Eit verktøy utarbeidd av Krisesenteret i Sogn og Fjordane.
Vi veit at vold i nære relasjonar er eit lovbrot, og eit stort samfunnsproblem – men klarer vi alltid å sjå at det skjer? Volden kan vere vanskeleg å oppdage, og det krev mot for å ta tak i situasjonen. Det er viktig at folk i hjelpeapparatet har kunnskap til å sjå, og ikkje minst mot til å handle.
Gjennom dette informasjonsmateriellet vil vi på krisesenteret gje deg råd og tips om korleis du kan møte folk, som du mistenkjer er utsett for vold i nære relasjonar. Kva kan du gjere som tilsett, kollega eller ven. Kva er risikofaktorar som kan utløyse voldshandlingar, og korleis taklar ein akutte situasjonar.