Norsk Hjortesenter

Page 1

Årsrapport hjort for Vågsøy kommune 2014 Fellingstal, Sett hjort og slaktevekter

www.hjorteviltregisteret.no er ein nasjonal database for lagring av data frå jakt på hjortevilt og fallviltregistreringar frå dei artane det vert gjort slik rapportering for. Det inneheld og forvaltningsverktyet som kommunane skal bruke i hjorteviltforvaltninga. Dette gjeld både tildeling av fellingsløyver og rapportering av fellingstal. D et er og her data frå Sett elg og Sett hjort vert registrert og lagra. Informasjonen i hjorteviltregisteret er tilgjengelig for alle. Data i denne rapporten er henta derifrå. Det er både kommunen og rettshavarane si interesse i å søke å styre bestandsutvikling hos hjort. Hjort representerer ei stor økonomisk ressurs, men kan og påføre samfunnet og einskilde store kostandar. •

Kommunen skal setje rammene for forvaltninga gjennom å vedta mål for utviklinga av hjortebestandane. Dette bør samordnast med nabokommunar om dei har felles hjortebestandar.

Jaktrettshavarane skal drive forvaltninga av hjortebestandane gjennom bestandsplanar.

Jegeren er viktigaste reiskapen både for å gjennomføre planane ved å ta ut det tal dyr som er fastsett av riktig kategori (alder og kjønn) og for å kunne evaluere måloppnåinga gjennom innsamling av Sett hjort data.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.