Gynekologen 2/21

Page 48

Gynekologer imellom

Abort – eit tema for gynekologar Med mindre du har flytta praksisen offline (med Veilederen i app-versjon), har du fått med deg ­debatten som går om abort. Det er sterke ord og steile frontar om eit emne som høyrer med til faget vårt. Marit Halonen Christiansen

Leder av NGFs arbeidsgruppe frem mot å vedta ein felles uttalelse om abort på Årsmøtet i Tønsberg i 2021

Dei av oss som har jobba nokre år veit at ultralyd før og no ikkje kan samanliknast. Ny bioteknologilov som vart vedtatt i fjor gir alle kvinner rett til tidleg ultralyd. Kvinner over 35 år får NIPT, og kvinner under 35 år kan sjølve be om NIPT. Dette vil mellom andre ting truleg endre abortmønsteret enda meir mot tidlegare abortar.

Norsk gynekologisk forening forsøkte på generalforsamlinga i 2019 å vedta ein uttalelse om abort. Det var ikkje mogleg, og ein satte ned ei arbeidsgruppe som skulle utgreie dette fram mot ­årsmøtet 2020. Som alle veit kom korona og utsatte det heile.

Dei politiske partia er spredte, frå Fremskrittspartiet som (per 09.05.21) ikkje nemner abort i sitt program, via Arbeiderpartiet som ynskjer å avvikle nemdene frå veke 12-18 og utgreie eit alternativ med ”trygg oppfølging og medisinsk veiledning” til SV som vil fjerne nemdnene fram til levedyktighet.

Arbeidsgruppa skal representere eit breitt utval av gynekologar. Gynekologar er òg like ulike som resten av befolkninga, men vi jobber tett på kvinner og reproduktiv helse.

Gruppa er samansett av Ole Erik Iversen, Pepe Salvesen, Liva Helleland, Lars Næss, Margit Steinholt, Anne Cecilie Hallquist, Mette Løkeland og underteikna.

Kirsten Hald og underteikna skreiv ein kort kronikk til ­Aftenposten i april 2021 – vi formulerer det slik: Gynekologane er uavhengig av anna ståstad samde om dette: Legane som sit i nemnd ynskjer å gje kvinna omsorg.

Vi vil publisere bakgrunnsmateriale på NGF sine heimesider. Dette vil primært være informasjon som abortstatistikk, kva kan ein faktisk finne ut ved tidleg ultralyd og NIPT, korleis ståda er i andre land og og kor mange får avslag i nemnd.

Fyrst i 1975 kunne kvinner sjølv søke om abort utan at mannen måtte skrive under. I 1978 kom lova nesten som vi kjenner henne i dag, med sjølvbestemt abort fram til veke 12. Abortnemnda slik vi kjenner den var innført med lova av 1960.

Sjølve debatten vil skje på generalforsamlinga i Tønsberg til hausten.

For 25 år sidan skjedde dei fleste abortar kirurgisk. Dette var 1995, og det vart gjennomført 13 874 abortar. Desse vart overveiande gjort kirurgisk. Medikamentell abort vart innført i 1998. Det har endra abortbehandlinga drastisk. I dag vert over 90% av alle abortar utført med medikament, mange gjerast heller ikkje på sjukehus, men heime med poliklinisk oppfølging. Det har gjort til at 84% vert utført før veke 9 mot 40% i 1995. Drygt 95% av alle abortar skjer før veke 12. Fleirtalet av abortar innvilga i nemnd handlar om sjukdom hjå fosteret. Etter veke 18 gjeld det 80-90% av alle abortar, og til saman 7 kvinner fekk avslag i klagenemnd opp til veke 22 i 2020. I 2020 vart det utført 11081 abortar. Ein nedgong på over 2500 på 25 år. ­Aborttala har aldri vore lågare enn i dag.

48

Medlemsblad for Norsk Gynekologisk Forening

Vi tek sjølvsagt imot innspel – dette kan sendast til underteikna på marith@me.com


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Ny nettbasert lærebok i Gynekologi og Obstetrikk

3min
pages 62-64

“Midt i livet” - 50 år med rivende utvikling

4min
pages 60-61

Spesialitetskomiteens historie

7min
pages 56-57

Keisersnittets (distrikts-)debut

2min
pages 58-59

FUGO-kurs høsten 2021

1min
pages 54-55

Kjære alle LiS og FUGOister

3min
pages 52-53

Viktige frister

8min
pages 38-40

Invitasjon til årsmøtet

3min
pages 41-42

Abort – eit tema for gynekologar

3min
pages 48-49

Hyperemesis gravidarum – Har dette forandret seg i løpet av 25 år da?

2min
pages 32-33

Infertilitetsbehandling de siste 25 år Stadig dagsaktuelt og i jevn utvikling

6min
pages 34-35

Covid-19 ved svangerskap og fødsel Vitenskapelige resultater per mai 2021

3min
pages 50-51

Svangerskapsomsorgen – stor og viktig, og litt uvitenskapelig

4min
pages 30-31

Nytt fra NGF-styret

3min
pages 36-37

Fødselshjelp gjennom 25 år

4min
pages 26-27

Bekkensmerter – Fra et knapt eksisterende fagfelt til hensiktsmessig behandling

3min
pages 24-25

Gynekologisk onkologi de siste 25 år - En utvikling å være stolt av

5min
pages 22-23

Ultralyd og fosterdiagnostikk – ved målet i Noreg etter 40 år?

4min
pages 28-29

Utviklingen i gynekologisk privat praksis og avtalepraksis de siste 25 år

3min
pages 18-19

Gynekologisk endokrinologi i 25 år

5min
pages 20-21

Operativ gynekologi – En generasjons tilbakeblikk

4min
pages 16-17

Norsk gynekologisk forening 75 år - Hva er nytt siden 50-årsjubileet?

0
pages 10-11
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.