Førde kommune Styre, råd og utval Planutvalet Bystyret
Møtedato 21.03.2012 29.03.2012
Saksnr 014/12 012/12
Sakshandsamar: Reidar Hatlebrekke
Arkiv: FA-L10, FE-
Arkivsaknr.: 11/506
Lokale gater og vegar i Førde, Silingsrapport, Vedlegg: Dok.dato 15.03.2012
Tittel Silingsrapport, Mars 2012
Dok.ID 70355
1.0 Bakgrunn for saka Planutvala i Førde og Gaular har fastsett planprogrammet for ny E39 og for lokale gater og vegar i Førde. Planprogrammet syner korleis sjølve planprosessane skal gjennomførast. Som eit ledd i planarbeidet handsama bystyret ein såkalla silingsrapport over fleire alternative trasear for E39 den 27.10.2012. Bystyret vedtok kva alternativ som skal utgreiast vidare. Dette arbeidet er i gang og er venta ferdig i september 2012. Tilsvarande ligg det no føre ein silingsrapport for lokale vegar og gater i Førde. Silingsrapporten bygger på forslag på nye vegtrasear som kom fram under idédugnaden 23.11.2011, andre innspel kommunen har motteke og Adhoc-utvalet for sykkelbyen Førde sin rapport av 08.12.2010. Rapporten er utarbeidd i samarbeid med kommunen og Statens vegvesen. Arkitektkontoret Erling Haugen v/ siv.ark Arve Seger har vurdert traseane i forhold til byutvikling og elvebreidda langs Jølstra, og konsulentfirmaet SWECO har vore fagansvarleg for dei trafikale vurderingane Rådmannen legg denne rapporten fram for planutval/ bystyre med tilråding om å:
Velje kva vegalternativ det er verdt å arbeide vidare med. Luke ut dei alternativa som synast uaktuelle å bruke meir ressursar på å utgreie.
Det er med andre ord ikkje eit endeleg val av vegtrasear ein står ovanfor no, men eit spørsmål om kva alternativ det er verd å skaffe seg meir kunnskap om gjennom vidare utgreiing, trafikkanalyser, Risiko Og Sårbarhetsanalysar (ROS) m.m. KUarbeidet med det lokale veg- og gatenettet går inn som ein avtalt del av det pågåande KU-arbeidet med E39 og skal vere ferdig samstundes i sept 2012. Kvar vegane skal gå vert først endeleg fastlagt når kommunedelplanane for E39 og
1