måløyraidsenteret
MÅLØY
Opplev frilufts- og naturopplevingar frå kajakken. Kom tett på naturen på ein måte du elles kanskje ikkje opplever den. Sjøbris Adventure har fleire kajakkar tilgjengelig for utleige. Padling passer dei aller fleste, gammal som ung. Sjøbris Adventure tilbyr coasteering-, kajakk og yogaaktivitetar i Måløy og omegn. Gjennom leik, bevegelse og utfordringar i sjø og på land skapar vi eventyrlege og kraftfulle opplevingar. Med fokus på heilskapleg helsevelferd, tryggleik i vatn og berekraft bidrar vi til avspenning, meistring og læring. Vi tilbyr forskjellige aktivitetar og arrangement, og kan skreddarsy produktpakkar på førespurnad. Ordet Coasteering kjem av det engelske ordet coast som betyr kyst. Betydinga av ordet er at man skal bevege seg både i vatn og på land langs klipper i sjøkanten. Coasteering er ein leiken og spennande måte å vere i naturen på. Her kan du utfordre seg sjølv med å dykke, hoppe, klatre eller leike. Vi tilbyr kvalitetssikra coasteeringsruter med sikkert utstyr for å gjennomføre aktiviteten på ein forsvarleg måte, samtidig som vi beheld spenninga. www.sjobrisadventure.no
Kannesteinen Kannesteinen er ein spesiell stettforma stein som ligg i fjæra i bygda Oppedal, ca 10 km frå Måløy sentrum. Den spesielle steinen er forma av hav og bølger gjennom tusener av år, og slipt med vannbeveging. Steinen er om lag 3 meter høg. Det er gode parkeringsmoglegheiter ved steinen. Ope heile året.
VISIT FJORDKYSTEN OG SUNNFJORD fjordkysten.no