Lyrikkforlaget © 2022
Lyrikkforlaget
Postboks 112
4395 Hommersåk
www.lyrikkforlaget.no
ISBN: 9788283982718
Omslag: Hana Costelloe
Omslagsbilete: Svein Førde
Sats: Hana Costelloe
Materialet i denne publikasjonen er omfatta av heimlane i åndsverklova. Utan særskild avtale med Lyrikkforlaget er kvar einskild eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate i den utstrekkinga det er bestemt i lova. Utnytting i strid med lov eller avtale kan medføra ansvar for erstatning.
LYRIKKFORLAGET Svein Førde 2022
feelgood på nynorsk SANT OG SÅNT
Meir
/ 4
Nyte ei stille stund like før eg tek ein blund på ein liggestol i hagen med hendene på magen
Gløtta litt på vêret
i vår felles atmosfære
Himmelen er blå
ikkje ei sky å sjå
Ense lukt og lydar
tolke kva dei tydar
Skjora sit og skrattar
tergar nokre kattar
I stampen kan eg bade kan eg betre ha det?
Servering med litt lesk ei snei med spekeflesk
Tenke fine tankar
kjenne hjartet bankar for alle mine kjære som er meg så nære
5 /
FEELGOOD
ALMINNELEG MANN
Det han gjorde, gjorde han.
Det han sa, det sa han.
Det han kunne, kunne han.
Det han var, var berre han.
Han var ein alminneleg mann.
Dei kan vere veldig spesielle, dei som ikkje har så mykje å fortelje.
Og det kan vere eit heilt konglomerat, i eit A4‒format.
/ 6
EIN TUR I FJÆRA
Eg går ofte ein tur i fjæra og ser kva eg finn der. Ting som er innom på ferda og tek seg ein pause her.
Der finn du sjeldan to like, men alle slags ting og tang. Til glede for meg og slike som kjenner si «finnetrang».
Vasar med tau og plast frå nære og fjerne hav, som vitnar om bruk og kast til eit sørgjeleg hopehav.
Bleika og glattskura bord i sin gråe patina og glans, vakrare enn sagt med ord, for alle med maritim sans.
Så å gå der å rusle i fjæra gjev stadige skifte i sinn, og sjå kor vi vansteller verda, men òg alt det vakre ein finn.
7 /
VÅR
Timar med lys og eit drag i lufta av vårlege vindar og gryande liv. Trekkfuglar kjem med helsing frå sør, snøen den smeltar til elvar som før.
Liv kjem til syne på mange slags vis, fuglane syng til oppvakningas pris. Røtene hentar sitt liv ned i jorda slik at vi alle har mat nok på borda.
Mange dei ryddar og rakar i hagen, enkelte slepper litt sol inn på magen. Vinterdekk vaska og lagt på hotell, folket er ute og nyter kvar kveld
og helsar med glede, igjen er det vår, gylle på marka og bøndene sår. No vil vi sjå kor det spirer og gror med næring frå desse håpefulle ord.
/ 8
I DAG
I dag har eg fiska litt sei, sløgd og til avrenning i ei teine. Fekk ikkje mykje glede av dei, for tjuvane var ikkje seine.
Etter lunsj og ein tiltrengt lur, var eg rana på høglys dag.
Då hadde minken vore på tur –det gjorde meg ikkje det slag.
9 /
KVELD VED FJORD
Sein kveld ved ein levande fjord som seier så mykje, utan eit ord. Fredfylt stemning og sakte ro byr meg opp til ein tango for to.
Rytmen i båra og svale vindar, silhuettar av landskap og kjende tindar. Floa og fjøra sitt evige liv, eg høyrer og ser og tankane sviv.
Eg tek det med meg i natta inn med fjordens rytme i kroppen min. Draumane flyt saman i harmoni, sett i hop av inntrykk i symfoni.
/ 10
SOMMAR sommarsol
glade dagar
liggestol
berre magar
alle bada
ingen klaga
sola glader
lite plager
ugraset gror
i potter og bed
hagen er stor
får ikkje fred
smøre på nasa
det må vi lære
jadå, då, masa
det skal eg gjere
så sovna vi inn
ligg der og pesa
bobla i skinn
raude i fjesa
så tek vi ein is
ligg i ein stol
liten kveldsbris
og kvefsebol
klegg og flått
til det blir haust
slik lever vi godt
og sutlaust
11 /
PÅKLEDNING
Kva skal eg ha på meg i dag?
Skal eg tenkje funksjon og behag?
Eller vere kul og ta meg ut, som ein trendy, yngre gut?
Skal det vere noko som varmar?
Korte eller lange armar?
Skal eg ha det opp under kjaken, eller skal bringa vere naken?
Kva signal vil eg sende?
Skjule magen, kan hende?
Skal eg virke høg eller brei, kanskje vere litt på snei?
Skal buksa vere trang?
Skal skjorta vere lang?
Skal det vere ruter og i blått, eller den nye som er så flott?
Å kle seg er slett ikkje lett, eg kjenne at eg blir litt sveitt. Men då er det iallfall ei lukke, at allting kler den …ukke.
/ 12
FERIE
Ferietid er fint og flott, gler oss no, det skal bli godt. Ligge lenge, gløyme klokka, fedrelandet dreg og lokka.
Det er eit styr å slappe av utan plikter, stress og kav. Kose deg med alle dine og kanskje litt med andre sine.
Finn på, prøv det meste, drikk med sommargjester. Køyr til side, ta ein stopp, finn ein topp og kom deg opp.
Heseblese Norge rundt med alle sine høgdepunkt. Myggestikk og kleggebit, skunde seg å vente litt.
Ungar, bikkje og ein katt, styr og ståk kvar enda natt. Oppblåsbare underlag avtrede av alle slag.
Og så når alt ein dag er slutt, og du er heilt og fullt kaputt. Gå på jobb til dagleg tralt, kvil deg ut, og få betalt.
13 /
SOMMARTID
Sommar med solfylte dagar, men også med velkjende plagar. Då kjem myggen og knotten, og det knøttlitle udyret flåtten.
Så kjem kvefsen og kleggen som får folk til å springe på veggen når dei høyre det surra bak øyre’ og dei skjønar kva det er dei høyrer.
Skrik og ber seg alt dei kan og lyser bestøvande insekt i bann. Veivande armar i urytmisk dans, fram og tilbake utan ein stans.
Andre ser på og ler og lurer på kva det er. «Du kan ikkje vere heilt god … kanskje du skulle stå litt i ro?»
/ 14
SOMMARNATT BLUES
Sit her i lyse natta, lyttar til det eg ser. Fjorden skvulpar i søvne, nattstilla med seg ber.
Ein båt lagar lyd i det fjerne, ei nise er oppe og bles. Ei hegre sit i fjøra og stirer med svolte, langnebba fjes.
Sola er berre eit minne om fine fargar i vest. Ho vitnar om det vi har felles når kvelden byr opp til fest.
Slik er det fint å sitte, så eg ventar endå ei stund før eg knirkar meg opp av stolen og går og får meg ein blund.
15 /