3 minute read
Abort – eit tema for gynekologar
from Gynekologen 2/21
by WebPress
Gynekologer imellom Abort – eit tema for gynekologar
Med mindre du har flytta praksisen offline (med Veilederen i app-versjon), har du fått med deg debatten som går om abort. Det er sterke ord og steile frontar om eit emne som høyrer med til faget vårt.
Marit Halonen Christiansen Leder av NGFs arbeidsgruppe frem mot å vedta ein felles uttalelse om abort på Årsmøtet i Tønsberg i 2021
Norsk gynekologisk forening forsøkte på generalforsamlinga i 2019 å vedta ein uttalelse om abort. Det var ikkje mogleg, og ein satte ned ei arbeidsgruppe som skulle utgreie dette fram mot årsmøtet 2020. Som alle veit kom korona og utsatte det heile.
Arbeidsgruppa skal representere eit breitt utval av gynekologar. Gynekologar er òg like ulike som resten av befolkninga, men vi jobber tett på kvinner og reproduktiv helse.
Kirsten Hald og underteikna skreiv ein kort kronikk til Aftenposten i april 2021 – vi formulerer det slik: Gynekologane er uavhengig av anna ståstad samde om dette: Legane som sit i nemnd ynskjer å gje kvinna omsorg.
Fyrst i 1975 kunne kvinner sjølv søke om abort utan at mannen måtte skrive under. I 1978 kom lova nesten som vi kjenner henne i dag, med sjølvbestemt abort fram til veke 12. Abortnemnda slik vi kjenner den var innført med lova av 1960.
For 25 år sidan skjedde dei fleste abortar kirurgisk. Dette var 1995, og det vart gjennomført 13 874 abortar. Desse vart overveiande gjort kirurgisk. Medikamentell abort vart innført i 1998. Det har endra abortbehandlinga drastisk. I dag vert over 90% av alle abortar utført med medikament, mange gjerast heller ikkje på sjukehus, men heime med poliklinisk oppfølging. Det har gjort til at 84% vert utført før veke 9 mot 40% i 1995. Drygt 95% av alle abortar skjer før veke 12. Fleirtalet av abortar innvilga i nemnd handlar om sjukdom hjå fosteret. Etter veke 18 gjeld det 80-90% av alle abortar, og til saman 7 kvinner fekk avslag i klagenemnd opp til veke 22 i 2020.
I 2020 vart det utført 11081 abortar. Ein nedgong på over 2500 på 25 år. Aborttala har aldri vore lågare enn i dag. Dei av oss som har jobba nokre år veit at ultralyd før og no ikkje kan samanliknast. Ny bioteknologilov som vart vedtatt i fjor gir alle kvinner rett til tidleg ultralyd. Kvinner over 35 år får NIPT, og kvinner under 35 år kan sjølve be om NIPT. Dette vil mellom andre ting truleg endre abortmønsteret enda meir mot tidlegare abortar.
Dei politiske partia er spredte, frå Fremskrittspartiet som (per 09.05.21) ikkje nemner abort i sitt program, via Arbeiderpartiet som ynskjer å avvikle nemdene frå veke 12-18 og utgreie eit alternativ med ”trygg oppfølging og medisinsk veiledning” til SV som vil fjerne nemdnene fram til levedyktighet.
Gruppa er samansett av Ole Erik Iversen, Pepe Salvesen, Liva Helleland, Lars Næss, Margit Steinholt, Anne Cecilie Hallquist, Mette Løkeland og underteikna.
Vi vil publisere bakgrunnsmateriale på NGF sine heimesider. Dette vil primært være informasjon som abortstatistikk, kva kan ein faktisk finne ut ved tidleg ultralyd og NIPT, korleis ståda er i andre land og og kor mange får avslag i nemnd.
Sjølve debatten vil skje på generalforsamlinga i Tønsberg til hausten.
Vi tek sjølvsagt imot innspel – dette kan sendast til underteikna på marith@me.com
3D OG THUNDERBEAT
- Den perfekte kombinasjonen.
Med vårt nye 3D system og THUNDERBEAT – gir vi deg neste generasjon av bildebehandling og hemostatisk disseksjon.
2 generasjons 3D system med et eksepsjonelt 3D bilde, med roterbar 30° EndoEye i 3D. · Plug &Play · Autoklaverbart 3D videolaparaskop · Autofokus
THUNDERBEAT er verdens første fullintegrerte biopolar- og ultralydsinstrument. · Pålitelig 7 mm vevforsegling · Minimal termisk spredning · Hurtigst i klassen for kutting